Arthur Einarsen

Arthur Einarsen. Fotograf ukjent. Frå Fritt Folk 21.11.1940.
Arthur Einarsen. Fotograf ukjent. Frå Fritt Folk 21.11.1940.
Arthur Einarsen (1896–1981) var ein norsk sjømann som på 1930-talet gjekk i land og dreiv restaurant med dragshow i Oslo. Dei første okkupasjonsåra fekk han relativt sentrale tillistverv i NS og Hirden, men blei etter ei stund fråtatt desse på grunn av «unaturlige tilbøyeligheter».

Me dumpa først over opplysningar om Einarsen – eller Einarson, som namnet nokon gonger er skrive – i ei bok om hotelldrifta på Granholmen utanfor Sandefjord. Han kjøpte etablissementet i 1937, og i boka står det følgjande om han:

Det ble sagt om Einarson at han var en av de første offisielle «homsene» som fantes. Einarson drev da også i denne perioden «Kelnerklubben» i Oslo, som var et kjent sted for homoseksuelle (Davidsen 2001, 73-74).

Ifølgje boka, som er frå 2001, blei Arthur Einarsen si tid på Granholmen kort, det gjekk ikkje lenge før han gjekk konkurs. Men kven var Einarsen? Og kva med denne «Kelnerklubben»?

På dei sju hav

Arthur Edvin Einarsen blei fødd i 1896 på Trondenes utanfor Harstad. Han vaks opp i små kår i Lovika på Hinnøya, i dag ein del av Andøy kommune. Foreldra dreiv her eit lite småbruk, og i tillegg var faren skomakar (RA, FT 1910).[1] I følgje eigne opplysningar i eit intervju i Akers Avis i 1979, byrja Arthur som ganske ung å arbeida som messegut på lokalbåten som gjekk mellom Svolvær, Lofoten og Vesterålen. Han tok kokkeskulen på Britannia hotell i Trondheim i 1916, og fekk så jobb som stuert på ulike skip som gjekk langs norskekysten. Etter kvart fekk han hyre på skip i utanriksfart (Heyerdahl 1979, 3).

Suksess med restauranten Merkur

I 1934 gjekk Arthur Einarsen i land og kjøpte den vesle kafeen «Lyktemannen» i Bernt Ankers gate i Oslo. Ifølgje Morgenbladet 26. mai 1936 gjekk drifta godt, og Einarsen kunne i januar dette året kjøpa den langt større restauranten Merkur i Handelsbygningen i Drammensveien. Om me skal tru Morgenbladet fekk det sistnemnde etablissementet ein trong start, men viste seg etterkvart å bli ein publikumssuksess: i mai hadde Arthur Einarsen eit snes tilsette. Enn så lenge blei Merkur ein populær og vidgjeten møteplass.

Dragartisten Norga

I Morgenbladet sin artikkel blir miljøet på Merkur i 1936 skildra på ein livleg måte, med vekt på restauranten sin hovudattraksjon, artisten kalla Norga:

Det er blitt liv og fart over kafeen ute i Handelsbygningen, nu spiller et muntert og dyktig orkester op til dans hver eneste aften og der er sjelden ledig plass på dansegulvet. For tiden optrer der en norskfødt artist derute med det klingende namn Norga. Norga er født i Filtvedt men har funnet på sin dans ute i Europa. Hver aften diskuterer man på det livligste om det er en mann eller en dame som optrer og hvergang klinger der brøl av latter når det endelig går op for folk hvordan sammenhengen er (Morgenbladet 1936, 3).

Bak aritstnamnet Norga sto Bernhard Munkerud  (1901–1972) frå Nesodden, som i ei årrekke hadde gjort stor suksess som dansar på kabaretar og revyar i Danmark, Tyskland og Ungarn (Hafstad 2020, 20). Det var i Budapest han først tok i bruk aristnamnet Norga.

Korleis kontakten mellom Einarsen og Munkerud var oppstått veit me ikkje, me kan berre spekulera på om dei har kjend kvarandre gjennom sine skeive nettverk i Oslo.

Hotellfiasko på Granholmen

Sjølv om Merkur tilsynelatande var eit populært etablissement, sto det langt mindre solid til under overflata. Medan Arthur Einarsen i 1937 framleis dreiv Merkur, kjøpte han i tillegg nemnde Granholmen ved Sandefjord, som han i følgje ei kjelde på tidspunktet allereie hadde leigd og drive eit år.  Men same år  nekta Sandar kommunestyre han skjenkerett. Grunnen for dette var at han «[…] hadde drevet i hotellbranchen på en mindre sømmelig måte i Oslo, samt et par ganger å ha overtrådt handelsloven» (Vestfold Fremtid 1937, 2)

I det tidlegare nemnde intervjuet med Einarsen i Akers Avis frå 1979, gir han eit fargerikt tilbakeblikk på livet sitt. Han nemner at han var til sjøs, der han hadde overlevd tre forlis og eit angrep av sjørøvarar. Når han gav dette intervjuet var han ein godt likt miljøskapar i lokalmiljøet på Ammerud i Grorudalen. Han fortel at drifta hadde gått dårleg på Granholmen:

På grunn av ulike omstendigheter, blant annet nektelse av skjenkerett, gikk foretagende til slutt dårlig. Jeg solgte restaurantene, og dro til mulighetenes marked, Amerika (Heyerdahl 1979, 3).

Ein reportasje i fråhaldsavisa Folket gir eit ganske anna bilete: det viste seg at Einarsen ikkje hadde tilstrekkeleg med midlar då han kjøpte Granholmen, seljaren hadde til og med måtta legga ut for stempel- og tinglysingsgebyr. Einarsen hadde prøvd å få lån til å betala kjøpesummen, men utan å lykkast. Kreditorane banka på døra og 24. mai 1937 blei han slått konkurs.

Arthur Einarsen blei sterkt kritisert for å ha tatt seg vatn over hovudet både ved brått å gå frå drifta av ein liten kafé til meir stortilte prosjekt som Merkur og seinare Granholmen. Men det blei også reist kritikk mot dei som hadde innlate seg på forretningar med han, trass i at dei dei måtta vita at han var utan økonomiske ressursar og heller ikkje hadde dei naudsynte kvalifikasjonane for verksemder av denne typen. Forholdet blei vurdert å vera straffbart og oversendt påtalemakta (Folket 1938, 1). Det gjenstår å utforska kva som skjedde vidare, men alt tyder på at Einarsen på slutten av 1930-talet var knekt økonomisk.

Hans eigen påstand om at han etter konkursen drog rett til Amerika stemmer ikkje. For i mellomtida kom krigen. 

Hirdheimen

Hausten 1940 dukkar nemleg Arthur Einarsen igjen opp i avisspaltene. Den 28. september skreiv Dagbladet om at NS sin «Hirdheim» straks skulle opnast i Bjørn Farmanns gate 16 på Skillebekk. Heimen skulle vera permanent bustad for medlemer av Hirden, NS sin paramilitære eliteorganisasjon. I tillegg var det i bygget rom for tilreisande hirdmedlemer. Dagbladet kunne vidare fortelja at det var Arthur Einarsen som hadde tatt initiativet til dette tiltaket og som skulle vera styrar for heimen (Dagbladet 1940, 16).

I NS sitt hovudorgan Fritt Folk 5. november 1940 hadde Einarsen sjølv eit innlegg på trykk, der han fortalde at målet var at det skulle opprettast hirdheimar i alle byar, slik at dette blei eit landsdekkande tilbod (Einarsen 1940, 3). Men før dette kunne skje, hadde han fått ei anna viktig oppgåve:

Da jeg av Føreren nu er sendt på en reise til Nord-Norge, vil spørsmålet måtte utstå til jeg kommer tilbake. Saken er tatt op, og jeg skal senere gjøre hvad jeg kan for å føre den frem (Einarsen 1940, 3).

I Arendalsavisa Vestlandske tidende, som nettopp var blitt omgjort til eit NS-organ, sto det ein tekst om Hirdheimen som ein nesten skulle tru inneheldt ein skjult kritikk relatert til Einarsen sine seksuelle forhold: «Bestyreren, Arthur Einarsen, er blitt hele Hirdens «onkel», og det er klart han liker å være sammen med slike ville krabater» (Vestlandske Tidende 1940, 3).

Reisande for Quisling i Nord-Noreg

Men i tillegg til å styra Hirdheimen var Einarsen – som utsegna hans indikerer - no også utnemnd til «reiseinspektør» av NS og ferda gjekk nordover. Den 10. november var han i Tromsø der han heldt foredrag i  Verdensteatret om kva som verkeleg hadde skjedd i tida omkring 9. april – altså NS sin versjon av historia (Motzfeldt 1940, 2). På den sju veker lange turneen i Nord-Norge hadde ulike aviser fleire gonger omtalar av og intervju med han (sjå bl.a. Nordland 1940, 1, Fritt Folk 1940, 5) Her gav han uttrykk for at det var med største glede han følgde oppmodinga frå Quisling om å reisa nordover for å studera folk sitt eige syn på tinga:

Min oppgave på reisen var først og fremst å samle materiale til en praktisk løsning av problemene i Nord-Norge, og dessuten hjelpe til med Nasjonal Samlings organisasjonsarbeid der oppe. Folk der oppe er helt og holdent enig i NS’s arbeidsprogram og retningslinjer, forteller han videre (Nordland 1940, 1).

Biletet var sjølvsagt svært overdrive, i røynda var oppslutninga om NS lågare i nord enn sør, sjølv om det også her fanst område med noko større støtte (Aas, Borge og Jakobsen 2022, 359).

Einarsen meinte det burde opprettast fag- og yrkesskular i Nord-Noreg og at det var stort potensiale for nyrydding av jord.

På reisa blei han mellom anna intervjua av Harstad Tidende, og her hevda han at han hadde vore medlem i NS i sju år allereie (Harstad Tidende 1940).

Allereie hausten 1940 hadde NS-regimet sett av ressursar til propaganda om og overfor Nord-Noreg, og året etter blei dette vidareført i den såkalla Hålogaland-kampanjen (Aas, Borge og Jakobsen 2022, 359). Einarsen fekk ei ikkje heilt ubetydeleg rolle i denne, ikkje berre i samband med reisa til Nord-Noreg, men og på ulike møte og initiativ i Oslo.

Chateaubriand og brennevin for NS

Satsinga på Nord-Noreg kulminerte i den såkalla «Hålogalandustillingen», som i følgje det nye verket om okkupasjonen i Nord-Noreg «må vere NS-regimet sitt første større kultur-initiativ» (Aas, Borge og Jakobsen 2022, 359). Historikarane bak verket meiner det er mogleg at Nord-Noreg-fokuset opphavleg var eit tysk initiativ, og at det inngjekk i ei strategisk satsing på trygga posisjonen i nord andsynes russarane.

Utstillinga opna i Colosseum kino i Oslo 16. mai 1941 og stod i vel tre veker (i tillegg blei ei vandreutstilling sendt rundt på Austlandet). Nordnorsk natur og kultur blei vist i eit fordelaktig lys, med lyseffektar som illuderte både midnattssol og nordlys. Utstillinga blei ikkje vist i Nord- Noreg, men ho skal ha fått massiv omtale i dei nordnorske avisene, og denne propagandaen blei sett på som ein del av grunnen for at medlemstalet for NS i nord fekk ei viss auke frå og med sommaren 1941 (Aas, Borge og Jakobsen 2022, 360-61).

Utstillinga var ei storsatsing der mange toppar i NS-apparatet var i sving, men også her spelte Arthur Einarsen ei ikkje heilt ubetydeleg rolle. I følgje Norsk Tidend i London var utstillinga mislykka med få eller ingen norske sivile besøkande:

Nasjonal Samlings beryktede «reise-inspektør» Artur Einarsen, var leder for utstillingens restaurant og offentliggjorde store annonser, hvori han erklærte at Chateaubriand og andre kjøttretter som Oslo-folk bare ser ved sjeldne anledninger, blir reservert i restauranten til lave priser. Restauranten hadde også brennevinsrett. Allikevel nektet den norske befolkning i Oslo hårdnakket å besøke Nasjonal Samlings propaganda-arransjement, og bare tyskere og medlemmer av Nasjonal Samling satte sine ben på utstillingen (Norsk Tidend. 1941a, 8).

Nesten identiske oppslag blei trykt i den norsk-amerikanske pressa, men den utanlandske norske pressa var nok for pessimistiske. Det verkar som utstillinga faktisk var godt besøkt, og at den velutstyrte restauranten har bidratt til det (Jakobsen, Bergmann og Evjen 2022, 286).

Unormale tilbøyeligheter

Arthur Einarsen held fram som styrar for Hirdheimen. Her blei det halde ei rekke møte i NS-regi, blant var han vertskap for eit møte om næringslivet i Nord-Noreg i januar 1941 (Tromsø 1941, 4). Men på heimen skjedde det også mørkare ting, det blei rapportert om at hirdmenn banka opp og mishandla norske borgarar (Norsk Tidend 1941b, 8).

Våren 1941 sto Einarsen også sentralt i opprettinga av NS sin studentheim i Oslo, blant anna var han ansvarleg for innreiinga (Melsom 1980, 224).

Det siste oppslaget eg har funne der Arthur Einarsen er nemnd i samband med Hirdheimen, Studentheimen og NS si satsing på Nord-Noreg, er frå august 1941 (Vesteraalens avis 1941).

Frå no av figurerer Einarsen berre som «entrepenør» i avisspaltene.

Kva har skjedd? New York-avisa Nordisk Tidende hadde 4. mars 1943 – på eit tidspunkt då mykje tyda på at Nazi-Tyskland ville tapa krigen – eit oppslag om at NS-folk som hadde tjent store pengar, no søkte å «plasere sine formuer slik at de ikke skal kunne konfiskeres når opgjørenes dag kommer». Og dømet dei brukte var Einarsen:

Tidligere stuert Einarsen, som blev bestyrer av Hirdheimen og Studentheimen men senere måtte fjernes grunnet misligheter og unormale tilbøieligheter, har i de siste år tjent sig rik som entrepenør for tyskerne. Han har satt sin formue i en større leiegård som formelt er kjøpt og eies av hans svoger, som ikke er medlem av N.S. (Nordisk Tidende 1943, 2).

Her blir det altså påstått at Einarsen har blitt fjerna på grunn av unormale tilbøieligheter, det vil seia homoseksualitet. Me veit ikkje meir nøyaktig kva som hadde skjedd, men alt tyder på at han har mista sine verv i NS.

Entrepenør og profitør

Frå no av figurerer Einarsen som entrepenør og krigsprofitør i avisspaltene. På julaftan i 1942 har han rykt inn ein annonse i NS sitt hovudorgan Fritt Folk, der han ønskjer alle sine arbeidarar og funksjonærar «samt alle venner og bekjendte i og utenfor partiet» god jul og godt nytt år. «Med nasjonalsosialistisk hilsen, Arthur Einarsen, Gabelsgt. 11, Oslo. – Brekstad (Fritt Folk 1942)». Annonsen kan kanskje tolkast som eit forsøk på å forsikra om at han framleis støtta saka og var «innafor».

Kommunistane si avis Friheten skreiv rett etter frigjeringa at mange entrepenørar under krigen hadde fått tildelt store infrastrukturprosjekt, som bygginga av flyplassen på Ørlandet. I følgje avisa var Einarsen ein slik «entrepenør». Han hadde hatt 303 personar i arbeid (Friheten 1945). Sannsynlegvis var det tvangsarbeidarar blant desse.

25. mai 1945 kunne avisa Nationen melda at Einarsen var konkurs (Nationen 1945). På same sida som konkursmeldinga var avisa sine dødsannonsar. To av annonsane gjaldt unge menn som hadde blitt drepne i tyske leirar. Ein dei av var Ole Jakob Bjanes (1914-44) som i følgje annonsa «døde omkring midten av januar 1944 i Natzweiler av sult og mishandling».

Arthur Einarsen hadde derimot levd godt, først som relativt sentral NS-ar, deretter som profitør. No sto landssvikoppgjeret for døra. 

Landssvik og mordforsøk

Ingeborg Solbrekken har i si bok om landsvikoppgjeret kome inn på Arthur Einarsen, som ho karakteriserer som «konkursrytter, smugler, profitør og landssviker av mildere grad» (Solbrekken 2015, 147).  Om den siste karakteristikken – av mildere grad – er dekkande, kan diskuterast.

I 1945 blei i alle fall Einarsen arrestert og varetekstfengsla på Ilebu. Under landssviksaka blei det påstått at han hadde blitt ekskludert frå NS grunna underslag og homoseksualitet (Solbrekken 2015, 147). Han blei i oktober 1947 dømd til fire års fengsel for sitt medlemskap i NS og for profitørverksemd (Pryser 2018, 236).

Einarsen var også tiltalt for forsøk på drap. Ein annan krigsprofitør, Henry Johansen, hadde lagt ein plan for å drepa tilsynsmannen ansvarleg for landssvikboet hans, høgsterettsadvokat Ingolf Sundfør. Det blei hevda at Arthur Einarsen hadde tatt på seg å gjennomføra dette gjennom å engasjera to frontkjemparar for å utføra drapet. Desse skulle ha blitt tilbode 20 000 kroner (som tilsvarer nesten ein halv million i dag). I staden for å ta tilbodet melde dei det heile til politiet (Fremtiden 1947, 1). Skuldingane heldt ikkje vatn i retten: det blei funne at dei grunna i falske påstandar – Einarsen blei altså frikjend på dette punktet (Pryser 2018, 236). 

Med Raul Castro som messegut

I eit intervju med Akers Avis 1979, fortalde Einarsen at han straks etter konkursen i 1937 drog til USA. Journalisten har openbert ikkje visst noko om krigen og landsvikdommen. Sannsynlegvis var det først etter sona landsvikdom, altså seint på 1940-talet eller tidlet på 1950-talet, at han reiste til USA.

I alle fall fortalde han at han fekk jobb på ei ferje som gjekk frå Florida til Cuba, og til journalisten i Akers Avis hevda han at Raul Castro (f. 1931) hadde arbeidde under han som messegut. I følgje Einarsen var Castro hyggjeleg, men lat, og han enda opp med å gi han sparken. Vidare hevda han at han seinare hadde dratt til Mellom-Amerika der han mellom anna arbeidde på luksusbåten til Nicaraguas autoritære president Lui Somoza. På byrjinga av 1960-talet var han for ei kort tid tilbake i Noreg, og frå 1968 til 1971 dreiv han delikatessebutikk i København. Først i 1971 busette han seg for godt i Noreg: Først var han eit år i Nordland, deretter flytta han til Ammerud i Groruddalen (Heyerdahl 1979).

Pensjonistleiar og lokalpatriot i Groruddalen

På Ammerud etablerte Einarsen seg raskt som ei viktig kraft i lokalmiljøet, og allereie rundt 1972 blei han leiar i Ammerud pensjonistforening. Her engasjerte han seg i viktige lokalpolitiske spørsmål, arrangerte sosiale samankomstar og organiserte turar til Danmark (Heyerdahl 1979). Han blei fleire gonger intervjua om sitt engasjement for pensjonistane og for bydelen, og i 1974 sendte også NRK eit radioprogram der han fortalde frå sitt liv.

Hendingane under krigen var ikkje tema i nokon av avisintervjua, og mest sannsynleg heller ikkje i radioprogrammet. Det einaste hintet i den retning er ei utsegn han kom med til Akers Avis i 1977 der han på spørsmål om kor han stod politisk, svara at han stod så langt til høgre som mogleg, og alltid hadde gjort det. 

Arthur Einarsen døde hausten 1981, 85 år gammal (dødsannonse Aftenposten 10.08.1981). 

Avslutning og vidare forsking

Arthur Einarsen er interessant for fagfeltet skeiv historie av to grunnar: For det første som vert for Norga sine opptredenar, for det andre fordi hans «unormale tilbøyeligheter» fekk konsekvensar under krigen.

Når det gjeld det første er kjeldene sparsame. I boka om Granholmen sto det som nemnd at Einarsen var ein av dei første «offisielle» «homsene». Kva som er kjelda for denne påstanden står det ingenting om, men mest sannsynleg er det basert på rykte i lokalsamfunnet. Formuleringa er prega av at boka er skriven i 2001, på eit tidspunkt då begrepet «open homse» gav meining. På 1930-talet var førestellinga om homoseksualitet som ei legning mindre utbreidd, og oppfatninga om det som ein identitet og at ein kunne vera «offisiell» eller «open» «homse» er først og fremst eit produkt av 1970-talet (sjølv om ein til viss grad også på 30-talet kunne stempla folk som «sånn» eller «homo»). Mest sannsynleg har forfattaren tolka gamle rykte med moderne «identitetsbriller».

I boka om Granholmen blei det hevda at Arthur Einarsen hadde drive «Kelnerklubben» i Oslo. Det har ikkje lukkast oss å finna nokon spor etter denne (for eksempel finst det ingen treff i Nasjonalbiblioteket sine digitaliserte kjelder). Men me veit altså at han var vertskap for Norga sine danseframsyningar på restauranten han dreiv i Drammensveien, Merkur.

Når det gjeld det andre er det interessant at hans «unormale tilbøyeligheter» gjorde slutt på karrieren i NS, samtidig som han kunne halda fram som forretningsmann. Kva det var konkret som hadde skjedd er derimot uklart. Det er mogleg undersøking av fleire kjelder enn det har vore rom for her – spesielt landsviksdommen - kan kasta meir lys over dette. Eit anna spørsmål er om dette blei ordna som ei rein intern sak i NS, eller om også rettsvesenet var inne i biletet. Mykje tydar på det første i og med at han ikkje var forhindra frå å driva næringsverksemd. Det er også interessant at han i første omgang fekk mykje tillit og tydelegvis blei sett på som ein ressurs for NS. I den grad partiet har vore klar over eventuelle seksuelle forhold til menn før hendingane i 1941, har ein sett gjennom fingrane med det.

I 1942 foreslo politiminster Jonas Lie både ei innskjerping av forbodet mot seksualitet mellom menn og at homoseksuelle ikkje skulle kunna vera medlem av NS (Jordåen og Wolfert 2015, 468). Den strafferettslege endringa blei aldri noko av, men ein del nordmenn (og tyskarar i Noreg) blei dømd etter det tyske lovverket. Kva som skjedde internt i NS veit me lite om, men me kjenner fleire døme på personar som fekk høgt tiltrudde stillingar, blant anna diktaren og kulturpolitikaren Åsmund Sveen. Ei hypotese kan vera at det blei gripe inn først når det blei heilt openbart eller der det var misbruk av stilling eller liknande inne i biletet. NS var i slike tilfelle sannsynlegvis tent med at det blei reagert ganske diskret slik at det ikkje vekte unødig stor merksemd og kunne bli brukt mot dei frå motstandskretsar.[2]

Referansar: 

[1] I eit intervju frå 1980 opplyste at han var frå Risøyan i Andøya kommune (Akers Avis 1980, 3).

[2] Dette liknar i tilfelle på situasjonen i Tyskland. Som Alexander Zinn har peikt på, ønskte dei tyske nazistane å unngå merksemd om saker som gjaldt profilerte tillitspersonar i eigne rekker fordi det i tilfelle kunne stadfesta motstandsrørsla sin propagandaklisje om «den homoseksuelle nazist» (Zinn 2018, 534).

 

 

Kjelder og litteratur

Akers Avis Grorudddalen. Portrettet. Arthur Einarsen. Akers Avis Groruddalen, 05.01.1977, 3. 

Akers Avis Groruddalen. 1980. "Vi traf...". Akers Avis Groruddalen, 17.09.1980.

Dagbladet. 1940. N. S.s hirdheim innvies i morgen. Dagbladet, 28. september 1940, 16. 

Davidsen, Roger. 2001. Fra Flatskjær til Granholmen. En lokalhistorisk samling. Samlet av og fortalt til Roger Davidsen. Larvik.

Einarsen, Arthur. 1940. Hirdheimer i alle byer. Fritt folk, 5. november 1940, 3. 

Folket. 1938. Også en storhandel. Kjøper Granholmen for over 100.000 uten å eie en rød øre! Folket. Avholdsfolkets fellesorgan, 18. mars 1938, 1. 

Fremtiden. 1947. 20,000 kroner for å myrde Oslo-advokat. Fremtiden 9. september 1947, 1. 

Friheten 1945. Tyskerne bygde for 1 milliard i Trøndelag. Friheten, 14.09.1945, 1. 

Fritt Folk. 1940. Nord-Norge setter sitt håb til det nye styre. Fritt Folk, 21. november 1940, 5. )

Fritt folk 24.12.1942. 

Harstad Tidende. 1940. Nord-Norge skal ikkje lenger være stebarnet. Harstad Tidende, 23. oktober 1940, 1. 

Hafstad, Daisy Sælen. 2020. Parykker, stiletter og frigjøring. Historien om norsk dragshow. Oslo: Kolofon.

Heyerdahl, Per jr. 1979. Fra syv hav til ett rom og kjøkken. Akers Avis, 22. juni 1979, 3. 

Jakobsen, Kjetil Ansgar, Lovisa Bergmann og Bjørg Evjen. 2022. Tyske holdninger og synet på Nord-Norge. S. 317-347 I Andre verdskrig i Nord. En annerledes hverdag, rediger av Bjørg Evjen. Stamsund: Orkana.

Jordåen, Runar og Raimund Wolfert. 2015. Homoseksualitet i det tyskokkuperte Norge. Sanksjoner mot seksuelle forhold mellom menn i Norge 1940-1945. Historisk tidsskrift, 94 (3), 454-485.

Melsom, Odd. 1980. Fra kirke- og kulturkampen under okkupasjonen. Supplement til okkupasjonshistorien. Oslo: Institutt for norsk okkupasjonshistorie.

Morgenbladet. 1936. Når en sjømann går i land. Stuerten som byttet Neptun med Merkur. Morgenbladet 26. mai 1936, 3. 

Motzfeldt, Birger. 1940. 9. april – og deretter. Tromsø, 9. november 1940, 2.

Tromsø, lørdag 9. november 1940 (nb.no)

Nationen 1945. Konkurs. Nationen 25.05.1945, 5. 

Nordisk Tidende. 1943. N.S.-folk forsøker nu å sikre sine formuer. Nordisk tidende. 4. mars. 1943, 2. 

Nordland. 1940. Nasjonal Samling og Nord-Norge. Hirdheimleder Einarsen uttaler seg om mange problemer. Nordland, 22.. november 1940, 1.

Nordland, onsdag 20. november 1940 (nb.no)

Norsk Tidend. 1941a. Ingen norske beøkende på ustillingene. Norsk Tidend (London), 20. juni 1941, 8.

Norsk Tidend. 1941b. Skamslått mens han naken måtte gå hanemarsj. fredag 5. september 1941 s. 8. 

Pryser, Tore. 2018. Svik, gråsoner og heltemot. Spioner under andre verdenskrig. Nes: Svein Sandnes bokforlag.

RA, FT-1910: Riksarkivet, S-2231: Statistisk sentralbyrå, Folketeljinga 1910 for Dverberg herred.

Solbrekken, Ingeborg. 2015. Landssvikoppgjørets hemmelige historie. Brukte norske rettsmyndigheter krigsforbrytere og nazimetoder ved landssvikoppgjøret? Oslo: Opera.

Tromsø 1941. Nord Norges næringsliv. I Tromsø 14. januar s. 4. 

Vesteraalens avis, lørdag 2. august 1941 (nb.no)

Vestfold Fremtid. 1937. Ingen skjenkerett til Granholmen. Vestfold Fremtid, 3. februar 1937, 2.

Vestlandske Tidende. 1940. Hirdheimen Vestlandske Tidende, 6. november 1940. 

Zinn, Alexander. 2018. «Aus dem Volkskörper entfernt?» Homosexuelle Männer im Nationalsozialismus. Campus: Frankfurt.

Aas, Steinar, Baard Herman Borge og Kjetil Ansgar Jakobsen. 2022. Krigen i nord og Nasjonal Samling. I Andre verdskrig i nord. Overfall og okkupasjon, s. 335-400. redigert av Fredrik Fagertun, Orkana: Stamsund.