Tormod Haugen

Tormod Haugen. Foto: Leif Ørnelund 1975 (Oslo museum CC-BY-SA http://www.oslobilder.no/OMU/OB.%C3%9875/0864)
Tormod Haugen. Foto: Leif Ørnelund 1975 (Oslo museum)
Venner, velkommen inn
fra Sodomas parker og Lesbos' strender,
fra barrikader og ensomhetens brønn.
[...]
Venner og venners venner, velkommen inn
under en flik av lilla himmel
med det varme lyset fra en trekantet sol.
(T. Haugen 1985)

Forfattaren og omsetjaren Tormod Haugen (1945–2008) voks opp i Nybergsund i Trysil kommune, men etter artium i Hamar busette han seg i Oslo. Han har fått ei rekkje litterære prisar og tilhøyrer verdseliten innan barne- og ungdomsboksjangeren.

Tormod Haugen var open homofil, men skreiv ikkje bøker om eller med opne homofile. Det var ikkje fordi han ikkje turde, men fordi han opplevde det som svært vanskeleg å skrive ei slik bok: ”Det er så lett å havne i alle klisjeene, der personene blir programerklæringer, uttrykk for en homofil idé, i stedet for mennesker.” Han har likevel ingen vanskar med å skrive om homoseksuelle kjensler, det han kallar "homofil sensibilitet". (Løvetann 1/87) Det gjer han på ein utmerka måte i romanen Vinterstedet (1984). Hovudpersonen i boka, den følsame Andreas, er så vidt fylt 17 og er heilt på kant med seg sjølv. Full av fortviling og frykt for framtida vaklar han mellom sjølvmord og å innrømme sine inste kjensler: korleis akseptere seg sjølv som homofil. Romanen sluttar i eit frigjerande skrik: no skal han byrje å leve. I den tilbakeskuande romanen blir jordbær eit symbol på den forbudne frukta som smakar så godt. Andreas møter kroppen til Mats ute i sjøen "og munnen hans smakte salte jordbær, og Andreas tok imot dem".

Dei same bæra kjem same året igjen som symbol i novella Den syttende skumringen. Her går tolvåringen Pål i parken om kveldane med store forventningar om å oppleve noko spennande, noko som får det til å krible i kroppen hans – som smaken av jordbær på leppene.

I bøkene sine braut Tormod Haugen bevisst det kunstige skiljet mellom barne- og vaksenbøker. Hovudpersonens alder bør nemleg ikkje stå i vegen for lesinga. Det er like mykje måten boka er skriven på som skulle vere det avgjerande, som i metaromanen Romanen om Merkel Hansen og Donna Winter og den store flukten (1986). Tre år seinare kom Skriket fra jungelen. Ein filmroman, som òg er eksperimenterande i forma og har vore omtalt som norsk barne- og ungdomslitteraturs første postmodernistiske roman.

At Tormod Haugen synest det er vanskeleg å skrive om homoseksuelle personar, kan òg ha å gjere med korleis du då som forfattar blir motteken av media. Sjølv om dette har endra seg sidan Haugens tid, er det dessverre stor fare for å bli plassert på sidelinja som homoforfattar, og bøkene dine vurderte som mindre interessante. Framleis er det mange kritikarar, for ikkje å snakke om journalistar, som synest det er lettvint med slike litterære båsar. Og dette smittar sjølvsagt over på forfattarane. ”Egentlig hadde det vært ganske deilig hvis det hadde gått an å beskrive homofile uten å problematisere. At de bare er der,” innrømmer Dag Johan Haugerud, som debuterte med den kritikarroste romanen Noe med natur i 1999. Han synest nemninga homolitteratur er litt forringande, at det blir meir brukslitteratur à la kokebøker: ”Dersom boka ikke er interessant nok for andre enn homofile, tror jeg ikke det er ei god bok. Bare homosvada.” (Blikk 7/2000).

Først i 2003 let Tormod Haugen ein ung mann få oppfylt draumane sine om å vere saman med ein annan mann. I novella Av sted tek 19 år gamle Frank endeleg mot til seg og går på London Pub der han møter Hans. Dette skjer i Happy Ending, ein antologi med skeive historier.

Bibliografi (utval)

Haugen, Tormod. 1984. Vinterstedet. Oslo: Gyldendal.

Haugen, Tormod. 1986. "Ringvirkninger". Løvetann 3:7.

Holen, Grete. 1987. "Tormod Haugen: Viktig å skrive om følelser". Intervju. Løvetann 1:8-10.

Losløkk, Ola og Bjarne Øygarden (red.). 1995. Tormod Haugen – en artikkelsamling. Oslo: Gyldendal.

 

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket