Metropol

Foto: Oslo Bymuseum
Foto: Oslo Bymuseum

Den første utelivstilbodet skapt av Det norske Forbundet av 1948 (DNF-48, ein av forløparane for dagens FRI) var klubbane på Ormsund og Snarøya som berre dei innvigde kjende til. Den første opne skeive utestaden i norsk historie blei etablert i 1974 då DNF-48 kunne kjøpe restaurant Metropol med støtte frå Oslo kommune. Utestaden hadde eit mangfaldig tilbod, og forutan restaurantdrift og pub dreiv forbundet også ulik gruppeverksemd og forskjellige typar aktivitetar der.

Metropol - ofte omtalt som “Meter’n” - var for eksempel arena for oppstart av DNF-48 si kvinnegruppe. Lesbiske feministar haldt møte annankvar veke, og fekk etter kvart til eigne kvinnekveldar den menn ikkje fekk tilgang.

Etableringa av utestaden betydde også at skeive kunne oppleve at dei var i majoritet, og ein kunne danse med ein av same kjønn. Mangeårig leiar og generalsekretær i DNF’48 Kim Friele omtalte Metropol si rolle på følgjande vis i boka To kvinner: «[…] et sånt sted er veldig viktig for mennesker som trenger kontakt. Det de gjør i første omgang, er ikke å melde seg inn i Forbundet, men puste ut, ta seg en øl, kikke på folk i trygghet, danse, leve litt.»

I 1989 stengte Metropol dørene. På denne tida byrja det skeive utelivet å bli meir mangfaldig, og Metropol inngår i ei lang rekke andre utestadar for skeive som etter kortare eller lengre tid har måtte stenge dørene. Mange har nok likevel eit spesielt forhold til Metropol som staden der dei kom inn i det gryande skeive miljøet.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeiv kalender

blikk.no - blikk.no - november 15, 2017

Julegave fra FRI og Skeivt arkiv

gaysir.no - www.gaysir.no - november 15, 2017

Årets julegave: Skeiv Kalender!

foreningenfri.no - foreningenfri.no - november 13, 2017

Drude Helmers Egteskab

Kulturtidsskriftet MELK - www.melkmag.com - oktober 16, 2017

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket