Skeivt uteliv i Noreg

Fra Club Privé. Foto: Løvetann
Fra Club Privé. Foto: Løvetann

Det skeive utelivet i Noreg står i ein internasjonal tradisjon der utestadane ikkje berre har vore sosiale arenaer, men også har spelt ei viktig politisk rolle. Eit av dei kanskje mest openbare døma er Stonewall Inn, kjent for mange som staden kor den moderne homokampen starta. Med dragqueens i spissen ytte gjestene på Stonewall ein kveld i 1969 motstand mot politiet, som over lengre tid hadde trakassert gjestene på utestaden. Dette sette fart i organisering mange stader, og gav opphav til ei meir radikal politisk linje der ein skarpt kritiserte at samfunnet ikkje la til rette for at skeive kunne leve ut sine liv som dei ville.

I Noreg byrja ein først å få sine eigne utestadar på 1970-talet. Før dette hadde København vore sentral også i det norske utelivet, og mange reiste dit. I tillegg organiserte Det norske Forbundet av 1948 (DNF-48) klubbkveldar i hemmelege lokalar, først i Oslo og seinare i resten av landet. Utover dette oppdaga mange skeive stader ein kunne gå for å finne likesinna.

For alvor starta den norske skeive utelivsscena med DNF-48 si etablering av Metropol i 1974. Elles har det eksistert mange ulike pubar og utelivskonsept over kortare og lengre tid. Ein institusjon mange framleis besøker, er London pub i Oslo som har haldt det gåande sida 1979. Også elles i landet har det frå 1970-talet eksistert utestader retta mot eit skeivt publikum.

Dei fleste som identifiserer seg som skeive går igjennom ein «kome-ut»-prosess. For mange inneberer også det å gå på dei skeive utestadane ein «kome-inn»-prosess, då mange har bygt sitt skeive nettverk ut frå å delta i det skeive utelivet. Frå 2000-talet har nettstader som gaysir.no og appar som grindr endra moglegheitene for kontakt mellom skeive. Derfor kan det spekulerast i om utelivet på sikt vil bli mindre viktig, mange syns likevel at utestadane utgjer ein viktig arena der ein kan vere seg sjølv og oppleve at ein er i majoritet.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket