Nazisme og homofobi hos Carl Lie

Carl Lie, ukjent teiknar. Henta frå Bjørn Gunnar Olsen: Tranmæl og hans menn (Oslo: Aschehoug 1991)
Carl Lie, ukjent teiknar. Henta frå Bjørn Gunnar Olsen: Tranmæl og hans menn (Oslo: Aschehoug 1991)
Carl Lie (1896-1976) var ein norsk politikar, journalist og redaktør som først var med i arbeidarrørsla, seinare gjorde ideologisk heilomvending og blei aktiv nasjonalsosialist. Han utmerka seg på 1930-talet som ein iherdig antisemitt, og i hans kritikk av den politiske venstresida inngjekk også ein skarp antihomoseksuell retorikk. Lie kritiserte helsedirektør Karl Evangs liberale syn på likekjønna relasjonar og han utmerka seg ved å publisera påstandar om at Martin Tranmæl - Arbeidarpartiets reelle leiar i mellomkrigstida - var homoseksuell.

Carl Lie var frå Vik i Sogn, men flytte tidleg til Bergen der han blei aktiv i Arbeidarpartiet (og ein kort periode i Norges kommunistiske parti, NKP).  På midten av 1920 talet var han redaktør for arbeidarpartiavisa Haugesund Folkeblad. Allereie her markerte han seg med det som skulle bli hans kjenneteikn: ein skarp og direkte stil, som ofte sklei over i det beint fram injurierande mot politiske motstandarar. Lie blei dessutan skulda for fleire tilfelle av svindel, og det ser ut for at dette også var grunnen til at han etter kort tid gjekk av som redaktør i Haugesund. Han byrja etter kvart å bli meir kritisk innstilt til arbeidarrørsla og sosialismen, særleg etter ei reise til Sovjetunionen i 1929 (Anker 2015, 21-25).

Redaktør og nazist

I 1930 grunnla Carl Lie avisa Ekstrabladet i Oslo, der han markerte seg med ein hard retorikk mot sine tidlegare allierte i fagforeiningane og arbeidarrørsla. Avisa blei raskt eit organ for ytste høgre fløy, med sterke innslag av antisemittisme og ein etter kvart tydeleg nazistisk profil.  Lie var involvert i ulike fascistiske organisasjonar som Norsk folkereisning og Norges Nasjonal-Socialistiske Arbeiderparti (NNSAP), men begge stader var fartstida hans kort (Anker 2015, 83-85, Emberland 2015, 177).

Etter nokre år i Oslo flytta Lie til Bergen, der han i 1937 blei redaktør av avisa Samarbeid som hadde vore Nasjonal Samling (NS) sitt organ på Vestlandet. Då han tok over var ikkje lenger avisa knytt til Vidkun Quisling sitt parti, men ho blei framleis oppfatta som eit talerøyr for nazistane i Bergen og omland. Etter at bladet gjekk inn i 1939 grunnla Lie ei ny avis, Norgesposten. Denne kom ut også etter den tyske okkupasjonen av landet, men blei lagt ned etter kort tid - grunnen skal ha vore at Lie hadde uttrykt seg kritisk mot Quisling (Anker 2015, 110). Etterkvart arbeidde han likevel for okkupasjonsmakta, og i 1946 blei Carl Lie dømd til åtte års tvangsarbeid for landssvik (Anker 2015, 110). 

Martin Tranmæl – en psykologisk studie

Som redaktør i arbeidarrørsla si teneste i Haugesund, hadde Carl Lie vore positiv til Martin Tranmæl, men etter brotet med arbeidarrørsla skreiv han særleg kritisk om sin tidlegare helt (Anker 2015, 30). I Haugesund Folkeblad hadde Lie publisert ei oppfordring til militærstreik – noko som førte til ei fengselsstraff på vatn og brød på 12 dagar. Ei rekke andre frå Arbeidarpartiet blei dømd for det same, blant anna Martin Tranmæl. Mens Lie måtte sona, fekk Tranmæl som stortingsrepresentant amnesti. Seinare brukte han dette mot Arbeidarpartiet og særleg Tranmæl, som blei eit ynda hatobjekt i hans nazistiske propaganda (Anker 2015, 21-24).

Eit resultat av denne animositeten, var at Carl Lie i 1935 skreiv boka Martin Tranmæl. En psykologisk studie, utgitt på eige forlag i Bergen. Martin Tranmæls sentrale rolle i Arbeidarpartiets i heile mellomkrigstida er ei anerkjend sanning blant historikarane; han blir ofte karakterisert som partiets reelle leiar i denne perioden (sjå m.a. Olsen 1991, Bjørgum 2021). Lie spelte på dette i boka, der han slo fast at Arbeidarpartiet – eller Tranmælpartiet  som han også kalla det – i praksis blei styrt av Tranmæl og hans folk.  Lies bok var eit oppgjer som mange stader grensa til hets, og som kort og godt handla om at landets største parti var kontrollert av ein sjuk person som mangla karakter, ein vêrhane som var ute av stand til å stå på sine prinsipp (noko dei mange linjeskifta han hadde tatt Arbeidarpartiet gjennom illustrerte). Lie meinte Tranmæls karakteristiske talestil, som av mange blei oppfatta som eit uttrykk for styrke, i realiteten var det motsette, eit vitnemål om ein fundamentalt sett usikker og nervøs karakter:  

Han er et rotløst menneske. Han har ikke giftet sig, ikke stiftet familie, aldri eiet et hjem. Derfor forstår han ikke kjærligheten mellem mann og kvinne eller mellem foreldre og barn, som er det som holder samfundet sammen, og nu skriker han ut sitt hat og sin hån mot borgerne som har hus og hjem, og sin forakt mot det samfund som er bygget på disse hjem. Hele hans syke sinn, hans voldsomme drifter, får utløsning i hans foredrag (Lie 1935: 45).  

Lie meinte Tranmæl sine talar enda opp i ekstase, i epilepsiliknande kramper som hadde samanheng med «sykelige eller perverse anlegg» (Lie 1935, 60).  Trass i at den rørsla han leia hadde hatt stor suksess, var det i følgje Lie inga gled eller lykke å spora hos den fremste norske arbeidarleiaren: Han var nervøs, sur og gretten. Carl Lie samanlikna Tranmæl med venstreføraren og den konservative presten Lars Oftedal i Stavanger, som på slutten av 1890-talet blei avslørt for å ha hatt eit «usømeleg» forhold til ei kvinne. Carl Lie skreiv:

Man minnes uvilkårlig Bjørnsons ord om Lars Oftedal: «Hans urene lyster hadde avsatt sitt grums på hans ansikt». (Lie 1935: 64).

Boka antyda kva «urene lyster» Tranmæl hadde, utan at det blei sagt heilt eksplisitt. Det skulle Carl Lie gjera først nokre år seinare.

Mannfolkelskeriet og svineriet er blitt en motesak

Frå 1937 var avisa Samarbeid i Bergen plattform for Carl Lies høgreekstreme verksemd. Tonen var den velkjent skarpe og til dels vulgære som han hadde reindyrka i Ekstrabladet.

Omtrent samtidig som han tok over redaktøransvaret for avisa byrja bergenspolitiet å etterforska «Den store sedelighetssak», der fleire titals menn var under etterforsking for seksuelle forhold til gutar over og under 16 år. Ein frukthandlar i ein av bydelane hadde fungert som ein slags formidlar («sentral»). Etterforskinga blei omfattande, og bergenspolitiet kom på sporet av ei rekke menn som i 1938 blei dømd, nokon for seksuelle forhold til mindreårige gutar, andre for seksuelle forhold til gutar mellom 16 og 21 år (dei sistnemnde blei då dømd etter «homoparagrafen» i den norske Straffelova, § 213). Mange av sakene var ikkje relatert til den opprinnelege hovudmannen og «sentralen». Saka fekk stor merksemd, og avisene både i Bergen og resten av landet var fulle av stoff om saka og om tematikken hausten 1937 og våren 1938.

Første gongen Samarbeid skreiv om saka var mens etterforskinga framleis pågjekk, 9. desember 1937. Den språklege stilen tyder på at det sannsynlegvis var Lie sjølv som sto bak denne artikkelen. Han klaga over at politiet hadde vore for løyndomsfulle om saka og over at det var mange fleire som burde vore etterforska:

Og hvor mange hundre slike svin går enda løs? Der skal ties, folk skal ikke snakke om det for politiet skal få ro til å rydde op. Rydde op? Hvad skal det ryddes op i? Vet ikke hele byen at flere skuespillere og kunstnere og andre store menn hører til samme svineflokk selv om ikke de har vært med i usedelighetscentralen? Men ryddes der op blant dem, blandt de rike og velstående? Ånei, demoralisasjonen, mannfolkelskeriet og svineriet er blitt en motesak, det eter om sig som råttent kjøtt i alle samfundslag, og det forsvares. Der arbeides fra politisk hold for at disse svin som ødelegger unge gutter ikke skal straffes (Samarbeid 09.12.1937).

Det blei som døme på det siste vist til at Populært tidsskrift for seksuell oplysning hadde agitert for at homoseksualitet ikkje skulle vera straffbart, og at dette blei gitt ut av folk som høyrte til Arbeidarpartiet. At tidsskriftet hadde hevda dette er korrekt, det skjedde i ein artikkel av Karl Evang og Torgeir Kasa i 1932 (men Evang blei først nokre år seinare medlem av Arbeidarpartiet). Lie viste også til at Evang i boka Rasepolitikk og reaksjon (1934)hadde beklaga at to vaksne homoseksuelle i Noreg hadde «næsten ingen mulighet for å oprette en verdifull og varig kjønnsforbindelse».

Både i artikkelen i 1932 og i dette sitatet er det ingen tvil om at det var likekjønna forhold mellom vaksne Evang meinte burde aksepterast. Carl Lie har sannsynlegvis vore klar over dette, men det var ikkje uvanleg at han med vilje feilrepresenterte motstandarane sine synspunkt. Også i andre medium og i diskusjonen generelt i 1937 og 1938 blei det likevel ofte trekt ei linje mellom homoseksualitet mellom vaksne og seksuelle forhold til mindreårige. Det var ei utbreidd oppfatning at forhold til andre av same kjønn kunne føra til at ungdom kunne utvikla seg til å bli homoseksuelle (den såkalla «forføringsteorien»).

Nota Bene: Ingvald Garbo i Bergens Arbeiderblad

I tillegg til Evang inneheldt saka også eit utfall mot ein annan representant for venstresida, signaturen Nota Bene i Bergens Arbeiderblad, som i følgje Lie hadde hevda at personane som var under etterforsking i Bergen ikkje burde fengslast, men slutta seg saman i ei foreining (Samarbeid 09.12.1937).

Spalta «Dagens Epistel» var eit populært dagleg innslag i Arbeidarpartiet si dagsavis i Bergen, og det var allment kjend at mannen som gøymde seg bak signaturen Nota Bene, var lektor ved Sydneshaugen skole Ingvald Garbo (1891-1941). I si daglege avisspalte åtvara han blant anna sterkt mot fascismens framvekst. Etter okkupasjonen gjekk han inn i motstandsarbeid og blei for dette likvidert av nazistane i 1941 (Sommerfeldt 1946, 21; Abraham 2018, 292). Garbo var far til den seinare markante venstrepolitikaren Gunnar Garbo (1924-2016).

Lies framstilling av kva Garbo hadde skrive var karakteristisk for metoden hans, han feilrepresenterte med vilje det ein motstandar hadde skrive for å stilla det i eit dårlegast mogleg lys. Om me ser på kva Garbo faktisk skreiv, er inntrykket ikkje heilt det same. Teksten Lie sikta til var skrive som «Dagens epistel» allereie 2. november, og forfattaren hadde tatt til orde for at ein måtte vurdera personar som var tiltrekt av sitt eige kjønn ut frå fornuft og ikkje følelsar. I følgje Garbo var det

[…] oss andre uvedkommende om herrene X og Y finner behag i hverandres selskap. Hvad der foregår dem imellem, får bli deres egen sak. Vår sak og samfundets sak blir det først når én av de herrer X og Y gjør tilnærmelser til nogen av dem som står utenfor den lille krets av sjelelig vanskapte vesener som de selv tilhører (Bergens Arbeiderblad 2.11.1937).

Om desse tilnærmingane blei gjort overfor ein annan vaksen mann, kunne ein på ein måte la det passera, men om dei blei gjort overfor born var det ei anna sak, meinte Garbo:

Forseelser mot mindreårige er motbydelig. Dobbelt motbydelig virker de når de er rettet mot barn av ens eget kjønn (Bergens Arbeiderblad 2.11.1937).

Garbo nemnde i sin epistel ingenting om den aktuelle saka i Bergen, men det var tydeleg at den utgjorde bakteppet for det han skreiv. Mens han i dette tydelege språket fordømte forhold til mindreårige, meinte han samtidig at samfunnet måtte seia klart og tydeleg til menn og kvinner som var tiltrekt av same kjønn at

[…] hvis dere holder dere for dere selv, lukke vi øinenene for at dere egentlig er en slags fødte invalider. Dann et samfund i samfundet, med deres egne klubber, egne sammenkomster, deres egne hemmelige innbyrdes kjennetegn. Det er noget vi vil betrakte som oss uvedkommende. Rør bare ikke ved oss eller våre barn. For da smeller det! (Bergens Arbeiderblad 2.11.1937).

Garbos retorikk var altså langt frå nokon heilhjarta omfaning av likekjønna forhold, all den tid han karakteriserte dei det gjaldt som sjeleleg vanskapte vesen som berre kunne aksepterast på vilkår (Garbo hadde også tidlegare i si spalte omtalt temaet på ein liknande måte, f.eks. 19. november 1935). På 1930-talet var dette likevel eit «progressivt» syn, som på sett og vis likna på det Karl Evang og Torgeir Kasa sto for (sjølv om det også var skilnader, dei sistnemnde opna for at homoseksualitet ikkje alltid var ein sjukdom, men ein normalvariasjon, og hevda at forhold mellom personar av same kjønn kunne vera «verdige og verdifulle»).

Når Carl Lie prøvde å hefta desse forsiktig og avgrensa homopositive synspunkta til Arbeidarpartiet sin ideologi, måtte han retta skytset mot enkeltpersonar som Garbo og Evang og til dels også vri på det dei faktisk sto for; dette var ikkje ei sak der partiet som sådan hadde flagga noko synspunkt.

Sodomitteriet florerer som før

Den 9. desember 1937 hadde Carl Lie avslutta sin harang med å slå fast at det trongst «en oprensning i muddermølen nu og en utryddelse av rumpetrollene om ikke tusener av ungdommer skal ødelegges.» (Samarbeid 09.12.1937). I midten av mars 1938, etter at fleire av dommane hadde falle, greip Lie igjen til pennen. Denne gongen var det i form av ei sak som var slått stort opp på framsida, som var underskrive «red.» og som kan tolkast som ein leiarartikkel. Her klaga han over at ein del av mennene hadde fått milde eller betinga dommar (fengsel på vilkår).

Dei fleste av dommane knytt til saka fall i februar og mars 1938. Om me ser nærmare på dei, er det rett at fleire av mennene faktisk blei dømd til fengsel på vilkår. Dette gjaldt då særleg dei som berre hadde blitt funne skuldige i seksuelle forhold til gutar over 16 år, og dermed ikkje var dømd for seksuelle forhold til mindreårige, men for seksuelle forhold med menn etter Straffelovas § 213. Dei fleste av dei som blei dømde for mange forhold til mindreårige gutar, fekk derimot fengselsstraffar på opp til fleire år kvar (sjå Jordåen 2003, 100).

Carl Lie var altså sterkt kritisk til at fleire av dommane var milde, og han kom med harde utfall mot politiet og statsadvokaten. Konsekvensen var i følgje Lie alvorlege:

Sodomitteriet florerer som før og vil florere. […] Og rumpetrollene valtrer gjennem gatene på jakt efter mannfolk som før (Samarbeid 17.03.1938).

Han meinte statsadvokat Ivar Arctander burde søka seg til eit anna distrikt, og spurde retorisk om han kanskje allereie hadde meldt seg inn i Arbeidarpartiet, «så han kan tillate sig hvad som helst?»

Nok ein gong knytte altså Carl Lie sine merknader om sedelighetssaka til sin pågåande aggressive retorikk mot Arbeidarpartiet spesielt og arbeidarrørsla generelt. Han hevda at alle bortsett frå kommunistane og Bergens Arbeiderblad hadde vore samde i Samarbeids sterke kritikk, og knytte dette til ein påstand om at verken homoseksualitet eller «samliv med mindreårige» var straffbart i det kommunistiske Russland. (Dette var til dels basert på faktiske forhold, om enn ikkje heilt up to date: likekjønna forhold hadde blitt avkriminalisert i Sovjetunionen etter revolusjonen i 1917, men Stalin hadde gjeninnført forbodet i 1934.)

Sodomitten Tranmæl

I omtalen av sedelighetssaka i 1938 hadde Lie etter påstanden om at homoseksualitet ikkje var straffbart i Russland lagt til: «Eia var vi der! roper Tranmælittene»  (Samarbeid 17.03.1938).

Med «Tranmælittene» kunne ein forstå anten heile Arbeidarpartiet, eller den nære krinsen rundt partiets førande politikar. Men utover dette blei Tranmæl sitt namn halde utanfor Samarbeids omtalar av den store sedelighetssaka.

Eit år seinare skulle Carl Lies Samarbeid igjen knyta Arbeidarpartiet til homoseksualiteten, og denne gongen slapp ikkje Tranmæl unna. No var det ei meir overraskande ramme rundt angrepet, det handla om eit forslag om tvungen vaksine av born. Saka var slått stort opp på framsida, men denne gongen var det naturlegen og nazisten Paul Gudmund Gundersen (1901-1957) som var forfattar. På dette tidspunktet hadde Karl Evang, som av høgresida blei oppfatta som den fremste representanten for ein radikal seksualpolitikk i Noreg, blitt utnemnd til medisinaldirektør av arbeidarpartiregjeringa. Det var vel i kraft av å driva med naturmedisin at Gundersen reagerte på framlegget til vaskinereglement, som tydelegvis hadde kome frå Evangs hand:

Nu skal foreldrene straffes med fengsel hvis ikke de vil la uansvarlige læger sprøite gift inn i armen på sine barn. Det er den nye medisinaldirektør Karl Evang, utnevnt til sitt embede av sodomitten Tranmæls nåde, som bestemmer dette (Samarbeid 28.04.1939).

Evangs positive syn på homoseksualitet blei i følgje Gundersen belønna:

Derfor sørget Martin Tranmæl som selv hører til de homoseksuelle, for å få Evang utnevnt til medisinaldirektør for å få en lov som kan frita menn som har omgang med gutter og menn for straff (Samarbeid 28.04.1939).

Som forklaring på korfor Evang blei utnemnd til medisinaldirektør, er denne påstanden i beste fall tvilsam; men koplinga homoseksualitet-Tranmæl-Evang var i alle fall eit nytt bidrag i ytre høgre sin propaganda mot arbeidarrørsla.

Paul Gudmund Gundersen sin bakgrunn avslører at han hadde fleire års fartstid i den nazistiske rørsla: Då han på byrjinga av 1930-talet budde i Berlin blei han dei norske nazistane i NNSAP sin representant i landet. I tillegg rakk han å bli tatt opp i ei SS-avdeling i den tyske hovudstaden (Emberland og Kott 2012, 84), før han vendte tilbake til Norge og slo seg ned i Bergen. Under den tyske okkupasjonen jobba han for Abwehr i Noreg og i 1947 blei han dømd for landssvik til 3 år og 6 månader tvangsarbeid (Arbeidet 25.2.1947, Dagen 28.2.1947). 

Det var altså Gundersen, og ikkje Lie, som enda opp med beint fram å hevda at Tranmæl var homoseksuell. Carl Lie stilte seg ved å slå saka opp på framsida, uansett bak både vaksinemotstanden og sleivsparka til Evang og sin gamle erkefiende Tranmæl.

Her må også nemnast at ei antyding om Tranmæls seksualitet hadde vore fremja i avisa allereie sommaren 1938, då i ei slags satirisk innpakning. Bakgrunnen for artikkelen var at det nettopp var skipa eit «socialist-lag for vanføre». Skribenten harselerte med dette, og meinte at ein no kunne venta seg danninga av ei rekke nye lag:

[…] Socialistisk Kreftlag, Lag av Fleinskalla Socialistar, Veneriske Marxisters Forbund, Hjulbente Sovjetvenners Union, Socialistiske Gevekstproducenters Liga, Socialistiske Sodomittars Foreining med Tranmæl til formann o.s.b. Alt for partie! (Samarbeid 8.7.1938).

Innlegget er ikkje underskrive, men sidan det var skrive på nynorsk, var det neppe Carl Lie sjølv som hadde ført det i pennen.

Påstandane om Martin Tranmæl har sannsynlegvis vore basert på at det faktisk gjekk rykte om seksualiteten hans. Tranmæl levde ugift heile livet, og biografen Bjørn Gunnar Olsen meinte å kunna slå fast at han var homofil (Olsen 1991). Olsen baserte seg i hovudsak på informantar i arbeidarrørsla som hadde kjent Tranmæl. I kor stor utstrekning hans interesse for andre menn var kjent i samtida, er uvisst. Det kan i alle fall sjå ut som det sjeldan var noko som blei brukt mot han skriftleg av motstandarar. Dette kan henga saman med uskrivne normer i pressa om å ikkje komma med denne slags påstandar om privatlivet til offentlege personar.

Utan injurierande kraft?

Lie sine påstandar om politiske motstandar var ikkje alltid kjent for å ha rot i verkelegheita. Til dømes hadde han tidlegare hevda at historikaren Edvard Bull og venstrepolitikaren Johan L. Mowinckel var av jødisk opphav, noko som ikkje stemmer (Anker 2015, 72-73). At Lie slik var kjent for å ha ropt «Ulv! Ulv!» ved andre høve, tok kanskje noko av brodden av påstandane i dette tilfellet. Samarbeids tilknyting til ei nazirørsle som på slutten av 1930-talet var både splitta, svekka og heilt marginalisert politisk, bidrog vel heller ikkje til at motstandarane tok særleg seriøst det som kom frå den kanten. Dette kan vera forklaringa på at verken Bergens Arbeiderblad eller Ingvald Garbo ser ut for å ha tatt seg bryet med å svara på kritikken.[1] Det betyr ikkje at det Lie hadde skrive ikkje blei lagt merke til. I NKP sitt bergenske organ Arbeidet, skreiv for eksempel Herbrand Lavik (1901-1965) om Samarbeids omtale av den store sedelighetssaka: 

Den smakte nesten av pogrom, mot de homoseksuelle, den forlangte nesten med navns nevnelse å få alle de mere eller mindre kjente homoseksualister i byen utlevert med hodene på et fat. Det var en av de mest nådeløse terrorartikler saken i det hele tatt har foranlediget (Arbeidet, 26.2.1938).

Påstandane om Martin Tranmæl var å tråkka over ei linje som den norske pressa elles stort sett ser ut for å ha halde seg innanfor ved ikkje å omtala (homo)seksualiteten til politiske motstandarar. Det var sikkert mange grunnar til dette: frå ein reell respekt for privatlivets fred til ein frykt for at slike påstandar potensielt kunne ha ein boomerang-effekt, i og med at dei fleste politiske grupperingar vel hadde folk i sine rekker som kunne ligga dårleg an om skytset blei retta motsett veg. Den norske arbeidarpressa spreidde rettnok både konkrete historier om homoseksualitet hos prominente tyske nazistar, som Ernst Röhm og Edmund Heines, og meir generelle påstandar om at nazismen var ein ideologi som hadde ein særleg affinitet til homoseksualitet (sjuke, perverse drifter); konkrete skuldingar om det same mot individuelle norske representantar for nazirørsla, ser derimot ut for å vera så godt som fråverande i den norske sosialistiske pressa (med atterhald om at dette ikkje er studert i detalj). Når Carl Lie som redaktør av Samarbeid peikte direkte på Tranmæl og hevda at han var homoseksuell – og dermed gjorde seg til representant det som seinare har blitt kalla «outing» -  ser det altså ut for at han gjorde noko uvanleg og til då ganske uhørt i norsk samanheng.

Vidare forsking

Denne artikkelen er basert på søk i dei utgåvene av Samarbeid som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket si bokhylle, samt nokre tekstar i andre bergensaviser som heng direkte saman med det Lie skreiv. Vidare har eg lese Carl Lies bok om Martin Tranmæl. Når det gjeld biografiske opplysningar har eg stort sett basert meg på sekundærlitteratur, særleg Morten Anker si masteroppgåve (Anker 2015).

Lie var ei marginal politisk røyst i mellomkrigstida, men han er like fullt interessant på mange plan. Når det gjeld hans omtale av homoseksualitet kan det lesast som eit døme på ei «politisering» av temaet i mellomkrigstida. På 1930-talet blei homoseksualitet etablert som eit begrep som var oftare brukt enn før (så seint som tiåret før hadde svært sjeldan forekome i avisene), og det kan sjå ut som det også blei politisert i større grad enn før, altså knytt til motsetningar mellom parti og ideologiar, slik me har sett Lie og Gundersen (og til dels Garbo) gjorde i dei refererte innlegga. Ei meir systematisk utforsking av Carl Lie si verksemd som redaktør og skribent - frå Haugesund Folkeblad via Ekstrabladet og Samarbeid til Norgesposten – kunne vore interessant for å sjå om dette temaet var noko han var opptatt av over tid, og i tilfelle korleis han framstilte det.

Ei vidare utforsking av dette kan også vera eit bidrag til eit større studium av korleis homoseksualitet blei forstått av norske fascistar og nazistar. Dette er ikkje tidlegare systematisk utforska anna enn i meir avgrensa samanhengar knytt til kortare periodar eller einskildpersonar (sjå for eksempel Emberland og Rougthvedt 2004, Kristiansen 2006 og Jordåen og Wolfert 2014).


[1] I alle fall fann eg ingen spor etter noko tilsvar på innlegget frå 9. desember 1937 ved gjennomgang av utgåver av Bergens Arbeiderblad frå 10. desember til jul dette året.

Litteratur:

Aviser, sjå referansar i parantes i teksten.

Abraham, Ole-Jacob. 2018. «Ingvald Garbo». I Kem va de? – om noen bergenske personligheter på 1900-tallet, redigert av Eilert Munch Lund, 289-295. Bergen: Kapabel.

Anker, Morten. 2015. «Nasjonal Reisning. Carl Lie, Ekstrabladet, Norsk Folkereisning og Norges Nasjonal-socialistiske Arbeiderparti. 1930-1933.» Masteroppgave, Universitetet i Oslo.

Bjørgum, Jorunn. 2021. «Martin Tranmæl.» I Norsk biografisk leksikon på snl.no. Henta 18. mars 2021 frå https://nbl.snl.no/Martin_Tranm%C3%A6l.

Emberland, Terje. 2015. Da fascismen kom til Norge. Den nasjonale legions vekst og fall, 1927-1928. Oslo: Dreyer.

Emberland, Terje og Matthew Kott. 2012. Himmlers Norge. Nordmenn i det storgermanske prosjekt. Oslo: Aschehoug Pocket.

Emberland, Terje og Bernt Rougthvedt. 2004.  Det ariske idol. Forfatteren, eventyreren og nazisten Per Imerslund. Oslo: Aschehoug.

Jordåen, Runar. 2003. «Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Noreg, 1886-1950». Hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Bergen.  

Jordåen, Runar og Raimund Wolfert. 2015. Homoseksualitet i det tyskokkuperte Norge. Sanksjoner mot seksuelle forhold mellom menn i Norge 1940-1945Historisk tidsskrift, 94 (3), 454-485.

Kristiansen, Hans W. 2006. Norske homoseksuelle og antihomoseksuell retorikk i NS-pressen (1940-1945). I P.O. Johansen (red.), På siden av rettsoppgjøret, Oslo 2006: 303-336.

Lie, Carl. 1935. Martin Tranmæl. En psykologisk studie. Bergen : Eget forlag.

Olsen, Bjørn Gunnar. 1991. Tranmæl og hans menn. Oslo: Aschehoug.

Sommerfeldt, W.P. 1946. Forfattermerker i norske aviser og tidsskrifter. Oslo: Fabritius & Sønner.