Alfhild Hovdan

Turistsjef i Oslo Alfhild Hovdan. Foto: Erik Schibbye, Hjemmet 1964.
Turistsjef i Oslo Alfhild Hovdan. Foto: Erik Schibbye, Hjemmet 1964.
Alfhild Hovdan var turistsjef i Oslo frå 1934. Ho var ei kvinne som levde i ei tid med strenge kjønnsrolleforventningar, og braut tydeleg og klart med dette gjennom klesstil og framtoning. Til tider var ho kontroversiell, men ho var dynamisk, idérik og ikkje redd for å seie kva ho meinte. Heller ikkje var ho redd for å skilje seg ut, denne store og tettbygde, litt mannhaftige kvinna med sin mørke, kortklipte herresveis, alltid kledd i eit mørkt skjørt og ditto jakke, kvit bluse og gjerne med eit slips i halsen.

Oslo sin mangeårige turistsjef, Alfhild Hovdan, var fødd i Christiania 13. september 1904 og døydde 77 år gammal i same by (Oslo) 20. februar 1982. Foreldra var magasinbetjent Peder Olsen (1878–1961) og Nikoline Hovdan (1880–1955). Dei var på gjennomreise i hovudstaden då Alfhild blei fødd på Victoria hotell, hovudstadens ærverdige hotell frå 1750 (som låg på hjørnet Rådhusgata og Dronningens gate), som eit engelsk tidsskrift i 1888 hadde kåra til Europas beste hotell. Med til skildringa av det fascinerande livet til denne myndige og maskuline reiselivskvinna høyrer altså at ho til og med blei fødd under ei reise.

Alfhild Hovdan voks opp på Nøtterø og i Skien som den nesteldste av fem søsken, alle med etternamnet Olsen. Mora sitt jentenamn, Hovdan, tok ho seinare. Ho byrja tidleg å skrive artiklar om kunst, teater og film i aviser og blad, deriblant i kvinnebladet Urd. Etter artium heldt ho fram som journalist og frilansa òg for danske og svenske aviser. Ho drog til Stockholm og lærte seg å skrive svensk, pendla mellom landa og leverte stoff både til norske og svenske aviser.

[[{"type":"media","view_mode":"media_large","fid":"660","attributes":{"alt":"","class":"media-image fig-left","height":"600","typeof":"foaf:Image","width":"249"}}]]

Gjekk til Roma

Provosert i 1928 av nokre svenske pressefolk som diskuterte "bilismen", meinte Hovdan at det var mykje betre for ein turist å gå. Då såg og opplevde ein så mykje meir enn sitjande bak eit ratt. Diskusjonen endte med at ho skulle vise dei. Ho skulle gå til Roma slik som dei gamle pilegrimane gjorde: "Jeg skal gjerne gå selv, mine herrer! sa jeg." Dette fortel ho i eit stort heime hos-intervju i Hjemmet i 1964. Og Alfhild Hovdan gjorde nettopp det, ho gjekk til fots frå Stockholm til Roma iført grå ridebukser, svart silkeskjorte og cowboy-hatt. Ho gjekk over Alpane:

Der traff jeg en meget eksentrisk dame, hun hadde bygd seg villa over en foss og hadde to falker i bur som hun stadig matet med rått kjøtt. Det var et meget interessant bekjentskap. Hvorfor hun hadde innrettet seg på den måten skjønte jeg ikke riktig, men hun sa hun var lei livet i Roma. (Krogh 1964: 23)

Det rakk ikkje Alfhild Hovdan å bli dei få dagane ho var i Roma, og høgdepunktet var audiens hos dåverande pave Pius XI. Sidan han hadde vore fjellklatrar, syntest han det var svært interessant å få besøk av ei dame som hadde gått over Alpane: "Sånne gå-heltinner var visst forresten ikke funnet opp den gang – i 1928," fastslo ho i intervjuet med Hjemmet. Men då visste ho ikkje om landets første (kvinnelege) fotturist, Catharina Hermine Kølle, som gjekk fleire turar frå Noreg til Europa, mellom anna gjekk ho i 1841 til fots frå Hardanger til Venezia. Medan Kølle fylte dagboka si med akvarellar, skreiv Hovdan reisebrev i dei to månadene turen varte, mellom anna til Urd.

Turistsjef

I 1931 blei Hovdan "headhunta" til sekretærjobben i den relativt nystifta Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn, men berre i halv stilling. Det vart for stridt for henne; ho protesterte og hevda at ho måtte ha full stilling dersom ho skulle få gjort noko. Det fekk ho. Året etter blei Hovdan kontorsjef i foreininga og dermed Oslos første turistsjef, ein tittel ho sjølv fann på.

Som turistsjef kunne ikkje Oslo fått nokon betre enn Alfhild Hovdan. Til tider var ho kontroversiell, men ho var dynamisk, idérik og ikkje redd for å seie kva ho meinte. Heller ikkje var ho redd for å skilje seg ut, denne store og tettbygde, litt mannhaftige kvinna med sin mørke, kortklipte herresveis, alltid kledd i eit mørkt skjørt og ditto jakke, kvit bluse og gjerne med eit slips i halsen. Ho fekk næringslivet med på det meste for å fremme Oslo som reisemål. Sjølv kalla ho seg visst “Oslos viserpike”, medan andre sette på henne tilnamn som “Rivjernet” og “Bulldozeren”. Alt på 30-talet stod ho i spissen for å velje Oslo-prinsesse, og i alle år var ho Oslo sin offisielle julenisse. Julenissen bur i Oslo, slo ho fast og fiksa det slik at alle brev skrivne til Santa Claus, kom til Oslo, og alle fekk svar og ei lita bok. Men sjølv var ho ikkje særleg opptatt av jula, sa ho til VG i 1976:

Jeg har et fint forhold til barn, kanskje på grunn av min barnlige sjel. Ungene løper fra mødrene til meg. Om jeg egentlig ønsker livet annerledes? Familie, barn? Jeg vet ikke. Jeg er visst fornøyd med det jeg er. (Halnum 1976)

I si tid som turistsjef fekk Alfhild Hovdan i stand den årlege Oslo-dagen, Oslo-marknad og ei årleg oversending av juletre til London, Rotterdam og Reykjavik. Juletregåva var Alfhild Hovdans idé, og når treet skulle fellast, var ho alltid med i skogen – saman med ordføraren og ein sotete, velbrukt kaffikjele. Ho sørgde for at byen fekk organisert fast turistinformasjonsteneste og guideformidling, og at turistguidane fekk skikkeleg utdanning. “Eg sel ikkje Oslo, eg inviterer,” sa ho og ville at heile landet skulle vere like glad i landets hovudstad som ho.

Hovdan var visst ikkje spesielt populær på Vestlandet, fordi ho uttalte at ho likte betre dei ville fjordane i Nord-Noreg enn dei vestlandske. Kvart år inviterte ho nordnorske ordførarar til hovudstaden. I 1957 fekk ho Petter Dass-medaljen av Nordlændingernes Forening for sin innsats for nordnorsk turistnæring. Ho fekk òg Kongens fortenstmedalje i gull, St. Hallvard-medaljen og hausta fleire heidersteikn frå norske og utanlandske presseorganisasjonar.

Aktiv motstandskvinne

Under krigen var ho aktiv i motstandsrørsla og måtte flykte til Sverige i 1942. Kvinner med bein i nasen vart også der sett på med skepsis, og Hovdan vart omtalt som "hysterisk og uansvarleg" (Pryser 2007: 71) Nokon meinte ho kunne vere spion fordi ho mellom anna hadde kontakt med den sovjetiske ambassaden i Stockholm. Det vart til og med hevda at ho hadde eit seksuelt forhold til ambassadøren, Alexandra Kollontaj. (Pryser 2010: 46)

I februar 1944 var ho med og starta flyktningteatret Fri norsk scene i Sverige, og ho var aktivt styremedlem i Patriotisk Forbund, ein organisasjon av norske flyktningar i Sverige kritisk til den norske regjeringa og til mangel på aktivitet i motstandsrørsla.

[[{"type":"media","view_mode":"bilde_i_tekst","fid":"659","attributes":{"alt":"","class":"media-image","height":"500","typeof":"foaf:Image","width":"656"}}]]

Sommarhus på Kattøya

Nokre år etter krigen fekk Alfhild Hovdan sjå ein annonse i avisa om at Kattøya, ei lita øy i Eidangerfjorden, var til sals. Den kjøpte ho og fekk seg ein herleg fristad: "Hit drar jeg når jeg må ha ro, og da foretar jeg meg intet annet enn å ligge i en hengekøye og se på skyer," fortel ho til Hjemmet. At folk gjekk i land på øya hadde ho ingenting imot, berre dei tok med seg bosset sitt og respekterte privatlivets fred. Rundt sommarhuset var det ho som regjerte, og der slapp ingen framande til. Derimot hadde ho besøk av eit utval venner og kjende. Komponisten Pauline Hall var der fleire somrar, i alle fall somrane 1957, 1958 og 1959. Det hugsar Ulf Ziener Johansen godt sjølv om han første gongen berre var 10 år:

Faren min kjente Hovdan fra før pga. arbeid i Telemark og Vestfold Hotell- og restaurantforening hvor han i disse årene var formann. Hovdan hadde da invitert ham til sommerhuset, og vi ble fraktet fra Nystrand i båt av en slags altmuligmann hun hadde. Far hadde med seg mat, gaver etc. pluss meg. [...] Alfhild Hovdan var en streng dame som ikke likte fremmede hos seg, derfor gikk hun rundt i jaktutstyr med gevær. Den andre damen var komponist. Hun var liten, hvithåret og hadde briller. Jeg måtte alltid si frøken Hovdan og frøken Hall. (E-post til forfattaren 25.11.2009)

Det gjorde inntrykk på unge Ulf då faren fortalte at desse damene hadde damer til kjærestar. For det kunne damer ha. Vi veit at Pauline Hall delte hus med journalist Caro Olden (jf. Kvalbein 2013), og Alfhild Hovdan kjende truleg begge to frå sitt omfattande kjennskap til hovudstadens journalist- og kulturmiljø. Som Hovdan var òg Olden aktiv i motstandsrørsla under krigen.

Om Hovdans eige kjærleiksliv veit vi lite, men på gravsteinen hennar på Østre Aker kyrkjegard i Oslo som blei reist då ho døydde i 1982, er seinare felt inn Aud Mjelva (1914–1997). Mjelva var mangeårig funksjonær i Statens Kornforretning, eit statleg organ som tidlegare tok hand om landets kornforsyning.

Alfhild Hovdan var ei kvinne som levde i ei tid med strenge kjønnsrolleforventningar, og braut tydeleg og klart med dette gjennom klesstil og framtoning. Så vidt vi veit, blei dette ikkje kommentert. Hovdan blei respektert og sett opp til for den gode jobben ho gjorde. Men det har lenge vore meir akseptert at ei kvinne kan vere maskulin enn for ein mann å vere feminin. For dess meir ”mannleg” kvinna ter seg, dess djervare og meir sjølvstendig blir ho rekna som.

Litteratur

Halnum, Bjørnar. 1976. "Oslos julenisse: Julen skremmer meg" i VG 22.12.

Hovdan, Alfhild. 1955. Den store Oslo-guiden. Oslo: Fabritius. (Eng. utg. 1956)

Krogh, Thor von. 1964. "Hun er du's med sin by" i Hjemmet nr. 12 for 18. mars.

Kvalbein, Astrid. 2013. Musikalsk modernisering. Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Doktoravhandling, Noregs musikkhøgskole. Sett 2.2.2015. http://hdl.handle.net/11250/172652

Lund, Børre Aa. 2009. "Alfhild Hovdan." I Norsk biografisk leksikon. Sett 14.9.2015. nbl.snl.no.

Pryser, Tore. 2007. Kvinner i hemmelige tjenester. Oslo: Cappelen.

Pryser, Tore. 2010. Svik og gråsoner. Norske spioner under 2. verdenskrig. Oslo: Spartacus.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket