Marit Myking

Marit Myking, ca 2012. Foto: Vibeke Østbye
Marit Myking, ca 2012. Foto: Vibeke Østbye

Marit Myking (1953-2013) var på 1970- og 80-talet aktiv i ulike organisasjonar på venstresida, og då særleg i feministiske og homofile organisasjonar. Ho var mellom anna med i Kvinnefronten – der ho var med på å skipa «homofil kvinnefrontgruppe» – og i Arbeidsgrupper for homofil frigjøring (AHF). Ho spelte også ei viktig rolle i tidsskriftet Løvetann, der ho sat i redaksjonen frå 1989 til 2001.

Myking var utdanna bibliotekar og mellomalderhistorikar. Ho var i 1993 medforfattar på boka KITAB – Om kulturer, folkegrupper, språk og land, utg. av Statens bibliotektilsyn. I 1998 tok ho master i vikingtid og nordisk middelalder med oppgåva "Vart Noreg kristna frå England? Ein gjennomgang av norsk forsking med utgangspunkt i Absalons Tarangers avhandling Den angelsaksiske kirkes indflydelse paa den norske (1890)". Ho arbeidde ei tid på Senter for mellomalderstudiar ved Universitetet i Oslo og seinare nokre år i redaksjonen for tidsskriftet Levende historie. I hovudsak arbeidde ho likevel mest som manuskriptrettar og språkvaskar for ulike forlag, t.d. Pax, Oktober og Spartacus.

Marit Myking sitt arkiv er ein del av Skeivt arkiv sine samlinger.

Kjelder

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv. SKA/A-0004 Marit Myking.

Opplysningar frå Johan Myking.