Gunnar Bull Gundersen

Portrett av Gunnar Bull Gunderseni 1981, frå Store Norske Leksikon
Portrett av Gunnar Bull Gunderseni 1981, frå Store Norske Leksikon
"Kyss ikke i glede din venn på kinnet, ham som du treffer uventet igjen etter fem års atskillelse! Et forskrekket glimt vil springe frem i hans øyne, og han vil rødme besværet! For når man som din venn er nordbo, så tror man ikke på stormende gjensynsglede når man kan tro på homoseksualitet!" (Agnar Mykle, Taustigen, 1948)

Homoseksualitet rundt 1950

Same året som Agnar Mykle skreiv orda ovafor, blei verda for alvor merksam på emnet homoseksualitet. Då kom den over 800 siders vitskaplege Kinsey-rapporten om amerikanske menns seksualvanar, Sexual Behavior in the Human Male, der det blei slått fast at menn ikkje representerer to ulike åtferdsgrupper, heteroseksuelle og homoseksuelle. Det er berre den menneskelege fantasien som finn opp kategoriar, og prøver å presse fakta inn i særskilte båsar. Rapporten viste at rundt 10 prosent av dei 5300 intervjua mennene hadde meir eller mindre utelukkande homoseksuelle erfaringar i ein periode av sitt vaksne liv, medan bortimot 46 prosent hadde deltatt både i homo- og heteroseksuell aktivitet. Kinsey-rapporten om seksuallivet til amerikanske kvinner kom fem år seinare, i 1953, og viste eit noko lavare tal når det gjaldt lesbisk aktivitet. Delar av rapportane blei straks omsette til norsk.

Dei nye «signala» frå USA gav truleg eit ekstra puff i ryggen på homofile her heime som fekk stadfesta at vi på ingen måte stod aleine. Det same året blei «Forbundet af 1948» oppretta i Danmark, og to år seinare var ei norsk avdeling etablert. Det skjedde òg ein del på litteraturfronten her i landet på 1950-talet. Mellom anna debuterte Jens Bjørneboe med samlinga Dikt i 1951, Tor Jonsson tok livet av seg og Gunvor Hofmo fekk eit psykisk samanbrot to år etter. I 1953 skreiv Ragnar Kvam romanen De herjede menn om pederastar og prostituerte unggutar, og i 1957 året kom endeleg Finn Grodal/Øivind Eckhoff med opplysningsboka Vi som føler annerledes.

 

Om natten. En bakgårdsfantasi

Men her skal det handle om Gunnar Bull Gundersen som i 1956 debuterte med boka Om natten. En bakgårdsfantasi, ein roman som består av ulike fantasiar, også éin om homoseksuelle.

Gunnar Bull Gundersen (1929–1993) var sjømann, forfattar og NRK-medarbeidar. Han var fosterbarn, ei rotlaus og rastlaus sjel som drog tidleg til sjøs. Seinare tok han styrmanns- og skippareksamen, og i 1954 blei han tilsett som velferdssekretær i Statens velferdskontor for Handelsflåten. Han var stasjonert i Oslo, Antwerpen, Rotterdam og Liverpool.

Gundersen budde i Liverpool då han gav ut Om natten. En bakgårdsfantasi i 1956. Det mest originale eller det mest fantastiske i boka er at den mannlege hovudpersonen og dama hans blir skapte om til rotter(!). Men dei opplever og reagerer på tilværet med vanleg menneskeleg fornuft. I ein kjellar møter dei den mannlege «Journalisten» som straks utbryt:

Nei, gid så han ligner Joe (...) Ikke at det spiller noen rolle, for De er jo akkurat like deilig. Å du, å du, for en gutt Joe var. Som jeg elsket den gutten, og som han elsket meg!

Den einsame homofile journalisten bruker det gamle velkjente knepet for å komme i snakk med folk. «Kven er denne Joe?» spør dama. Hovudpersonen har nok høyrd dette før og fortel henne så den merkelege og vemodige historia om journalisten:

  • Ingen. Bare et trick. Han påstår at jeg er akkurat lik en av hans fordums elskere. Hvergang han treffer en han liker, sier han at vedkommende ligner Joe, nare for å bli kjent med ham. Et smart trick. [...] Alltid er det Joe, den han aldri har hatt.

Ho synest journalisten er påtrengjande og misliker han, men hovudpersonen unnskylder han. Det er ikkje så greitt å måtte vente heile livet på ein som aldri kjem, påpeikar han. I si tid skal han både ha vore ein skarp og vittig journalist, ja, endatil lyrikar, kjent for sine vakre kjærleiksdikt. Men kva slags kjærleik kan han skrive om, lurer ho på, undersforstått at ein homofil ikkje kan oppleve kjærleik. Ho får svar på tiltale:

  • Kjærlighet kan ikke deles i forskjellige slags, og lengselen etter kjærlighet er det vakreste og mest vemodige du kan eie.
  • Nest etter kjærligheten selv.
  • Nei, lengselen er alltid mer fullkommen enn kjærligheten selv, og det er lengsel som kan skape et virkelig kjærlighetsdikt. Jo sterkere en lengter, jo sterkere blir diktet. Og han her hadde styrke til å kunne skrive om kjærlighet i sin stadige higen etter Joe. Han var sterkere enn alle, fordi Joe var den som aldri kom.          

Hovudpersonen fortel vidare om den gongen den homofile journalisten nærmast hadde fått ein elskar til å innsjå at han måtte vera Joe. Lengten heldt på å bli oppfylt, og han kunne ikkje lenger skrive dikt om kjærleik. Men då familien til elskaren trua han med fengsel, og han blei offer for pengeutpressing, var han igjen aleine og «skrev atter vakre dikt om sine dype savn i kjærlighet».    

Utruleg nok blir den homofile journalisten stolt av å bli pengeutpressa. Tenkje seg til at eit «originalt papir», eit brev han hadde skrive til elskaren, skulle vere verdt så mange pengar. Han betaler derfor dei ti tusen kronene med eit smil, og overtaler samtidig utpressaren til å dra til Paris i staden for USA som planlagt. Etter fleire år med brevveksling kjem utpressaren tilbake på besøk, og dei blir gode vennar, men truleg ikkje noko meir: «Men mannen fra Paris var blitt for gammel til noensinne å kunne ligne Joe.»

Gunnar Bull Gundersens forteljar presenterer her ein merkverdig teori om det å skrive kjærleiksdikt. Etter hans oppfatning å dømme må homofile lyrikarar vere som skapte til å skrive praktfulle kjærleiksdikt, då denne forma for kjærleik gjerne er uoppnåeleg – både på grunn av pengeutpressing og angst for lova.

 

Fleire skeive typar

I novellesamlinga Vi som frakter oljen frå 1960 finn vi novella «Regretto» som handlar om den verdsberømte trompetisten Regretto. Han er svært usympatisk skildra og full av klisjear:

«Regretto hadde et overfetet barneansikt med åpenbart svak skjeggvekst. Midt i fettet skinte et kostbart smil.» Den diamantpryda kjempebabyen med bollete barnekinn er ein morsbunden Liberace-type som set det kvinnelege publikummet i ekstase med replikkar som: «Mamma og jeg elsker dere.»     

Eg-personen er ein sjømann som er ute på byen og har svært lyst på ei kvinne. Men han blir nysgjerrig av å sjå alle plakatane med bilde av Regretto som skal halde konsert, og blir vitne til alle kvinnene som beundrar han – «unge kvinner med høyheiste bryster». Han går på konserten og etterpå, møtest han og Regretto til ein nattleg samtale, og sjømannen blir fascinert av det han får høyre. Hjartet til Regretto bankar berre for menn, men tragisk nok er det få menn som liker han. Sjølv om kvinner er heile hans publikum, så erklærer han: «Men jeg selv kan ikke utstå disse bløtbrystede vesenene.»

Det er heller uklart kva forfattaren vil fortelje lesarane, men det er ingen tvil om at han nører opp under den gamle fordommen om at homoseksuelle menn er blaute og ekle menn som hatar kvinner. «Jeg elsker kun én kvinne,» sa Regretto: «Min mamma.» Og legg til: «Jeg kunne aldri bedra henne med noen annen kvinne.»

I romanen Judith. Blader fra en kystskippers dagbok (1963) skildrar Gunnar Bull Gundersen mellom andre den originale sjømannen Hilmar som ikkje tør å reise heim. Han greier ikkje å få seg til å ønskje det alle andre ønskjer av kvinnene sine etter lang tid ute. Då han endeleg reiser heim og skal liggje med kona Judith, dør han.    

«Tror De at han helst ville la seg kysse av gutter? Slik som med Edward,» spør Judith etter gravferda. Forteljaren svarer med å gjenfortelje ei historie Hilmar hadde fortalt han: om den unge matrosen Edward som eingong hadde kyssa han på panna, og som sidan fall i sjøen og blei eten av ein hai:

            (M)en han sa at han hadde kjent det kysset gjennom hele seg, som en frelse, det hadde varmet ham langt innover, og gjort ham ren. Aldri før eller siden hadde han følt slik glede. Men det jævlige var, det sa han også, at han ikke hadde følt noe slikt da han forsøkte seg med henne. Han kunne visst bli litt opphisset og sånn, men ingen glede, – intet av det som hendte da Edward bare såvidt hadde streifet ham.

Av desse klare indisia konkluderer dei to med at Hilmar nok var aseksuell og estetikar!

 

Kjærleik mellom menn

Tragikomisk blir det i romanen Min reise til Egypt. En bok om kjærlighet (1970) der eg-personen overnattar hos ein atletisk alpinist. Det er svært varmt, og som så ofte hos Gunnar Bull Gundersen må dei to mennene dele seng, og begge kler av seg alt. Liggjande der naken går det plutseleg opp for eg-personen at alpinisten liker å liggje med menn, og at han no skal ha tilbake for alt han har spandert. «Nå ville han ta meg, voldta meg – om nødvendig.» Det verkar nesten som om hovudpersonen har eit (u)bevisst ønske om at noko skal skje mellom dei. Han tenkjer på kor sterk den andre er, og veit med seg sjølv at det er berre å vente. Slik ligg han vaken, taus og sveittar i to-tre timar før han tør å ta mot til seg:

            Jeg løftet meg forsiktig opp og såg på ham, han lå med åpne øyne:

            Da sa han: «Tar du meg ikke?»

            «Jeg, deg?»

            «Ja? Hvem ellers?»

            «Jeg trodde at du ...»

            «At jeg – deg?»

            «Ja ...»

            «Herregud.» Han lo.

            Det ble så morsomt, så morsomt at vi sto opp og skålte for kjærligheten mellom menn.

Korleis det stod til med ereksjonen hos dei to ovafor, blei det ikkje sagt noko om. Derimot får vi i novella «Et døgn med Ock» (frå Kjærlighetsnovellen og tre til, 1972) vite kva tone som blir laga av ein erigert og vibrerande penis. Han måtte vekke Albin for at dei skulle rekke flyet: «Der lå han, naken som en statue, med en stålhard penis stående skrått ut i luften. For å vekke ham litt muntert, slo jeg et raskt slag på den med en kleshenger, og den dirret slik at jeg faktisk kunne høre hvordan en dyp basstone la seg gjennom rommet».

I parentes innrømmer den blyge forteljaren at han ikkje ville ha tatt med dette med ereksjonen i boka, viss ikkje det hadde vore av interesse å sjå korleis Albin i sin djupaste alkoholsøvn fekk tilbake den potensen han i vaken tilstand trudde å ha mista.

Frå den muntre og musikalske digresjonen med Albin tar Gunnar Bull Gundersen igjen lesarane sine med til sjøs i romanen De hjemløse (1977). Nokre av sjøfolka møter vi i ein europeisk hamneby, der godtruande førstereisgutar blir lurte til køys av skrullete transvestittar på Glorys Bar «for å lære at ikke alt var slik de hadde regnet med». Men som ein av dei mannlege prostituerte uttaler: «Vi byr ikke bare på sjokk [...], mange blir positivt overrasket.»

I same roman høyrer vi også om sjømannslegen Kvakk som blir arrestert på eit pissoar fordi han hadde strekt armen ut mot sidemannens reiskap og sagt: «Få se på'n. Han tok til og med etter’n.»

Gunnar Bull Gundersen er tydelegvis redd for å setje namn på ting, men homoseksuelle tema i ei eller anna form dukkar ofte opp i bøkene hans. Direkte homofobe haldningar finn vi sjeldan uttrykte, men forfattaren unner seg gjerne ein ironisk spøk om temaet, slik som i Unnskyld hvis jeg forstyrrer – ein humoreske for TV (1975). Her har Rikard blitt fritatt for militærteneste fordi han har «enslags idiosynkrasi mot å ligge så tett inntil mennesker av samme kjønn».

Som sjømann har nok Gunnar Bull Gundersen sett og opplevd mange ting, og det er ingen tvil om at han kan skrive – og skrive godt, på sin underfundige og fabulerande måte. I NRK arbeidde han i Radioteatret, var instruktør og skreiv sjølv ei rekkje stykke. Han var ein ivrig jazzentusiast og laga fleire jazzprogram i radio, var æresmedlem av Molde jazzfestival og blei gravlagd til levande musikk frå ein jazzkvartett.

Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.

Alle dei nemnde bøkene av Gunnar Bull Gundersen er utgjevne på Aschehoug forlag og er tilgjengelege i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek.

Sjå òg Store Norske Leksikon.