August Koren senior

Foto: Meyer & Nicolaysen/ Oslo Museum
Foto: Meyer & Nicolaysen/ Oslo Museum
Legen og sedelighetsforkjemparen August Koren senior åtvara i 1907 mot «den homoseksuelle kulturbølge» som snart ville skylla inn over landet…

I 1906 og 1907 stod temaet homoseksualitet på dagsorden blant medisinarane i hovudstaden. Den 7. november 1906 innleia nemleg psykiateren Henrik Dedichen til debatt i Det medicinske selskab, ei intern foreining for legane i Kristiania. Han argumenterte for at homoseksualiteten var ein medfødd sjukleg eigenskap som måtte forståast som eit medisinsk fenomen, og ikkje vera straffbart (Forhandlinger 1906, 143, Dedichen 1907 og Wolfert 2020). Dedichen sitt innlegg skapte stort engasjement, og debatten heldt fram på alle dei resterande møta i det medisinske selskapet i 1906 og på det første møtet i 1907. Mange av dei mest kjende legane i landet deltok i debatten, blant dei nokon av landets førande psykiatrar.  Nokre av legane var samde med Dedichen, andre tok til motmæle. Ein av dei sistnemnde var August Koren senior (1833-1929).

Maskerader, dansemoroer og bordell

Koren hadde ein viss kunnskap om temaet, for på talarstolen i Det medicinske selskab den 30. januar 1907, kunne han fortelja at det i utanlandske byar fanst homoseksuelle «maskerader», «dansemoroer» og «selskaber». Og han tilla at «fra Konstantinobel og andre af Sydens byer» var det også tale om homoseksuelle bordell (Medicinske Selskab 1907, 13).

Opplysningane om Konstantinopel (Istanbul), hadde Koren  frå ein mann han sjølv hadde tala med som hadde besøkt eit slik bordell der. I tillegg kunne Koren også fortelja at ein kjenning av han hadde vore i Berlin og der fått ei omvising gjennom byens natteliv av ein politimann: han fekk sjå kafear, kneiper og til og med eigne ball for homoseksuelle menn og kvinner.

Den homo-sexuelle kulturbølge

Om ein enno ikkje hadde noko liknande i Noreg, var det ikkje dermed nokon grunn til å slå seg til ro, åtvara Koren framfor sine kollegaer denne januarkvelden i 1907. Det var nemleg faretrugande teikn på at heller ikkje Noreg ville bli spart for dette fenomenet som han meinte skreid fram som ei bølgje:  

Det gaar altid her i Europa kulturbølger sydfra og nordover, snart medførende gode ting, snart onde. Den homoseksuelle kulturbølge – ukultur burde det heller kaldes – som nu gaar nordover, har allerede oversvømmet Berlin, og dens forløbere er kommet til Kjøbenhavn og Stockholm, og snart vil den skylle op mot vore kyster. I Kjøbenhavn og Stockholm søger de for tiden af al magt at værge sig mod den. Det same bør ogsaa vi gjøre og holde fast paa det værn, vi har i vor kriminallov mod disse moralske og sociale udskeielser og, om muligt, gjøre værnet endnu kraftigere (Medicinske Selskab 1907, 15).

Koren såg altså homoseksualiteten som ein slags farsott som gradvis spreidde seg frå sør, nærmare bestemt frå Istanbul, og som no var i ferd med å oversvømma Europa. Legane som høyrde på Koren denne vinterkvelden nikka nok gjenkjennande då han nemnde Stockholm og København, akkurat på dette tidspunktet var nemleg avisene fulle av rapportar om skandalar og utskeiingar i nabolanda (Jordåen 2017).

Straffelova: det einaste vern

Koren meinte ein derfor måtte gjera alt ein kunne for å verja dei norske farvatna mot «denne sociale og moralske udskeielses indtrængen og udbredelse i vort samfund», og det einaste middelet ein hadde for å gjera dette var paragrafen i straffelova (Medicinske Selskab 1907, 12).

Når det kom til kva han ville straffa, var Koren meir moderat. Til sine legekollegaer i hovudstaden presiserte han nemleg at det ikkje burde vera straffbart for to vaksne menn som blei samde om «at drive homo-sexuel omgjængelse med hinanden» så lenge det ikkje var «til anstød eller forargelse eller fristelse» for nokon andre (Medicinske Selskab 1907, 13). Homoseksualiteten var i seg sjølv ein straff som dei det gjaldt måtte lida under, meinte Koren.

Dette betyr at August Koren i praksis la seg tett opp til det som var den faktiske juridiske situasjonen i Norge. § 213 i Straffelova av 1902 var nemleg eit kompromiss mellom «straffelovens far» Bernhard Getz, som hadde ønska at homoseksualitet ikkje skulle vera straffbart, og dei i Straffelovkommisjonen og Stortinget som ønskte eit slik forbod. Med § 213 fekk dei sistnemnde eit slik forbod, «utuktig omgjengelse» mellom menn kunne ifølgje paragrafen straffast med fengsel inntil 1 år. Men paragrafen inkluderte ei setning som gjorde at slike forhold berre var straffbare med atterhald: påtale skulle nemleg berre reisast når «almene hensyn» kravde det, noko som blei nærmare spesifisert til å gjelda tilfelle der det var vakt «offentlig forargelse» eller der unge menn var «forført». I praksis medførde dette at seksuelle forhold mellom vaksne menn som føregjekk privat og utan at det blei direkte avslørt, sjeldan og aldri blei straffeforfølgd (Halsos 1999).

Dermed slutta August Koren med sine kommentarar seg eigentleg berre til det som var den (relativt milde) strafferettslege praksisen i Noreg.

Homoseksuelt kvinneball

Berre på eit punkt var Koren direkte usamd med korleis § 213 var utforma: Han meinte at homoseksuell omgang mellom kvinner også burde vera straffbart.

August Koren hevda nemleg at homoseksualitet mellom kvinner, eller «tribadi» som han også kalla det, slett ikkje var så sjeldan. Dette hadde han både lese om og høyrt snakk om. På talarstolen i Det Medicinske Selskab fortalde han nemleg at den tidlegare nemnde kjenningen av han som hadde vore i Berlin, ikkje berre hadde vore på ball for homoseksuelle menn. Han hadde også vore fluge på veggen på eit tilsvarande arrangement for  homoseksuelle kvinner, og no gjenfortalde Koren kva han hadde observert der:

Omtrent 300 kvinder tilstede, hvoraf halvparten var klædt i mandsdragt, alle i selskabsantræk. Damerne var meget udfordrende antrukne, dybt nedringede. Tonen var her langt simplere [enn på det mannlege ballet], vildere dans, mere drik, mere høirøstet tale, mere paagaaende kjærtegn. Indtrykket af det hele var høist frastødende. Ved ballets slutning forlod ogssa disse lokalet parvis arm i arm, hver «herre» med sin dame (Medicinske Selskab 1907, 14).

For Koren var dette dømet frå Berlin beviset på at homoseksualitet også var eit fenomen blant kvinner. Følgjeleg meinte han forbodet i § 213 burde utvidast til å forby også seksuelle relasjonar mellom kvinner.

Sedelegheitsforkjempar

August Koren senior var formann i Sedelighetsforeininga frå 1885 til 1899, og då han talte om homoseksualitet i Det medicinske selskab i januar 1907, var han framleis med i styret i organisasjonen (Larsen 1996, 401-403). Koren hadde med andre ord i over 20 år vore ein av dei som sto i spissen for kampen for ein strengare seksualmoral. Dette engasjementet var knytt til Korens religiøsitet, og på talarstolen framfor sine legekollegaer understreka han at synet hans på homoseksualitet var heilt på linje med apostelen Paulus sitt syn slik det kom til utrrykk i i Romarbrevet.

Vidare forsking

Skal me tru forskinga på sedeligheitsforeiningane, var motarbeidinga av utanomekteskapleg heteroseksualitet som sto i sentrum verksemda deira. Eit tema for vidare forsking kan vera å utforska dette nærmare: Om det ikkje var eit hovudtema i sedelegheitskampen, fanst det fleire enn Koren som tenkte at den homoseksuelle kulturbølgja var ein del av trugselbiletet?

Litteratur:

Dedichen, Henrik. 1906. "Om homoseksualitet". I Tidsskrift for Nordisk Retsmedicin og Psykiatri, 6 (3), 152-180.

Halsos, Martin Skaug. 1999. "§213 i Almindelig borgerlig straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972." Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo.

Jordåen, Runar. 2017. «Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909.» I  «Han e’ søkkane go’!» Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes, redigert av Ragnhild Botheim, Ine Merete Baadsvik, Gudmund Valderhaug og Aslak Wiig, 424-445. Oslo: ABM-media.Larsen, Øivind (red.), 1996. Norges leger bind III. Oslo: Den norske lægeforening.

Medicinske Selskab. 1906. Forhandlinger i Det medicinske selskab i Kristiania 1906. Kristiania: Steen’ske Bogtrykkeri.

Norsk Magazin for Lægevidenskaben. 1906 Vol. 5 Nr. 4 67

Medicinske Selskab. 1907. Forhandlinger i Det medicinske selskab i Kristiania 1907. Kristiania: Steen’ske Bogtrykkeri.

Norsk Magazin for Lægevidenskaben. 1907 Vol. 5 Nr. 5 68

Wolfert, Raimund. 2020. Henrik Dedichen. Skeivopedia.