Forbundet av 1948, Trondheims avdeling

Trondheimsavdelinga av Forbundet av 1948 heldt til på Hotell Sjømannshjemmet i Thomas Angells gate 12B. Foto: Ukjent fotograf 1968, Trondheim byarkiv, fra Trondheim Brannvesens arkiv.
Trondheimsavdelinga av Forbundet av 1948 heldt til på Hotell Sjømannshjemmet i Thomas Angells gate 12B. Foto: Ukjent fotograf 1968, Trondheim byarkiv, fra Trondheim Brannvesens arkiv.

Forbundet af 1948 si avdeling i Trondheim var den første avdelinga av ein homofil organisasjon i Noreg. Den eksisterte ein kort periode i 1949 og 1950, neppe særleg meir enn eit halvt år.

Den første homofile organisasjonen i Skandinavia blei etablert i Danmark i 1948, under namnet Kredsen af 1948, seinare Forbundet af 1948. Organisasjonen hadde tidleg ein intensjon om å vera ein skandinavisk organisasjon, og fekk allereie året etter stiftinga kontaktar i Noreg.

Frå Køben til Sjømannshotellet

I 1987 blei ein av dei som hadde vore i avdelinga i Trondheim intervjua – han var då servitør på homoutestaden Metropol i Oslo (DNF-48 Trondheim 1987). Vedkommande blei i intervjuet kalla "H." mens homoavisa Fritt fram tre år seinare kalla han “Hans” (Fritt fram 1990).

Hans kunne opplysa at kontakten med Forbundet hadde oppstått under ei reise til København: "Vi tok da kontakt med ledelsen for Forbundet, som så bidro med startkapital og informasjonsmateriell".

Gruppa møttest i starten annankvar veke i Hotell Sjømannshjemmet (eller Sjømannhotellet) i Thomas Angells gate 12 B. Seinare møttest gruppa ein gong i veka. I følgje Hans brukte dei ikkje dekknamn på organisasjonen: "Tvert i mot var betjeningen på hotellet fullt ut innforstått med at dette var en forening for homofile."

Sveivegrammofon og dans

Hans hevda vidare at organisasjonen ikkje dreiv med informasjon eller annonsering, men at dei likevel klarte å samla 12 medlemmer, alle menn. Han fortalde vidare at medlemene møttest

[...] jevnlig til dans etter sveive-grammofon. Pianomusikk ble også benyttet. Hotellets ansatte foresto serveringen. T. var formann, husker jeg, og selv ble jeg satt til jobben å skulle holde kontakten med medlemmene vedlike. Rekrutteringen av nye medlemmer foregikk etter naturmetoden, så å si. Annonsering f.eks. var en umulighet.

Først ut i Noreg

Stiftinga av Trondheimsavdelinga var nemnd i ein notis i februarutgåva av det skandinaviske homo-tidsskriftet Vennen (Vennen 1950). I følgje denne var namnet på avdelinga "Forbundet av 1948, Trondheims avd.", adressa var "Lademoen boks" og det blei opplyst at foreininga hadde fått ein "bestyrelse". I same notis sto det at Forbundet hadde fått ein "tillidsmand" i Oslo, og at det her seinare ville bli innkalt til eit "stiftende møde".

Stiftingsmøtet i Oslo fann først stad i mai 1950. Både opplysningane frå "Hans" og notisen i Vennen viser altså at Trondheim var først ute med ei eiga avdeling av Forbundet af 1948 i Noreg.

Kortvarig, men viktig

Avdelinga i Trondheim eksisterte ikkje lenge, nøyaktig kor lenge er uvisst. Hans gav ingen opplysningar om kva tid på året avdelinga blei skipa eller kor lenge den var aktiv, men han hevda at den blei nedlagd eit halvt år før Forbundet af 1948 fekk ei avdeling i Oslo. Skal me tru han må det altså ha skjedd like før eller omtrent samtidig med at Vennen annonserte at avdelinga var etablert i februar 1950 (Vennen 1950).

I mars-utgåva omtalte Bjørn Hansen, Forbundet af 1948 sin tillitsmann i Oslo, avdelinga i Trondheim likevel som om den framleis eksisterte (Hansen 1950: 72).

Ved oppløysinga blei midlane til avdelinga, i følgje Hans kring 1500 kroner og ein del informasjonsmateriell, sendt tilbake til Danmark. Han meinte avdelinga blei nedlagt fordi miljøet var for "trangt" og tilgangen på nye medlemer for liten. I tillegg flytta fleire av medlemmene frå byen etter kort tid. Hans meinte gruppa var viktig for dei det gjaldt sjølv om den ikkje var i drift lenge.

Skeivt arkiv ønskjer meir informasjon

I 1953 blei den norske avdelinga av Forbundet av 1948 ein sjølvstendig organisasjon, Det norske forbundet av 1948 (DNF-48). Først i 1972 fekk organisasjonen på ny ei avdeling i Trondheim.

Opplysningane om den trondheimske foreininga er sparsame, og Skeivt arkiv ønskjer meir informasjon om denne og det homofile miljøet i byen. Ingen studie av miljøet i Trondheim på 1950- og 60-talet føreligg, så all informasjon om dette er av interesse. Om nokon veit om informantar som kan ha kjent miljøet på denne tida vil Skeivt arkiv gjerne ha opplysningar om dette. Me ønskjer også nærmare informasjon om kven "Hans" og den omtalte formannen "T." kan ha vore.

Kjelder

DNF-1948 Trondheim. 1987. Trondheim var først! en gang i tiden – DNF-48 Trondheim region 15. år. Trondheim: DNF 48.

Fritt fram. 1990. Trondheim var først ute. Fritt fram, (6/7), 18-19.

Hansen, Bjørn. 1950. Fra vore afdelinger: Oslo. Vennen, 2, (3), 71-72.

Vennen. 1950. Fra vore afdelinger: Norge. Vennen, 2, (2), 48.

Hjelp oss!

Vi ønsker mer informasjon til denne artikkelen. Dersom du vet noe, send oss gjerne en epost på skeivtarkiv@uib.no.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket