Takksam

Alder: 25 år

Eg er 25 år, biologisk kvinne, men identifiserer meg som mann òg. Kallar meg homo, skeiv, transe/transperson, alskens (som tyder «alle kjønn»).

Av og til tenkjer eg at det har vore for lett for meg å vera homofil. Eg sat i skåpet i snautt fire-fem år; det kjendest så uendeleg lenge, men det er ikkje så lenge når vi veit det finst folk som held det hemmeleg heile livet. Og då eg kom ut, var alt berre fint og ikkje fælt, slik eg hadde trudd. (Eg hadde ikkje planlagt å seia noko, men far hadde skjønt at det var noko som gnog meg, og ein kveld spurde han om det var noko eg ville fortelja, og eg som hadde tenkt å halda det for meg sjølv, fortalde det likevel – vel å merka sat eg i over to timar og sleit med å få orda ut av munnen.)

Eg hadde aldri i verda sett føre meg at det skulle gå så greitt. Heile slekta, alle venene og medelevane syntest det var fint og at eg var modig. Bestemor sa riktignok ”å, stakkars!” då ho fekk vita det, men det var fordi ho tenkte at det er vanskelegare å finna kjærast når ein er homo enn hetero. Det har ho vel rett i, særleg dersom ein som meg er nøye med kva slags folk ein slepper innpå seg.

Likevel: Eg har av og til kjent ein sting av dårleg samvit fordi det har gått så bra for meg, når det finst så mange andre som vert utstøytte, trakasserte, truga på livet eller jamvel drepne fordi dei er skeive. I tenåra var eg ofte fortvilt og redd fordi eg forelska meg i jenter, men det kan ikkje måla seg med alt det som mange andre skeive vert utsette for. Det sit liksom i ryggmergen min at ikkje-heterofile skal ha det fælt. Eg veit ikkje kvar eg har det frå, men det er der. Og det var truleg det som skremde meg så grenselaust då eg skjønte at eg var homofil; eg tenkte at no vert livet mitt eit helvete. Men i dag er eg takksam for at eg ikkje hetero.

Å koma ut som transperson var verre og tok mykje lengre tid. Endå eg heilt sidan barneskulen har visst at eg ikkje var jente på same måte som dei andre jentene var, var eg godt over tjue år før eg i det heile skjønte kva som var annleis. Eg hadde nokre (vrang)førestillingar om kva trans var for noko og identifiserte meg ikkje med det i det heile – i ettertid har eg skjønt at eg berre kopla trans til drag queens. På rein slump kom eg over LLHs definisjon av ”transperson” og kjende meg att med éin gong. På papiret er eg jente, men eg opplever meg korkje som gut eller jente, og eg er maskulin og blir ofte tatt for å vera gut. Den androgyne utsjånaden sett meg av og til i vanskelege situasjonar. Framande gutegjengar roper etter meg på gata; folk i kassa på polet trur at eg brukar falsk ID fordi dei ikkje får kjønnet på visakortet til å stemma med meg.

Det verste er at eg gjekk så mange år utan å skjøna kva det var; eg trudde at eg måtte vera ANTEN gut ELLER jente, og sidan eg ikkje hadde nokon klar tanke om at eg BERRE ville vera gut, prøvde eg å slå meg til ro med at eg var jente. Eit par gonger har eg prøvt å vera skikkeleg feminin, men det er rein tortur. I dag prøver eg å ikkje tenkja så mykje i kategoriar, men berre vera. Det går ganske greitt. Familie og vener synest det er heilt i orden at eg er transperson òg – utan dei hadde nok stoda vore heilt annleis.

Det eg sjølv synest har vore tyngst ved å vera skeiv, då tenkjer eg både på homofilien og transidentiteten, er den umåtelege einsemda. Det å vera så grunnleggjande ulik dei andre ungane/ungdomane, det å gøyma noko slikt inni seg over tid, det å kjenna seg som eit avvik - utan at ein har valt det eller gjort noko for det sjølv. Det er einsamt.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket