Per Aabel

Scene frå Nationaltheaterets oppsetting av David Storeys "Hjem". Foto: Frits Solvang / Teknisk museum (CC-BY)
Scene frå Nationaltheaterets oppsetting av David Storeys "Hjem". Foto: Frits Solvang / Teknisk museum (CC-BY)

Per Aabel var truleg 1900-talets mest framståande norske scenekunstnar og landets best kjende skaphomse. Alle visste det, men ingen kommenterte det offentleg. Sjølv etter at 97-åringen forlét denne verda i 1999, har ikkje den seksuelle legningen hans vore det store temaet. Men så var det heller ikkje det som gjorde han til den store kunstnaren han var.

Per Aabel (eigentleg Peter Pavels Aabel) var fødd i Kristiania 25.4.1902 og døydde i same by 22.12.1999. Den allsidige scenekunstnaren voks så å seie opp på teatret som eldste son av skodespelarane Hauk Aabel og Svanhild Johannessen. Han hadde to yngre brør, Egil og Andreas, med den sistnemnde som aktiv skodespelar til han døydde i 1948, berre 37 år gammal.

I byrjinga satsa Per Aabel på ei meir kunstfagleg utdanning og teikna kostyme og malte teaterdekorasjonar. Det var likevel ikkje scenograf han ville vere, men ballettdansar og koreograf. Han debuterte 19 år gammal som dansar i 1921, og alt året etter starta han og Lillebil Ibsen ein eigen ballettskule i hovudstaden. Deira mest kjente elev var Sonja Henie. Etter studieopphald i London og Paris opptredde han i 1924 med si eiga koreograferte ballettframsyning, sterkt inspirert av Sergej Djagilev og Ballets Russes. Den 22-årige Per Aabel dansa solodans i tangorytmar på Den Nationale Scene i Bergen. Det slo svært godt an. Publikum forlangte dakapo og fekk det (Aarseth 1969, 358).

Persisk dans - Per Abel anno 1923. Fra boka Kjære Per Abel (Hansen 1993)
Persisk dans - Per Abel anno 1923. Frå boka Kjære Per Abel (Hansen 1993).

Seinare veksla Per Aabel mellom ulike teateroppgåver heime og opphald i utlandet: Roma, Wien, Praha og Budapest. Han både dansa og song operetteroller. Hausten 1940 blei han tilsett ved Nationaltheatret der han blei verande resten av livet. Her fekk han den eine rolla etter den andre, både seriøse karakterroller i stykke av Ibsen og Bjørnson og meir komedieprega roller hos t.d. Holberg og Molière, alltid utført med ein utsøkt scenisk sans for detaljar i replikkar og mimikk. Ikkje minst gjorde han stor komediesuksess med si raffinerte rolletolking som Henrik i Mascarade og Vielgeschrei i Den Stundesløse, begge av Ludvig Holberg.

Filmroller blei det fleire av, deriblant i hovudrolla mot Wenche Foss i En herre med bart, den første norske filmmusikalen frå 1942. På Nationaltheatret hadde han ikkje minst stor suksess i rolla som brevskrivar mot Lillebil Ibsen i Kjære Løgnhals av Jerome Kilty (1961), mot Georg Løkkeberg i The Sunshine Boys av Neil Simon (1974) og mot Wenche Foss i Soloppgang i Riga av Aleksej Arbuzov (1978). 

Men aller mest skulle han som pensjonist bli heile landets elskelege eventyrforteljar, særleg med eventyr og noveller av H. C. Andersen som til dømes "Piken med svovelstikkene" eller "Piken med tennstikkene" som Aabel kalla den. Han sette dessutan saman framsyninga Om og av H. C. Andersen, som han hadde kjempesuksess med på Nationaltheatret, på turné og på TV. Resultatet frå framsyninga vart òg ein dobbel-LP i 1975, ein stor bestseljar med ti veker på VG-lista og Spelemannpris. Året etter fekk han Oslo Bys kulturpris og den danske H. C. Andersen-prisen. Seinare skulle han få tallause prisar og ordenar i inn- og utland, m.a. St. Olav (kommandør med stjerne), Storkorset, Dannebrogordenen, den svenske Vasaorden og den franske Æreslegionen.

Som tillitsvald på Nationaltheatret vart Per Aabel innkalla til avhøyr på Victoria terrasse etter sabotasjebrannen på hovudscenen 1943, og i ein periode sat han fengsla i Møllergata 19. Resten av krigen budde han hos venner og kjende i traktene rundt Mjøsa og i Vestre Slidre.

Per Aabel var ein profesjonell entertainer med ein underfundig og lun humor. I si tid var han ein av landets aller mest kjende og folkekjære scenekunstnarar, og svært godt likt endå dei fleste visste at han var homofil. Som skodespelar hadde han mykje til felles med britiske samtidige som Sir John Gielgud og Sir Noel Coward, også personleg, understrekar Trine Næss i Norsk biografisk leksikon:

Som dem inngikk han en “hemmelig” pakt med mediene og med publikum, som forstod at han var homofil, men ikke snakket om det i en tid da det var umulig. Da det ikke lenger var umulig, var han for gammel til å bryte pakten, men han løsnet på båndene og viste seg mot slutten flere ganger offentlig med sin mangeårige livsledsager. (Næss 2009)

Det var eit paradoks i eit land med jåleriangst, hevdar Næss, at han med sin forfina, gammaldagse og lett affekterte stil skulle bli så populær blant vanlege folk. For underteikna var Per Aabel det nærmaste vi her i landet kan komme ein mannleg norsk primadonna, ein parallell til Wenche Foss. Men med sin vennlege framtoning forstod alle at han var eit godt og varmt menneske. Det følgde aldri nokon skandalehistorier med han, og han var til og med personleg venn av kong Olav, heilt sidan dei i ungdommen gjekk saman på Hallings skole. Då Per Aabel døydde 97 år gammal den 22. desember 1999, blei han bisett på Statens kostnad. Kongefamilien var til stades, og i tillegg blei heile seremonien overført direkte på fjernsyn.

Per Aabels nære venn

Dei hadde møtt kvarandre fleire gongar tidlegare, via Aase Bye og Lillebil Ibsen, men rundt 1970 blei Finn Sørensen (1931–) Per Aabels venn, og litt etter litt hans nære følgjesvein. Dei budde begge aleine, men gjekk ut og inn hos kvarandre og snakka nesten dagleg på telefonen. Heime hos Per måtte Finn stadig høyre Per i "leksene", som han sa. Per Aabel var perfeksjonist og repeterte alltid teksten på førehand. Sørensen voks opp i gode kår, var økonomisk uavhengig og førte eit stort og ope hus. Nesten kvar gong Per Aabel stakk innom, sette han seg til pianoet og underheldt.

Etter kvart vart Finn invitert med Per Aabel på premierar, festar, middagar og opplesingar. Då Per Aabel brakk lårhalsen i 1993, måtte han fylle eit pårørandekort med opplysningar om kven som skulle få besøke han på sjukehuset. På det kortet stod Finn Sørensen først. Etter at Per Aabel gjekk bort, har Sørensen late seg intervjua både av Dagbladet og VG, men er svært varsam med å gje personlege opplysningar. Men såpass kan han fortelje om vennen:

Han var veldig selektiv, det var svært mange som ikke kom inn i hans indre rom. Jeg tror jeg ga Per en trygghet som man ikke skal undervurdere. Per hadde nok en følelse av at han fant en han kunne stole på. Dessuten hadde han funnet en som hadde tid. (Storvand 2001)

Mange trudde at den nesten 30 år yngre Finn var Per Aabel sin tenar, ein gratispassasjer i livet hans. Men verken Per eller Finn brydde seg om det: "For folk som kjente oss, visste at vi var kompiser. Jeg pleiet aldri Per. Han var veldig sjenert for sånne ting. For privat måtte det ikke bli." (Storvand 2001) Ifølgje Finn var vennskapet mellom dei solid og godt. På spørsmål om dei nokosinne var uvenner, fortel Finn følgjande historie som han meiner er karakteristisk for vennskapet deira:

Ved en anledning ble jeg temmelig irritert for noe. Hva det var, husker jeg ikke nå. Men jeg ringte til Per og sa at nå skal vi ta en 'pause'. Etter fem minutter ringte telefonen: Er 'pausen' lang nok nå? (Storvand 2001)

Ikkje ut av skapet

Ferdinand Finne har fortalt ei historie frå 70-tallet då han og Per Aabel var gjestar i ein herremiddag på Ringve Gård i Trondheim (Elton 2000, 253):

En av gjestene hadde spurt om det ikke var på tide at Per stod åpent frem, det ville tjene «saken», han var jo så elsket av alle. Per, som var kong Olavs nære venn og bridgemakker, hadde sett forskrekket opp.
— Hva? ... hva ville kongen tenke?

Det var vel ingen som trudde at kongen ikkje forlengst visste og hadde godtatt vennens homofile legning, men slikt snakka dei sjølvsagt ikkje om. Per Aabel var likevel ikkje meir engsteleg for dette enn at han deltok i den store festframsyninga "Timer mot Aids" i Konserthuset i Oslo 17. januar 1986, rett nok saman med ei rekkje andre norske kunstnarar som alle opptrådde gratis. Kan hende var Per Aabel blitt meir modig nokre månader etter at hans 74 år gamle skodespelarkollega Arne Bang-Hansen gav ut sin frittalande sjølvbiografi Fra mitt skjeve hjørne, utan at verda ramla saman rundt han.

Dette var forresten første gongen i Europa at ei slik festframsyning blei arrangert for å skaffe pengar til arbeidet mot aids, ein festkveld med mellom andre Tormod Haugen og John Haavardsholm i arrangementskomitéen. Dagen etter stod det følgjande å lese i ei NTB-melding:

— Til tross for det alvorlige temaet er kvelden en festforestilling, som gir oss kunstnere en enestående sjanse til å støtte arbeidet i kampen mot AIDS, sa kveldens "grand old man" Per Aabel til en fullsatt konsertsal.

Litteratur

Elton, Thore J. 2000. Ferdinand Finne. Oslo: Gyldendal.

Hansen, Jan E. 1993. Kjære Per Aabel. Oslo: Cappelen.

Næss, Trine. 2009. "Per Aabel". Norsk biografisk leksikon. Sett 3.09.2015. http://nbl.snl.no/Per_Aabel.

Storvand, Lena. 2001. "Mitt liv med Per". Intervju med Finn Sørensen. VG 22.12.2001.

Aabel, Per. 1980. Den stundesløse Per Aabel. Oslo: Gyldendal.

Aarseth, Asbjørn. 1969. Den Nationale Scene 1901-31. Oslo: Gyldendal.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt arkiv søker gamle festbilder

NRK Hordaland - radio.nrk.no - februar 1, 2017

Runar Jordåen i Frokostradio

NRK P1+ - radio.nrk.no - februar 1, 2017

Skeive bøker gjennom historien

Gaysir - www.gaysir.no - november 26, 2016

Fra ragr til SKAM

NRK Ytring - www.nrk.no - november 25, 2016

En glemt homopionér fra nord

NRK Troms - radio.nrk.no - november 11, 2016

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket