Christian Vs Norske Lov

Tittelblad/illustrasjon fra Kong Christian Vs norske lov av 1687. Illustrasjonskilde: Manuskript- og librarsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen
Tittelblad/illustrasjon fra Kong Christian Vs norske lov av 1687. Illustrasjonskilde: Manuskript- og librarsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen

Kong Christian Den Femtis Norske Lov blei vedtatt 15. april 1687 og tredde i kraft på Mikkelsdag 29. september 1688. Boka var eit omfattende lovverk som i sine hovudtrekk blei ståande fram til midten av 1800-talet. Lovas 6. bok, om "Misgierninger", var direkte modellert på Bibelen og strukturert etter dei ti bod.

Sjette boks trettande kapittel paragraf 15 (N.L. 6-13-15) straffa «omgjengelse mot naturen» med døden, med bål og brann.

Sodomi eller omgjengelse mot naturen var fram til slutten av 1800-talet ein vid kategori av forbodne (og syndige) seksuelle handlingar: I prinsippet kunne det omfatta dei fleste seksuelle handlingar bortsett frå reproduktiv seksualitet mellom mann og kvinne. Det kunne såleis også inkludera seksuelle handlingar mellom kvinner og menn som avveik frå dette og til dømes seksualitet mellom menn eller mellom kvinner. Ein kjenner ikkje til nokon dødsdommar for sodomi mellom menneske i Noreg, og det eksisterer berre nokre få tilfelle der menn som har hatt sex med menn har vore etterforska for dette. Derimot finst det mange døme på menn som blei dømd for sex med dyr - crimen bestialitatis.  

I 1842 kom ei ny Kriminallov i Noreg. N.L. 6-13-15 blei då avløyst av ein ny paragraf (§ 18-21) som framleis gjorde "omgjengelse mot naturen" forbode. Men straffa var redusert til straffarbeid i eitt år.

Illustrasjonskilde: Manuskript- og librarsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen