Et besynderligt givtermaal mellem tvende fruentimmer

Her ser me innførsla i kyrkjeboka då Jens og Anne gifta seg i 1781. Seinare har presten skrive inn følgjande: «NB: Dette Parr Jens Anderssen og Anne Mortensdatter blev befunden at være begge af Qvinde-Kiønnet» (Statsarkivet i Kongsberg, Ministerialbok for Strømsø I 9, 1752 - 1791).
Her ser me innførsla i kyrkjeboka då Jens og Anne gifta seg i 1781. Seinare har presten skrive inn følgjande: «NB: Dette Parr Jens Anderssen og Anne Mortensdatter blev befunden at være begge af Qvinde-Kiønnet» (Statsarkivet i Kongsberg, Ministerialbok for Strømsø I 9, 1752 - 1791).

I 1781 gifta Anne Kristine Mortensdotter og Jens Andersson seg i Strømsø kirke ved Drammen. Ekteskapet skal ha vore harmonisk, heilt til brura kom til presten med oppsiktsvekkande nyhende: Brudgommen var visstnok ei kvinne, noko “medisinske” undersøkingar stadfesta.

Jens Andersson var fødd i Gran som Marie Andersdotter, men då han kom til Strømsø i 1778 framstilte han seg som mann, og gifta seg altså med den unge veverska Anne Kristine. Etter at Jens var undersøkt, blei han fengsla og avhøyrt. På spørsmål om han var mann eller kvinne svara han at “Hand troer at kunde henhøre til begge Deele”.

Medan styresmaktane prøvde å avgjera om Jens skulle dømast for sodomi eller noko anna, døydde Anne Kristine, og kort tid etter klarte Jens å røma frå fangenskapet. Den vidare lagnaden hans seier kjeldene ingenting om.

Saka frå Strømsø er er ikkje unik; det finst fleire døme på såkalla “female husbands” og “passing women” i Europa på 16- og 1700-talet. Motivasjonane for desse personane var nok ulike: Nokon ønskte status som mann fordi det gav fridom og tilgang til andre yrker, for andre kan begjæret til kvinner ha vore grunnen. Og for mange var det uttrykk for ei genuin oppfatning om at dei var menn, eller som for Jens, at dei var "begge Deele".

Les meir om Jens Andersson og Anne Kristine Mortensdotter i boka Kjødets lyst. Fortellinger om synd og straff av Nils Johan Stoa (Cappelen Damm, 2010).

Kilder

Stoa, Nils Johan. 2010.Kjødets lyst. Fortellinger om synd og straff. Oslo: Cappelen Damm.

Strøm. 1787. "Et besynderlig givertermaal mellom tvende fruentimmer". Samleren: et ugeskrivt, 1 (1): 193-197.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Skeivt arkiv

Besøksadresse: Manuskript- og librarsamlingen
HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen

Åpningstider:
Man-ons: 09:00-15:45
Tor: 10:00-15:45

Postadresse: Postboks 7808, 5020 Bergen
Kontakt: skeivtarkiv@uib.no
Ansvarlig redaktør: Runar Jordåen, førstebibliotekar

Skeivt arkiv tar forbehold om feil i tekster og bildebruk. Ta gjerne kontakt dersom du mener noe ikke stemmer.

Følg oss på Facebook, Twitter og Instagram.

Skeivt Arkiv ©  2017

Kulturrådet Fritt ord Nasjonalbiblioteket