§ 213 i Straffelova

Forsiden til boken § 213 - Onde eller nødvendighet? som ble utgitt av DNF-48 i 1970
Forsiden til boken § 213 - Onde eller nødvendighet? som ble utgitt av DNF-48 i 1970

§ 213 i Straffelova av 1902 hadde følgjande ordlyd:

Finder utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige eller som medvirker dertil, med fængsel indtil 1 aar. Med samme straf ansees den, som har utuktig omgjængelse med dyr. Paatale finder alene sted, naar det paakræves af almene Hensyn.

I Noreg hadde det vore forbod mot likekjønna seksualitet sidan 1100-talet. I Christian Vs Norske lov frå 1687 var det dødsstraff for «omgjængelse mod naturen», som også dekka sex mellom menneske og dyr. I 1842 blei straffa redusert til straffarbeid mellom ½ og 3 år.

Det opphavleg religiøst grunngjeve forbodet blei stilt spørsmål ved på 17- og 1800-talet, og nokon stader, som i Frankrike i 1792, blei straffa oppheva. Då ei ny norsk straffelov skulle utarbeidast på slutten av 1800-talet ville Straffelovkommisjonens formann Bernhard Getz først gjera det same. Resten av kommisjonen og Stortinget var ikkje einig i dette, og vedtok den nemnde paragrafen.

Paragrafens tredje ledd om «almene Hensyn» gjorde at han berre blei brukt når det var heilt spesielle forhold som kravde det: «offentlig forargelse» og «forførelse» av unge menneske (i praksis blei då paragrafen ofte brukt som ein høgre seksuell lågalder for homo- enn heteroseksualitet).

Mellom 1905, då lova tredde i kraft, og 1950 var det i følgje statistikken 119 personar som blei dømd etter paragrafen.

Frå slutten av 1800-talet oppfatta psykiatrien homoseksualitet som noko som kunne vera medfødd. Samtidig såg dei fleste psykiatrane det slik at mange også var fødd biseksuelle. Om dei då blei utsett for homoseksualitet i ungdomsåra, kunne seksualiteten gå i feil retning, ein kunne bli varig homoseksuell. Særleg var psykiatrane redd for at vaksne homoseksuelle kunne «forføra» ungdom til å bli homoseksuelle. Ut frå denne «forføringsteorien» blei det to gonger, i 1925 og 1953 foreslått at forbodet skulle erstattast med ein paragraf som straffa seksualitet med personar under 21 år og 18 år (til samanlikning hadde heteroseksuelle forhold ein lågalder på 16 år).

Desse forslaga blei begge avviste av Storting og regjering, men bruken av paragrafen samsvarte til ein viss grad med intensjonane i dei.

Trass i at § 213 blei lite brukt, hadde han stor symbolverdi og var med på å understreka det negative synet på homoseksualitet i samfunnet. Organisasjonen Det norske forbundet av 1948 kjempa difor intenst mot paragrafen ein periode på 1950-talet og så igjen frå slutten av 1960-talet. Når Stortinget oppheva paragrafen i 1972 var det den største store sigeren for den norske homorørsla. Dette la grunnlaget for all seinare kamp for større aksept for likekjønna seksualitet og for eit større kjønns- og seksualitetsmangfald.

I 2022 er det derfor nasjonal markering av at det er 50 år sidan opphevinga. Skeivt kulturår 2022 skal bidra til betre dokumentasjon og formidling av historie om kjønns- og seksualitetsmangfald i Noreg.

Les meir om historia til § 213 i denne grundigare artikkelen   - ein oppdatert kunnskapsstatus om paragrafens historie.