Alf Martin Jæger

Alf Martin Jæger som ung. Bildet er frå boka Anders Ole Hauglid: "Balsfjorden og Malangens historie, 1830-1920: Fram mot økt sjølstyre". Bind 2, 1991, s. 536. Fotograf ukjend.
Alf Martin Jæger som ung. Bildet er frå boka Anders Ole Hauglid: "Balsfjorden og Malangens historie, 1830-1920: Fram mot økt sjølstyre". Bind 2, 1991, s. 536. Fotograf ukjend.

I 1924 skjer det. For første gong i norsk litteraturhistorie er hovudpersonens seksuelle legning det sentrale temaet i ein roman. Samtidig dukkar ordet homoseksuell for første gong opp i eit norsk skjønnlitterært verk. Odd Lyng er ein homoseksuell sjølverkjenningsroman skriven av altaværingen Alf Martin Jæger. Boka er ein apologi for å få lov til å vere den ein er, og eit byrjande kampskrift mot § 213 i straffelova. Hovudpersonen og eg-forteljaren Odd Lyng har skjønt kva det heile dreier seg om. Det er ikkje han det er noko i vegen med, men samfunnet han lever i:

Men naar en nu engang er slik at en ikke kan bli tilfredsstillet uten netop det som menneskene har laget love imot, skal en da ikke ha lov til at følge sin naturs krav? Nei, en skal leve og lide. En skal lutres i en skjærsild – i et helvede her paa jorden. En skal være en forsagende asket som ikke forgriper sig paa andre mennesker. Det blev ens karma.

Alf Martin Jæger (1.9.1895–1.2.1967) var fødd og oppvokst som fostersonen til ein smed i Alta. Han gjekk på lærarskulen i Tromsø og arbeidde først som lærar i Vik i Sogn, deretter i Nord-Noreg: Balsfjord, Lenvik, Skjervøy, Vågan og Berg i Senja. I Skjervøy var han i mange år medlem av Skjervøy herad- og skolestyre for Arbeidarpartiet (ca 1929-33). I 1935 gifta Jæger seg med lærarinna Aagot Josefsen. Ho døydde i 1964. Dei hadde ingen barn.

Parti fra Tromsø. Datert 1910-1920. Foto: Mitte & Co. Fra UiBs billedsamlinger, signatur: ubb-bs-q-00260-024b.

Ved sidan av læraryrket var Alf Martin Jæger også forfattar og journalist. Sytten år gammal byrja han å skrive i aviser, og alt som 18-åring hadde Jæger ei fast skjønnlitterær avdeling i Ellisif Wessels tidsskrift Klasse mot klasse (1914-15). Her finn ein tydelege spor av det temaet Jæger seinare var opptatt av å presentere mellom litterære permar: Nære kjensler og kjærleik menn imellom. I "Dirrende lauv" heiter det såleis:

Jeg var alene. Ensom vandret jeg i skogene. Ensom... Og da lengtet jeg efter en fortrolig ven og kamerat. Og jeg ønsket at menneskene vilde lære aa holde av hverandre. Og jeg tænkte hvor deilig vilde livet ha været dersom alle var lykkelige og frie. (Hefte III, s. 26, 1915)

Leif Wang: ueigna til ekteskap

I 1923 gir Jæger ut kortromanen Strengen brast (56 sider) om Leif Wang, den nye læraren i bygda med eit interessant ansikt: "Hans haar var overmaade fagert. Lokkene snodde sig som en krans omkring hans brede, hvite pande." Leif forlover seg med Agnes, men finn snart ut at forholdet ikkje fungerer.

På ein tur til fjells møter han Øistein som er opptatt av at folk ofte snakkar om ting dei ikkje har greie på. "Det bor saameget rart i en menneskesjæl", svarer Leif: "En handling kan av andre mennesker betragtes som synd uten at den behøver at være det." For å understreke det essensielle i utsagnet og markere at dette kanskje krev ekstra reflektering hos lesaren, stoppar forfattaren her den vidare samtalen, lagar ein pause med tre tankestrekar og dobbel linjeavstand før følgjande talande opplysning: "Den natten laa Øistein og Leif i samme køie".    Seinare hever Leif forlovinga med Agnes "som dog var av en anden natur end ham", fordi han ikkje vil byggje ekteskapet på ei løgn: "Jeg vet bare at et samliv med hende vilde være uutholdelig. Det vil no være vanskelig at finde et menneske som tar mit parti i den sak. Selv min mor vil være imot mig." (s. 53)

Den ikkje altfor velskrivne Strengen brast kunne ha slutta med Leif Wang om bord på sørgåande hurtigrute, på veg mot ein ny lærarpost og ei uviss framtid. Men det er ikkje tragisk nok for Alf Martin Jæger. Han vil vise korleis det er å vere seksuell avvikar anno 1920, vise kor få sjansar det er å finne seg til rette, vise kor vanskeleg det er å kvitte seg med mindreverdskomplekset og tru på seg sjølv som likeverdig med andre menneske. Blir ein ikkje akseptert i (lokal)samfunnet, er ein heller ikkje i stand til å akseptere seg sjølv.

Når Leif Wang ikkje finn spor av tilknyting mellom det som er han inst inne, og livet rundt, ingenting som tyder på at hans måte å vere på, skal kunne rettferdiggjerast – så brest det for han. Strengen brast, og tilbake står sjølvmordet som einaste løysing. Ein fortvilt Leif kastar seg derfor over rekka og blir borte i bølgjene.

Odd Lyng: pervers og parasitt

I sin neste roman, Odd Lyng (1924), går Jæger eit viktig skritt lenger. Om ikkje hovudpersonen sjølv kallar seg homoseksuell, så bruker han iallfall nemninga om seg sjølv, det vil seie om tankane sine: "For at huse homoseksuelle tanker kunde da ikke være forbrydersk. Og likevel var det et ord som daglig stod for hans blik. Sædelighetsforbrydelse." Odd Lyng (25) er redaksjonssekretær i ei sosialistisk avis i ein by nordpå – utan tvil avisa Nordlys i Tromsø, som Jæger i heile sitt liv var meir eller mindre fast tilknytt som bokmeldar. Romanen skal vere ein nøkkelroman, og i Tromsø folkebiblioteks eksemplar av boka har (truleg fleire) lånarar i margen skrive dei rette namna på personar, bygningar og plassar ved sida av dei fiktive namna i romanen.

 Forsida av romanen Odd Lyng frå 1924.
Forsida av romanen Odd Lyng frå 1924.

Første gongen Odd Lyng ser Carsten Ulve – som går oppatt det siste året på gymnaset – blir han svært forelska. Carsten merkar også Odds granskande blikk: "Det var som Odd med sit blik hadde magnetisert ham." Odd vil først ikkje vedgå kvifor han er interessert i den høge og vakre mannen: "Det er nok kunstneren i mig, som faar mig til at beundre denne unge herres sjeldne skjønnhet", men han er ikkje heilt sikker: "Ja, er det bare kunstneren i mig?" Odd Lyng er kunstmalar på si og bruker dette som unnskyldning både for å tenkje slik, og for å kle seg, oppføre seg litt utrert. Han samanliknar seg med Herman Bang og meiner at som kunstnar har ein lov til å vera litt aparte: "Kunstnere kan ta sig større friheter end hverdagsmennesker." Men sjølv forteljaren synest Odd går litt for langt, og hevdar at han er for mykje "kunstnar" i klesvegen.

I tråd med alminneleg oppfatning utstyrer Jæger sine homofile personar med "kvinnelege" eigenskapar: "Gud, hvorfor skapte du mig som mand og gav mig en kvindes hjerte?" Odd Lyng er svært nærtakande og full av "smaa naragtigheter". Huda hans er kvit og

mjuk, leppene raude og "den smale haand som grep om glasset var lys med blaa aarer". (Handa til Leif i Strengen brast var "hvit og fin og litt fugtig".) Byens yndlingssongar er også narraktig og "et kvindfolk", men kunstnar.

Odd er heilt forgapt i Carsten og samanliknar han med Antinoos, og seg sjølv med keisar Hadrian. Auga til Carsten "var fagrere end blaa blomster, for de var sjælfulle i al sin deilighet". Odd inviterer Carsten med ut, tør såvidt å røre handa hans på kino, men drøymer om å ta henne opp og kysse og suge på henne:

Han tok Carsten i haanden, og Carsten gjengjældte hans tryk fort og varmt. Og Odd førte sin feberhete haand opover Carstens haandled, og han syntes det var godt at føle paa.

Hvis de hellige engler som vi læste om da vi var barn, hadde kunnet skue ind i Odds sjæl den kvelden, vilde de trykket sine hænder mot sine ansigter og vendt seg bort blussende av skam.

Odd har lyst å leggje armane rundt halsen på Carsten, men veit at dette siste er rein ønsketenking: "Skal du naa dit, maa du bruke sjofle midler, og da er du paa forbudte veie." Det er ikkje direkte stor forteljarkunst, men eit interessant forsvarsskrift for menneske som føler annleis, og romanen har eit tydeleg bodskap.

Dei to unge mennene er ofte saman, men etter ei tid begynner Odd å innbille seg at Carsten ikkje vil ha meir med han å gjere. Etter å ha sett Carsten i byen med ei dame og å ha misforstått ein overhørt samtale, flyktar Odd frå byen og får seg jobb i ei lokal anleggsavis. På turen dit blir han drukke full og medvite forført av ein mann med namn Falk, med andre ord ein slags rovfugl som kastar seg over eit uskyldig bytte.

Sjølv om Odd kjenner seg kvalm i selskap med Falk ("en tyk mand med et rødt stygt ansigt"), lar han seg frivillig lure til å tru at det berre er eit rom ledig på hotellet der dei går i land, eit rom med berre ei enkeltseng. "Utpaa morgenen vaaknet han og rev sig løs fra den motbydelige Falk. Væk fra det røde, fete asenet." Og han legg seg på ein sofa – ein sofa som ikkje blei omtalt kvelden før.

Odds beundring for hans elskande, unge og vakre Carsten står i sterk kontrast til avskyen hans for det vemmelege og grove rovdyret Falk:

Hvor gammel kunde dette kreaturet være?
Nærmere firti aar!
Gid han hadde været sterk nok til at slaa ham til jorden. Svinet!

Falk blir fleire gonger samanlikna med dyr (kreatur, svin etc.), noko som ikkje er så rart når ein tenkjer på at homoseksualitet og seksuell omgang med dyr var kopla saman i straffelovas § 213, som igjen var "inspirert" av Bibelens 3. Mosebok 18 og 20.

Episoden med Falk går fryktelig innpå Odd, på hans sjølvkjensle og samvit. Han både ville og ikkje ville vere i lag med Falk på den måten. Det er umogleg for Odd å identifisere seg med den typen vulgære homoseksuelle. Han føler seg altfor god til det. Men inni seg høyrer Odd Lyng ei hånleg stemme: "Er kanskje du bedre din helligper? Nei, du er nok ikke et haar bedre, gutten min! Du er akkurat likedan. Du hører til det samme broderskap."

I sin nye jobb blir Odd gåande og filosofere over sin eigen einsame lagnad og sin "perverse natur". Odd trives, blir ein flittig gjest ved drikkelag og kortborda, og spanderer drinkar på rommet til spesielt utvalde. Då anleggsavisa går inn, drar Odd heim til foreldra og fortset grublinga over livet, religionen og den dumme hykleriske verda: "Det er vel ikke synd at følge sine tilbøieligheter naar driftene kræver." Han lurer på når menneska kjem så langt "at de slutter at straffe for slike 'forbrydelser' som [Oscar] Wilde blev dømt for". Dei kunne vere straff nok i seg sjølve!

Som så mange andre homofile er også Odd plaga med sjølvforakt, forakt for sine syndige lyster og perverse unatur: "Han var en parasit som burde utryddes." Kvifor var han blitt slik? Var grunnen slektsarv eller slette kameratar i ungdomsåra? Vi får ikkje noko svar på det spørsmålet, berre eit hint om å søkje til teosofien.

Odd Lyng er bevisst sin homoseksuelle legning og er klar over den fortvila situasjonen han er i. Han grublar for mykje og blir sinnsforvirra og paranoid av å vera åleine med slike "syke, onde tanker". Han prøver å komme seg ut av uføret, søkjer fleire jobbar og skriv brev til Carsten fylt av desperat sjølvmedynk. Då han blir lei av å vente på svar, ser han ingen annan utveg enn sjølvmordet og skyt seg.

Dagen etter kjem det to gledelege brev til Odd, frå den gamle arbeidsgivaren i byen med tilbod om jobb, og frå Carsten ei likefram tillitserklæring: "Først naar jeg var sammen med dig, kunde jeg like mig."

Kva hadde hendt om desse breva hadde komme ein dag før? Hadde likevel Alf Martin Jæger greidd å avslutta romanen om Odd Lyng? Det ville nok ha vore direkte provoserande og ytterst umoralsk med ei bok om lykkelege homofile og happy ending! Uansett så har Jæger vist at homofile eksisterer sjølv om det er i ei idealisert litterær verd der dei fleste menn er velskapte og vakre medan kvinnene helst er grove og grelle.

Sigfred (12): ein spinkel og veik jentegut

Så kom det ingen fleire bøker frå Alf Martin Jæger på 26 år, men i 1950 gav han ut ei barne- og ungdomsbok med tittelen Ser du en stjerne. Medan dei to tidlegare bøkene blei gitt ut på Norske Forfatteres Forlag, Walter Øverland, gav Jæger den nye boka ut på eige forlag. Forfattaren sende boka til ulike personar han hadde hatt kontakt med, deriblant Mikkjel Fønhus, som i eit brev roser boka:

Jeg har lest boka med virkelig interesse. Det er en fin studie av en gutts sinn. En psykologi som virker overbevisende. Jeg synes ogsaa at boka er godt komponert, og spraaket fast og skildringene levende.

Handlinga i Ser du en stjerne er lagt til Alta i åra før første verdskrig. 12-åringen Sigfred forelskar seg i den jamgamle Waldemar som er på sommarferie i bygda. Berre synet av han fyller Sigfred med ei underleg glede. Waldemar er vakker (blå auge og raud munn) og modig.

Men Sigfred var sjenert når de ville leke hingst og hoppe. Han hadde ellers ikke noe imot den leken, men han var blyg som en liten pike. Han krøp fort unna når guttene splitternakne og som fyrrige, kneggende hingster kom etter ham.

Det er interessant å registrere korleis forfattaren framstiller Sigfreds "følsomme sinn" slik at ingen lesarar skal vere i tvil. Nesten alt Sigfred gjer, skal understreke hans avvikande natur, til dømes at han i lang tid hadde lese føljetongane i Illustert Familieblad og klipt ut bilde av vakre menn med smukke hender: tsaren av Russland og prinsen av Wales.

Av redsel for at nokon skulle merkje kor glad han var i Waldemar, torde ikkje Sigfred ta ryggtak eller slåss med han slik dei andre gutane gjorde. Men han kunne drøyme: "For drømmens verden er uten grenser." Sigfred fantaserer om ein aktiv og sterk Waldemar som trekkjer han inn til seg. Den nakne kroppen kjennest stor og god mot Sigfreds eigen. Seinare ønsketenkjer Sigfred at dei to sovnar tett omslynga i eit vakkert soverom.

Heile vinteren gjennom tenkjer han berre på Waldemar og lengtar seg sjuk etter han. Ikkje visste Sigfred at det gjorde så vondt å vere glad i eit anna menneske. Rett nok heldt han av mora og den forståingsfulle læraren, men: "Hans kjærlighet til Waldemar var noe helt annet, den tigget og bad. [---] Han kunne ikke unnvære denne ene – Waldemar."

Når så sommaren og Waldemar endeleg kjem på ferie, skjønar Sigfred at dei spesielle kjenslene han kjenner for Waldemar, ikkje blir gjengjeldte. For å sikre seg at dei to iallfall kan vere venner tek Sigfred mot til seg, legg handa si over Waldemars og spør han alvorleg om dei ikkje alltid skal vere kameratar, og om ikkje Waldemar kan skrive til han. Og i tilfelle det skulle vere tvil om kva som eigentleg gøymde seg bak dette utsagnet, får lesaren

følgjande kommentar frå den allvitande forteljaren: "Han [Sigfred] var i øieblikket ikke klar over at dette var et barns kjærlighetserklæring, og den andre forstod det heller ikke." Seks sider lenger bak hevdar likevel forteljaren at Sigfred forstår at han er annleis: "Kanskje det er få gutter som tenker slik, men Sigfred liknet ikke andre gutter. Og han visste det selv."

I motsetning til Jægers andre romanar har Ser du en stjerne ein positiv (men einsam) slutt. Sigfred tek ikkje livet av seg, men opplever ei stor og tragisk kjærleikssorg. For Sigfred (og andre homofile) er dette eit håp om at framtida vil bli mindre dyster. Sluttlinjene kan tyde på det: "Men brant det ikke bak alle tåker en evighetsstjerne – en lykkestjerne – også for Sigfred."

Brevveksling med Forbundet

Dåverande formann i det som skulle bli Det Norske Forbundet av 1948, Rolf Løvaas, skreiv brev til Alf Martin Jæger der han fortalde at han likte boka, og kalla innhaldet for dristig. Men det avviste Jæger og viste til Borghild Kranes roman Følelsers forvirring frå 1937. Jæger nemnde ikkje sin eigen "dristige" roman Odd Lyng, ei bok Rolf Løvaas klart ikkje visste noko om.

Jæger var glad for å få brev og informasjon om Forbundet, og han håpa at dei foreiningane som no var starta i Norden, fekk arbeide i fred: "At de ikke blir utsatt for forfølgelser. Sadismen gir seg mange utslag – den gjør det i Kristendommens navn som under inkvisisjonen og hekseforforfølgelsene." (RA, PA–1328: brev til Løvaas, 27.2.1951)

Sjølv uttrykte Jæger skepsis til innmelding i Forbundet. Han lurte på om ikkje eit slikt forbund kunne verke isolerande: "Var det ikke bedre at der ble drevet aapenlys agitasjon for aa faa vekk denne lovparagrafen som er en skam for en kulturstat." (RA, PA–1328: brev til Løvaas, 7.3.1952)

Alf Martin Jæger døydde 1. februar 1967 og er gravlagd i Saltdal.

Litteratur

Jæger, Alf Martin. 1923. Strengen brast. Kristiania: Norske Forfatteres Forlag, Walter  Øverland.

Jæger, Alf Martin. 1924. Odd Lyng. Kristiania: Norske Forfatteres Forlag, Walter Øverland.

Jæger, Alf Martin. 1950. Ser du en stjerne. Flisa: A.M. Jæger.

Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket