Framtida er sikra!

Skeivt arkivs medarbeidere, prosjektleder og initiativtaker. Foto: Karl Kristian Langeland for På Høyden.
Skeivt arkivs medarbeidere, prosjektleder og initiativtaker. Foto: Karl Kristian Langeland for På Høyden.

Etter å ha jobba målretta med Skeivt arkiv sidan 2012, då Tone Hellesund lanserte ideen om eit nasjonalt skeivt arkiv, kunne me 23. november 2015 endeleg markera at framtida er sikra!

Takka vera intens innsats frå Terje Breivik (V) i budsjettforhandlingane med regjeringa er no Skeivt arkiv sikra fast finansiering for framtida frå og med 2016. Dette har vore mogleg fordi me har hatt mange gode samtalar med folk i Venstre, til dømes Espen Ophaug, Tor Hugne-Olsen, Erlend Horn og stortingsrepresentant Ketil Kjenseth. Om lag fire år med arbeid har med dette gitt resultat – no kan Skeivt arkiv for alvor setta i gang arbeidet som det nasjonale arkivet og dokumentasjonssenteret for skeiv historie!

Den spede oppstarten var mogleg fordi Universitetsbiblioteket i Bergen med dåverande bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen i spissen, hadde tru på prosjektet. Også det dåverande rektoratet samt universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken ved Universitetet i Bergen var viktige i starten. Seinare har den nye direktøren og det nye rektoratet følgd opp og vore viktige støttespelarar. Dessutan var LHBT-senteret avgjerande for at me kunne halda det første seminaret om skeiv historie i 2012; dette blei startskottet for vårt arbeid. Her deltok også Kim Friele som annonserte at ho ville gi oss sitt store og viktige privatarkiv. Denne gåva og Kim sin entusiasme har vore enormt viktig for oss.

kim_friele_gir_arkivet.jpg

Rektor Sigmund Grønmo og bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen sammen med Kim Friele i forbindelse med kontraktsinngåelse. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Rektor Sigmund Grønmo og bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen sammen med Kim Friele i forbindelse med kontraktsinngåelse. Foto: Ingvild Festervoll Melien

I neste omgang fekk me gode støttespelarar i Norsk kulturråd og etterkvart også prosjektstøtte derfrå som gjorde at me kunne komma i gang. Seinare har også Nasjonalbiblioteket bidratt med substansiell prosjektstøtte.

Men Skeivt arkiv hadde heilt frå starten av ambisjonar om å bli noko anna og meir enn eit kortvarig prosjekt. Det politiske lobbyarbeidet byrja tidleg, og då Tone Hellesund presenterte arkivet for Stortingets familie- og kulturkomite i 2013 resulterte det at komiteens fleirtal, med leiar Olemic Thommessen i spissen, kom med ei merknad til Arkivmeldinga (Meld. St. 7 2012-2013) der dei bad regjeringa om å vurdera å løyva særskild støtte til Skeivt arkiv.

Frå politisk hald var homonettverket i Arbeidarpartiet tidleg ute og støtta oss, og dei har følgd arbeidet vårt heile vegen. SVs LHBT-nettverk har heilhjarta støtta oss, og stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell gjekk i januar i år ut i Blikk og uttalte at det er statens ansvar å støtta Skeivt arkiv. Også partiet Raudt kom tidlegare i år med ei støtteerklæring i form at eit vedtak på landsstyremøte.

_mg_9419.jpg

Prosjektleder Runar Jordåen avgir intervju til NRK under Skeivt arkivs åpningsarrangement 15.4.2015.
Prosjektleder Runar Jordåen avgir intervju til NRK under Skeivt arkivs åpningsarrangement 15.4.2015.

I vår hadde me eit møte med stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) som gav oss entusiastisk støtte. Dette resulterte i at ho i juni fremja eit representantforslag i Stortinget, på vegner av seg sjølv, Audun Lysbakken (SV) og Rigmor Aasrud (Ap), om å sikra Skeivt arkiv midlar til permanent drift. Innsatsen til Toppe og stortingsforslaget var svært viktig for å løfta denne saka opp på eit politisk nivå.

Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) har også lenge sett behovet for at den skeive historia blir tatt vare på, og særleg har tidlegare leiar Bård Nylund vore ein begeistra talsmann for oss. At me blei tildelt Frydprisen under årets Oslo Pride var i tillegg eit signal om kor viktig arbeidet Skeivt arkiv gjer er.

runar_mottar_homofrydprisen.jpg

Prosjektleder Runar Jordåen mottar Homofrydprisen under Oslo Pride 2015. Foto: Lyubava Malysheva/Aktivisme i Bergen
Prosjektleder Runar Jordåen mottar Homofrydprisen under Oslo Pride 2015. Foto: Lyubava Malysheva/Aktivisme i Bergen

Det er mange andre som kunne vore takka og som har vore viktige for å få Skeivt arkiv dit me står i dag. Vår referansegruppe består av ei gruppe med variert kulturhistorisk kompetanse, og me vil her særleg nemna fylkesarkivar i Hordaland, Anne Aune.

Til slutt må me takka alle som har levd den historia me skal fortelja om gjennom Skeivt arkiv. Me har allereie vore i kontakt med mange av dykk, og det er eit utruleg rikt og spennande arbeid å få kontakt med historiene dykkar og materiale frå dykk! No gler me oss til å halda fram med å sørgja for at desse mangfaldige historiene blir ein del av vårt nasjonale kollektive minne for framtida.

Runar Jordåen, prosjektleder for Skeivt arkiv

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket