Høvre (omgrep, Luster)

TEST 4
Heilt sidan Dagfinn Hovland og eg vart saman for snart 20 år sidan har vi snakka om kven vi visste om i oppveksten som vi meinte var homofile. Frå oppveksten i Luster kunne mannen min fortelja om ein gammal, tannlaus gubbe dei kalla «Løyft-Olen». Han var sikkert homo, snakka vi om.
I samband med ei undersøking om mannlege budeier kom svigermor mi til å nemne at «Løyft-Olen» også hadde vori budeie i ungdommen sin. Eg bad henne fortelja sine minne om denne mannen, som bygdeboka raskt fortalde at skreiv seg for Ole A. Talle og var født i 1900 (Øyane 1987, 210). Det munnlege namnet fekk han frå plassen « Løyfti», der far hans kom frå. Dette er ein mellom fleire alminnelege namnsettingar i Luster. Svigermor Bjørg Hovland (f. 1941) tykte ho visste lite om karen, og ho spurde difor nokre ho kjenner som voks opp nærare plassen der Ola A. Talle budde.
Sjølv bad eg to søskenbarn av mannen min, Astrid Fjøsne (f. 1957) og Einar Fjøsne (f. 1959), om å fortelja sine minne om «Løyft-Olen». Mellom opplysingane dei kom med, karakteriserte den eine han som «homse» og den andre som «homo». Mellom søskenbarna og oss var det ingen skilnad i omgrepsbruk.
Dei litt eldre informantane, derimot, kunne bringe to nye omgrep inn. Den eine svigermor snakka med er født i 1950, og ho fortalde at ho hadde hørt dei meinte «Løyft-Olen» var «tvekjønna». Den andre informanten er født i 1945 og kjende Ola A. Talle og bror hans godt i oppveksten. Han fortalde at da han vaks opp så sa dei vaksne at «Løyft-Olen» var «høvre». Kva tydde dette?
Utsegna om at mannen skulle ha vori «tvekjønna» sendte meg i ei viss retning, men det var ikkje så liketil å finne ordet lell. «Høvre» er i alle vanlege ordbøker avgrensa til å tyde del av ein hestesele – den ofte staseleg utsmykka delen som ligg på tvers over nakken til hesten. Setelarkivet til Norsk ordbok sendte meg til forma «hørve», som også Runar Jordåen har med i artikkelen «Tvitulling og båing: kjønnsoverskriding i norsk språkhistorie»
Og så, i Norsk ordbok band 5, under oppslagsordet "hørve", står det også at Hans Ross (1833–1914) har dokumentert målforma «høvre» i Luster og Hafslo. Tydinga er stadig «tvikjønna». Dialektforma er på sett og vis levande den dag i dag, sjølv om han som gav att ordet han hadde hørt i oppveksten ikkje visste kva tyding det hadde.
Alle desse orda brukt om ein person, homofil, homo, homse, tvekjønna og høvre er karakteristikkar som vi ikkje veit kva personen det gjeld meinte om. Vi veit heller ikkje kva dei som brukte dialektordet «høvre» for mange tiår sidan la i det. Trudde dei at Ola A. Talle hadde både kvinnelege og mannlege genitalia? Eller var «høvre» brukt om ein mann med det dei rekna som feminine trekk?
Når denne vesle artikkelen kjem med i Skeivt arkivs Skeivopedia legg eg til enda eit omgrep; eg karakteriserer Ola A. Talle (1900–1988) som skeiv.
Litteratur:
Øyane, Lars E. 1987. Gards- og ættesoge for Luster kommune. III Dale 2 – og Nes sokn. Luster: Luster kommune