Masterstipend tildelt

Masterstudent Siv Taule er ein av to som har fått stipend frå Skeivt arkiv. Ho skriv om lesbisk-feministiske tidskrift frå 70- og 80-tallet.
Masterstudent Siv Taule er ein av to som har fått stipend frå Skeivt arkiv. Ho skriv om lesbisk-feministiske tidskrift frå 70- og 80-tallet. (Foto: Jo Hjelle)

Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen har som føremål å dokumentera og formidla norsk skeiv historie. Som eit ledd i dette arbeidet deler me ut masterstipend til studentar som har prosjekt innan tematikken ved eit norsk universitet eller høgskule. På denne måten ønskjer me å stimulera til at historia om kjønns- og seksualitetsvariasjon i historia blir utforska og at skeivt arkiv sine samlingar blir brukt. Den første utlysinga kom i hausten 2016, og resultatet er at to studentar har fått tildelt kvart sitt stipend.

Sigrid Sandal er masterstudent i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved UiB. Tema for masteroppgåva er medisin og transseksualisme i Noreg frå 1953-1979, frå dei første tilløpa til behandling til eit nasjonalt behandlingstilbod blei etablert ved Rikshospitalet i 1979. Ho vil søka å identifisera sentrale aktørar og standpunkt i debatten og sjå på korleis desse heng saman med syn på kjønn og seksualitet. Ho vil nytta argumentasjons- og representasjonsanalyse som metodikk. Det er knapt gjort noko på dette feltet tidlegare.

Kjeldene i prosjektet ligg i hovudsak andre stader enn ved Skeivt arkiv, men Sandal nyttar seg òg av Skeivt arkiv sine ressursar (til dømes digitaliserte kjelder). Prosjektet handlar om eit tema som generelt har fått relativt stor merksemd i dei seinare åra, men historia om det norske behandlingstilbodet spesielt har knapt vore undersøkt tidlegare. Prosjektet vil kunna belysa både norsk medisinhistorie og samfunnshistorie generelt, og det har stort potensial som eit viktig bidrag til norsk skeiv historie.

Siv Taule er masterstudent i kulturvitskap ved AHKR, UiB. Temaet for oppgåva er lesbisk-feministiske tidsskrift i Noreg på 1970- og 80-talet. Det føreligg tidlegare forsking på den norske feministrørsla i dette tidsrommet, men denne spesielle retninga, som var ein særeigen og viktig del av biletet, har i liten grad blitt utforska. Gjennom nærlesing av tidsskrifta ser Taule både på korleis dei lesbiske feministane relaterte seg til resten av den norske kvinnerørsla og på forholdet til tilsvarande grupperingar og tankeretningar internasjonalt. Dei aktuelle tidsskrifta er tilgjengelege hos Skeivt arkiv, og ho drar slik nytte av arkivet som lesesalgjest. Masteroppgåva har stort potensial, temaet er lite utforska og handlar om ei viktig gruppering som bidrog til ein sentral endringsprosess i nyare norsk historie.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Runar Jordåen i Frokostradio

NRK P1+ - radio.nrk.no - februar 1, 2017

Skeivt arkiv søker gamle festbilder

NRK Hordaland - radio.nrk.no - februar 1, 2017

Skeive bøker gjennom historien

Gaysir - www.gaysir.no - november 26, 2016

Fra ragr til SKAM

NRK Ytring - www.nrk.no - november 25, 2016

En glemt homopionér fra nord

NRK Troms - radio.nrk.no - november 11, 2016

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket