Tildeling av masterstipend frå Skeivt arkiv 2017

Tonje Louise Skjoldhammer. Foto: Skeivt arkiv
Tonje Louise Skjoldhammer. Foto: Skeivt arkiv

Skeivt arkiv deler for andre år ut stipend til masterstudentar innan skeiv historie. Av dette blir det ny kunnskap om homomiljøet i Trondheim på 1960- og 70-talet, og om seksualitet mellom kvinner på 1800-talet. 

Studentar frå Trondheim og Bergen får 2017-stipendet

Skeivt arkiv oppmodar til meir forsking på skeiv historie, og eit av verkemidla for å oppnå dette er å auka talet på masteroppgåver innan feltet. Årets tildelingar går til Odd Ivar Hammer ved NTNU, som skriv hovudoppgåve i historie om homomiljøet i Trondheim før og etter 1972, og til Tonje Louise Skjoldhammer ved UiB, som undersøker korleis ein forsto seksualitet mellom kvinner i Noreg på 1800-talet. 

Skjoldhammer ville skrive om lesbiske kvinner og om 1800-talet, og blei tipsa av fagleg leiar på Skeivt arkiv, Runar Jordåen om to rettssaker frå midten av 1800-talet kor kvinner blei tiltalt for å ha sex med kvarandre. Oppgåva hennar handlar om desse to sakene, og Skjoldhammer vil bruke rettssakene for å utvide kunnskapen om korleis skeiv kvinneleg seksualitet blei forstått i Noreg på 1800-talet. På spørsmål om kva stipendet betyr, seier Skjoldhammer at det gir ein ekstra tryggheit i kvardagen, og at det gir moglegheit til å jobbe meir konsentrert med oppgåva då det blir mindre behov for inntekstsbringande jobb ved sidan av studiane. Då Skeivt arkiv har lite materiale frå perioden Skjoldhammer skriv om, vil arkivet i lita grad bli nytta for innhenting av kjelder. Skjoldhammer peikar likevel på at arkivet har vore nyttig for val av tema og lokalisering av kjeldematerialet, samt god hjelp til lesing av - og arbeid med - kjeldene. 

Første prosjekt ferdig: ny kunnskap om transhistorie

Sigrid Sandal var av dei to første som blei tildelt masterstipend frå Skeivt arkiv i 2016. Sandal leverte i slutten av september masteroppgåva "En særlig trang til å ville forandre sitt kjønn", kjønnsskiftebehandling i Norge 1952-1982På spørsmål om kva som overraska ho mest av funna i masterprosjektet, viser Sandal til at ting har gått fort og sakte samstundes på feltet. Det tok lang tid frå dei første pasientane dukka opp til ein fekk tydlege retningslinjer og behandlingsprosedyrar på plass. Sidan det var ei lita pasientgruppe på i underkant av 20 personar som fram til 1980 blei diagnostisert og behandla som transseksuelle, ser det ut til at helsevesenet fann det tilstrekkeleg med uformelle samarbeid og ad hoc-løysingar på feltet. Grunna dette blei avgjerder om behandling lagt på den enkelte behandlande lege, framfor å bli eit formalisert tilbod. Sandal viser til at det ligg eit paradoks i at helsedirektør Karl Evang allereie i 1953 søkte kunnskap om diagnosen og behandlinga, utan at dette førte til klare konklusjonar og føringar frå Helsedirektoratet. Til samanlikning kom det i Sverige i 1972 ei eiga lov om endring av juridisk kjønn ved kjønnsskifte, medan Noreg ikkje fekk liknande lovgiving før i 2016 på tross av at juridisk praksis var den same. 

Ønskjer fleire prosjekt

Den andre av stipendmottakarane frå i fjor, Siv Taule, er i skrivande stund i innspurten med si oppgåve om lesbiske radikalfeministar på 1970-talet, og seier at stipendet gav ho betre moglegheit til å konsentrere seg om oppgåva. 

Skeivt arkiv er det nasjonale dokumentasjonssenteret for historie omhandlande kjønns - og seksualitetsmangfald. Fagleg leiar ved Skeivt arkiv, Runar Jordåen, seier at stipendet er ein måte å stimulera fleire til å skrive om emne innan norsk skeiv historie - noko som tidlegare i liten grad har vore forska på. Jordåen legg til at det er mange interessante prosjekt som står att, og at arkivet har mange uutforska kjelder. 

Alle relevante fag

Skeivt arkiv kan dessverre ikkje støtte alle prosjekt, men er tilgjengelege for råd og støtte til alle dei som skriv om - og interesserer seg for - skeiv historie. 

Også i 2018 lyser Skeivt arkiv ut masterstipend. For å søka om stipendet må ein vere tatt opp ved eit norsk universitet eller høgskule, og skrive oppgåve med norsk skeiv historie som tema. Studentar innanfor alle relevante fagområde kan søke. Mottakaren av stipendet må skrive ei kort oppsummering av oppgåva til bruk på Skeivt arkiv sin nettstad. Les meir om masterstipendet her.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeiv kalender

blikk.no - blikk.no - november 15, 2017

Julegave fra FRI og Skeivt arkiv

gaysir.no - www.gaysir.no - november 15, 2017

Årets julegave: Skeiv Kalender!

foreningenfri.no - foreningenfri.no - november 13, 2017

Drude Helmers Egteskab

Kulturtidsskriftet MELK - www.melkmag.com - oktober 16, 2017

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket