HBB-treff i Skeivt arkiv

Deltakarane ved treffen. Foto: Jo Hjelle
Deltakarane ved treffen. Foto: Jo Hjelle

Den 13. oktober 2017 inviterte Skeivt arkiv gamle aktivistar frå Homofil bevegelse i Bergen (HBB) til bildeidentifisering og mimring. Arrangementet var prega av stor gjensynsglede gjennom møte mellom gamle vener og "kollegaer" i HBB, og gjennom å sjå på alle bilda Skeivt arkiv har mottatt frå organisasjonen. 

HBB blei til etter den såkalla eksklusjonsstriden i Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) som hadde som føremål å hindra at folk frå AKP(m-l) fekk spela ei for stor rolle i organisasjonen. Striden råka homomiljøet i Bergen særleg hardt, og mange medlemer gjekk ut av Forbundet i solidaritet med dei utelukka. Etter at eksklusjonane blei stadfesta på generalforsamlinga til DNF-48 i april 1979 stifta dei opposisjonelle den 24. mai 1979 Homofil bevegelse i Bergen. Dette danna grunnlaget for eit vitalt og aktivt miljø med ulike undergrupper – som kvinnegruppa Sappho, studentgruppa og Åpen kirkegruppe (ÅK)

Kort tid etter skipinga inviterte HBB ei rekke organisasjonar rundt om i landet til eit seminar i Bergen som resulterte i opprettinga av Fellesrådet for homofile organisasjoner i Norge (FHO) hausten 1979. 

Sjølv om dei politiske og ideologiske skiljelinjene mellom HBB og DNF-48 minka med åra, var HBB ein livkraftig organisasjon med eigen seksualpolitisk profil heilt til "homo-Noreg" igjen blei samla som Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) 29. november 1992.

ja_til_livet_bergen.jpg

Skeivt arkiv; Homofil bevegelse i Bergen sitt bildearkiv. Foto: Ukjent.
Skeivt arkiv; Homofil bevegelse i Bergen sitt bildearkiv. Foto: Ukjent.

HBB sto heilt sentralt i det skeive miljøet i Bergen gjennom drift av diskotek (Frimerket), samt demonstrasjonar, paradar, ulike karneval og festar, seminar og turar. Dette er synleg i biletarkivet, og dei ulike bileta fortel viktige og gode historier, som den Torstein Dahle fortalde då Skeivt arkiv bad om informasjon om eit bilde:

Det var deler av kristenfolket – jeg tror Krf som parti var ganske sentrale – som arrangerte "Ja til livet" – demonstrasjoner flere steder i landet. De rettet seg mot abortloven og mot kvinners adgang til selvbestemt abort. Vi bestemte oss da for å lage vår egen "Ja til livet"-markering i Bergen. Vi lagde løpesedler med overskriften "Ja til livet", der vi pekte på at vi sa JA til at homofile skulle kunne få leve ut sine beste følelser – en rett som alle mennesker skulle ha. Så stilte vi oss opp på Lidohjørnet der "Ja til livet"-demonstrasjonen skulle passere, og så hadde vi med et eget banner der vi skrev: "Homofiles erfaring: Krf sier JA til kriminalisering og NEI til nestekjærlighet".

Våre løpesedler med overskriften "Ja til livet" ble tatt imot med åpne armer og møtt med stor entusiasme fra mange som kom gående på fortauet og som støttet kvinners rettigheter og var frustrerte over abortmotstandernes demonstrasjon. På grunn av sin overskrift ble løpesedlene også tatt imot med åpne armer av dem som støttet abortmotstanderne, men mange av dem reagerte med sinne og avsky etter hvert som de leste innholdet i løpeseddelen – selv om innholdet faktisk var veldig saklig og skrevet med sikte på å mane til ettertanke for engasjerte kristne abortmotstandere.

HBB-treffet resulterte i at Skeivt arkiv har fått henta inn informasjon om stader, personar og hendingar frå det store biletarkivet gitt til Skeivt arkiv. I tillegg blei det gjennomført korte intervju under arrangementet av Skeivt arkiv sitt intervjuteam, Jo Hjelle og Bjørn André Widvey

Med samlinga ønskja Skeivt arkiv å få dokumentert historia til HBB betre, ikkje minst gjennom å få sett namn og dato på bilete som vanskeleg kunne identifserast utan førstehandskjennskap til bilda. Dettte var eit vellukka opplegg, og me ønskjer seinare å ha liknande samlingar for andre miljø og organisasjonar rundt om kring i landet, seier fagleg leiar for Skeivt arkiv, Runar Jordåen

Veteranar hos Skeivt arkiv

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeiv kalender

blikk.no - blikk.no - november 15, 2017

Julegave fra FRI og Skeivt arkiv

gaysir.no - www.gaysir.no - november 15, 2017

Årets julegave: Skeiv Kalender!

foreningenfri.no - foreningenfri.no - november 13, 2017

Drude Helmers Egteskab

Kulturtidsskriftet MELK - www.melkmag.com - oktober 16, 2017

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket