Seminar: Den norske namnelova 1923-2023 – 100 år med regulering av kjønn

Familiebilde med fire personar i sofa. Ung kvinne i midten med baby på skuldrane, mann til venstre, eldre kvinne til høgre. Fotografert i 1980.
Familiebilde med fire generasjonar
Det er 100 år sidan Noreg si fyrste namnelov kom til, og den nyaste namnelova har blitt 20 år. Dette markerer vi med eit ope seminar 11. april 2024 på Bergen Offentlege Bibliotek. Seminaret er retta mot eit allment publikum interessert i personnamnbruk og kjønna namnepraksisar, og er eit samarbeid mellom Skeivt arkiv og Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen, og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag ved Universitetet i Bergen.

Eit viktig føremål med den fyrste lova var å sørge for orden, og det gjorde ho ved å pålegge alle nyfødde faste etternamn. Følgjande sitat frå sorenskrivaren i Ringerike vart nytta i namnelovsarbeidet for å skildre den manglande ordenen i namnebruken:

Man kan saaledes ofte paa en og samme Dag se en Person underskrive sig først Nils Olsen og saa Nils Pedersen. Og Enker og gifte Koner varierer med 4 Navne respektive efter Far, Bedstefar, Mand og Svigerfars Fornavn. Hvis Maren er Datter av Hans Nilssøn og gift med Per Jenssøn, kalder hun sig vexelvis Maren Hansdatter, Hansen, Nilssen, Persen og Jensen.

Det faste etternamnet skulle vere faren sitt etternamn, som gjerne var fornamnet til farfaren med eit «son» bak, eller namn frå gardsbruket ein kom frå. Det var mannslinja som skulle følgjast og som var det ordnande prinsippet. Også fornamna har blitt regulert, ikkje minst gjennom at gutebarn og jentebarn skulle få gutenamn og jentenamn. Skilje mellom kjønn vart i stor grad gjort gjennom hierarkisk ordning av slektskap gjennom mannslinja, og gjennom skiljet mellom kva som er oppfatta som passande fornamn for jenter, og passande fornamn for gutar.

Studiar av namn som viser korleis sosiale og kulturelle aspekt, og situasjonen namna blir tatt og brukt i, kan kallast sosio-onomastikk. Det er i dag få i Noreg som forskar på personnamn i eit sosio-onomastisk perspektiv, sjølv om dette er eit tema med stor interesse blant det allmenne publikum. Alle har namn og brukar namn på ulike vis alt etter situasjonen dei er i, og personane dei møter, om det er på skulen, i arbeidslivet, mellom slektningar eller i dataspel.

På dette seminaret ønskjer vi å samle nokre av dei fremste forskarane innanfor personnamngransking med eit sosio-onomastisk perspektiv i Norden. Vi har spissa tematikken til å gjelde namn som kjønna. Gransking av namnebruk kan seie noko om haldningar til kjønn og implisitte forståingar av kjønnshierarki. Det seier noko om korleis vi forstår kjønn og behov for å skilje mellom kjønn utover fokus på arbeidsliv og omsorgsarbeid fordi namnevala og namnebruken kan sjåast som symbolske utan direkte praktiske konsekvensar.

Tid og stad

Torsdag 11. april 2024.
Bergen offentlege bibliotek

Program

11.00-12.00 Kaffi og mingling
12.00-12.15 Introduksjon ved arrangørane
12.15-13.45 Fornamn i fokus
Unni Leino (Finland): Fornamn i ein transkjønn-kontekst
Emilia Aldrin (Sverige): Om å gjere kjønn gjennom fornamn
13.45-14.15 Pause
14.15-15.45 Etternamn i fokus
Kathrine Bechsgaard (Danmark): Om etternamnsval i danske parforhold
Line Grønstad (Noreg): Om etternamnsval i norske parforhold
15.45-15.55 Pause
15.55-16.00 Gunnstein Akselberg (Noreg): Fem minutt om Norsk Namnelag
16.00-16.30 Ivar Utne (Noreg): Om 100 år med kjønn i norsk namnelov, med sideblikk til andre nordiske land.
16.30-17.00 Panelsamtale med alle deltakarane, leia av Peder Gammeltoft (Noreg)
19.00-21.00 Felles middag for foredragshaldarane og arrangørane

Om arrangørane

Ved Universitetsbiblioteket og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag (LLE) ved Universitetet i Bergen har vi ei unik samansetjing av kompetanse på feltet:

Førsteamanuensis og namnegranskar Ivar Utne ved LLE har gjennom sine mange år som namnegranskar vore ei kjelde til kunnskap for Folkeregisteret, småbarnsforeldre og media. Han står bak ei rekke publikasjonar som tar for seg bruk av namn, både fornamn og etternamn, historisk og frå meir moderne tid, i inn- og utland. Han var med i gruppa som arbeidde med å lage namnelova frå 2003, som framleis er gyldig i dag.

Førstebibliotekar og namnegranskar Peder Gammeltoft er fagleg leiar for Språksamlingane. Språksamlingane har nasjonalt ansvar for dei norske standardordbøkene. Dei har også ei rekke samlingar med namn, hovudsakleg stadnamn, og ei sterk interesse for bevaring av namnegransking som felt, der sosio-onomastikken er ein viktig del.

Førstebibliotekar Line Grønstad er fagleg leiar for Skeivt arkiv. Skeivt arkiv er eit ressurssenter for skeiv historie, med nasjonalt sektoransvar. Grønstad har skrive doktorgrad om etternamnsval i heterofile parforhold med fokus på norske menn, og forskar mellom anna på namneval i samekjønna forhold og namneval der ein eller begge har bakgrunn frå andre kulturar enn norsk majoritetskultur. Ho har publisert fleire artiklar om etternamnsbruk i parforhold og om korleis den norske namnelova har regulert bruk av namn for menn og for kvinner. 

I tillegg har me med oss Gunnstein Akselberg, professor emeritus ved LLE og TV-stjerne frå Eides språkskjov. Han har mellom anna forska mykje på stadnamn og skal snakka fem minutt om Norsk Namnelag.

Seminaret er støtta av Fritt ord, Ortnamnssällskapet i Uppsala, Språksamlingane og Skeivt arkiv.

 

 Ortnamnssällskapet i Uppsala