Pauline Hall

Pauline Hall. Fotograf ukjent. Oslo museum, byhistorisk samling.
Pauline Hall. Fotograf ukjent. Oslo museum, byhistorisk samling.
Komponisten Pauline Hall (1890-1969) var «skeiv» på mange måtar: ho var kvinneleg komponist i ei tid då ein stilte spørsmål ved om kvinner i det heile kunne tenkast vera kreativt skapande. Og ho levde saman med ei anna kvinne store delar av livet sitt.

Pauline Hall var apotekardotter frå Hamar fødd i 1890. Ho utdanna seg til komponist i Oslo, Paris og Dresden, og blei ein av dei fremste norske musikkritikarane og komponistane på 1900-talet. Hall var opptatt av nye straumdrag i samtidsmusikken, men hadde og interesse for populærmusikk som jazz og spirituals samt for Kurt Weills og Bertolt Brechts nyskapande kabaretmusikk.  

Caro og Pauline

Hall levde i mange år saman med journalisten Caroline «Caro» Olden (1887-1981). Dei to kvinnene flytte saman i Munkedamsveien 75 på Skillebekk i Oslo i 1942, og blei buande saman fram til Pauline døde i 1969, berre avbrote av Caro sitt fangenskap på Grini frå mai 1943 til desember 1944. Nett kva tid dei møttest er uvisst. Astrid Kvalbein, som har skrive doktorgradsavhandlingen Musikalsk modernisering (2013) om Pauline Hall som komponist og teatermenneske, meiner dei kan ha vore merksame på einannan sidan 1920-talet. Olden kom nemleg til Oslo i 1923 og fekk arbeid som journalist i Arbeiderbladet, seinare som frilansar og redaktør av bladet Film. Dei var begge aktive i Norges Yrkeskvinders landsforbund frå 1930-talet; eit vitalt politisk og sosialt miljø. Etter krigen var dei begge knytt til Dagbladet, der Caro var kulturjournalist og teaterkritikar, Pauline musikkritikar.

Astrid Kvalbein viser at forholdet mellom Hall og Olden, som berre så vidt har vore ymta om tidlegare, var allment kjent og akseptert i kulturmiljøa. Likevel skal press frå slekta ha gjort at Hall etter nokre år flytta til eige husvære, vegg i vegg med Caro. Caro blei likevel oppfatta som – og behandla som – Pauline si næraste pårørande.

Samlivet mellom Pauline og Caro gjekk føre seg i tida før homofile og lesbiske «kom ut» av skapa; å leva ope på den måten ein ser i dag, førekom knapt. Som antropologen Hans W. Kristiansen har vist dominerte i denne perioden det «diskré homoliv» der ein både visste og ikkje visste, der ein antyda, men ikkje sa rett ut, og der omgjevnadene stort sett verken spurde eller kravde svar (Kristiansen 2005).

Peppermøer og romantiske venskap

Samlivet mellom Pauline og Caro kan kanskje fangast inn med etnologen Tone Hellesund sitt omgrep om «peppermøsamfunnet». Hellesund har skildra korleis kvinner frå borgarskapet og mellomklassen sidan slutten av 1800-talet og til eit stykke ut på 1900-talet kunne leva som einslege eller i sambuarforhold med andre kvinner utan at dei definerte seg med kategorier som «homo» eller «hetero». Ho meiner at omgrep som «homoseksualitet» eller «lesbisk» verken blei brukt om eller av kvinner som levde einsleg eller i sambuarskap med andre kvinner; dette fordi seksualitet ikkje var etablert som ein sentral identitetskategori alle måtte ta stilling til. Intimitet og kjærleik mellom personar av same kjønn kunne dermed få meining utan at ein definerte seg som (homo)seksuell. Det fanst positive ideal om å leva uavhengig av menn og om å realisera seg sjølv som kvinne og menneske – gjerne i intimt samliv med andre kvinner. Og dette positive idealet var ikkje nødvendigvis ein uferdig eller skjult lesbisk identitet, men noko kvalitativt anna som må oppfattast på eigne premissar. Ein omfamna eit kvinnefellesskap som ein meinte kunne bringa nye åndelege og kulturelle verdiar til samfunnet, og det å leva uavhengig av menn blei sett på som noko positivt, som eit høve til å realisera andre sider av seg sjølv enn det som handla om moderskap og familieliv.

I miljøa av ugifte kvinner kring hundreårskiftet kunne nære og tette veninne- og sambuarforhold oppstå og bli oppmuntra. Sjølv om mange av desse forholda ville bli oppfatta som seksuelle eller lesbiske i dag, var dette ikkje ein del av sjølvforståinga til dei involverte kvinnene. Ugifte kvinner eller peppermøer blei gjerne oppfatta som rare, spesielle eller til dømes som strenge og «mannevonde» kvinnesakskvinner, men ikkje som seksuelt «abnorme».

Kan me dermed forstå Caro og Pauline som «peppermøer»? Representerte deira samlivsform ein kultur for intimitet mellom kvinner prega av eit idealistisk språk om romantiske venskap og åndelege verdiar? Eller forsto dei seg sjølv i lys av eit nytt språk om seksuell identitet der identitetskategoriane «homoseksuell» eller «lesbisk» blei relevante?

Den lesbiske kjem til Noreg

Det er vanskeleg å seie nøyaktig når «den lesbiske» overtok for «peppermøa» som dominerande fortolkingsramme for intimitet mellom kvinner. I England markerte romanen The Well of Loneliness (1928) av Radclyffe Hall eit tidsskifte. Boka handlar om Stephen Gordon, ei engelsk kvinne av overklassebakgrunn, som frå tidleg alder merkar at ho er annleis, har ein «seksuell inversjon»; er homoseksuell. Stephen er eit døme på den typiske inverte kvinna, ho bruker dress og andre mannlege symbol, inkludert mannsnamn, og ho finn kjærleiken med Mary Llewelly, som uttrykker ein meir tradisjonell kvinneleg identitet. Romanen vakte stor brudulje og for mange blei han oppfatta som ei ubehageleg «avsløring» – symbola og teikna som før hadde vore innhylla i ein mystikk og som hadde vore omtala i eufemismar, peikte no plutseleg direkte mot ein ting: den seksuelle inversjonen. Kvinner som tedde og kledde seg som Stephen Gordon (og som forfattaren Radclyffe Hall) sto no i fare for å bli utpeikt som lesbiske.

Den store merksemda The Well of Loneliness vakte var ein milepæl i England, slik at ein sett på spissen kan datera den britiske lesbiske kvinnas fødsel til året boka kom ut, altså 1928. I Noreg må det vera snakk om ein meir gradvis prosess. Medisinarane Karl Evang og Torgeir Kasa sin artikkel om homoseksualitet i Populært tidsskrift for seksuell opplysning (1932) og også Borghild Kranes roman Følelsers forvirring (1937) er sentrale i så måte, men det finst også tendensar før, på 1920-talet. «Homoseksualitet» og «lesbisk» byrja no å bli kjente omgrep i alle fall blant forfattarar og intellektuelle, og for fleire og fleire innebar dette at ein byrja å definera seg sjølv eller andre som homo eller lesbisk i ein eller annan forstand. Hans W. Kristiansen understreker dette i den nevnte studien av «diskré homoliv» i Noreg 1920-1965: Homoseksuelle identitetar og sjølvforståingar blei no forma, og folk gav uttrykk for dei, om ikkje ved å «komma ut» på den måten som blei vanleg etter 1970, så i alle fall gjennom at ein gav seg til kjenne overfor kvarandre, at ein let andre «vita» utan at ein sa det rett ut.

Tanken om identitet basert på seksualitet var på 1920- og 1930-talet ikkje lenger heilt framand. Men kva med Pauline Hall? Kva visste og tenkte ho om desse spørsmåla? Det er sparsomt med kilder, men Astrid Kvalbein si avhandling gir tilløp til nokre svar.

 «lesbisk kjærlighed»

Pauline Hall var altså fødd i 1890. Ho – som ferdast i krinsar av kulturfolk og journalistar der psykoanalyse og seksuell opplysning var tema i tida – kan vanskeleg tenkast å vera uvitande om desse nye tankane om seksuell identitet.

Det finst flere interessante uttalingar skrive av Pauline Hall frå tida ho arbeidde som korrespondent for Dagbladet i Berlin frå 1926 til 1932. Det finnes få private kjelder (brev, dagbøker etc.) som fortel om opphaldet, men artiklane Hall skreiv for Dagbladet viser at ho ved fleire høve trakk fram aktuelle seksualpolitiske tema. Ho skreiv mellom anna om abortspørsmålet, og trakk fram kampen mot § 218 i den tyske straffelova som gav inntil 5 års tukthusstraff for kvinner som fordreiv foster. I følgje Hall var dette ein paragraf som «krenker individets rett til å bestemme over sitt eget legeme». Ho gav også positiv omtale til to filmar som tok opp temaet kjønnssjukdommar og behandlinga av desse.

Hall si stilling til desse spørsmåla må nok oppfattast som ei tilslutning til eit radikalt seksualpolitisk program som i Tyskland på denne tida blei fremja av folk som Helene Stöcker og Magnus Hirschfeld. Sistnemnde, som var lege, var kjend for sitt breie seksualpolitiske engasjement, men var kanskje særleg assosiert med ei sak: Kampen for større aksept for det han kalla «kjønnslege mellomtrinn» – homoseksuelle, biseksuelle og «transvetittar».

Hirchfeld hadde i 1897 grunnlagd organisasjonen Den vitskapleg-humanitære komite for avkriminalisering av mannleg homoseksualitet, og i 1919 skipa han eit Institutt for seksualvitskap i Berlin. Instituttet var noko av ein attraksjon for besøkande i Berlin, og ein kan spekulera på om ikkje Pauline Hall har avlagd det ein visitt. At ho har kjend til Hirschfeld og arbeidet hans er i alle høve så godt som sikkert; det var knapt mogleg å bu i Berlin i denne perioden utan å kjenna til det.

Astrid Kvalbein kan også dokumentera at Pauline Hall i eit par av sine korrespondentbrev er inne på temaet homoseksualitet. I sin omtale av Erick Kaltnekers teaterstykke Die Schwester i Dagbladet skriv Hall beint fram at det handlar om «lesbisk kjærlighet». Eit anna stykke, Christia Winsloes Gestern und Heute, handla i følgje Hall om «et gryende ømhetsforhold» mellom ei lærarinne og ei ung jente. Ein annan norsk meldar, Gunvor Satz, bruker til samanlikning uttrykket «unaturlige tilbøyeligheter» om det same teaterstykket, slik at det blir tydeleg at Hall sin uttrykksmåte er på den positive sida. Hall meinte også at temaet i alt for stor grad blei skandalisert og demonisert:

… som om det var kalven med de tre hoder eller noe lignende. Og fariseerne sitter trygt i parkett og nyter uten fare og risiko et par timers sensasjoner, går så hjem og slår seg for brystet i det de takker gud osv. (Pauline Hall i Dagbladet 25.2. 1928, sitert frå Kvalbein 2013: 166).

Desse utsegnene må plasserast i ein skeiv historisk kontekst: For det første viser dei at Pauline Hall kjende til og brukte omgrepet «lesbisk kjærlighet»; i seg sjølv eit steg bort frå peppermødiskursen. For det andre viser det at ho kunne ironisera på ein nærast agitatorisk måte over korleis temaet blei behandla i samfunnet. Utsegnene står i høve til dei om andre seksualpolitiske tema, dei viser at ho hadde eit medvit om seksuell identitet og sto i opposisjon til samfunnets gjengse syn på det. Slik plasserte ho seg nær det seksualradikale programmet til Helen Stöcker og Magnus Hirschfeld. Og slik må ein kunna seia at ho hadde ein måte å tenka kring desse tinga på som skilde seg frå peppermø-diskursen og som nærma seg diskursen om homoseksualitet som identitet. Ho trekte rettnok ikkje direkte linjer til eigen identitet og sjølvoppfatning i dei nemnde kjeldene, men det er vel ikkje usannsynleg at ho når ho først brukte desse omgrepa også sjølv kan ha definert seg i høve til dei.

Det skeive Berlin

Berlin på 1920-talet representerte noko for si tid unikt: Det var sentrum for ein livleg organisasjons- og utelivskultur der nye seksuelle identitetar blei forma. Den tyske homorørsla hadde røter på slutten av 1800-talet, men i Weimarrepublikkens Berlin på 1920-talet fekk organisasjons- og utelivet for alvor bløma. Byen sto i ei særstilling i verdssamanheng som ein stad der ein hadde ein meir eller mindre open utelivsscene, open politisk agitasjon og ein mangfaldig tidsskriftsflora for homoeksuelle menn og kvinner. I kulturlivet fekk ein mange uttrykk med meir eller mindre opne referansar til homoseksualitet. Filmen Anders als die Andern der Hirschfeld medverka, vakte stor oppsikt då han kom i 1919. Homorørsla fekk endåtil ei slags hymne, gjennom den svært populære songen Das Lila Lied frå 1921. Fleire eigne tidsskrift for lesbiske kvinner kom ut, og det florerte av «Damenclubs» med namn som «Sappho» og «Violetta» der lesbiske kvinner kunne møtast (Marhoefer 2015, 52 - 79).

Om Pauline Hall på nokon måte tok del i dette livet seier kjeldene som sagt ingenting om, og det er også sørgjeleg lite me veit om kva omganskrins ho hadde medan ho budde i Berlin. Men me veit at fleire nordiske homoseksuelle kulturpersonar reiste til Berlin i desse åra, blant andre Karin Boye og Ferdinand Finne. Og reportasjane i Dagbladet viser altså at Hall ikkje gjekk av vegen for å skriva heim også om temaet homoseksualitet.  

«smukt talent» eller «faens kar»?

Mottakinga av musikken til Hall var kjenneteikna av ein fokus på kjønn. Tanken om at det genuint skapande og kreative tilhøyrde mennene låg under mykje av omtalane: Ei omtale frå 1917 heiter det mellom anna at musikken vitna om eit «smukt talent», om kvindelig flid, men ikkje om «noen oprindelig skaberkraft» (Kvalbein 2013, 102). Hall sjølv meinte ho hadde måtta kjempa hardt mot fordommar som kvinneleg komponist, og nemner i eit intervju frå 1934 at forventinga til kvinner er at dei skal «komme med idyll og tevann, måneskinn og svermeri». «Man skal værsgod’ være kvinnelig i ordet mest romantiske betydning» (Kvalbein 2013, 108).

Slike utsegn vitnar om eit medvit om og ein vilje til opprør mot etablerte kjønnsroller. Kvalbein trekker fram fleire uttalingar frå Hall der ho framstår som ein uvanleg skarp analytikar av forventingar når det gjeld «det feminine» og «det maskuline» i kunsten og musikken. Hun får samtidig fram at Hall oppnådde å bli ein del av det musikalske establishmentet. Då hennar Verlaine-suite skulle oppførast i 1929 blei ho intervjua saman med to andre komponistar, Arne Eggen og Ludvig Irgens Jensen. Eggen svarte då på spørsmål om det var nokre fellestrekk mellom dei tre: «Ikke noen annen enn at vi alle hver for oss synes vi er noen faens karer» (Kvalbein 2013, 106).

Pauline Hall opplevde altså etterkvart å bli tatt inn i det gode selskapet på linje med menn. Men ho hadde ein stor grad av medvit om korleis musikk og kreativitet blei dømd ut frå gjengse førestellingar om kjønn.

Overgangsfase

Pauline Hall og Caro Olden sitt samliv eksisterte i ein overgangsfase mellom dei romantiske venskapane til «peppermøene» og dei opne seksuelle identitetane som for alvor vart etablert på 1960- og 1970-talet. Hans W. Kristiansens omgrep «diskré homoliv» fangar opp det livet mange levde i denne perioden: Dei hadde eit slags medvit om seksuell identitet, om å vera homoseksuell eller lesbisk. Denne identiteten var ikkje nødvendigvis noko ein skjulte, men det var noko som ein kunne gjera synleg for dei som ville sjå, gjennom symbol, gestar og måten ein kledde seg på og snakka på.

Pauline Hall sine reportasjar om «lesbisk kjærlighed» frå slutten av 1920-talet viser at diskresjonen ikkje var absolutt, ho gjekk ikkje av vegen for å beskriva noko som potensielt kunne slå tilbake ved at mistanken fall på henne sjølv. At desse reportasjane kom frå Berlin på 1920-talet er ikkje overraskande; om det var nokon stad i verda dei nye seksuelle identitetane fekk framstå ope og utan omskrivingar og diskresjon, var det her.

Mange spørsmål står att: Kven hadde Pauline kontakt med då ho var i Berlin? Og hadde Pauline og Caro kontakt med andre lesbiske kvinner i Oslo/Noreg? Det finnes også informasjon om andre skeive kvinner som levde i denne overgangsperioden mellom peppermøsamfunnet og 1970-talets «lesbiske frigjering», som Alfhild Hovdan (1904–1982), mangeårig turistsjef i Oslo og markant motstandskvinne under okkupasjonstida, og Solvejg Eriksen (1903-1993), journalist, forfattar og filmregissør. Å finna meir informasjon om livet og erfaringane til desse kvinnene vil være spennende temaer for videre forskning på feltet skeiv historie.

Litteratur:

Dobler, Jens. 2003. Von anderen Ufern. Geschichte der Berliner Lesben und Schwulen in Kreuzberg und Friedrichshain. Berlin: Bruno Gmünder Verlag.

Hellesund, Tone. 2003. Kapitler fra singellivets historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Kristiansen, Hans W. 2005. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Oslo: Unipub.

Kvalbein, Astrid. 2013. Musikalsk modernisering. Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Avhandling for graden Ph. D., Noregs musikkhøgskole.

Marhoefer, Laurie. 2015. Sex and the Weimar Republic. German Homosexual Emancipation and the Rise of the Nazis. Toronto: University of Toronto Press.   

Waage, Lars Rune. 2012. Borghild Kranes "Følelsers forvirring" - en queer lesning av Norges første lesbiske roman, Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift, 15 (1), 16-29.