Rolf Løvaas

Portrett av Rolf Løvaas, fra Løvetann nr 1 2000.
Portrett av Rolf Løvaas, fra Løvetann nr 1 2000.

Rolf Løvaas (16.02.1923–20.4.1996) var ein av dei tidlege pionerane i norsk homorørsle og var særleg aktiv på 1950-talet. Våren 1950 var han ein av grunnleggjarane av og den første formannen i det som i starten var ein seksjon av det danske Forbundet af 1948. Løvaas er født og oppvaksen i Trondheim, men flytta til Oslo hausten 1945. Den første tida arbeidde han innan reklamebransjen før han i 1965 byrja i NRK som journalist i Programbladet. Ved sida av å skrive artiklar laga han òg mange radioprogram.

"Vi måtte gå stille i dørene den gangen. Det å være homo måtte til de grader skjules overfor familie og venner," slo Løvaas fast i eit intervju med Løvetann like før han døydde. I desember 1950 gjekk Rolf Løvaas hardt ut i Dagbladet mot § 213 i straffelova som forbaud seksuell omgang mellom menn, og kalla paragrafen ein "inhuman fortidslevning". Han skreiv artikkelen under fullt namn, og fekk beskjed av ein overordna at "Denslags skriver man ikke om!" Slik lærte han at psevdonym kunne vere eit nødvendig personvern. I åra framover skreiv Løvaas ei rekkje avisartiklar og kronikkar, dei fleste under namnet Roald Lønne, samt brev til avisredaktørar og andre instansar.

Hausten 1951 kom Forbundets første brosjyre, "Hva vil vil", som Rolf Løvaas hadde utarbeidd saman med Øivind Eckhoff. Etter 2 1/2 år gjekk han av som formann og blei vanleg styremedlem.

Brev til forfattarar

Løvaas skreiv òg brev og la ved informasjon om Forbundet til forfattarar som hadde omtalt homoseksualitet, mellom anna Alf Martin Jæger og John Hjertås. Løvaas hadde lese Jægers ungdomsbok Ser du en stjerne og gratulerte forfattaren med ei dristig bok. Jæger syntest ikkje det var dristig å skrive ei slik bok og viste til Borghild Kranes Følelsers forvirring frå 1937. Det er rart at Jæger ikkje nemner sin eigen roman frå 1924, Odd Lyng, med ein homoseksuell hovudperson. Når det gjeld Forbundet, lurer Jæger på om det kan verke isolerande: "Var det ikke bedre at der ble drevet aapenlys agitasjon for aa faa vekk denne lovparagrafen som er en skam for en kulturstat." (RA, PA–1328: brev til Løvaas, 7.3.1952.)

John Hjertås vekte i 1936 stor oppsikt med romanen Under brottskavlen om gutar på eit internat i Nordland. Han ville gjerne møte Løvaas til ein samtale om "Forbundet af 1948", men er ikkje "sikker på hvorvidt dette er den riktige måten å løse flokene på for dem det virkelig gjelder". (RA, PA-1328: brev til Løvaas, udatert ca 1951.)

Mot slutten av livet blei Løvaas igjen aktiv homoaktivist og skreiv fleire artiklar i Løvetann og Fritt Fram. Han var særleg opptatt av å få fram det viktige arbeidet som pionerane gjorde i den norske homorørsla. Grunnen var at mange trudde at homorørsla i Noreg starta først med Kim Friele.

Engasjement for homohistoria

Hans store draum var å kunne etablere eit senter for dokumentasjon av homorørsla i Noreg. Sjølv hadde han samla eit stort klipparkiv. I 1995 prøvde han forgjeves å få eit forlag interessert å gje ut eit bokprosjekt med tittelen: "Vi løsnet et skred. Glimt fra homobevegelsens pionertid 1950-1965." Det viste seg å vere eit manus som trengte kraftig omarbeiding. Det bestod av 74 artiklar frå aviser og tidsskrifter. Innleiinga var forma som eit intervju Løvaas gjorde med seg sjølv, gjengitt i Løvetann nr. 1/2000.

I eit intervju hevda han å vere sterkt imot outing, men skreiv sjølv i Løvetann ein serie interessante artiklar om "Navn fra fortiden", eit førtitals norske menn som han truleg meiner kan knytast opp imot homoseksualitet. Her finn vi ei rekkje meir eller mindre kjende namn, mellom anna mange forfattarar og kunstnarar, som truleg treng ei nærare gransking.

Det norske forbundet var forresten ikkje den einaste foreininga Rolf Løvaas var med i frå starten. Han var også med i Human-Etisk Forbund frå byrjinga i 1956. Då Rolf Løvaas døydde i april 1996, hadde Åpen Kirkegruppe ansvaret for bisetjinga. Ein mann og ei kvinne stod vakt ved båra med kvar sitt Regnbogeflagg då eit fullt krematorium tok høgtideleg farvel med Det norske forbundets første formann.

Litteratur

Didriksen, Nina. 1996. "At vi torde". Intervju i Løvetann nr. 3, s. 27-30.

Heli, Arne. 1996. "Rolf - din innsats må aldri bli glemt!" Løvetann nr. 3, s. 6

Løvaas, Rolf. 1993. "Strid uten våpengry. Homobevegelsens første år – 1950-1955" i Løvetann nr 6, s. 18-27.

Løvaas, Rolf. 1994. "Hvem ville bli med?" Løvetann nr. 1, s. 21.

Løvaas, Rolf. 1994. "Navn fra fortiden". Del I-III. Løvetann nr. 2, s. 8-11, nr. 3, s. 18-21, nr. 4, s. 18-21.

Løvaas, Rolf. 1995. "Pionertiden - bare kaffekos?" Løvetann nr. 4, s. 11-13.

Løvaas, Rolf. 2000. "En nølende formann". RL intervjuar seg sjølv. Løvetann nr. 1, s. 12- 13.

Riksarkivet (RA): PA–1328, Rolf Løvaas.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Drude Helmers Egteskab

Kulturtidsskriftet MELK - www.melkmag.com - oktober 16, 2017

Skeivt arkiv

NRK - radio.nrk.no - oktober 13, 2017

Eit arkiv for den skeive historia

Slekt og data - slektogdata.no - oktober 10, 2017

PIONs parole på Skeivt Arkiv

pion-norge.no - www.pion-norge.no - september 28, 2017

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket