Hans Tambs Lyche - vennskapets mann
Hans Tambs Lyche (1859–1898) var ein frilyndt og liberal kulturskribent, redaktør og unitarprest. Han ivra mellom anna for sosial rettferd, allmenn stemmerett, kvinnesak og folkebibliotek. Han var gift, fekk tre barn og døydde av tuberkulose 38 år gammal.
Grunnen for å ta han med i Skeivopedia er at han i 1894 må vere den første i Noreg som leverer eit slikt intenst forsvar for eit godt og intimt vennskap mellom to personar, eit samekjønnsvennskap som er like sterkt som kjærleik. Han meiner ein verkeleg god og intim venn – og ikkje berre ein kjenning:
Og jeg mener rigtige venner – folk som man er kommet helt ind paa livet, som man har levet sig sammen med, som man har delt sine dybeste tanker og inderligste følelser med, som man kan være helt sig selv med, [...] og hos hvem man føler en oprigtig og forstaaelsesfuld agtelse og kjærlighed for en selv.
Hans Tambs Lyche budde fleire år i Amerika, og ved retur til Noreg grunnla han tidskriftet Kringsja i 1893. Det er såleis som redaktør han året etter skriv så inngåande om nært og ekte vennskap i «Redaktørens sofahjørne». Ingen aner kor stort og vakkert det er når to personar møter kvarandre i eit slikt eksepsjonelt forhold. To uegoistiske sjeler som så å seie må vere kvitglødande for at dei skal kunne sveisast saman. Kva kan vel vere herlegere, meir vindunderleg og toppen av lykke «end denne forstaaelse og samfølelse, denne nydelse ved at kunne dele alt med en anden, se med ham, tænke med ham, føle med ham?»
Det 'vidunderlige', bedste Hilde! det er, naar to menneskelige sjæle kommer hinanden lige ind paa livet, lærer at forstaa og holde af hinanden, at tænke og føle sammen, og bliver som ét – enten det nu er i kjærlighed eller venskab. Noget stort vidunderligere gives der ikke og behøves der ikke.
Det er ikkje måte kor voldsomt Hans Tambs Lyche kjenner trong til å skildre ein slik nær og fortruleg vennskap. Han sjølv har fått oppleve det, og aldri har han følt seg på meir heilag grunn når vennen «har vist sig for mig, som han virkelig er, har ladet mig se ned i hans sjæls dyb». I slike vennskap er det harmoni, tru, forståing og sympati: «De bærer et tempel i sit bryst vakrere end noget græsk, helligere end noget, menneskehænder har oppført, og ingen synes at se det, ingen véd det uden et par intime venner.»
Lært av Whitman
Hans Tambs Lyche Sterkt er sterkt påverka av Walt Whitmans syn på mannleg vennskap, og han formidlar dei same tankane om «the dear love of man for his comrade». Den amerikanske diktarprofeten Walt Whitman (1819–1892) er kjend for si frie lyriske verseform og for sin kjærleik til menneska og naturen. I hans store diktsamling Leaves of Grass finn vi dessutan ein utilslørt hyllest av det nære vennskapet mellom menn – som eit vesentleg element i eit framtidig demokratisk samfunn, og samtidig er Whitman kjent som ein beundrar av og ein forkjempar for «the love of comrades». Ein del av sine mest homoerotiske dikt samlar han i syklusen «Calamus».
Året etter at Whitman døyr skriv Hans Tambs Lyche ein 30-siders glødande minneartikkel over tre nummer av Samtiden (1893). Her legg han vekt på at Whitman var svært folkeleg, hadde lite skulegang og måtte tidleg ut i arbeid. Han likte å prate med alle slags folk, prest som sjauar og «kjendte alle omnibuskjørerne paa Broadway helt intimt». Han var ei sunn, frisk og lystig sjel, yr av livsglede som når han møtte ein venn på gata: «saa greb han hans haand og klemte den, saa der blev hvide merker efter fingrene, eller han stak sin arm under vennens eller slog den om hans hals». Ifølgje Tambs Lyche fantest det ikkje ein betre venn, eit varmare hjarte, og han siterer frå Whitmans dikt «Protokollførarar i komande tider», her eit utdrag i mi gjendikting:
kunngjer mitt namn og heng opp mitt bilete som det av
den mest kjærlege elskar,
portrettet av vennen, elskaren som hans venn og elskar var
mest glad i,
som ikkje var stolt av sine songar, men av det grenselause
havet av kjærleik inni seg og uhemma auste av det,
som ofte gjekk turar aleine og tenkte på sine kjære
venner og elskarar,
som tankefull borte frå ein han elska, låg ofte søvnlaus og
utilfreds om natta, ...
Whitman var som «en renvasket tavle» utan «arvede eller tilegnede fordomme», meinte Tambs Lyche. Han er ikkje særleg imponert over Whitmans versekunst der alt er natur og spontanitet, glødande bilete og sanselege stemningar, men det viktigaste er innhaldet, ikkje forma. Songane hans er meir ei slags messing i slekt med gamle skaldar, orakel og spåkvinner. Den frisinna presten Tambs Lyche understrekar at Whitmans yndlingsord er kamerat og brorskap, og at hans demokratiske framtidsdraum er «en hel verden fuld af helt udviklede, kjække, mandige personligheder, forenet ved sympathi og kjærlighed i et eneste stort kammeratskab». Ikkje ei einaste sjel skal kjenne seg kua eller utelukka frå «det almene venskab, den almene kjærlighed.»
I sitt eige tidsskrift, Kringsjaa, trykkjer Tambs Lyche seinare same året ein positiv omtale av «Paul Verlaine, det unge literære Frankrigs konge», og kallar den homofile diktaren Verlaine ein fransk og forfranska Walt Whitman: «Han elskes, som Whitman blev elsket.»
I 1896 gjev Hans Tams Lyche ut ei lita bok på 42 sider: Ny-Idealismen, en kort Oversigt over nye Strømninger og Tendenser i vor Tid. Her les eg mellom linjene at det er kjensler i oss som vi sjølve ikkje har herredømme over. Vi – underforstått vi som føler annleis – er som trekkfuglane som flyg sørover på instinkt utan at dei treng vidare forklaring på kvifor dei må gjere det. Men i 1896 kan ikkje Hans Tambs Lyche skildre desse kjenslene annleis enn med følgjande ord:
Man vil erkjende, at der ogsaa er andre kræfter i os end fornuften, og at til forstaaelse af livet maa ogsaa disse medtages. Kjærlighed og selvhengivelse giver ogsaa sin besked om livets og universets art. Der er instinkter i os, som ikke uden videre kan vrages, fordi vi ikke rationelt kan forklare dem.
Litteratur:
Gatland, Jan Olav. 2004. «Resepsjonen av Whitman i Noreg». Etterord i W. Whitman: Calamus. Gjendikta av J.O. Gatland. Bergen: Narkissos. Finst berre som nettutgåve.
Lyche, Hans Tambs. 1894. «Redaktørens sofahjørne» i Kringsjaa.
Lyche, Hans Tambs, 1896. Ny-Idealismen: en kort Oversigt over nye Strømninger og Tendenser i vor Tid. Kristiania: Olaf Norlis forlag.
