Bryllaupet vårt – nokre tankar om å vere lesbisk brud i Norge

Alder: 46

Vi gifta oss hausten 2012, og hadde eit vidunderleg bryllaup. Eg byrja å smile før det var heilt i gang, og trur ikkje eg slutta heile kvelden. Eg les mange bloggar og andre ting på nettet. Ofte handlar det om homofile som blir dårleg behandla på ein eller annan måte. På kva måte dei blir dårleg behandla varierer med land og situasjon, men det er sjeldan bra. Sjølv her i landet, i eit land med gode lovar og ei befolknng som stort sett er avslappa når det gjeld homofile, så høyrer vi om både vald og generell diskriminering. Eg hadde alt dette i bakhovuded då vi starta heile bryllaupsprossessen, og bekymra meg litt over om vi kom til å møte nokon som ikkje hadde lyst til ha noko med vårt bryllaup å gjere sidan vi var eit lesbisk par. Slik gjekk det: Alle var superhyggelege! Restauranten, gullsmeden, blomsterbutikken, kjolebutikken, frisøren (noko anna hadde vore ei stor overrasking, vi bekymra oss ikkje stort for han), og alle andre som vi har vore i kontakt med i samband med bryllaupet var hjelpsame og veldig hyggelege.

Det var ikkje slik at eg venta at nokon skulle nekte å handle med oss fordi vi var lesbiske, det ville jo vore ulovleg. Men, det var ei glede å oppdage at ingen virka det minste ubekvem eller småstressa så snart dei oppdaga at dei hadde å gjere med to bruder i staden for den meir vanlege konstellasjonen, og vi skjulte det aldri for nokon. Vi hadde humanistisk vigsle, så kyrkja måtte vi heldigvis aldri forholde oss til på nokon måte. Eine brura (meg) hadde uansett nekta å setje foten sin på eit kyrkjegolv, sjølv om vi hadde vore velkomne. Overtru har ingenting med vårt forhold å gjere.

Så, det vi fekk høyre var ting som: "Å, så hyggeleg! Vil de ha kjolar i samme stil/farge eller veldig forskjellige?", "Gratulerer! Vil de ha like/liknande bukettar eller forskjellige?"… Faktisk, siste gongen vi var innom kjolebutikken for å tilpasse kjolane, så var det ei anna lesbisk brud der i samme ærend. Både stab og bruder fekk ein del moro med det. Vi hadde 10 herlege blomsterbarn med oss oppover golvet, alle med kjempeentusiastiske heteroforeldre. Eigentleg skulle det vore 9, men så oppdaga dotra til forlovaren min og kona hans at foreldra hennar skulle i brylaup utan at ho skulle vere blomsterjente. Når du er 6 år så er slikt viktig. Tårene flaut, brudene vart informert (vel, ei av oss iallfall) og verdas enklaste beslutning vart tatt. Vi måtte berre hugse å endre bestillinga hjå blomsterbutikken. Alle 10 ungane var kjempeskjønne, og det vart tatt tonnevis av bilder. Familie og venner vart invitert i hopetal, og alle som kunne komme, kom. Det var flott å feire saman med tantene, onklane, søskena, tantungane, vennene og mødrene våre. Det var eit bryllaup med masse prating, latter og dans. Så, korleis er det å vere lesbisk brud i Norge? Eg kan iallfall anbefale det!