Et tilfælde af homosexualitet hos en kvinde

Rosenbergs asyl, Øvregaten 29, fotograf ukjent. Fra UiBs billedsamlinger (ubb-bros-04751).
Rosenbergs asyl, Øvregaten 29, fotograf ukjent. Fra UiBs billedsamlinger (ubb-bros-04751).

Ei kvinne frå Kvam i Hardanger blei i 1895 innlagt på Dr. Rosenbergs asyl i Bergen med diagnosen «homoseksualitet». Heime i bygda hadde ho arbeidd som tenestejente, men då ho stadig forførte andre kvinner blei ho i følgje husbonden umogleg å ha med å gjera.

Scan0001.png

Artikkelen "Et tilfælde av homosexualitet hos en kvinde" av overlege Carl Looft, s 286.
Artikkelen "Et tilfælde av homosexualitet hos en kvinde" av overlege Carl Looft, s 286.

Overlege Carl Looft var så fascinert av kvinna at han skreiv ein artikkel (1896). Dermed blei han av dei første som brukte omgrepet "homoseksualitet"i Noreg – eit ord som var introdusert berre nokre år før. Han meinte dette tilfellet var særleg interessant sidan han oppfatta homoseksualitet hos kvinner som sjeldan. I tråd med teoriane til psykiatrar som Carl Westphal og Richard von Krafft-Ebing såg han tilstanden som arveleg – at mora til kvinna hadde vore "rar" av seg var ein indikasjon på dette. Han lukkast likevel ikkje med å kurera kvinna - trass i behandling med hypnose, kalde bad og det beroligande middelet bromkalium. "Hun vil heller dø end undvære kvindfolk", skreiv Looft.

Psykiatrien hadde frå slutten av 1800-talet inntil ganske nyleg stor definisjonsmakt når det galdt seksualitet. Transvestisme, transseksualitet, sadisme, masochisme og homoseksualitet er blant dei fenomena den har definert som sjuklege. Først mot slutten av 1970-talet byrja avdiagnostiseringa av den eine seksuelle "perversjonen" etter den andre.

Scan0002.png

Artikkelen "Et tilfælde av homosexualitet hos en kvinde" av overlege Carl Looft, s 287.
Artikkelen "Et tilfælde av homosexualitet hos en kvinde" av overlege Carl Looft, s 287.

Referanser

Looft, Carl. 1986. "Et tilfælde af homosexualitet hos en kvinde", Medicinsk Revue: referater og oversættelser fra Lungegaardshospitalets bibliothek, samt praktiske Meddelelser for den norske Lægestand, s. 286-287.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket