Boklansering: Skeiv lokalhistorie

Forsida til boka Skeiv lokalhistorie. Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser
Forsida til boka Skeiv lokalhistorie. Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser
Skeiv lokalhistorie. Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser. Boka er resultat av ei satsing frå Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Skeivt arkiv.

Facebook-arrangementet for boklanseringen

Dette er den første forskingsbaserte antologien om skeiv historie i Noreg. Trass i at skeiv historie er eit lite utforska felt i Noreg har det lukkast å samla 16 kapittel basert på aktuell forsking frå Noreg, Island, Sverige og Finland.

Då Dag Hunstad blei leiar for Norsk lokalhistorisk institutt var det med ein ambisjon om å satsa på skeiv lokalhistoria. Lokalhistorie er i Noreg eit felt der stadig nye grupper og perspektiv har blitt inkludert, men dei skeive perspektiva hadde i stor grad mangla. Skeivt arkiv blei på eit tidleg tidspunkt invitert inn for å bidra til denne satsinga, og ein milepæl i samarbeidet var seminaret "Skeiv lokalhistorie – hvordan og hvorfor?" som blei halde på Nasjonalbiblioteket 31. oktober 2019.

I forlenginga av dette blei arbeidet med boka Skeiv lokalhistorie starta og redaksjonen kom til å bestå av Dag Hundstad og Marthe Glad Munch-Møller frå NLI og Runar Jordåen og Tone Hellesund frå Skeivt arkiv og Universitetet i Bergen. Hundstad var leiar for NLI frå 2018 til april 2022, og er historikar som mellom anna har forska på regional identitet og maritim historie. Munch-Møller er historikar og har vore ei drivande kraft i NLI si satsing på skeiv lokalhistorie, noko som mellom anna har resultert i mange artiklar om tematikken på Lokalhistoriewiki. Runar Jordåen er historikar med skeiv historie som spesialfelt og er førstebibliotekar ved Skeivt arkiv. Tone Hellesund er professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho er grunnleggar av Skeivt arkiv og medlem i arkivet si rådgjevingsgruppe.

Boka kan kjøpast på Nasjonalbiblioteket. Digital versjon, fritt tilgjengeleg:

Skeiv lokalhistorie. Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser by Nasjonalbiblioteket - Issuu