Rådgjevingsgruppe for Skeivt arkiv

Universitetsbiblioteket har sett ned ei rådgjevingsgruppe som skal bidra til å utvikla Skeivt arkiv. Mandat for rådgjevingsgruppa for Skeivt arkiv blir foreslått av fagleg leiar og avdelingsleiar og oppnemnd av universitetsbibliotekets direktør.

Det er ønskjelig at gruppa har følgjande samansetning:

  • To vitskapleg tilsette ved eit norsk universitet. Minst ein av desse bør vere frå universitetet i Bergen og minst ein av desse bør ha særleg kompetanse på verkefeltet til arkivet (skeiv historie, kjønnshistorie). Ein av desse blir oppnemnd som leiar for styringsgruppa.
  • Eit medlem med arkivfagleg kompetanse (representant for arkivsektoren).
  • Eit medlem med museumsfagleg kompetanse.
  • Eit medlem med tilknyting til LHBT-politikk (kan vera frå interesseorganisasjonar som FRI, Skeiv Ungdom, Skeiv Verden eller Forbundet for transpersoner i Norge (FTPN).

Medlemmene blir foreslått av Skeivt arkiv ved fagleg leiar og oppnemnd for to år av Universitetsbibliotekets direktør. Leiaren for rådgjevingsgruppa blir oppnemnd av Universitetsbibliotekets direktør.
Fagleg leiar for Skeivt arkiv er sekretær for gruppa. Gruppa skal rådgi Universitetsbiblioteket og bidra til utviklinga av Skeivt arkiv i tråd med formålet.

Rådgjevingsgruppa skal:

  • Bidra til at den faglege verksemda held høg kvalitet
  • Bidra til at arkivet blir drive på ein formålstenleg og effektiv måte
  • Gi innspel til tiltaksplanar
  • Bidra i kontakten med eksterne partar, som politikarar og organisasjonar

Følgjande personar vert oppnemnd til å sitje i rådgjevingsgruppa for Skeivt arkiv 2023-2024: 

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB
Instituttleiar Guri Rørtveit 

Guri Rørtveit held fram som leiar for Skeivt arkiv si rådgjevingsgruppe for perioden 2023-2024. Det er Guri sin andre periode som leiar for rådgjevingsgruppa.

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR), UiB
Professor Tone Hellesund

Ei rekkje av forskarane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) har deltatt i diskusjonar og forarbeid knytt til Skeivt arkiv, og AHKR er ein samarbeidspartnar når det gjeld bruk av arkivet i forsking og undervisning. Professor Tone Hellesund var den som stod bak oppstarten av Skeivt arkiv, og sit i arkivet si rådgjevingsgruppe. 

Skeiv verden
Leiar Hanne Farideh Lyseth

For Skeivt arkiv er det absolutt naudsynt å ha samarbeid med dei miljøa som både kan tenkast å bidra med materiale til arkivet, og som også vil vere brukarar av arkivet. Skeiv verden er ein nasjonal organisasjon for skeive med minoritetsbakgrunn, og leiaren Hanne Farideh Lyseth sit i rådgjevingsgruppa.

Arkivverket 
Fagdirektør bevaringsvurdering og privatarkiv Anne Aune

Arkivverket (Riksarkivet og statsarkiva) har eit overordna ansvar for sikring, bevaring og tilgjengeleggjering av arkiv i Noreg. Anne Aune har særleg ansvar for arbeidet med privatarkiv, og var også i sin tidlegare stilling, som fylkesarkivar i Hordaland, ein viktig kontakt for Skeivt arkiv.

Norsk Museumsforbund
Generalsekretær Liv Ramskjær

Skeivt arkiv vil røre ved problemstillingar både frå bibliotek-, arkiv- og museumsverda, og jobbe aktivt for større representasjon av skeiv historie i norske museum. Norsk Museumsforbund bidreg til å synleggjere og styrkje musea si samfunnsrolle, og er pådrivar og kunnskapsressurs i den offentlige debatten om musea sine faglege og politiske interesser.

 

Tidlegare medlemmar av Skeivt arkiv si rådgjevingsgruppe er: 

Inge Alexander Gjestvang (FRI)

Camilla Brautaset (UiB)

Randi Gressgård (UiB)

Leif Pareli (Norsk Folkemuseum) 

Bård Nylund (LLH)

Terje Haram (Bergen byarkiv)

Hans Wiggo Kristiansen (Bufdir)

Leikny Haga Indergaard (Bergen offentlege bibliotek)