Historia om § 213

Karen-Christine Kim Friele Skeivt arkiv § 213
Kim Friele kjempet en åpen kamp mot § 213. Hun holdt foredrag, skrev artikler og påvirket politikere gjennom direkte møter (Skeivt arkiv, A-0001, Karen-Christine Friele).
§ 213 i Straffelova av 1902 gjorde at seksuelle forhold mellom menn kunne straffast med fengsel inntil eitt år. Då paragrafen blei oppheva av Stortinget i 1972 var det den første store sigeren i den norsk homokampen og kampen for skeive sine rettar.

I Noreg har det eksistert lover mot likekjønna seksualitet sidan 1100-talet. I Christian Vs Norske Lov av 1687 var straffa sett til dødsstraff – "baal og brand". Forbodet gjaldt "omgjængelse mod naturen"  – også kalla sodomi – som i tillegg til forhold mellom personar av same kjøn også gjaldt sex med dyr.

Grunngjevinga for straffa hadde tradisjonelt vore religiøs og direkte basert på ei fortolking av Bibelen: ein såg for seg at Gud ville straffa samfunnet hardt om ein ikkje hadde slike lover. På 1700- og 1800-talet skjedde det ei såkalla sekularisering som innebar at ein byrja å skilja skarpare mellom religion og samfunn og stilla spørsmål ved gamle lover.

Det mest radikale brotet med fortida skjedde i Frankrike under revolusjonen, her blei forbodet mot sodomi heilt fjerna i 1791. Med Napoleon sine erobringar av store delar av Europa blei denne avkriminaliseringa spreidd til mange land, til dømes Spania, Frankrike, Italia og delar av Tyskland.

Andre statar som England, Preussen, Austerrike og dei skandinaviske landa hadde framleis forbod, men også her skjedde det endringar. Juristane beskreiv ikkje lenger forbodet i reint religiøse termar, men viste til at det skulle tena samfunnet og folk si rettskjensle. Desssutan blei dødsstraffa fjerna i mange land. Dette skjedde også i Norge – i den nye Kriminallova av 1842 var straffa redusert til straffarbeid frå eit halvt til tre år for omgjengelse mot naturen (lovas § 18-21).

Ei ny straffelov blir til

Professor Bernhard Getz var den fremste norske eksperten på strafferett på slutten av 1800-talet, og i 1885 blei han formann for Straffelovkommisjonen, komiteen som skulle førebu ei heilt ny straffelov.  To år seinare kom han med eit utkast til ei ny slik lov, inspirert av moderne idear om at lova ikkje berre skulle vera eit eksempel og ein straff for den enkelte, men skulle motverka at kriminalitet spreidde seg. I tråd med dette foreslo han at det ikkje skulle vera noko forbod mot seksualitet mellom personar av same kjønn. Grunnen til dette var at han ikkje trudde ein slik straffetrugsel ville ha nokon preventiv effekt, at dei det gjaldt – som på denne tida gjerne blei kalla "pederastar" - ikkje ville la seg hindra av eit forbod og ein trugsel om straff. Det var nemleg slik at dette i følgje vitskapen var eit resultat av ein sjukeleg tilstand som gjorde at det som for "normale Individer" blei oppfatta som naturstridig "for Pæderasten netop er naturligt" (Stortingsforhandlinger 1889, s. 10).

Getz baserte seg her på heilt nye teoriar innan psykiatrien om at homoseksualitet var ein sjukleg medfødd tilstand, enkelt sagt det som seinare har blitt kalla ein "legning". I tillegg meinte han det kunne vera skadeleg for samfunnet å bringa for mange slike saker opp for rettsvesenet, det ville bidra til "at afdække, hvad i Samfundsmoralens egen Interesse helst bør forblive saa skjult som mulig" (ibid.)

Resten av Straffelovkommisjonen var ikkje einig med sin formann, og rådde i 1888 til at forbodet blei ståande, berre med ein endra ordlyd. Kommisjonen  ønska at den gamle og vanskeleg forståelege formuleringa om "omgjengelse mot naturen" skulle erstattast med ein paragraf som sa meir direkte og spesifikt  at seksuell omgang mellom menn eller mellom menneske og dyr var forbode (Halsos 1999: 40). I 1889 endra Stortinget § 18-21 i tråd med dette forslaget (Aarset 2000: 121).

Grunnen til denne endringa i 1889 var at Stortinget nokre år før hadde innført domstolar med såkalla lekmenn, det vil seia at folk som ikkje var juristar var med og dømde. Dermed måtte lovteksten vera forståeleg for alle. Men denne endringa kom også til å få direkte følgjer når ei heilt ny Straffelov no skulle lagast. Getz var framleis formann for Straffelovkommisjonen, og han hadde gitt opp å få gjennom sitt syn om at homoseksualitet ikkje skulle vera straffbart (Getz 1892, 81).  Kommisjonen foreslo derfor at det framleis skulle vera eit brotsverk, og i 1902 vedtok Stortinget Straffelova der § 213 gjekk som følgjer:

Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 aar. Med samme straff ansees den, som har utugtig omgjængelse med dyr, eller som medvirker dertil. Paatale finder alene sted naar det er paakrævet af almene hensyn (sitert frå Halsos 1999: 42).

Paragrafen hadde med andre ord tre ledd: Det første gjaldt utuktig omgang mellom menn, det andre mellom menneske og dyr. Samankoplinga av desse to brotsverka, som me har sett har røter tilbake til 1687, blei med andre ord vidareført og ståande heilt fram til paragrafen blei oppheva i 1972. Det tredje leddet sa at paragrafen berre skulle brukast når almene hensyn tilsa det.

Det siste har blitt tolka som at resten av kommisjonen godtok ein del av Getz sin argumentasjon frå 1887 mot å handheva eit slik forbod med mindre det var spesielle, skjerpande forhold som tilsa det. Det var med andre ord eit kompromiss mellom Getz og resten av kommisjonen (Halsos 1999, 103). Straffelovkommisjonen argumenterte for at "denne Forbrydelse ikke netop bør søges fremdraget til Paatale, hvor den foregaar ubemærket og paa en Maade, der ikke særlig skader almene Interesser" (ibid).  

§ 213 og kvinner

Fram til midten av 1800-talet hadde det vore usikkert om også seksualitet mellom kvinner kunne straffast (sjå m.a. Skjoldhammer 2018) . Frå 1889 sto det svart på kvitt at forbodet berre gjaldt seksualitet mellom menn (og med dyr), og dette blei altså vidareført med § 213 i straffelova av 1902.

Korfor blei det slik? Straffelovkommisjonen hadde ikkje noko god grunngjeving for dette, noko som fekk Stortingsrepresentanten Gunnar Graarud til å reagera og foreslå at "af Mandkjøn" skulle erstattast med "af samme Kjøn". Justistminsiteren, Ole Anton Qvam, protesterte kraftig på dette.

Legemlig omgjængelse, kjønslig omgjængelse mellem to kvinder – har man hørt noget saadant? Det hører jo til de umulige ting. Man kunde jo ligesaa godt da gaa saavidt, at man indførte en straf for onani eller sligt. Nei det byder mig imod (Stortingsforhandlinger 1901/02 Vol. 51 Nr. 8, s. 205).

Det er vel heller tvilsamt at Qvam verkeleg ikkje kunne forestilla seg at slike handlingar mellom kvinner fann stad. I debatten deltok også venstrerepresentanten Gustav Theodor Baumann frå Nordland, som viste til at paragrafen berre skulle brukast når noko allereie hadde blitt offentlig kjend "og den art utugtige handlinger, som represæntanten her foreslaar belagt med straf, foregaar jo end mere i det skjulte og useet end den anden forbrydelse" (ibid, 204). Sannsynlegvis var det dette, og ikkje det at ein ikkje kunne førestilla seg sex mellom kvinner, som gjorde at ein helst ikkje ønskte å ramma også forhold mellom kvinner av forbodet.

Mannleg homoseksualitet var sidan slutten av 1800-talet knytt til møtestader i det offentlege byrommet, som parkar og offentlege toalett. Kvinneleg homoseksualitet var langt meir usynleg og sjølv om mange kvinner budde saman og hadde nære og intime forhold til andre kvinner, blei dette sjeldan oppfatta som noko seksuelt, og i alle fall ikkje snakka om som det (Hellesund 2003).

Qvam verka opprørt over at Graarud fann på å ta opp spørsmålet, og var sannsynlegvis glad for at debatten blei kort. Graarud fekk berre 17 røyster for sitt forslag.

Endringsforslaget i 1925 og forføringsteorien

Utover på 1900-talet utvikla det seg ein sterk debatt om sedelighetsbrotsverk, særleg dei som råka barn og unge. Av den grunn blei det utnemnd ein ny komite, Straffelovkomiteen, for å gå straffelova nærmare etter i saumane (Halsos 1999: 42).

Komiteen foreslo i 1925 endringar i fleire av paragrafane som gjaldt seksualbrotsverk, dette inkluderte også § 213. Med dette forslaget ville homoseksualitet mellom personar over 21 år bli heilt lovleg. Paragrafen inneheldt i staden eit forbod for personar over 25 år å ha sex ("utugtige handlinger") med person under 21 år. Dessutan skulle alle over 21 år "som forfører til utugigte handlinger" personar av same kjønn under 21 år straffast og alle over 18 år som dreiv med likekjønna prostitusjon (Halsos 1999: 44).

Denne gongen var det med tre legar i komiteen, Tove Mohr, Ingeborg Aas og Ragnar Vogt (sistnemnde var landets einaste professor i psykiatri). Allereie Getz hadde bygd på legevitskapen sine nye teoriar om homoseksualitet då han foreslo avkriminalisering i 1887. At legane no var så tungt representerte i komiteen fortel oss at legevitskapen, og særleg psykiatrien, i samtida blei oppfatta som ein profesjon med særleg kompetanse på den menneskelege seksualiteten.

Mange psykiatrar, m.a. Henrik Dedichen, hadde sidan slutten av 1800-talet argumentert for at homoseksualitet i dei fleste tilfella var ein medfødd tilstand som den enkelte ikkje sjølv kunne noko for og som berre vanskeleg let seg endra (Jordåen 2010). Straffelovkomiteen si grunngjeving for å fjerna forbodet mot sex mellom vaksne av same kjønn, var påverka av dette: Komiteen hevda at det ville vera like urimeleg å straffa ei "medfødt homoseksuelle kjønnsdrift" som om ein skulle straffa "den seksuelt normale manns og kvinnes kjønnslige omgang" (sitert frå Halsos 1999: 62).

Samtidig meinte komiteen at ikkje alle var "medfødt homoseksuelle". Mange hadde i staden ein seksualitet som var ubestemt før han gjekk i den eine eller andre retninga i 20-årsalderen. For desse biseksuelle personane ville "homosexuell forførelse" kunna føra til at dei blei varig homoseksuelle (Halsos 1999, 62). Denne teorien er seinare blitt kalla "forføringsteorien".

Det var psykiateren Ragnar Vogt som sto bak grunngjevingane for den føreslått endra § 213. Den ville altså ha gjort homoseksualitet mellom vaksne over 21 år lovleg, men ville til gjengjeld ha ført til ei strengare og meir omfattande straffeforfølging av homoseksuelle forhold mellom personar over 25 eller 21 år og dei under. Strafferamma var innskjerpa til fengsel inntil 2 år, og denne gongen var ordet "personer" konsekvent brukt, paragrafen gjaldt altså både kvinner og menn. Paragrafen kunne dermed ha ramma ei kvinne på 22 år som hadde eit forhold til ei kvinne på 20. Det er grunn til å tru at lova, om ho hadde blitt innført, hadde blitt brukt mykje hyppigare enn den eksisterande § 213. Det tredje leddet om "almene hensyn" var nemleg også fjerna i forslaget frå 1925. Meldinga frå straffelovkomiteen var altså at homoseksualiteten framleis måtte kjempast mot og hindrast der heteroseksuelle handlingar ville vore lovlege.

Straffelovkomiteen sitt framlegg til ny § 213 skulle aldri bli vedtatt: Regjeringa og justisdepartementet såg det som "…overveiende betenkelig å legalisere perverse forhold av den her nevnte art" (Halsos 1999: 44).  Difor blei ikkje forslaget til endring av § 213 fremja for Stortinget; paragrafen blei verande som han var. I Justisdepartementet må ein ha vore klar over at § 213 var sjeldan brukt og at den nye paragrafen sannsynlegvis ville bli langt meir aktivt handheva. Me kan gjetta på at motstanden mot endringa handla mest om signaleffekten: ved å gå inn for det som kunne oppfattast som ei liberalisering, kunne ein stått i fare for skarp kritikk og ein større debatt om eit tema ein helst såg det blei snakka så lite om som mogleg.

Bruken av paragrafen 1905–1950

I realiteten hadde den eksisterande paragrafen vore svært sjeldan i bruk, og då berre i heilt spesielle tilfelle. I 1887 hadde Getz hevda

[…] at Straffeloven her gjør rettest i at lukke Øinene til for det, der ei selv enten frækt træder frem i dagen eller indeholder en Krænkelse af andres Ret, et Forsøg paa at fordærve andre." (Stortingsforhandlinger 1889, s. 10).

Intensjonen frå dette forslaget blei som me har sett tatt med inn i § 213 i og med paragrafens tredje ledd. "Almene hensyn" var i følgje Straffelovkommisjonen tilstades i tilfelle der "offentlig Forargelse er vakt", men også i tilfelle der det var snakk om mannleg prostitusjon og der det innebar "Forførelse av unge Mennesker" (Halsos 1999: 104). Både kommisjonen og seinare kommentarar la dessutan vekt på å begrensa handhevinga av paragrafen ut frå tanken om det skadelege ved å trekka slike saker fram i lyset.

"Forførelse av ungdom" under 16 år blei råka av andre paragrafar, så i dette tilfellet måtte det vera snakk om gutar som var over den seksuelle lågalderen, altså at § 213 kunne brukast på denne måten i tilfelle der heteroseksuelle forhold ville vore legale.

Som eit døme kan me sjå på dei første gongene § 213 blei brukt i Bergen. I 1906 blei ein mann på 58 år her dømd for å ha hatt seksuelle forhold til ein 16-åring og ein 27-åring. Sjølv om mannen hevda det i begge tilfella hadde vore heilt frivillig var retten skeptisk og la vekt på at dei to ofra "ialfald, [til] en vis Grad lider af Aandssvaghed". 58-åringen blei dømd til 120 dagars fengsel (Jordåen 2003, 66-67). To år seinare var det stor skandale i byen då ein velståande og kjend skipsmeklar blei anklaga for å hatt seksuelle forhold til både ein 15-åring og ein 18-åring. Berre det siste tilfellet blei funne bevist, men det blei likevel ikkje reist tiltale, sannsynlegvis fordi det ikkje blei rekna som at det var tvang eller andre "almene hensyn" inne i bildet (Jordåen 2017, 433). Det at det heller ikkje i eit slik tilfelle, som til dei grader hadde vakt "offentlig forargelse" i byen, førte til påtale, viser at det skulle mykje til for at paragrafens tredje ledd om "almene hensyn" blei sett på som innfridd. Den neste dommen i Bergen kom i 1916: ein mann som arbeidde som stuert hadde forført eller pressa bysseguten (som var 16 ½ år) til seksuell omgang. I tillegg til § 213 blei då stuerten også dømd etter § 197 for utuktig omgang med person under 18 år "der er under hans Myndighed eller Opsigt" (Jordåen 2003, 67).  Den neste gongen § 213 blei brukt i Bergen var heile 16 år seinare, i 1932.

Statistikken stadfestar biletet av ein paragraf som berre blei brukt i sjeldne og spesielle tilfelle: Mellom 1905 (då lova trådde i kraft) og 1950 blei totalt 119 personar dømd for brot på § 213. Eit lite mindretal av desse dommane gjaldt det andre leddet (bestialitet – sex med dyr). Dei fleste av sakene handla sannsynlegvis om homoseksualitet, men 119 saker over ein 45-årsperiode er eit svært lite tal samanlikna med nabolanda Sverige og Danmark (Halsos 2007, 95-96).

Martin Skaug Halsos si undersøking av bruken av paragrafen i Oslo viser at det mellom 1905 og 1950 berre var 16 dommar i Kristiania/Oslo. I ni avdesse var det ein vaksen person som blei dømd for sex med gutar i alderen 16 til 18 år. I dei resterande 7 var det andre ting som verka skjerpande, som at dei seksuelle handlingane hadde skjedd i det offentlege rommet eller at dei tiltalte også var funne skyldig i andre kriminelle handlingar (ofte at dei også hadde hatt sex med gutar under 16 år) (Halsos 2007, 95). Som oftast var det då ein domfelt og eit eller fleire offer i desse sakene. Det var meir uvanleg at to partnarar blei dømd for å ha sex med kvarandre, slik det blei gjort i ei sak i Oslo i 1932. Grunnen til at eit slik tilsynelatande likeverdig og samtykkande forhold førde til at begge blei dømd var at det hadde skjedd i det offentlege rom, nærmare bestemt på ein benk på Grev Wedels plass, og var blitt oppdaga av forbipasserande (Halsos 1999, 140).

Bruken av paragrafen i Bergen har vore undersøkt for tidsrommet 1905-1945. Her har me sett at det var to domfelte i Bergen dei første 30 åra etter etter at paragrafen tredde i kraft. I tidsrommet 1935-1938 var det i skarp kontrast til dette heile 10 dommar og 37 domfelte etter § 213 (Jordåen 2003, 98). Heile seks av desse dommane er knytt til ei stor etterforsking i Bergen, den såkalla "store sedelighetssak" i 1937 og 1938, som førte til heile 34 § 213-dommar. I mange av sakene er det igjen eit mønster at det blir dømd både for brot på § 213 og for sex med mindreårige. Men heile 20 av mennene i den store sedelighetssak blei berre dømd for brot på § 213.

Domstolane var her konsistente: alle som i Bergen i 1938 blei dømde for brot på § 213 var over 21 år og var funne skuldige i å ha hatt sex med gutar i aldersgruppa 16 til 21 år (Jordåen 2003, 100). Dette heng saman med at Riksadvokaten i 1925 hadde kome med ei uttaling i ei konkret sak som gjaldt homoseksualitet på Austlandet. Her hadde han slått fast at det var påkrevd av almene hensyn å reisa tiltale i tilfelle der den eine parten var under 21 år (Jordåen 2010, 206-207). Riksadvokat Peder Kjerschow var også medlem av straffelovkomiteen som hadde kome med sitt framlegg til ein revidert § 213 same år. Det er dermed rimeleg å tru at han var påverka av argumentasjonen komiteen hadde kome med som mellom annan inneheldt ei aldersgrense på 21 år. Dermed kan det seiast at § 213 i høg grad blei brukt som ein høgre seksuell lågalder, i tråd med intensjonen frå komiteen si innstilling i 1925. Det må likevel tilføyast at han, bortsett frå saka i Bergen i 1937-38, heller ikkje blei brukt ofte i slike tilfelle.

Etter toppen i 1938 viser statistikken at § 213 blei brukt endå sjeldnare enn før. I perioden 1940-45, då Noreg var okkupert, finn ein nokre få dommar etter § 213. Samtidig blei det i 1942 reist eit forslag om å skjerpa inn § 213 som ville ha ført til ei langt hyppigare straffeforfølging. Framlegget kom frå dei nazistiske okkupantane (Reichskommissariat) og frå ministrar i den norske Nasjonal Samling-regjeringa. Det gjekk ut på at ein ønskte å fjerna det tredje leddet slik at påtalen kunne bli absolutt og ikkje berre ved "almene hensyn". Motivasjonen var at ein i tråd med den nazistiske ideologien og det innskjerpa tyske lovverket på dette punktet ønskte å kjempa mot homoseksualiteten. Sjølv om forslaget blei bore fram av politiminister Jonas Lie og støtta av justisminister Sverre Riisnæs, blei det konkludert med at det måtte utgreiast i samanheng med ei større revisjon av sedelighetsbrotsverk. Dermed blei saka utsett og av uvisse grunnar aldri tatt opp igjen. Utover dette er det dokumentert om lag 15 domfelte personar etter tysk lov og ved tyske domstolar i Noreg. Dommane gjaldt då i hovudsak nordmenn og tyskarar som hadde hatt seksuelle forhold seg i mellom (Jordåen og Wolfert 2015). Det er mogleg det kan finnast fleire slike dommar ved vidare kjeldestudiar.

Fødd sånn eller blitt sånn?

Det først forslaget til avkriminalisering i Noreg skjedde som me har sett allereie med Getz sitt utkast i 1887. Han hadde argumentert ut frå den nye ideen om at homoseksualitet var eit biologisk, sjukleg, medfødd fenomen. Psykiateren Johan Scharffenberg argumenterte på same måten i eit foredrag i Studentersamfundet i 1902, like før Straffelova blei vedtatt  (Søbye 2010, 213-214). I Tyskland var den same typen argumentasjon offentleg presentert av ei organisert rørsle leia av legen og sexologen Magnus Hirschfeld: han argumenterte for at homoseksualitet var naturleg og medfødd, ein ikkje-sjukleg biologisk variant. I Norge argumenter forfattaren og læraren Alf Martin Jæger langs dei same linjene i eit lesarinnlegg i Dagbladet i 1928 (Jordåen 2018). Også legane Torgeir Kasa og Karl Evang gjekk i 1932 inn for ei fullstendig avkriminalisering, dei såg homoseksualitet som i nokon tilfelle medfødd og naturleg, i andre tilfelle som et resultat av ei psykologisk feilutvikling (Kasa og Evang 1932).

Men blant psykiatrane var ideen om homoseksualitet som medfødd ofte supplert av ein teori om at homoseksualitet kunne "smitta", den såkalla forføringsteorien. Denne danna grunnlaget for det mislykka endringsforslaget i 1925, men kom også til å stå sterkt i tiåra som følgde. Dette var ikkje ei særnorsk utvikling, teorien danna også utgangspunkt for lovendringar i andre land. Både i Danmark (1933) og Sverige (1944) blei dei generelle forboda oppheva og erstatta av høgre seksuell lågalder. Liknande lover var innført i Nederland og Frankrike, medan land som Storbritannia og Tyskland derimot heldt fram med å kriminalisera all homoseksualitet mellom menn til slutten av 1960-talet. Ønsket om å hindra homoseksuell innverknad på ungdommen, var ein generell internasjonal trend.

Homorørsla vs. § 213, akt 1 (1950-talet)

Då ei norsk homorørsle blei danna i 1950 skulle dei snart komma til å måtta bryna seg på både § 213 og forføringsteorien. Den første formannen, Rolf Løvaas, skreiv i oktober 1950 eit lesarinnlegg i Arbeiderbladet der han heldt fram at lova "smaker ikke lite av middelalder" og var ein skam for landet (Løvaas 1950). Dette engasjementet frå Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) bidrog til ein prosess der det som no heitte Straffelovrådet i 1953 la fram eit framlegg som likna litt på det frå 1925. Denne gongen var den psykiatriske ekspertisen ivaretatt av Ørnulv Ødegård, direktør ved Gaustad sjukehus og dermed ein av dei mektigaste psykiatriske autoritetane i landet. Han hadde allereie i 1951 utmerka seg med ved å ha bede Helsedirektoratet å vurdera å gripa inn mot brosjyren Forbundet hadde sendt ut; han meinte den både hadde ein aggressiv tone og inneheldt feilopplysningar, særleg der Forbundet hevda at homoseksualitet ikkje var ein smittsam eigenskap. Helsedirektør Karl Evang svarte denne gang med at rettnok hadde brosjyren ein del feil, men at: "Det er trykkefrihet i landet, og vi har (heldigvis) ingen censurmyndighet" (sitert frå Jordåen 2010, 242 n. 921).

Ødegård var tilhengar av forføringsteorien og bidrog slik til fagleg å legitimera rådet sitt utkast. Som i 1925 foreslo Straffelovrådet i si innstilling, som kom i 1953, at seksuelle forhold mellom vaksne skulle vera heilt lovlege mens vaksne sin seksuelle omgang med yngre personar av same kjønn burde vera straffbar opp til ein høgare alder enn heteroseksualitet. Aldersgrensa var no sett til 18 år, men personar over 21 år "som forleder [mi uthev.] en annen av samme kjønn mellom 18 og 21 år til utuktig handling med seg" kunne også straffast. Avhengig av fortolkinga av "forleder" ville altså rådet innføra ei 18-års eller 21 årsgrense for homoseksuell seksualitet.

Rådet foreslo også å fjerna forbodet mot konkubinat (§ 397), ein sovande paragraf som forbaud ugift sambuarskap mellom kvinne og mann. I staden foreslo dei ein ny § 397 som ville gjera homofil organisasjons- og møtedrift vanskeleg: Slike foreiningar måtte hindra at personar under 21 år ikkje berre fekk tilgang til møtet, men også oppheldt seg "i eller utenfor lokalet". Dessutan inneheldt § 397 straff for "den som i blad eller tidsskrift som selges til andre enn faste abonnenter, kunngjør møte eller annen sammenkomst eller adgang til medlemsskap" i slike foreningar.

I tillegg til at forslaga ville ha medført ei ulikebehandling av homo- og heteroseksualitet, ville dei også ha ført til store vanskar for ein homofil organisasjon til å arrangera og annonsera sine møte.

DNF-48, med juristen Dermot Mack som formann, førde ein intens kamp mot dette framlegget. Det samfunnsmessige klimaet var slik at ingen av dei tillitsvalde ønskte å føra denne kampen ved bruk av eige namn i offentlegheita. Dei hyra dermed høgsterettsadvokat Johan B. Hjort til å legga fram argumentasjonen offentleg og overfor Storting og departement (sjå m.a. Halsos 1999 og Kristiansen 2008 for detaljar). I bakgrunnen gjorde Mack og nokre andre styremedlemer, bl.a. Rolf Løvaas, Arne Heli og Øivind Eckhoff, ein iherdig innsats for å skaffa til veie autoritetar som argumenterte mot at slike særskilde aldersbestemmelsar var nødvendige. Norske og ikkje minst danske psykologar og psykiatrar som var ueinige i forføringsteorien skreiv fråsegner som blei lagt ved Forbundets høyringssvar.

DNF-48 hadde i 1951 i sin første brosjyre hevda at homoseksualiteten var medfødd og naturleg, i tråd med den argumentasjonen me har sett hos Magnus Hirschfeld i Tyskland og hos Alf Martin Jæger i Norge. Men psykologien og psykiatrien var på 1950-talet meir opptatt av miljøforklaringar. Ekspertane som støtta Forbundet hevda at rettnok var homoseksualiteten erverva ("blitt sånn"), men at dette var skjedd allereie tidleg i barndommen. Ved 16-årsalderen var allereie den seksuelle orienteringa bestemt – ein høgre vernealder ville dermed ikkje ha nokon effekt. I tillegg til sitt offisielle høyringssvar framførte DNF-48 desse argumenta i ulike lesarinnlegg i avisene (Kristiansen 2008, 187-189).

Dette engasjementet, saman med eit høyringssvar frå helsedirektør Evang som argumenterte langs dei same linjene, bidrog til å så tvil om det faglege grunnlaget for Straffelovrådets forslag. I tillegg hadde det kome ei erklæring frå eit anna hald – dei norske biskopane – som hadde åtvara mot lovendringa av heilt andre grunnar. For dei var det vesentlege ved forslaget at det ville innebera ei legalisering av homoseksualitet mellom vaksne, noko dei såg på som eit bidrag til at homoseksualiteten ville bre om seg: Samfunnet sto rett og slett overfor "en fare av verdensdimensjoner" (Skeivt arkiv, A-0001 Friele: F.a.1 politiske saker)

Til slutt må det peikast på at også norske politimeistrar hadde uttalt seg om paragrafen: Sjølv om dei færraste politikammera hadde erfaring med noko meir enn nokre ganske få døme på bruk av paragrafen, gjekk dei aller fleste sterkt inn for å oppretthalda § 213. Dei var urolege for effektane av dei føreslåtte reviderte  § 213 og § 397 som høvesvis ville legalisera homoseksualitet mellom vaksne og homofil organisasjonsverksemd, trass i avgrensingane med omsyn til alder. (Jordåen 2010, 245-246, n. 937). Det må nemnast at det også var eit betydeleg engasjement frå kristent hald for å oppretthalda konkubinatparagrafen – også her ser ein altså at mange meinte at straffeparagrafar som sette moralsk eksempel hadde ein viktig funksjon, uavhengig av om dei faktisk blei brukt eller ikkje.

Motrøystene frå ulikt hald og med til dels stikk motsett motivasjon, gjorde at Stortingets justiskomité sendte utkastet i retur til departementet med melding om at spørsmålet måtte utgreiast vidare. Her har politikarane tatt ei sjølvstendig avgjersle, sannsynlegvis basert på eitt eller fleire av høyringssvara. Rolf Løvaas har peikt på at justiskomiteen sin formann  Henrik Svendsen (H) spelte ei viktig rolle og var lydhøyr for DNF-48s argument (Kristiansen 2008, 189, n. 459).

Justisdepartementet fekk altså saka i retur, men ser i liten grad ut til å ha følgd oppmodinga om å utgreia spørsmålet vidare. Sannsynlegvis har regjeringa og departementet sett seg tent med at det heile no blei liggande. Lite og ingenting blei gjort vidare i saka i åra som følgde.

DNF-48s formann Dermot Mack var opptatt av at organisasjonen på 1950-talet gjorde ein vesentleg innsats for å hindra at forslaget blei lov (Kristiansen 2008, 189, Mack 2001, 5). Han hadde informasjon om at § 213 på dette tidspunktet knapt blei brukt i det heile. Sidan forslaget frå Straffelovrådet ikkje hadde noko ledd om "almene hensyn" var det grunn til å tru at forslaget ville ført til ei faktisk straffeforfølging. Organisasjonsdrifta ville ha vore vanskeleg, om ikkje umogleg. Sjølv om Mack helst hadde sett at § 213 blei heilt fjerna, såg han det som ein siger at dei klarte å stoppa det han meinte ville vore ei klar forverring i praksis. Mack understreka også at ei slik lovendring ville ha gjort det langt vanskelegare på eit seinare tidspunkt å avskaffa lova (Skeivt arkiv, A-0023, Eikvam: intervju D. Mack 1984).

Homorørsla vs § 213, akt 2 (1966-1972).

På 1960-talet skjedde det eit forsiktig stemningsskifte i det offentlege ordskiftet, og sannsynlegvis også i befolkninga sine haldningar. Særleg to av dei sentrale figurane i DNF-48, Rolf Løvaas og Øivind Ekchoff (som brukte psevdonymet Finn Grodal) bidrog med mange avisinnlegg som gav homofile ei eiga røyst. I 1965 skjedde det eit mediegjennombrot ved at Arne Heli deltok på eit møte i Studentersamfunnet og ved at Karen-Christine Friele og ein homofil mann snakka homofile si sak i NRK radios første program om homofili (Kristiansen 2008, 207-210, Gillow-Kloster 2015).

På dette tidspunkt hadde det ikkje skjedd noko vesentleg vidare med § 213. DNF-48 hadde nokre gonger purra på departementet når det gjaldt framdrifta, og dessutan sendt nye forskingsresultat og rapportar, men ballen var innan 1960 definitivt lagt død (Halsos 1999, 157-158).

Då Karen-Christine (Kim) Friele blei vald til leiar av DNF-48 i 1966 starta ein ny æra der avskaffing av § 213 ganske raskt igjen kom på agendaen. Ho skreiv ein artikkel om spørsmålet i 1968 og igjen året etterpå. Det siste var utforma som eit direkte spørsmål til justisminister Elisabeth Schweigaard Selmer (H) (Halsos 1999, 158). I 1969 blei det og sendt ei forslag til regjeringa frå professor Johannes Andenæs, den fremste norske eksperten på strafferett, om å sjå på ei endring av § 213 etter mønster av forslaga frå Straffelovrådet i 1953. Sjølv om Selmer hadde svart avventande til Friele, sette ho etter kvart i gang ein prosess for å følgja dette opp, og ein proposisjon blei klarlagt. Sannsynlegvis blei denne ikkje lagt fram på grunn av regjeringsskiftet i mars 1971 då Trygve Bratteli (Ap) blei statsminister.

Friele og DNF-48 arbeidde intenst mot paragrafen og i 1970 gav dei ut artikkelsamlinga § 213 – onde eller nødvendighet. Her hadde ein med ei rekke både innanlandske og utanlandske autoritetar, blant anna Andenæs og biskop Per Lønning. Boka blei distribuert til alle stortingsrepresentantane. Dette førde til at representanten Arne Kielland (Ap, seinare SV) i desember 1970 meldte ein interpellasjon om å oppheva paragrafen, men utan å få noko svar frå den dåverande borgarlege Borten-regjeringa. I januar 1971 møtte Friele Kielland, noko som førte til eit tett samarbeid i arbeidet for å oppheva paragrafen (Halsos 1999, 159). Våren dette året skjedde det eit regjeringsskifte, og Kielland interpellerte igjen 2. juni 1971 for den nye Arbeidarpartiregjeringa.

Det blei snart klart at stridsspørsmålet kom til å bli om § 213 skulle fullstendig opphevast eller om det ville bli innført særreglar à la dei som var føreslått i 1925 og 1953. Det hadde kome fleire signal om det siste frå regjeringa. DNF-48 arbeidde tett med Kielland for å hindra at dette skjedde, bl.a. brukte dei den vitskaplege Speijer-rapporten frå Nederland, som tilbakeviste forføringsteorien. Friele brukte også media aktivt for å fremja kravet om avkriminalisering og for å seia at ein høgre seksuell lågalder ville verka diskriminerande. Det iherdige lobbyarbeidet og distribueringa av Speijer-rapporten til stortingsrepresentantane gav frukter: Justiskomiteens fleirtal gjekk inn for at § 213 skulle opphevast. At Friele hadde hatt eit møte med komiteen bidrog sterkt til dette utfallet (Halsos 1999, 162). Asbjørn Haugstvedt (Krf) var den einaste i komiteen som ønskte at paragrafen skulle erstattast med ein tekst som likna på den i 1953, altså særreglar med omsyn til aldersgrense. Men justisminister Oddvar Berrefjord (Ap) hadde rett etter Kiellands interpellasjon i juni 1971 gitt utrrykk for at § 213 skulle opphevast utan å erstattast av særreglar. Det viste seg at stemninga i Stortinget også gjekk denne vegen. Stortinget hadde på denne tida to kammer, lovendringar måtte først opp i Odelstinget, så i Lagtinget. I Odelstinget var saka oppe 21. mars 1972. 65 røysta for oppheving av § 213, 12 gjekk mot (og støtta med dette Haugstvedts forslag) (Halsos 1999, 52, Friele 1990, 204-205). Stortinget si behandling av saka var ferdig då Lagtinget 14. april 1972 røysta for ei oppheving av § 213 med 18 mot 4 røyster (Halsos 1999, 52). Den 21. april blei så opphevinga av § 213, § 379 (konkubinatparagrafen) samt endringa av  ein annan paragraf i Straffelova, godkjend av Kongen i Statsråd og gjort gjeldande straks (Lovtidend 1972, 529-530).

Grunnlaget for eit opnare samfunn

Avkriminaliseringa er eit viktig skilje i norsk skeiv historie. Dette var mogleg på grunn av den sterke innsatsen frå DNF-48 og Karen-Christine Friele frå midten av 1960-talet, men organisasjonen sitt engasjement mot endringa på 1950-talet var også ein viktig føresetnad. Strategien i kampen mot § 213 hadde vore å visa, ved hjelp av forsking, at homoseksualitet ikkje var ein smittsam eigenskap, ikkje noko ein kunne bli "forført" til, og at det dermed ikkje var grunn til å erstatta § 213 med ei høgre seksuell lågalder. Karen-Christine Friele har framheva dette som ein medviten strategi der det gjaldt å overtyda flest mogleg, uavhengig av deira syn på homoseksualitet, om at straffeparagrafen ikkje hadde nokon funksjon, og at ei oppheving av den ikkje ville ha nokre skadeverknader. Denne "defensive" strategien lukkast i stor grad med å overtyda det store fleirtalet av stortingsrepresentantane.

Etter 1972 skjedde det ei oppblomstring der DNF-48 fekk stadig fleire medlemer og der også andre enn Friele sto fram med fullt namn. Homorørsla sin politikk og retorikk blei på kort tid radikalisert. Utan oppheving av § 213 er det vanskeleg å sjå at dette kunne ha skjedd.

Noreg var etter Nederland det andre landet i Europa som fekk ei fullstendig avkriminalisering, altså ein lik seksuell lågalder for hetero- og homoseksualitet. I Vest-Tyskland og England og Wales hadde det skjedd ei delvis avkriminalisering på slutten av 1960-talet, men lik lågalder kom mykje seinare (i høvesvis 1994 og 2001). I Danmark og Sverige fekk homo- og heteroseksualitet lik lågalder i 1976 og 1978 (von Rosen 2007, 80, Rydström 2007, 206).

Effektar og etterverknader

§ 213 sto i tradisjonen til dei europeiske sodomilovene som hadde røter i mellomalderen. Kriminaliseringa av "unaturleg" seksualitet, som også inkluderte sex med dyr, tok slutt først i 1972 i Noreg. Gjennom koloniseringa blei slike lover også eksportert til andre delar av verda, som tidlegare ikkje hadde kjent slike forbode. Dermed lever både jussen og tankegodset bak, for eksempel ideen om at ungdommen kan "forførast" til homoseksualitet, i beste velgåande mange stader.

Som historikaren Martin Skaug Halsos har påpeikt var ikkje § 213 tenkt som noko generelt forbod mot homoseksualitet. Tvert om, han skulle berre brukast i særskilte tilfelle. Norge var slik sett i 1902 det første landet i Norden til å oppheva eit slik generelt forbod (Halsos 2007, 91). Likevel hadde paragrafen mykje å seia. Føremålet var å avgrensa homoseksualiteten. Den faktiske straffeforfølginga var større i Sverige og Danmark, men der sto det i det minste, sidan 1933 og 1944, ingen stad i straffelova at homoseksualitet i prinsippet var straffbart. Det var også sterke krefter i samfunnet som ønskte å oppretthalda paragrafen nettopp av denne grunn – det ser me i 1927 av departementet si avvising av endringsforslaget, og det ser me i reaksjonane frå biskopane og politimeistrane på 1950-talet. Effekten av ein straffeparagraf er ikkje berre den faktiske bruken av han, men også symboleffekten. § 213 var ein del av eit apparat eller ein vev der også andre trådar inngjekk: idear og oppfatningar, fordommar, vitskaplege diskursar, religiøse dogme osv. Dette lappeteppet låg tungt over samfunnet. Det bidrog til å oppretthalda ei oppfatning om homoseksualitet som noko negativt, og dermed til å setja grenser for livsutfaldinga og lykkemoglegheitene for mange av samfunnets borgarar. Det bidrog også til at særs mykje av spora etter skeive liv før 1972 er gått tapt eller berre vanskeleg let seg rekonstruera.

Martin Skaug Halsos var den første historikaren som utforska paragrafens historie (Halsos 1999, 2007). Hovudoppgåva hans var eit pionerarbeid som både gjorde greie for paragrafens historie og dei ulike endringsforslaga. I tillegg undersøkte han bruken av han i Kristiania/Oslo 1905-1950. Underteikna har tilsvarande undersøkt bruken av paragrafen i Bergen og Hordaland i perioden 1905-1945 (Jordåen 2003) og har også sett på andre aspekt som belyser den strafferettslege situasjonen (Jordåen 2010, 2017, Jordåen og Wolfert 2015). Ei vidare utforsking av dommane i resten av landet, sjølv om dei er få, kunne utdjupa biletet ytterlegare.

arbeider-avisa-26.11.1924.png

§ 213 blei lite brukt, men korleis kontrollerte politiet den likekjønna seksualiteten uavhengig av dette? Arbeider-Avisen (Trondheim) 26. november 1924.

Det er grunn til å tru at politiet har drive med kontroll og overvaking på dette feltet uavhengig av § 213. Menn som hadde sex med menn har blitt observert, arrestert og bøtelagt, sannsynlegvis også trakassert. For å forstå denne perioden betre krevst det ei undersøking av politiet si rolle – i kor stor utstrekning har ordensmakta sanksjonert likekjønna seksualitet og på kva måtar? Blei § 213 brukt som ein trugsel i dette arbeidet?

I kritikken av § 213 gjennom heile 1900-talet blei det framheva at paragrafen bidrog vesentleg til å skapa grunnlag for pengeutpressing av homoseksuelle menn. Me kjenner til fleire saker om slik pengeutpressing som fekk stor merksemd i media (Kristiansen 2008, 72-75, Jordåen 2020, Jordåen 2003, 48-50, Halsos 1999, 148), men ei systematisk utforsking av dette finst ikkje.

Heller ikkje situasjonen under 2. verdskrig i Noreg er på langt nær godt nok utforska. Sjølv om mellom anna Martin Skaug Halsos (1999) og Hans W. Kristiansen (2008) har studert DNF-48 sin aktivisme mot § 213, er det meir som kunne vore sagt om dette. Ei grundigare utforsking av korleis organisasjonen henta inspirasjon frå internasjonal aktivisme (som Antony Grey i England) og ekspertise (t.d. Speijer-rapporten) kunne vore spesielt interessant.

Også media og pressa si rolle er framleis eit i stor grad uutforska område.

Til slutt må det nemnast at historia om ikkje-normative kjønn, mellom anna det som i perioden då § 213 eksisterte byrja å bli kalla "transvestitisme" og "transseksualisme", er eit nesten heilt uutforska felt, med Sigrid Sandal si masteroppgåve (2017), som eit heiderleg unntak.

Ei vidare utforsking av historia kan utdjupa det biletet me har, men også utfordra det. Har politiet si rolle berre vore negativ? Har diskresjonen som har innhylla den likekjønna seksualiteten hatt andre sider enn det reint undertrykkande? Kan det for eksempel gitt eit handlingsrom for mange at likekjønna seksualitet ikkje blei spurd om eller insinuert?

Skeivt kulturår 2022

I 2022 skal 50-årsjubileet for opphevinga av § 213 markerast nasjonalt med Skeivt kulturår 2022.  Dette er den første breiare markeringa av eit skeivt historiejubileum i Noreg. Dette bør også vera eit høve til å gjera noko substansielt for å utforska norsk skeiv historie – det er framleis slik at det berre føreligg nokre få forskingsarbeid på dette feltet i Norge. Sjølv om historia til § 213 er av dei få tema som faktisk har blitt via noka merksemd innan dette feltet, er det som skissert over også veldig mykje me ikkje veit om vilkåra for likekjønna seksualitet og ikkje-normative kjønn i denne perioden.

Arkivmateriale:

Skeivt arkiv:

A-0001 Karen-Christine Friele: F.a.1. Div. dokumenter vedr religion og kyrkje.

A-0023: Turid Eikvam: Intervju med Dermot Mack 1984, lydopptak, kassett.

Sjå også referansane i dei refererte verka av Halsos, Jordåen og Kristiansen. Det finst utover dette framleis mykje uutforska materiale i arkiv etter politi og domstolar (Arkivverket).

 

Litteratur

Friele, Karen-Christine. 1990. Troll skal temmes. Oslo: Scanbok.

Getz, Bernhard. 1892. Udkast til Lov til Modarbeidelse af offentlig Usædelighed og venerisk Smitte med Motiver. Kristiania: Det Steenske Bogtrykkeri. 

Gillow-Kloster, Hannah. 2015. “Radioprogrammet Homofili og menneskeverd". Skeivt arkiv,

Halsos, Martin Skaug. 1999. "§213 i Almindelig borgerlig straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972." Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo.

Halsos, Martin Skaug. 2007. "Norway 1842-1972: When Public Interest Demands." I Rydström og Mustola (red); 91-116.

Hellesund, Tone. 2003. Kapitler fra singelllivets historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Jordåen, Runar. 2003. "Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Norge, 1886-1950." Hovudfagsoppgåve, Universitetet i Bergen. 

Jordåen, Runar. 2010. "Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960." Doktoravhandling, Universitetet i Bergen.

Jordåen, Runar. 2017. "Homoskandale! Sosialdemokrati, sensajon og seksualitet i Bergen i 1909." I "Han e’ søkkane go’!" Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes, redigert av Ragnhild Botheim, Ine Merete Baadsvik, Gudmund Valderhaug og Aslak Wiig, 424-445. Oslo: ABM-media.  

Jordåen, Runar. 2018. "Homodebatt anno 1928." Melk (6): 12-17.

Jordåen, Runar og Raimund Wolfert. 2015. "Homoseksualitet i det tyskokkuperte Norge. Sanksjoner mot seksuelle forhold mellom menn i Norge 1940-1945." Historisk tidsskrift 94, (3): 455-485.

Kristiansen, Hans W. 2008. Masker og motstand: Diskré homoliv i Norge 1920-1970. Oslo: Unipub.

Mack, Dermot. 2001. "NOVA-rapport 1/1999", Lov og rett. Norsk juridisk tidsskrift, (4), 254-256.

Norsk Lovtidend. 1972. Norsk Lovtidend 1ste avdeling. Oslo: Statsministerens kontor.

Rieber-Mohn, Georg Fredrik. 2001. Getz, Bernhard, i Norsk biografisk leksikon etc.

Rosen, Wilhelm von. 1993. Månens kulør. Studier i dansk bøssehistorie 1628-1912. København: Rhodos.

von Rosen, Wilhelm. "Denmark 1866-1976: From Sodomy to Modernity." I Rydström og Mustola (red), 61-90.

Rydström, Jens og Kati Mustala (red.). 2007. Criminally Queer. Homosexuality and Criminal Law in Scandinavia, 1842-1999. Amsterdam: Aksant.

Rydström, Jens. 2007. "Sweden 1864-1978: Beasts and Beauties". I Rydström og Mustola (red), 183-214.

Sandal, Sigrid. 2017. "’En særlig trang til å ville forandre sitt kjønn’ Kjønnsskiftebehandling i Norge 1952-1982". Masteroppgave i historie, Universitetet i Bergen.

Skjoldhammer, Tonje. 2018. "Forargeligt og Uteerligt Forhold. Rettsforfølgelse av sex mellom kvinner på midten av 1800-tallet i Norge." Masteroppgave i historie, Universitetet i Bergen.

Stortingsforhandlinger (1889). Dokument No. 65 (1889). Professor Getz’s Udkast til forskjellige Kapitler i Straffelovens specielle Del. Stortingsforhandlinger, 38, (5), 4-38.

Søbye, Espen. 2010. En mann fra forgangne århundrer. Overleve Johan Scharffenbergs liv og virke 1869-1965. En arkivstudie. Oslo: Oktober.

Aarset, Anette Halvorsen. 2000. Rettslig regulering av homoseksuell praksis 1687-1902. Oslo: Institutt for offentlig rett.