Kjedelege greier

Alder: 20

Mi historie om å komme ut var fantastisk udramatisk. Det er nesten som ei «ikkje-komme-ut» historie. Som ein mann på nesten 21 i skrivande stund, er det i dag godt og vel 5 år sidan eg sto fram som homo. Av prinsipp seier eg stadig at eg er skeiv, men nektar ikkje for det når nokon spør om eg er homo. Det er ikkje nokon definitiv alder på når eg byrja prosessen å komme ut, men eg byrja å få mistankar og selvfornekting da eg var 12-13 år gammel. Vi hadde hatt seksualundervisning, og lært om masturbasjon. Seinere, når eg sjekka ut pornografi, funka ikkje det vanlege Mann/Dame. Så eg prøva ut gay-seksjonen av netsidane. Og det funka. Og eg fann ei unnskulding på lommelegen.no eller noko slikt som gjorde meg streit igjen. Så byrja eg å spørje retoriske spørsmål til foreldra mine. Eg ville ikkje innrømme det heilt enno før meg sjølv, men det var betrygjande å få positiv respons på spørsmåla.

Først da eg var 16 turte eg å innrømme det. Då eg hadde fyrste øvelseskjøyringa med pappa, vi skulle hente nokre pengar av ein klassekamerat til klassekassa, og mens eg satt bak rattet falt alle puslebitane på plass. Eg var homo. Eg kunne ikkje nekte for det lengre, men eg var ikkje redd. Når samtalen med pappa pendla inn på damer, sa eg noko slikt som ”Pappa, eg like egentli gutta meir enn jente” kor på han svara ”Er du sikker?” noko eg svara ”ja” på. Der i frå rulla snyballen nedover, og snart visste dei fleste i heimbygda mi at eg var homo.

Båe mamma og pappa var ein smule bekymra for meg før bygda fekk vite, fordi då dei flytta dit var haldninga ei anna. Eg har til denne dag ikkje oppleva ein einaste gong at nokon har snakka stygt til meg av den grunn at eg var homo. Eg har derimot fått ros for å vere så åpen! Det var og er ei god tid. Eg var på utveksling i Brasil, eit land som skulle vere konservativt, men eg kjende ikkje noko til det på akkurat det. Utvekslinga tilsette ei enorm forandring og sjølvinnsikt i meg, men det skulle mykje dritt til. Noko sitt fortsatt i meg som ei skygge. Eg skifta vertsfamilie ofte utan å heilt forstå kvifor ting hende som dei gjorde.

I dag seier eg ikkje stort om meg sjølve når eg skal bo ein ny plass med heilt ukjende mennesker, eg observerar dei og eg klarar ikkje heilt snakke ærleg om følelsane mine med dei eg bor saman med i byrjinga. Eg kom heim igjen, fortsatte på vidaregåande i VG2, og fekk der min fyrste kjærast. På papiret 2 år yngre, men i praksis 3. Han var fantastisk, men ikkje gamal nok i sinnet. Eit talent på mange måter, og ein fantastisk fin fyr, men han var usjølvstending, og hadde ei diagnose eg i dag veit han tar medisin for som denne gonger virkar. Det varte tre månader, og vi avslutta greia etter å ha blitt einige om å avslutte det. Men eg vart ikkje kvitt han med det fyrste. Han kom like fullt inn på klasserommet vårt, snakka med andre, og var akkurat like fysisk som han hadde vore før og under forhaldet. Det var denne umodenheita, og det at eg var fyrste gutekjærasten han hadde. Eg klarte aldri å bli sint på han, eg har det ikkje i meg. Eg tilga han nesten med ein gong, men han tilga ikkje seg sjølve før eg sa til han at eg hadde gjort det. Eg kjem til det seinare.

VG2 gjekk vidare utan noko anna drama, og eg byrja på det så langt hardaste løpet i vidaregåande skule: Påbygging til generell studiekompetanse. Det er eit av dei mest givande åra eg har hatt. Det gjekk så fort! Eg var revymedlem, og vart da kostyme- og rekvisittansvarleg, sidan eg hadde tatt Scenografi og Kostyme som fordyping i VG2. Aldri meir gjer eg den oppgåva aleine. Men det hjalp på å overraskande få rose for strevet. De kan tru eg vart gjort stas på! Opp i alt dette venta universitetssøknadar. Eg rota det til, og ende opp i Kambodsja. Der vart eg for fyrste gong hjartebroten, og andre gong betatt av ein mann som eg innleda eit forhald til. Det var 22 år imellom oss, og det satte sine spor på opplevinga. Det var også det at eg etter kvart vart oppteken med studiar og han heldt på å opne ei restaurantside av baren sin, så vi ende det saman. Men det skal seiest at sexen ikkje var verst! Korleis vi vart saman var litt sårt, så den delen utelatar eg. Men dei andre syntes det var morosamt å sjå korleis eg vart dulla bort av han. Eg hadde det morosamt med å sei ting dead-pan som når dei spurde om eg sku på date, at ”Nei, vi skal ha elskarnatt”, og til magemedisinen for magasjauene eg hadde kvar månad (som tilfeldigvis var rosa) at det var homopillar. Vel tilbake rundt jul, fann eg ut at det eg studerte ikkje var heilt mi greie, men morosamt nok til at eg ville fortsette litt til, så turen bar videre til Stavanger der eg befinn meg no.

Mi barndom var ordinær med det unntak at eg er døv på eit øyre og difor vart litt sosialt usikker. Eg var mykje ute og leikte, men det eg likte best var å lese. Då eg gjekk i fyrste klasse fekk eg ein veldig god venn, som det var morosamt å herje med til eg flytta med familien til Island. Der flytta vi fyrst til ei lita bygd på Nord-Island, og der eg var litt beteken av ei jente. Eg meiner å huske at ho hadde fint hår. I tredje og fjerde var eg bestevenn med ein gut med islandsk far og estisk mor. Vi var saman heile tida. I klassen vår var det ei som også var tospråkleg som meg, men omvendt. Ho hadde norsk far, der eg hadde norsk mor. I fjerde skulle vi ha dansoppvisning for foreldra, og flau som eg var over å spørje nokon, ende eg opp med å spørje denne jenta i skulegarden, på norsk, om ikkje vi skulle være dansepartnarar. Skulen ordna også vennegruppar utan å vete at eg allereie kjende den nemde guten. Eg havna i gruppe med han, ho tospråklige og dattera til ein av islands meir kjende skodespelare, så eg og han guten vart enno meir knytta saman. Då vi flytta heim igjen, vart eg sjølvsagt trist over å reise ifrå bestevennen min.

Då eg kom i puberteten syntes eg det var spanande å spionere på dei andre gutane i dusjen etter gymtimane. Fyrste kysset var med ei jente veldig tidleg i 8. klasse. Eg har aldri sidan kyssa ei kvinne på munnen. Det kjentes ikkje rett, og eg vart diverre plaga av at ho om att og om att snakka med meg. Eg klara ikkje sei det til henne, og etter at vi endte opp i kvar vår vidaregåande skule, ser vi kvarandre sjelden nok til at eg ikkje kjenner henne lengre.

Tilbake til fyrste kjærasten, han hadde dårleg samvit over å ha vore så umoden å ikkje gje meg lufterom etter bruddet, og han følte det var hans feil at det gjekk i knas. Eg skjønnar jo at det var dømd til å mislukkes, men det gjorde ikkje han. Mens eg gjekk på VG3, vart eg kjend med ein ung herre eg mistenkte var homo, og når eg endeleg letta på sløret, gjorde han det også, og han avslørte at han hadde kjærast ved gamleskulen min, og han het det eksen min het, ogsåogsåogså… eg måtte brema han litt ned og spørje om det fulle namnet var det og det, og det var samme karen. I ein chat der eg sku erte eksen min litt vennskapeleg, fortalde han at han kjende det litt som eg hadde gjort det, pressa opp i eit hjørne. Han var uhorveleg glad i guten, men ikkje på den romantiske måten. Eg sa til han at, det han skulle gjøre var å ta han litt til sida og prate med han i einerom, og forklare at han var glad i han, men ikkje lenger på den romantiske måten, og tilby han rom til å puste og venne seg til forandringa igjen, også når han var klar, kunne han komme til seg. Eksen min var einig i det eg skreiv, og det gjekk visst knirkefritt.

Ei bok som gjorde usletteleg uttrykk på meg, og som eg er litt trist over at eg ikkje rakk å lese før etter eg og fyrste kjærasten hadde gjort det slut, var ”the Foley-Mashburn Saga” skreve av Brew Maxwell. Grunnen til det er at denne boka (som berre finnes elektronisk som innlegg på sida crvboy.org) handla om eit homofilt gift par som tek inn naboens homofile sønn, og slik startar eit snyball som ender opp i ein enorm familie og så ufatteleg mykje kjærleik skildras i boka. Det som gjorde at eg angra var skildringa av betydningen av analt samleie. Det gjorde at eg plutseleg forsto dybda av det eg gjorde ein gong kort før eg og fyrstemann slo opp. Eg skjemdes, fordi eg hadde pressa litt på sjølv om han var usikker, og det vi hadde gjort følte eg var overfladisk. Boka skildra det slik at den som tar den imot, stolar på at den som gjer, ikkje vil skada han, og den som gjer stolar på at den som tek imot vil seie ifra om han skadar han. Det er ei tillitserklæring, og også ei kjærleikserklæring gjennom at du vil gjere alt for at den andre skal få det så godt som moglegt. Dessutan er eg romantikar, og har funne ut gjennom tre eller fire one-night-stands at det er for tomt for meg. Skal eg innleie et forhald med nokon, skal det vere varig. Det frustrerar meg at det på overflata virkar som om det einaste homofile menn er ute etter er sex. Eg hatar det.

Ein film eg kan berre anbefale varmt, er Shelter, som eg trur gaysir.no fortsatt seljer i netbutikken sin. Det er ein film utan seksuelt eksplisit materiale, men som billedgjer det på ein måte som gjer at streite kan sjå filmen utan å bli støtt, og hjelper bryte ned fordommar om at homofile berre er folk med lause handledd og tronge klede. Den handlar om ein ung mann med ein nevø med ei håplaus mor (søstera hans) og han har måttet gje avkall på ein universitetsplass til fordel for å støtte familien sin. Oppi dette kjem bestekompisens homofile storerbror, og feier han av beina. Men han er jo heilt vanleg? Det er poenget. Dei fleste er forskjellige frå dei andre, på godt og vondt, og som regel går det mykje betre enn det ein trur fyrst.

Eg har aldri trudd på gud, men om han finnes er vel vi det aspektet som passar på at det ikkje blir for mange mennesker på jorda. Eg har ikkje mykje tru på religion, sidan det ofte misbrukast til å diskriminere homofile. Så vidt meg bekjend, seier ingen av dei religiøse tekstane noko om at homofili og homoseksulaitet er noko som skal bannlysast eller liknande. Ny testamentet seier til og med at nestekjæleik og menneskeverd er den nye avtala mellom Gud og menneskeheita, så alle referansar til Levitius og liknande blir ugylding grunnlag, for det høyrer gamle testamente til, og då den gamle avtala, ikkje sant? På samme tid som eg ikkje trur på religion, trur eg mennesket har eit behov for å tro på noko, og Gud kan vere likså godt som Allah. Berre ikkje tving trua di på nokon anna, og les det som er viktigst og som finnes i dei aller fleste religiøse tekstar, den gyldne regel.

Det eg kjenner på no er ei blanding av lukke og einsamheit. Det er ikkje vondt, for eg har mange venner og eg stortrivest i studiet om i byen, eg har til og med byrja å trene regelmessig for fyrste gong sidan eg gjekk i fysioterapi i fjerde klasse, men eg lengtar etter nokon å dele resten av livet med, nokon eg ikkje klarar meg utan. Det er ikkje lett, når ca. 10% av verda er LGBTQ, og ca. halvparten av dei er av det mannlege kjønn. Det er eit negativt aspekt ved å vere homofil. Utvalet i menn. Så er det sjølvsagt forventninga om at ein skal ha utmerket motesans, laust handledd og ikkje minst den uttalen ein høyrer i ein av Kristian Valen sine parodiar. Men frå spøk til revolver, dei positive sidane består i å vete og forstå kva den andre parten likar, og det er alltid eit stolt ansvar å bli letne inn på kvinnene sine hemmelegheiter og skvalder. Om ein ikkje likar barn, slepp ein å tenkje på det under akta, du vil aldri stå i fare for å lage eit lite under når ein gjer det ubeskytta. Men på same tid er det håplaust om ein vil ha barn, slik eg vil. Sjølv om eg på papiret kan adoptera, er det særs få land som vil la meg adoptera. Og suurogatmor er ikkje lovleg i Noreg! Lesbiske kan nytta seg av sæd-donor, man kva hjelper det oss som er menn? På eit anna vis skal kjærleiken kjennast sterkare, fordi vi veit at om vi treff nokon, er moglegheita for å treffe nokon andre som vi likar like godt liten. Det er litt sårt, men samstundes litt vakkert, for det å finne den store kjærleiken blir ikkje like ordinært som våre streite samansvorne. For å sitere Shakespeare; “The course of true love never did run smooth.”

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket