Forskning

Forslag til moglege masterprosjekt/ forskingsprosjekt i seksualitetshistorie

Lista over moglege masterprosjekt/ forskingsprosjekt er å rekne som forslag, og føreset ikkje at Skeivt arkiv har kjeldemateriale tilgjengeleg for alle prosjekta. Lista føreset at studentar og forskarar sjølve gjer seg kjende med om prosjektet let seg gjennomføre med tanke på omfang, kjeldemateriale, og kontakt med potensiell(e) rettleiar(ar). Ta gjerne kontakt med Skeivt arkiv på skeivtarkiv@uib.no dersom du har spørsmål til lista. 

Homoseksualitet og straff

  • Kriminalisering av sex mellom menn 1842–1902
  • Forslag om oppheving av forbodet mot sex mellom menn 1902–1972
  • Prostitusjonshistorie
  • Forføringsteorien
  • Utpressing av mannlege homoseksuelle
  • Avvikande seksualitet i domkapitteldommar ca. 1300-1700
  • Omtale av rettssaker angåande homoseksualitet i norsk presse
  • Korleis påverka internasjonal strafferettsdebatt debatten i Noreg om paragraf 213 i etterkrigstida? 

Skeiv historie og norsk presse

  • Omgrepet sodomi og omtale av fenomenet i norsk presse
  • Omtale av internasjonale skandalesaker som Oscar Wilde-saka (1895), Krupp affæren (1902) og Eulenburg-affæren (1906-1909) i norsk presse
  • Orientalisme og seksualitet i norsk presse. Omtalen av seksualitet i ulike kulturar i norsk presse
  • Omgrepet homoseksualitet og omtale av fenomenet i norsk presse
  • Korleis har kjønnsoverskridingar blitt omtalt i norsk presse?
  • Eit eige rom – norsk homopresse frå 1950-talet
  • Skeive tidsskrift – historia om Supergutt (eller eitt av dei 50 andre norske tidsskrifta)
  • Korleis påverka nye ideal/idear om kvinner og menn omtale av homoseksualitet og trans* i norsk presse?

Religion og synet på homoseksualitet

  • Religiøs litteratur og likekjønna seksualitet 1800-1900
  • Religiøs litteratur og likekjønna seksualitet 1900-1945
  • Homoseksualitet i den norske kyrkja 1945-1977
  • Diskursar om islam og skeiv seksualitet i Noreg 1950-2017
  • Skiljet mellom «legning» og «praksis.»

Etymologi og framstilling i ord og bilde

  • Historiske omgrep om skeivheit i Noreg – ei etymologisk historie
  • Omgrepet "tvetoling" og liknande omgrep for kjønnsoverskriding
  • Skeive biografiar
  • Pornoens historie i Noreg
  • Lesbiske representasjonar i pornografi retta mot menn – 1970-1990
  • Avvikande seksualitet og kjønn i norsk tradisjonsmateriale (folkeviser, folkelivsmateriale, NEG, livsminnehistorier, etc)
  • Skeivheit som tema i norske vekeblad

Seksuell praksis

  • Onaniens historie i Noreg – rettsmateriale, legebøker og religiøse skrifter
  • Oralsexens historie i Norge – rettsmateriale, legebøker
  • Analsexens historie i Noreg – rettsmateriale, legebøker
  • Sexhjelpemidla sin historie i Noreg/ sexleiketøyets kulturhistorie
  • BDSM-historie i Noreg
  • Korleis praktiserte homoseksuelle menn og kvinner sitt sexliv ute og heime?
  • Korleis er homoseksuell seksualitet/sex skildra i filmar, romansar, biografiar, intervju, homotidsskrifter og i kontaktannonser?
  • Lesbiske og penetrasjon gjennom tidene

Forsvaret, psykiatrien og andre profesjonar

  • Hermafrodittisme og andre kjønnsoverskridingar i dansk og norsk medisin 1700-1900
  • Psykiatri og homo/biseksualitet i ettekrigstida
  • Diskusjonen om "avdiagnostisering"
  • Homoseksualitet i Forsvaret
  • Skuleverket og LHBT

 

Barn, unge og seksualitet

  • Slemme jenter og slemme gutar, skuleheimane og regulering av seksualitet
  • Seksuelle overgrep – skiftande historiske oppfatningar
  • Barn med "avvikande" kjønnsidentifikasjon/kjønnspraksis

Miljø

  • Korleis var de skeive «miljøa» i ulike byer som Oslo, Bergen, Tromsø, Stavanger og mindre byar?
  • Pissoara sin skeive historie
  • Pensjonat og skeive liv
  • Skeive organisasjonar – frå handball til BDSM
  • Minoritet i minoritet - miljø og organisering av personar med fleire minoritetsbakgrunnar

Heimen

  • Kollektiv og andre utradisjonelle måtar å bu saman på
  • Skeive interiør – gjenstandar og interiør sin dialog med skeivheit
  • Skeive fotografi – liv og kvardagsliv. Fotoalbum, innramma fotografi, etc.
  • Skeive klede – klesskap, klesstil og skeivheit
  • Korleis har skeive sine heimar blitt portrettert i blader, aviser og litteratur?

Seksualitet og identitet

  • Lesbisk identitet på 1950- og 1960-talet
  • Kome-ut-forteljingar – endringar og kontinuitet
  • Skiftande mannsideal i ulike homsekulturar
  • Jentegutar
  • Gutejenter

Relasjonar og kontakt

  • Vennskapsnettverk og kjærleiksrelasjonar mellom homoseksuelle menn/ kvinner – ulike tidsperiodar
  • Monogami versus opne relasjonar i skeive kulturar
  • Skeivheit og draumen om parforholdet
  • Romantiske venskap mellom kvinner
  • Romantiske vennskap mellom menn
  • «Det hører til de umulige ting» - Seksuelle relasjonar mellom kvinner før desse var anerkjend
  • Frå kontaktannonser til Tinder – ikkje-heteroseksuelle sine møtepunkt i ei heteroseksuell verd
  • Skeive kontaktannonsar – frå Vennen til Grindr
  • Skeive kontaktannonsar – ideal knytt til intimitet og heimeliv
  • Skeive heimeliv i norsk presse

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket