«En særlig trang til å ville forandre sit kjønn» Kjønnsskiftebehandling i Norge 1952–1982

Forside frå avisa Daily news som viser kor stor sensasjon kjønnsskiftet var. Skeivt arkiv
Forside frå avisa Daily news som viser kor stor sensasjon kjønnsskiftet var. Skeivt arkiv
2. desember 1952 meldte aviser verda over om ein ny medisinsk triumf som hadde funne stad i København. Nyhenda var så sensasjonell at den dytta prøvesprenginga av hydrogen-bomba vekk av framsidene. For George Jørgensen, tidlegare soldat, var blitt forvandla til Christine, ei blond skjønnheit.

Samandrag av ei masteroppgåve levert ved Universitetet i Bergen hausten 2017 av Sigrid Sandal, som vart tildelt Skeivt arkivs masterstipend i 2016.

Masteroppgåva er ei undersøking av korleis norske legar, juristar og Helsedirektoratet har tenkt om og behandla genuin transvestisme / transseksualisme i perioden 1952–1982. Oppgåva har for å svare på dette undersøkt kva som set i gong ein medisinsk fagleg diskusjon og korleis denne utvikla seg, og forsøkt å svare på kva premiss som måtte ligge til grunn, medisinsk og juridisk for å kunne gjennomføre kjønnsskifteoperasjonar i perioden. Eit tredje sentralt spørsmål for oppgåva har vore å undersøke korleis eit nasjonalt behandlingstilbod for transseksualisme vart etablert ved Rikshospitalet. 

Som eit nybrotsarbeid har ikkje oppgåva valt å støtte seg tydeleg på eit eller fleire teoretiske utgangspunkt, men hatt fokus på eit utvalt kjeldemateriale. Det har tidlegare ikkje blitt forska historisk på transseksualisme i Noreg. Dei viktigaste kjeldene har vore to mapper frå Helsedirektoratet, som eg fekk innsyn i hjå Riksarkivet. Den eine mappa er kalla Transseksualisme, og kjem frå Kontor for Psykiatri. Den andre mappa også er ei slags tema-mappe og kjem frå Det Sakkyndige råd i saker om seksualinngrep. Begge mappene inneheldt utgreiingar, brevvekslingar, fagartiklar samt brev og søknader frå pasientar og legane deira.

Flytande kjønn?

For å kontekstualisere byrjar oppgåva med å sjå på nokre sentrale trekk ved forsking på kjønn og seksualitet kring byrjinga av 1900-talet. På mange måtar kan ein seie at det heile byrja med nye teoriar om kjønn. Blant anna dukka det i perioden opp tankar om biologisk kjønn som ledd på ein skala med flytande overgang mellom det som er mann og kvinne. Desse tankane sette i gong forsøk og eksperiment på kjønn, fyrst på dyr, men også på menneske. Vidare kom kunnskapar om kjønnshormon mot midten av 1900-talet til å spele ei viktig rolle.
Når legen Christian Hamburger byrja behandlinga av Christine Jørgensen (1926–1989), hadde han også som mål å sjå korleis det kvinnelege kjønnshormonet hadde effekt i ein mannekropp. Jørgensen vart ein forsøkskanin i ein studie om kjønnshormon, og forskingsresultatet av denne var banebrytande.

Banebrytande var også Christine Jørgensen sjølv, som 2. desember 1952 stod på avisframsider over heile verda, også i Noreg. Avisene fortalte om ein tidlegare soldat som no hadde fått skifta kjønn og blitt kvinne. Saka vekte stor oppsikt og merksemd og er ein direkte årsak til å fleire transpersonar oppsøkte hjelp. Men den fekk også legevitskapen til å fatte interesse for fenomenet.

Sakkyndige val

I 1953 sette helsedirektør Karl Evang ned eit sakkyndig utval, som bestod av nokre av landets fremste psykiatrar, for å utgreie om ein skulle behandle genuin transvestisme, som det då vart kalla, og eventuelt korleis. Utvalet leverte ei fleirtalsinnstilling som var underskrive av Per Anchersen, Gabriel Langfeldt og Nils Kinnerøed. Med bakgrunn i ueinigheit om ein kunne tilrå operativ behandling eller ikkje, tok Johan Bremer ut dissens. Fleirtalet meinte det var bevis nok til stades for at pasientane fekk det betre med operasjon og tilpassing i ei ny kjønnsrolle, og at dette då kunne anbefalast etter nøye vurdering og utgreiing. Bremer meinte at det ikkje fanst grunnlag i forskingslitteraturen til å hevde dette. Han meinte at ein fyrst og fremst burde utgreie juridisk om kjønnsskifte ville vere lovleg, Men også om det ville vere mogleg å leve som det motsette kjønn utan operasjonar. I USA gav nemleg legar erklæring til pasientane sine, som dei kunne vise til politi når dei vart stogga og bedt om å identifisere seg. skulda for identitetsforfalsking. Fleirtalsinnstillinga frå utvalet argumenterte på si side for at legeløftet, den hippokratiske ed, kravde at ein gav behandling som betra livskvaliteten for pasienten, og at kjønnsskifte beviseleg var ei slik behandling. Mykje av grunnlaget deira for å hevde dette var at psykiatrisk eller psykoterapeutisk behandling åleine, ikkje hadde gitt gode resultat med tanke på pasienten si sosiale tilpassing eller psykiske helse.

Etter å ha lest utvalet si innstilling og dissensen til Bremer, stilte helsedirektør Evang seg bak mindretalet og gjekk inn for vidare juridisk utgreiing av spørsmålet. For det viste seg at det var nokre juridiske utfordringar også når det gjaldt operativ behandling. I 1953 var det eit spørsmål om inngrep som kastrasjon og amputasjon av penis var lovlege i det heile. Her måtte ein vurdere å bruke Steriliseringslova av 1934, men også sjå penisamputasjon opp mot avgjerder i Straffelova om grov skade. Etter vurdering frå Justisdepartementet vart konklusjonen at operativ behandling som tok sikte på kjønnsforvandling var lovleg om ein kunne komme med ei medisinsk grunngjeving.

En praksis blir til

Tidleg på 1960-talet var situasjonen at Helsedirektoratet med Justisdepartementet i ryggen, gav grønt lys til kjønnsskiftebehandlingar om ein lege kunne tilrå det etter fagleg vurdering. Dei legane som gjorde dette, etterlyste retningslinjer og faste rutinar. For etter at operasjonane var gjennomført, dukka det opp nye utfordringar, som endring av namn, kjønnsstatus eller juridisk kjønn og reglar for inngåing av ekteskap. Etter vurderingar frå Justisdepartementet kom ein fram til at pasientane kunne få eit kjønnsnøytralt namn under prosessen med å gjennomføre kjønnsskifte. Etter at skiftet var gjennomført, og etter at det kunne bekreftast at personen ikkje lenger var fertil kunne ein få eit ny kjønnsstatus og velje eit meir kjønnsspesifikt namn. Argumentet for kvifor ein skulle vere steril var at ein såg det som svært forstyrrande om ein mann vart gravid og kunne få born. Liknande praksis var vedteke ved lov i Sverige i 1972.

Utover 1970-talet var det framleis ikkje formelle retningslinjer på plass kring kjønnsskifte. Tilvisingar, gjennomføring av operasjonar og juridiske endringar vart gjort som uformelle samarbeid mellom behandlarar som Anchersen og psykiater Jørgen Hermann Vogt, med kirurgar på Rikshospitalet og endring av namn og kjønnsstatus vart ordna, sak for sak gjennom søknad til Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Den nye helsedirektøren Torbjørn Mork var tilfreds med desse ad-hoc løysingane. Men det var det fleire og fleire som ikkje var.

Nye helsetilbod

I 1977 vart det oppretta ei rådgjevingsteneste for homofile ved Oslo Helseråd. Dette var eit helsetilbod, det fyrste i sitt slag, som retta seg mot homoseksuelle. Der opplevde dei at det kom inn pasientar med problematikk knytt til kjønnsidentitet, enkelte snakka også om ynskje om kjønnsskifte. Rådgjevingstenestaville gjerne hjelpe, men hadde liten kompetanse på transseksualisme, kjønnsskifte og kjønnsidentitetsproblematikk. Dei fann det også vanskeleg å vite kvar ein skulle vise desse pasientane vidare til, for det eksisterte ingen formelle tilbod, retningslinjer eller anbefalingar. Rådgjevingstenesta tok dermed kontakt med Helsedirektoratet, Anchersen, kirurgar ved Rikshospitalet og andre som arbeidde med transseksuelle for å utgreie moglege løysingar. Målet for Rådgjevingstenesta var å få sendt aktuelle pasientar til personar med kompetanse til å utgreie eventuell transseksualisme, og å utarbeide eit behandlingsopplegg som skulle gjennomførast av eit formalisert tverrfagleg fagteam, gjerne i med tilhald i Oslo.

Initiativet møtte fyrst motstand frå Anchersen og helsedirektøren som meinte at dagens praksis fungerte tilfredsstillande. Men førstnemnde endra standpunkt etter å ha fått kjennskap til pasientar som fekk gjennomført behandling på det han meinte var feil grunnlag hjå andre legar. Anchersen såg då nytten av å sende alle aktuelle pasientar til ei formalisert gruppe for utgreiing og eventuell behandling. Helsedirektoratet på si side hadde framleis reservasjonar. Mykje av argumentasjonen for å halde på praksisen ein hadde, handla om at ei eventuell omorganisering av arbeidet ville krevje tid og ressursar. På slutten av 1970-talet vart det operert om lag ein pasient i året, og sidan 1963 var det truleg gjennomført om lag 12 operasjonar til dette tidspunktet. Transseksualisme var sett på som ein særs kompleks og sjeldan tilstand, som direktoratet fann det vanskeleg å gi store ressursar til å formalisere ein praksis for. Særleg når dei sjølv meinte at den fungerte bra slik den var. Helsedirektøren frykta også at ei formalisering ville rette merksemd mot tilbodet og diagnosen, og at dette ville generere ei stor tilstrøyming av nye pasientar, slik ein såg det etter publisiteten kring Christine Jørgensen.

Rett til kjønn

Når Helsedirektoratet til slutt gav klarsignal eller godkjenning av eit formalisert fagteam har det ikkje vore mogleg å datofeste eller finne stadfesting på i kjeldematerialet som ligg til grunn for oppgåva. Men det ein veit er at tilbodet kom på plass, og er kjent i dag som Nasjonalt behandlingstilbod ved transseksualisme, og ligg inn under psykosomatisk avdeling ved Rikshospitalet i Oslo. Den uformelle praksisen om sterilisering som villkår for å endre juridisk kjønn tok slutt då det vart vedteke ny lov om endring av juridisk kjønn av 1. juli 2016. Med den nye lova er ikkje operativ sterilisering lenger eit villkår og det er no opent for alle, uavhengig av ei psykiatrisk diagnose, å søke om endra kjønnsstatus. Behandlingstilbodet har ikkje endra oppgåver med den nye lova, og gir kjønnsbekreftande behandling til personar utgreidde for diagnosen transseksualisme.

Mine funn viser at Helsedirektoratet har vore forsiktige og avventande til kva tilbod og rettigheiter transseksuelle og transpersonar i Noreg har fått. Prosjektet har også demonstrert korleis framgangen i behandlingstilbod og rettigheiter i stor grad har vore drive fram av pasientar og enkelte særleg engasjerte legespesialistar. Det er mykje ved tidlege tiders behandling som av mange grunnar ikkje ville vore akseptable i dag, og det er gjerne lett å svartmale fortida i så måte. Eg meiner, håpar og trur, at oppgåva kan vere til hjelp i å freiste å forstå kva norske helsemyndigheiter har tenkt tidlegare og kvifor.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2018

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket