Nordahl Grieg

Portrett av Nordahl Grieg fra Gyldendals historiske portrettarkiv
Portrett av Nordahl Grieg fra Gyldendals historiske portrettarkiv

Han tilhører legenden på et underlig vis; menneskekjær, stridende og ensom, varm og stormende på samme tid – en vestlandsk vår! [...] Dessuten var han påfallende av utseende: meget høy, noe slengete, med et usedvanlig varmt blikk i et edelt, buet ansikt [...] Nordahl Grieg var pågående heftig og øm, overbevisende, meget talende og slagferdig. (Johan Borgen 1945)

En av de fagreste menn jeg har sett [...] en sjarm og en hjertelighet uten sidestykke, en 'Gudernes yngling'! (Johan Falkberget 1962)

Forfattaren Nordahl Grieg (1902–1943) var ei uroleg sjel. Bergen og Norge blei for smått, han måtte ut i verda og søkje opplevingar. Han reiste til sjøs, til England, Kina, Sovjet, Spania, Hellas, Frankrike, Italia, Island og rundt i heile Noreg. Han var rastlaus og hadde ingen permanent opphaldsstad. Nordahl Grieg var ein eventyrar som elska farten, aktiviteten, dåden, å vere der noko skjedde.

Nordahl Grieg kunne skrive, og skrive godt. Han utfalda seg innan eit mangfald av sjangrar, både fag- og skjønnlitteratur. Det var sine eigne erfaringar han skreiv om, reiser han hadde gjort, situasjonar han hadde opplevd, og personar han hadde møtt. Hans liv blei hans bøker. Han forma og nedteikna sitt liv som eit kunstverk. Nordahl Grieg er truleg større og merkelegare som livslagnad enn som diktar.

Homoseksualitet som tema

Mellom anna var Nordahl Grieg opptatt av homoseksualitet og var innom temaet i fleire av bøkene sine, som her i sitt mest kjende skodespel Vår ære og vår makt (1935):

Det var kjøbmann Simonsen som var ute etter han: "Bli med mig," sa han. "Du e en sånn pen gutt," sa han. Åja, de holder sig her utenfor både den ene og den andre. Både han Ole Lufter og Sjofelist-Nilsen i Leppen. Men Simonsen han er den sieste av dem, han har støtt sin gang på kaien. (s. 315)

Våren 1935 overnatta Nordahl Grieg på eit sjømannsherberge i heimbyen Bergen for at personane i skodespelet Vår ære og vår makt skulle vere mest mogleg ekte. Vi kan derfor gå ut frå at den 40-årige sjømannen Jappens replikk ovafor ikkje er tatt ut av lause lufta. Homofile menn går altså på kaien og sjekkar opp fattige sjømenn og andre som må overnatte på Husvilleherberget. Kjøpmann Simonsen har i motsetning til dei andre fått eit alminneleg namn, men har ikkje store respekten hos desse karane. Med Simonsen treng dei ikkje vere redde for å utnytte situasjonen, meiner Jappen: "Ka hunen gjør det om du blir med hem te han, du får plenty å drikke, og når han ve forsøke seg, gir du han et godt spark og går –."

Kva fortel så Nordahl Grieg om homofile menn i denne scena? Er det gamle grisar som er ute etter yngre menn for å få tilfredsstilt sitt umettelege sexbehov? Eller vil Grieg peike på det tragiske ved eldre einslege menn som må nedverdige seg til å kjøpe seg litt hygge med hjelp av alkohol? Den 20-årige Ottar er ikkje så sikker på at alle som blir med Simonsen heim, er like avvisande, gir han eit spark i ræva og går sin veg: "Ja, det sier de," er hans lakoniske kommentar. Den same Ottar forstår godt kvifor Simonsen går på kaien og sjekkar: "For dér er han sikker at han finner nokke."

Homofili blant sjøfolk eller at sjømenn er populære blant homofile, er eit velkjent motiv i litteraturen, til dømes i Melvilles Billy Budd, Genets Querelle de Brest og i fleire av Sandemoses romanar. W.H. Auden har forklart homoseksuelles interesse for sjøfolk med at "symbolsk er sjømannen på landlov den uskuldige guden frå sjøen som ikkje er bunden av lovene i land og kan derfor gjere alt utan skuldkjensle".

I skodespelet Men imorgen – (1936) blir den forfengelege og franske de Montclair ("full av eleganse og charme") karakterisert som "en gris efter unge gutter". Eigill, ein av dei unge, kan ikkje forså kvifor ein venn av han har blitt de Montclairs privatsekretær (forfattarens utheving): "Bortsett fra naturlige anlegg som jeg ikke kan dømme om, kan du få en god grunn: forfengelighet," svarer Paul, som også lanserer ein annan grunn:

[...] våre fineste og mest moralske familier lar han smilende kurtisere sin sønner. Han har jo innflytelse, mann! Han er rik! Han kan skaffe dem innpass til det Europa som teller. Det kunde han vel ikke stå for, vennen din.

Kvifor er den perifere samtalen eigentleg tatt med i dramaet? For å syne kor flinke homoseksuelle er til å utnytte sin posisjon i samfunnet? Eller for å vise kor forfengelege "fine" folk er, som frivillig prostituerer seg og sine for å komme seg fram i verda?

Det er først i romanen Ung må verden ennu være (1938) at Nordahl Grieg tek opp homoseksualitet i ein større samanheng, og då med handling frå Moskva der Grieg oppheld seg i ein to års periode. Hovudpersonen i romanen er den unge briten Leonard Ashley som blir kjend med den russiske sekretæren Genia. I eit selskap viser ho til den feminine tyskaren Giesenau (med signetring på veslefingeren) og ein russisk ballettdansar:

Det var en mørk, litt svulmende mann, hvis egentlig smukke ansiktstrekk var noe visket ut av fett. Han satt på stolkanten hos en ung russer, en billedskjønn danser, hvis lange, sorte øienvipper av og til løftet sig op mot den andre. Tyskerens feminine bevegelser skiftet [...], snart la han hånden kjærlig på russerens kne.

Genia forklarer: "De er sweethearts." Medan Leonard spør om det ikkje er smigeren "som er det egentlig skamløse mellem sånne menn?" Leonard tenkte på bror sin, lyrikaren, og alle mannevennene som brente for sonettane hans: "sin egenart tro hadde de alle slags kunstneriske ferdigheter". Både Genia og mannen hennar, Sergei, viser seg å vere biseksuelle ("altetende"), og Leonard er svært fascinert av Sergeis spesielle utsjånad: "Det vakre ansiktet virket utlevd, trekkene var som skåret i blekgult elfenben av en orientalt påvirket kunstner."

Seinare får vi vita at den homoseksuelle Giesenau (karakterisert som eit "ubehagelig menneske") meir eller mindre har blitt tvinga til spionasje. Om årsaka seier ambassadøren: "Det er ingen tvil om at homoseksuelle har en slags internasjonale, fordi de har oplevd så mange pinlige ydmygelser at de trenger innbyrdes sympati og hjelp." Giesenau har vore god å ha. Med "respekt for hans spesielle følelsesliv" har han kunna ferdast fritt og usjenert rundt i kunstnarmiljøa. Men no må han forsvinne.

Med Stalin til Sibir

Dette med respekten blei det fort ein slutt på. Medan Nordahl Grieg budde i Moskva, opplevde han at styresmaktene i Sovjet skifta holdning til homoseksualitet. Etter revolusjonen i 1917 hadde bolsjevikane oppheva straff for ei rekkje seksualbrotsverk, deriblant homoseksualitet. Men i mars 1934 gjorde Stalin homoseksualitet igjen straffbart. Dette blei no på det sterkaste fordømt, sett på som borgarleg dekadanse, eit produkt av fascismen som ein derfor burde utrydde – i alle høve forby.

I Griegs roman blir Sergei eit offer for den bølgja av massearrestasjonar som følgde og sendt til Sibir. Den trufaste kommunistkvinna Kira er først arrogant og overberande i synet på homofili: "Vi fordømmer ikke sånt, [...] enhver kan ha sitt eget privatliv. Vi er ikke sånn som hyklerne i England." Ho tenkjer ikkje på Oscar Wilde, men på Roger Casement: "I vårt sovjetland, utbrøt Kira stolt, har slike ulykkelege sin fulle frihet." Sir Roger Casement (1864-1916) var britisk diplomat, kjempa for irsk sjølvstende og blei dømt til døden for høgforræderi i 1916. Dagbøkene hans er fulle av homoseksulle skildringar. Like etter konfronterer Leonard henne med den nye lova: "Ikke så få er sendt til Sibir for homoseksualitet. Det er nemlig blitt straffbart"), og opplever at ho straks skiftar meining:

– Det har altså vist sig nødvendig, utbrøt hun.
– Men du hadde jo faktisk en overbevisning –
– Partiledelsen sitter inne med et materiale om dette, som du og jeg ikke kjenner til.

Leonard blir sint og protesterer, men Kira berre avfeiar det heile med at ein må stole på partiet. Same kvelden er Leonard og Kira og ser ei oppføring av Tsjaijkovskijs opera Eugen Onegin. Då Kira glad byrjar å nynne ein av songane og utbryt: "Vår egen Pjotr Ilitsj!", kan ikkje Leonard dy seg, men må skadefro nemne at Tsjaijkovskij var homoseksuell, og at kona trua med å få sendt han til Sibir "for hans abnorme liv".

Dagen etter fortel Kira at den nye lova har blitt innført fordi det har vore så mykje misbruk, særleg innafor teatra, "av unge menn som blev tvunget inn i en dårlig krets, hvis de skulde gjøre sig håp om roller". Dei to blir så einige om at lova er ok, særleg om også unge jenter på teatra omkring i verda "kunde bli beskyttet av den. Hvilke gripende fangetransport vilde da ikke gå fra Vest-Europas byer!"

Det er overraskande kor mykje journalisten Nordahl Grieg har observert når det gjeld homoseksuelle tilhøve under opphaldet sitt i Sovjet. Ikkje berre har han registrert og/eller opplevd desse hendingane, men han har også brydd seg med å integrere stoffet i romanen. Martin Nag meiner at Grieg kan ha vore inspirert av André Gide: "For som åndstype, både av opprinnelse og legning, hadde Gide meget til felles med Grieg." Ifølgje Nag kjende Nordahl Grieg seg òg i slekt med Federico García Lorca: "Det er tale om en langsom identifikasjon mellom Grieg og Lorca."

Nokre år tidlegare gjekk Grieg under huda på Lord Byron, i boka De unge døde (1932), der han òg skreiv innsiktsfullt og gripande om den homofile lyrikaren Wilfred Owen. Boka kan godt lesast som ein slags sjølvbiografi, både når det gjeld forholdet til dei omtalte lyrikarane, og når det gjeld Griegs tanker om å dø ung.

Når Nordahl Grieg skreiv såpass mykje om andre sitt særeigne kjensleliv, var det kanskje for betre å bli kjent med sitt eige? Men ein slik problematikk opptek ikkje Edvard Hoem i det heile når han i 1989 skreiv biografien Til ungdommen. Nordahl Griegs liv. I meldingane av boka får vi likevel vite at Nordahl Grieg var morsbunden og hadde problem med sin seksuelle identitet. Rett nok opplyser Hoem om at Grieg stod på Nasjonal Samling si liste over "seksual-perverse-homofile-jødiske forbrytarar som undergrov den germanske kulturen". Men for ein biograf som ønskjer å gripe spennvidda i eit menneskesinn, skulle ein forfattars måte å behandle vesentlege tema på vere like relevant som forfattarens liv. Det hevdar Toril Moi i ei kritisk bokmelding av Janneken Øverlands biografi om Cora Sandel (1995). Moi etterlyser ei meir inngåande forklaring på Cora Sandels beundring og sverming for den franske forfattaren Colette. Ho saknar svar på "spørsmålet om Sandel muligens var mindre 'straight' og heteroseksuell enn dominerande ideologi gjerne vil ha det til".

Gudmund Skjeldal kjem heller ikkje inn på desse spørsmåla i sin biografi om Nordahl Grieg, Diktaren i bombeflyet, frå 2013.

Møtte døden

Nordahl Grieg synest alltid vere på jakt etter ei oppgåve, noko å ofre seg for. Han blei overbevist kommunist og antifascist, og tok skarp avstand mot det nazistiske Tyskland. 9. april 1940 slutta Grieg seg straks til dei norske styrkane, og var med og smugla gullet i Noregs Bank nordover. Deretter drog han til England, utdanna seg til offiser og var med som krigskorrespondent i fleire flytokter. Han bad sjølv innstendig om å få vere med britiske bombefly på nattangrep over Berlin. Her blei han skoten ned 2. desember 1943. Tore Ørjasæter kallar dette Nordahl Griegs sjølvrealisering: " Hans sorti var hans største siger som altid vil lyse for oss."

Sjølv om Nordahl Grieg kom heim frå Sovjet som frelst kommunist og kanskje blei overtydd om at homoseksualitet burde vere straffbart, vel eg å tru at orda hans i diktet "Josef" (Stene i Strømmen, 1925) gjeld alle uansett seksuell legning:

Men selv om du ogsaa fik tusene bud,
saa er der én ting jeg vet:
At ingen har lov, om mand eller gud,
at krænke min kjærlighet.

Referanser

Grieg, Nordahl. 1925. Stene i strømmen. Oslo: Gyldendal.

Grieg, Nordahl. 1935. Vår ære og vår makt. Oslo: Gyldendal.

Grieg, Nordahl. 1936. Men imorgen – . Oslo: Gyldendal.

Grieg, Nordahl. 1938. Ung må verden ennu være. Oslo: Gyldendal.

Hoem, Edvard. 1989. Til ungdommen. Nordahl Griegs liv. Oslo: Gyldendal.

Nag, Martin. 1967. Streiflys. Nordahl Grieg på ny. Oslo: Ny dag.

Skjeldal, Gudmund. 2013. Diktaren i bombeflyet. Ein biografi om Nordahl Grieg. Oslo: Cappelen Damm.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket