Hunden og vi
Boka, som skulle komma til å bli eit "standardverk i norsk hundelitteratur" (Thorvaldsen 1985), handla om alle tenkelege aspekt ved hundehald, inkludert den følgjande utgreiinga om kva ein skulle gjera når hunden si kjønnsdrift retta seg mot same kjønn:
"Enkelte hannhunder er så sterkt erotiske at det kan føre til «unaturligheter». De hopper på hunder av ege kjønn, eller på mennesker, særlig om disse lukter av tispe. Blir hunnen hemmet for meget i sin kjønnsdrift, kan den få samme tilbøyelighet. Det begynner gjerne som en uvane, men kan lett gå over til en drift.
Tar vi fatt på denne uvanen i tide, er den lett å rette. Lag bare ikke noen større historie av det. Det er ingen grunn til å bli opphisset i tonen og straffe strengt i moralsk indignasjon. La hunden forstå at det hele er en bagatell, men at vi ikke liker den. Så blir det snart en bagatell for hunden også. Det hele er en helt naturlig ting fra hundens side. Det er bare mennesker som har funnet på å straffe ytringer av homoseksualitet (Soot 1950, 57)".
Hundepsykologi og menneskepsykologi
Gunnar Soot (1898-1985) si skildring av homoseksualiteten blant hundar speglar interessant nok gjengse teoriar om temaet blant samtidas psykiatrar og psykologar. Både når det gjaldt årsakforklaring og behandling minna synet hans på det legane Karl Evang og Torgeir Kasa sto for. Sitatet tyder til og med på at Soot var einig med dei om at homoseksualitet - blant menneske - ikkje burde straffast (og tilsvarande ikkje behandlast for strengt i hundedressuren).
Hundeekspert i forsvaret
Gunnar Soot var kjemikar, mykolog (soppekspert), forfatttar og ein av landets fremste hundekjennarar. Forutan å skriva det som lenge var standardverket om hundehald i Noreg, var han tilsett i forsvaret der han hadde ansvar for militæret sin hundeskule (Thorvaldsen 1985, Gabrielsen 2015, 121-122).
Soot si utgreiing om likekjønna tiltrekning blant firbeinte kjæledyr er ikkje berre ein kuriositet til å trekka på smilebandet av. Ho viser at heller ikkje faglege utgreiingar om dyr er upåverka av dei til ei kvart tid rådande førestellingane om menneskeleg seksualitet. I hundeverda tok Soot til orde for eit for si tid relativt "progressivt" syn på homoseksualiteten, han skulle førebyggast ikkje gjennom streng korreks, men gjennom forsiktig justering.
I menneskeverda blei den norske homorørsla stifta same år som Hunden og vi kom ut. Dermed byrja kampen mot oppfatninga om at homoseksualitet var ein uvane samfunnet måtte dressera vekk.
I 2025 er det 75 år sidan den norske skeive rørsla blei stifta. Dette markerer Skeivt arkiv gjennom ei rekke dokumentasjons- og formidlingsaktivitetar.
Litteratur:
Gabrielsen, Ane Møller. 2015. "Makt og mening i hundeholdets konfliktsoner." Doktoravhandling, Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet.
Soot, Gunnar. 1950. Hunden og vi. Oslo: Gyldendal.
Thorvaldsen, Per. 1985. «Gunnar Soot» i Aftenposten 20. februar 1985, 11.