80-tal, bifil, den gongen langt under 30...

Alder: 50+

Det gjekk ei lita iling gjennom meg då eg såg henne att, den gongen som vaksen. Då ante eg ikkje at denne ilinga skulle vekse utover i augustkvelden, for å nå uante høgder seinare. Eit halvt år etter var eg som ein vulkan, som all verdas regnbogar, solstråler, flygande i den største magien eg til då hadde opplevd. No gidd du kan hende ikkje lese meir, kjære lesar, men eg kan sverje på at det eg opplevde i denne tida med Henne overgjekk ein kvar klisjé! Ingen av språka eg til no har lært meg kan på fullgode måtar skildre den overraskande og nesten altoppslukande forelskinga i Arlja. (Nei, ho heiter ikkje Arlja. Enno i dag, meir enn eit kvart hundreår seinare, sker det meg i hjarta at eg ikkje kan skrive det verkelge namnet hennar her, – som eg berre kan røpe er eit vanleg, godt, norsk namn.) Eg hadde kjent henne som barn. Ho var eldre enn eg. Vi var i nær slekt. Men over halve livet mitt hadde passert sidan sist eg såg henne. Vi var i eit stort og livleg familie- og veneselskap denne kvelden. Mange der var festlege og interessante, men heile kvelden var det berre oss. Vi åt i lag, dansa i lag og gjekk tur i hagen utanfor. Eg i ein sid, rosa kjole, nærast ein ballkjole, ho i ei kvit, meir moderne sak. Ho fortalde at ho for litt sidan hadde avslutta eit mangeårig jenteforhold som ho kalla det. Dei hadde eigd hus i lag. No hadde dei selt unna og ho hadde flytta til ein annan kant av landet, til heimbyen min. Eg vart oppglødd av denne opplysninga. Sjølv hadde eg alltid meint at alle i botn var bifile, eller i det minste hadde slike sjansar inni seg. Men dessverre hadde det til no vore reint teoretisk. Eg hadde levd så hetero, så hetero, og vore lukkeleg med det. Då eg svingde henne rundt på dansegolvet denne første kvelden, hadde far min rista smilande på hovudet mot oss. Eg oppfatta det som eit godmodig smil. Han må ha sett noko som vi knapt såg sjølve enno. For det var tidleg på kvelden. Vi møttest ein laurdag føremiddag utpå hausten. Eg svevde litt. Men enno hadde ikkje kjenslene sprunge heilt ut. Eg hadde ein sjarmerande mannleg sambuar heime, og ein gullunge av eit vidunderbarn, som enno var langt under skulealder. Eg elska dei båe der heime. Det var aldri til hinder for interessa for Arlja. Ho var så interessant og morosam å prate med. Eg vart i eit slikt strålande humør av å vere i same rom som henne. Laurdagstimane gjekk fort. Då ho spurde kva vi no skulle gjere, måtte eg berre seie at eg skulle heim. Eg levde eit intenst arbeidsamt liv. Eg likte Arlja så godt. Var ho ein spegel, og eg ein sjølvdiggande narsissist? Nei, sjølv om vi likna i mykje, var vi ulike i mangt. Til dømes tykte eg at ho sto langt til høgre for meg politisk. Eg var ein flammande kommunist, ein aktiv AKPar. Ho var medlem i SV. Ikkje så lite pinleg på 80-talet… Men eg plasserte henne langt til venstre i SV, så då gjekk det vel? Eg meiner ho plasserte seg til venstre sjølv og.

Langt inne i det nye året hadde kjenslene mine vakse slik at eg berre måtte sjå henne. Ei natt hadde eg drøymt om henne. Dagen etter ville eg sjå henne. Ut over hausten hadde eg fleire gonger freista å kontakte Arlja utan hell. Det viste seg at eg hadde feil telefonnummer. Men no gav eg meg ikkje. Jobben min var hard og hektisk, det var absolutt ikkje telefon i det lokalet der eg stod. Men eg gjekk til fellestelefonen, ringde til ein av brørne hennar, fekk det rette nummeret. Ho vart overraska, men kunne dessverre ikkje treffe meg den dagen. Ho var oppteken til nærare halv ti om kvelden. – Som om det var noko hinder! Eg nærast forlangt å treffe henne etter halv ti, og dukka verkeleg opp utanfor Bryggemsueet der ho hadde vore på møtet. Eg fekk ikkje fram bodskapet mitt den kvelden, men eg vart lukkeleg. Ho hadde trudd at eg hadde eitt eller anna problem som eg trudde ho kunne hjelpe meg med å løyse, sidan eg måtte sjå henne jamvel om vi båe var trøytte. To dagar etter var det åttande mars. Vi avtalte å møtast i toget. Ho kom ikkje. I telefonen sa ho at ho var forkjøla. Var dette den reelle grunnen til fråveret? Kan hende var det rett og slett det. Eg trudde sjølvsagt ikkje på grunngjevinga, for meg var det utenkjeleg å la vere å gå i 8.marstog på grunn av forkjøling. (Var ein ikkje ivrigare kvinneforkjempar, så gjekk ein vel ikkje i 8.mars tog i det heile.) Eg tok bussen opp til henne. I døropninga smilte vi båe, og ho sa ho skjøna kvifor eg kom. No fylgde nokre hektiske, herlege veker. Påske kom tidleg det året, eg skulle på skipåskeferie med sambuaren min i leigd hytte. Vi hadde eit ope forhold, der vi hadde «lov» til å ha andre kjæraster i tillegg. Men eg fortalde enno ikkje om Arlja. Ei tid med mykje godt humør og lykke kom. Sambuaren min trudde eg hadde ein mannleg elskar og at eg brukte Arlja som alibi. Eg sa alltid, som sant var, at eg skulle ut med Arlja. Ho stod kvar gong i døra då ho henta meg med bilen sin. «Ut» skulle vi vel ikkje, stort sett. Før eg var køyrd heim, hende det vi gjekk innom ein serveringsstad. Slik fekk eg røyk i kleda. Det fekk ein jo alltid når ein gjekk «ut» på den tida, lenge før røykelova. Eg var svært lukkeleg. Ein ven av meg fortalde at han aldri hadde sett meg betre. Tidlegare hadde eg vore mellom dei som oppmoda homofile vener til å stå fram på jobben og elles. Eg hadde gått i homotog og hadde mindre fordommar enn majoriteten. No skulle jo ikkje det så mykje til… Men eg hadde tenkt med meg sjøl at «Søren. – eg får aldri vite om eg hadde vore tøff nok til å stå fram – om det var eg som hadde homofile eller lesbiske forhold.» No fekk eg plutseleg svar på det spørsmålet. «Ja – eg var tøff nok!» Eg var så altoppslukande forelska at eg fortalde om det til alle. – På jobben, til sambuaren, til familie, venner, naboar, - til alle som gadd å høyre på – og ein god del fleire. Hadde du spurd meg på den tida, hadde eg svart at historia burde ende slik.

Men det er ytst sjeldan at historier endar i evig blømande skydans… i sol. I denne korte tida, på langt under eit år, låg vi lukkelege med kvarandre over hundre gonger. (Nei, eg talde ikkje, men eg meiner talet bokstaveleg.) Likevel var Arlja nøye med å presisere at vi ikkje «var ilag». Det spela ingen rolle for meg, så lenge vi notorisk var i lag. Vi hadde ulike vennekrinsar. Når eg, som nemd, fortalte til alle om den store lukka, var ho sparsam med slik informasjon til sin omgangskrins. Unnataket var ei sjalu eks, ei venninne av henne som tykte at det var litt på kanten, sidan vi var i slekt. Opphaldet hennar i Bergen hadde vore mellombels. Ho fekk seg ny, flott jobb – som eg ikkje kan skryte av her. Då ville nok mange i vesle lesbe-Noreg straks skjøne kven ho er. Ho reiste, men kom på besøk. Eg besøkte henne, trass ei særs lang reise for å kome dit. Hennar næraste familie visste enno ikkje om oss, berre min. Eg skjøna aldri kvifor ho overtydande fortalde at «Nei – eg er heilt aleine heime – ingen andre er her» i telefonen, mens eg sat så nær, så nær. Ho såra meg ofte til eg grein. Det var eg som var det utvetydige forelska. Ho verka forelska og, men noko var ho redd for. Eg skjøna aldri kva. Det var ikkje eg som var i manko på tidlegare og poensielle kjeraster – det var henne. Ho levde varsamt på den fronten, fortalde ho. Men med meg falda ho seg ut erotisk, så ho var jo ikkje særleg overtydande om at ho til vanleg «ikkje dreiv med slikt». Å liggje med henne var intenst. Ordet «lykke» er ikkje sterkt nok. I byrjinga kjende eg meg uerfaren, men det gjekk raskt over. Frå første kjærteikn var alt nydeleg. Denne ventande spenninga i heile meg, når eg visste eg kom til å treffe henne. Vi tusta ikkje nett vekk tida når vi var i lag.

Sambuaren min og Arlja reiste frå meg for godt på omtrent same tid. Etter endå eit års tid, kunne dei visst ikkje kome langt nok unna meg. Dei trefte kvarandre på ein flyplass mange tusen mil aust, på veg til å jobbe i kvart sitt fjerntliggjande land. Korleis det då gjekk med meg? Eg var enno så forelska i Arlja at jamvel kjærleikssorga kjentest god. Eg var så høgt oppe i lykkerus at eg måtte ha lang tid for å kome ned, uavhengig av den faktiske stoda. Eg småforelska meg sjølvsagt i ei heil rekkje – gjekk på lesbediskotek, deltok på møte, heldt lesbeappellar. Siste gongen eg såg henne på mange år, var det lenge sidan vi hadde vore skikkeleg i lag. Eg og den vesle sonen min følgde henne til avskil. Vi hadde vore i ein familiesamankomst. Vi sa adjø ved havet. Det var sommar, alt ikring var vent. Men då rann det store tårer langs kinna mine. På ein nabostein sat sonen min. Han gret og. Eg spurde kvifor. Han svara berre: «Fordi du græt, Mamma.» Han hadde likt Arlja godt, men knapt fått lov til å bli kjent med henne. Når vi treftest ville vi jo vere aleine, og ordna barnevakt. Ein sjeldan gong i mellom ser eg Arlja, vi er i slekt. Men det kan gå mange år mellom kvar gong. Innimellom har ho fått meg til å gråte, av og til, til å le. Opplevinga med henne vart skjellsettjande for meg. «Du har meg for bestandig», sa ho til avskil den siste gongen med hadde seksuell kontakt. Ein måtte tolke denne utsegna langt, om ho skulle vere rett. Eg fekk henne ikkje for bestandig. Men ho vart ein viktig del av livet mitt, – min lesbiske kjærleik.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket