Samla Storting for Skeivt arkiv

Kulturminister Linda C. Hofstad Helleland under debatten i Stortinget 21.01.2016.
Kulturminister Linda C. Hofstad Helleland under debatten i Stortinget 21.01.2016.

Skeivt arkiv var tema i Stortinget 21.01.2016, då representantforslaget om permanent driftsstøtte frå Ap, SV og Sp blei diskutert. Forslaget blei fremja i juni 2015 av Kjersti Toppe (Sp), men i mellomtida klarte Venstre med Terje Breivik i spissen å få gjennomslag for fast driftsstøtte for Skeivt arkiv i forhandlingane om statsbudsjettet. Debatten i Stortinget var likevel interessant, og politikarar frå alle dei store partia gav her uttrykk for kor viktig arbeidet med å ta vare på den skeive historia er.

Medan den førre kulturministeren meinte det var Universitetet i Bergen som innanfor sine rammer skulle finanisera Skeivt arkiv, var det no brei semje om at dette er eit nasjonalt ansvar.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland oppsummerte:

I budsjettforhandlingene i fjor var det Venstre som løftet inn forslaget om fast driftsstøtte til Skeivt arkiv. Med forslaget fra Venstre ble ønsket om særskilt støtte en reell mulighet. Jeg skjønner derfor godt at man i Venstre er spesielt stolte i dag. Jeg er også glad for at de andre samarbeidspartiene støttet seg til, og jeg er også glad for initiativet som kom fra opposisjonen, som gjør at det er et samlet storting og bred enighet om at det er et nasjonalt ansvar å samle inn og ta vare på og formidle privatarkiv om lesbiske, homofile, bifile og transpersoner.

For Skeivt arkiv og aller som har vore opptatt av å ta vare på norsk skeiv historie var dette ein stor dag. Me vil igjen takka alle som har arbeidd for oss gjennom fleire år, sjå elles oppsummeringa vår frå då budsjettforliket forelåg 23. november 2015.

Se video her