Sigurd Bodvar

Omslag til boka "Leve, det går an" av Sigurd Bodvar
Omslag til boka "Leve, det går an" av Sigurd Bodvar

På 1920-talet såg Sigurd Bodvar (1901–1996) på seg sjølv som ein ”Paria”, som ein ”fordømt”. Han debuterte som forfattar 23-år gammal med ei lita prosabok, Før livet kan komme (1924). Kritikken var svært delt. Nils Collett Vogt skreiv helsing til forfattaren og innrømte at romanen hadde fengsla han, medan Helge Krog meinte Achehoug forlag måtte ha vore i ein slags transe då det sendte dette manuset i trykken.

Før livet kan komme skildrar den frustrerte Eigils tankar og refleksjonar om kvifor han er slik han er, prega av motsetningar: "snart uhumske og hæslige indfald", snart uendeleg sårbar og edel. Heile boka er ein vemodig og sorgfull klagesong over livet som er rått og ubarmhjertig mot ein einsam natur som Eigils: "For hvis disse hadde ret som mente at Sokrates hørte med blandt de fordømte, da vilde han heller slutte sig til ham og hans følge!" Først då kunne livet komme på alvor, meinte han. Eigil hadde nemleg spesielle kjensler og ein natur han ikkje alltid følte seg heime i:

Ja, hvor ofte ønsket han sig ikke anderledes end han var! Ganske, ganske anderledes vilde han gjerne været. – I grunden burde vel en person av hans slags, et menneske med saadanne følelser og tilbøieligheter selv hvor han var sandest, fornemme beskjemmelse og forlegenhet ved sig selv. Men gud eller naturen hadde nu en gang latt ham passere slik han var …

 

Sigurd Bodvar voks opp i Kristiania i ein velståande familie som den nest yngste av ti søsken. Men då han var elleve år, gjekk faren konkurs, og familien måtte flytte til meir fattige kår på Grünerløkka. Bodvar fekk derfor ikkje særleg utdanning og måtte tidleg ut og tene pengar. Ei tid var han huslaus og uteliggjar. Allereie 17 år gammal prøvde Bodvar å hengje seg, men greina brakk. I 1925 ville han på nytt ta livet av seg, men blei redda og tatt vare på av mellom andre Kristian Elster og Sigurd Hoel. Dei hadde fatta interesse for den fattige arbeidaren som ofte sov ute i skogen under ei gran med frakken over seg.

Etter nokre vanskelege år debuterte så lyrikaren Bodvar i 1933 med samlinga Arbeidsløs. Til saman skulle det bli sju diktbøker fram til 1958, så heilt stilt til Dikt i utvalg kom i 1983, redigert av Jan Erik Vold og med eit etterord kalla "Sigurd Bodvars hemmelighet" (der Vold likevel ikkje røper kva det er). Tre år seinare kom endeleg Bodvar med ei ny diktsamling kalla 33 dikt (1986) der han i eitt av dikta hyllar Oscar Wilde.

I mange av sine tidlege dikt verkar det som om Sigurd Bodvar har vanskar med å finne seg sjølv og sin rette seksuelle identitet. I diktet "Så engang en gipsavstøpning-" (frå Utenfor, 1938) får han den gamle lysta tilbake ved synet av Vatikanets Eros-yngling. Det brusar og dirrar i kropp og sjel av "utolmåd, begjær og krav". Diktaren kjenner seg "syk av blodet og sjelens lengt" (i diktet "I ungdommen" frå Dagen, 1947), eit utsagn som kan minne om Karin Boyes kjente ord om at ho var "sjuk av en törst, / till vilken naturen icke skapade någon dryck" (i diktet "Ingenstans" frå Fär trädets skull, 1935). I ei strofe frå "Hvem er det?" (Portretter, 1950) seier Bodvar det slik:

Elsken til egen
kropp og sjel 
kribler i ham ennå,
er der nesten alltid.

I 1953 greier ikkje Sigurd Bodvar å halde seg lenger, men vil fortelje om sin vanskelege oppvekst, om den seksuelle oppvakinga, fortvilinga. Han skriv opent ut om sine ambivalente kjensler og dragningar, om tida då han fylte 25 år:

De homoseksuelle bøyelsene ble sterkere igjen, ble dominerende. Men nå så jeg ikke på dette som før. jeg var blitt mer frigjort. Jeg visste mer. Jeg godtok meg sjøl slik jeg var. Eller var blitt. Det viste seg at det lot seg gjøre å få verdifulle opplevelser på dette nye grunnlag.

 

Den ærlege og sjølvbiografiske romanen Du skal skrive ditt liv (1953) kjem sjølvsagt ikkje ut under fullt namn, men under psevdonymet Bjørn Balder, noko forfattaren har hatt god grunn til å gjere med tanke på dei reaksjonane boka fekk. Kritikarane finn store litterære manglar og er forferda over innhaldet. Alfred Hauge synest det er ei sjuk bok, "et typisk utslag av en infantil perversjon" (Stavanger Aftenblad), og Willy Dahl minner om "at alt svineri i et menneskes liv ikke nødvendigvis blir kunst om det settes på trykk", og at dette heller blir "til tragikomikk som bare kaller på fliren" (Ånd og Vilje). Ragnvald Skrede lurer i Dagbladet på om boka kan bli til hjelp for andre, men konklusjonen hans er: "Neppe. Ser man for eksempel på det som blir fortalt om homoseksualitet er det bare en rekke ytre hendelser."

Derimot gjorde Du skal skrive ditt liv eit sterkt inntrykk på kritikaren og film- og teatermannen Olav Dalgard. I den velskrivne og fyldige meldinga i Arbeiderbladet går det fram at han veit kven som skjuler bak psevdonymet Bjørn Balder, men røper ikkje at det er arbeidardiktaren Sigurd Bodvar som gjev han “et slag rett i hjertekulen”. Fattig, einsam, utan skulegang, arbeidslaus og husvill skildrar forfattaren ærleg det vanskelege tilværet i Oslo mot slutten av 1920-åra, i tillegg til problema med sine homoseksuelle tendensar. Ifølgje Dalgard er Balder/Bodvar like rett på sak når det gjeld seksuelle opplevingar og utskeiingar: “Huff ja, her er litt av hvert å bli forfært over!” skriv ein fordomsfri Dalgard ironisk:

Her er saftige gressganger for alle prester og profeter som går på jakt etter prov for tidens omseggripende usædelighet og ungdommens i særdeleshet. – Godt for Balder at Kinsey-rapporten alt har gjort vei i vellingen, og tatt ondet åpent og ærlig fra roten. [---] Men det Balder gir er ikke statistikk. Det er liv, blodig, og til dels et stygt liv. Dette, bokas vanskeligste kapitel, har Balder på alle vis kommet best i fra. Her syner han både en dristighet, en realitetssans og en naturlig finfølelse som avvæpner – eller som i allfall burde avvæpne så vel moralister som sensasjonsjagere.

 

Det er både gripande og løftande lesing, meinte Olav Dalgard og kalla skildringa for: “Heroisk!” Straks Aslaug Vaa las Dalgards melding i avisa, tok ho pennen fatt: “Eg må skrive og takke for artikkelen om Bjørn Balder, som tok meg djupt – hev akkurat lese gjennom’n. So lite ein veit om andres strev!”

Du skal skrive ditt liv (med tittel frå bohemane sitt krav om å skriva ærleg) er eit gripande bilde på eit fortvila menneske som i mellomkrigstidas Noreg ikkje tør å leve ut sine homo- eller biseksuelle lyster og behov: "Mitt sinn og mitt liv var så fylt av konflikter, lengsler jeg ikke kunne realisere," innrømte Bodvar i intervju med Jan Erik Vold i Samtiden 6/85. Men skrive om denne lengselen, om enn under psevdonym, det tør han heldigvis. Bodvar gjer i det minste folk merksam på at "fenomenet" eksisterer, at det også "rammar" mange menneske i Noreg – og ikkje berre i Kinsey-rapportanes USA. Stiftinga av Det Norske Forbundet tre år tidlegare viser at Bodvar ikkje er den einaste her i landet som har slike seksuelle erfaringar.

Sigurd Bodvar giftar seg i 1949 med apotekar Carla Mildrida Hernæs. Bjørn Balders hovudperson (alias Bodvar) giftar seg òg i boka, får barn og er lykkeleg. Og han håper å bli det vidare. "Paria var det jeg var. I hele ungdommen." Likevel kan han spøke med fortida. Då kona foreslår Italia neste gong dei skal reise på ferie, utbryt han med Goethe: "Auch ich in Arcadien! Ja - også jeg til Arcadia-."

På denne utanlandsreisa er Balder i Paris vitne til "en guttehvalp som gjør seg lekker" og vrikkar på baken – i diktet "Scene på Place Pigalle" som er gjengitt i romanen. Ein mann stansar opp, glor på guten med klebrig blikk og får et utvetydig svar "med klem i". Både prostitusjon og homoseksualitet er ting som alltid har eksistert og vil alltid eksistere så lenge det finst folk på jorda:

Den lille tuktige geberden er grov og ekkel nå som før, den forsvinner ikke fra vår verden før mennesket og apen dør.

I 1993 kom så Sigurd Bodvars siste utgjeving med Jan Erik Vold som ivrig fødselshjelpar, ei samling Vold kalla Leve, det går an. Her er samla dei to ovafornemnde prosabøkene samt utdrag av ei dagbok Bodvar skreiv i åra 1956 til 1958. I tillegg kjem Volds etterord og eit intervju med Sigurd Bodvar der han fortel om sitt kontaktbehov i ungdommen: "Da må en ha en virkelig venn, vet du. En venn kan bety veldig mye. For ikke å snakke om kjæreste. Da en søke utad. Men da har man fått skrekken for andre mennesker. Det man ønsker mest, er det man er mest redd for."

Bibliografi

Bodvar, Sigurd. 1924. Før livet kan komme. Oslo: Aschehoug.

Bodvar, Sigurd (under psevd. Bjørn Balder). 1953. Du skal skrive ditt liv. Oslo: Tiden.

Bodvar, Sigurd. 1983. Dikt i utvalg. Oslo: Aschehoug.

Bodvar, Sigurd. 1986. 33 dikt. Oslo: Aschehoug.

Bodvar, Sigurd. 1993. Leve, det går an. Tre prosa-bøker. Oslo: Aschehoug. Intervju og etterord ved Jan Erik Vold.

Dahl, Willy. 1953. Anmeldelse av Sigurd Bodvars roman Du skal skrive ditt liv. Ånd og Vilje julen 1953.

Dalgard, Olav. 1953. Anmeldelse av Sigurd Bodvars roman Du skal skrive ditt liv. Arbeiderbladet 17/11/1953.

Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.

Gatland, Jan Olav. 2013. Olav Dalgard. Ein biografi. Oslo: Samlaget.

Hauge, Alfred. 1953. Anmeldelse av Sigurd Bodvars roman Du skal skrive ditt liv. Stavanger Aftenblad 7/11/1953.

Skrede, Ragnvald. 1953. Anmeldelse av Sigurd Bodvars roman Du skal skrive ditt liv. Dagbladet 9/11/1952.

Vold, Jan Erik. 1985. ”Denne kanskje, det var meg”. Samtale med Sigurd Bodvar. Samtiden nr. 6.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket