Vikariat utlyst

Du kan bli vikar hos oss.
Du kan bli vikar hos oss.
Vikariat ved Skeivt arkiv er utlyst. Søknadsfrist er 11. februar.

Søk vikariatet her.

Vi lyser ut ei 100 % stilling (vikariat) som seniorkonsulent (1363) i eit år med moglegheit for forlenging frå april 2021. Stillinga er for tida knytt til Skeivt arkiv ved Seksjon for spesialsamlingar. Den tilsette vil bidra både i den daglige drifta og i det utovervende arbeidet ved arkivet.

Skeivt arkiv er ein av dei fire einingane ved Seksjon for spesialsamlingar ved UB. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript, kart, aviser og faghistoriske arkiv. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Skeivt arkiv er det nasjonale kunnskapssenteret for historia om kjønns- og seksualitetsmangfald, og har som formål å samle inn, dokumentere, bevare og formidle Noregs skeive historie i vid forstand.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i arbeidet med Skeivt kulturår 2022
  • Bidra i den daglege drifta ved arkivet
  • Ordning og digitalisering av arkiv
  • Katalogisering av bøker og tidsskrifter
  • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Munnleg og skriftleg formidlingsarbeid
  • Publikumskontakt
  • Anna forefallande arbeid