Øivind Eckhoff

Øivind Eckhoff (1916-2001) var pianist og amanuensis i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo og kjent som ein dyktig musikkpedagog. Eckhoff sette også spor etter seg i kampen for homofil frigjering. Han var med heilt frå starten i Det Norske Forbundet av 1948, og sat ei tid i styret. Men hans store pionerinnsats på området kom i 1957 med den omfattande opplysningsboka Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet – eit 342 siders forsøk på å forklare årsakene til homoseksualitet, samt å klarleggje homoseksuelles vanskelege situasjon og naturlege plass i samfunnet. Boka blei utgitt under pseudonymet Finn Grodal.

Tittelsiden til Nasjonalbibliotekets kopi av Vi som føler annerledes.
Tittelsiden til Nasjonalbibliotekets kopi av Vi som føler annerledes.

Ikkje berre er Vi som føler annerledes Noregs første vitskaplege bok om homoseksualitet, men ho er framleis ei av dei få norske fagbøkene som er skrive om emnet. Med denne boka blei også nemningane homofil/i og heterofil/i innført i norsk presse- og samfunnsdebatt. I eit intervju med underteikna i Fritt Fram (okt. 1989) forklarer Eckhoff bakgrunnen for prosjektet:

Homoseksualitet var eit mørkt fastland. Eg tenkte at her måtte nokon våge å ta opp i si fulle breidde eit emne som elles alltid blei feid under teppet. Eg hadde ei kjensle av kall, at dette var noko eg hadde spesielle føresetnadert til å klare, og det betre enn andre.

Arbeidet med boka tok fleire år, og Eckhoff fekk ho til slutt ut på Aschehoug forlag. Dei må ha trudd på boka for ho blei trykt i 4000 eksemplar, og av desse blei 1000 sendt til Danmark. Etter ti år var boka utseld. Mottakinga i dei største avisene var overraskande positive, og responsen ikkje minst god frå nøgde lesarar. Eckhoff fekk bortimot 200 brev frå homofile som fortalte livshistoria si, og som ville brevveksle med han. Då han blei klar over all den dokumentasjonen som skjulte seg i breva, kom ideen om å lage ei bok basert på det unike brevmaterialet. Aschehoug var først positive til ideen, men kom etter kvart fram til at det blei for mange gjentakingar. Tittelen på boka skulle vere "De tause taler ut". Manuskriptet er no bevart i Riksarkivet (Privatarkiv nr. 1216: LLH), og ein kopi er å finne i SKA-0003, Gro Lindstads arkiv.

I boka slår Øivind Eckhoff fast kor viktig det er for homofile å ha sjølvtillit og respekt for seg sjølve. Ingenting er viktigare enn å ha noko sjølvkjensla kan slå rot i. Det må bli slutt på å flakke med blikket og be om unnskyldning for å vere til. Slik var mentaliteten på 50-talet, men er kan hende ikkje så heilt ukjend i dag heller. Forfattarens råd er derfor: Bli venner med deg selv, så du uten vanskelighet kan se din neste freidig i øynene! [...] Ved å luke opp det ugress som hindrer din selvfølelse fra å vokse seg sterk, vil du med andre ord også oppnå å befri deg fra den byrden av ukontrollert angst som nå kanskje tynger deg. Innhaldet i Vi som føler annerledes tek seg nok annleis ut i dag enn i 1957, og mange av dagens lesarar vil saktens protestere heftig på ein del formuleringar. Det er likevel ingen tvil om at denne homofile klassikaren framleis er verd eit studium. Noko som forresten overraska denne lesaren i si tid, var å møte ordet homse. Til det forklarer Eckhoff at tidleg på femtitalet var homse eit heller negativt lada slanguttrykk om ein homoseksuell mann.

I åra 1949–1966 var Øivind Eckhoff sambuar med sosionom Arne Heli (1924–2006).

 

Referanser

Grodal, Finn.1957.Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet. Oslo: Aschehoug.

Lindstad, Siri. 2007. "Viktig homo-bok fyller femti". Kilden: Informasjonssenter for kjønnsforskning. Lest 23.01.2015.

Heli, Arne. 2006. Åpen om det forbudte. Oslo: Pax.

Kristiansen, Hans W. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920-1970. Oslo: Unipub.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Drude Helmers Egteskab

Kulturtidsskriftet MELK - www.melkmag.com - oktober 16, 2017

Skeivt arkiv

NRK - radio.nrk.no - oktober 13, 2017

Eit arkiv for den skeive historia

Slekt og data - slektogdata.no - oktober 10, 2017

PIONs parole på Skeivt Arkiv

pion-norge.no - www.pion-norge.no - september 28, 2017

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket