Die Homosexualität des Mannes und des Weibes (1914)

Skeivt arkivs eksemplar av Magnus Hirschfelds "Die Homosexualität des Mannes und des Weibes" (1914) med namnetrekket til Ronald Fangen. Foto: Skeivt arkiv.
Skeivt arkivs eksemplar av Magnus Hirschfelds "Die Homosexualität des Mannes und des Weibes" (1914) med namnetrekket til Ronald Fangen. Foto: Skeivt arkiv.
I denne mursteinen av ei fagbok søkte Magnus Hirschfeld i 1914 å samla all kunnskap om homoseksualitet mellom to permar. I avsnitta om Noreg var det særleg Bergen som blei trekt fram.

Med Die Homosexualität des Mannes und des Weibes gav den tyske seksualforskaren Magnus Hirschfeld (1868–1935) ei meir omfattande innføring i emnet enn nokon hadde gjort før. 18 år tidlegare hadde han som ung lege skrive den vesle pamfletten Sappho und Sokrates (1896), der han la fram grunntrekka i sin teori om at homoseksualitet var ein medfødd eigenskap som kunne forklarast vitskapleg og biologisk, men ikkje var ein sjukdom. I dag er dette ein svært utbreidd forståingsmåte, på Hirschfeld si tid var det ein ny radikal tanke som utfordra beståande oppfatningar.

Året etter han gav ut pamfletten grunnla Hirschfeld den første europeiske organiserte rørsla for større aksept for dei som høyrde til denne minoriteten av menneske, Den vitskapleg humanitære komité. Hirschfeld definerte seg sjølv som homoseksuell – eller «uraniar» som han også kalla det, men dette var ikkje noko han avslørte for offentlegheita. I staden reindyrka han sin persona som vitskapsmann. Vitskapen, særleg naturvitskapen, var våpenet, og  komitéen hadde sidan 1899 gitt ut årboka Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen med faglege artiklar om dei Hirschfeld med eit paraplyomgrep kalla «seksuelle mellomtrinn»: personar som biologisk sett skilde seg utprega frå det typisk maskuline og det typisk feminine (kjønn var for Hirschfeld ein skala, ikkje ein dikotomi). I tillegg til homoseksuelle fann ein blant dei kjønnslege mellomtrinna også andre grupper, blant anna «transvestittar», eit omgrep Hirschfeld sjølv hadde konstruert og som dekka omtrent det me i dag forstår med transpersonar.  

Medan Sappho und Sokrates hadde vore på magre 35 sider, leverte Hirschfeld med Die Homosexualität den mest omfangsrike sexologiske studien innan emnet til då: Boka var på på over tusen sider, og blei av ein britisk seksualforskar karakterisert som det meste detaljerte, presise og uttømmande verket om temaet så langt – «an encyclopedia of homosexuality».[1] Det store materialet var meint å bygga opp under teorien om homoseksualitet som ein biologisk, medfødd eigenskap (sjå m.a. Marhoefer 2022, 41-43). Og bevismaterialet var ikkje berre henta frå biologien og medisinen, men like mykje frå historie, geografi og etnografi: Boka er fullpakka med historier om homoseksualitet og kjønnsoverskridingar frå heile verda, og dette har ein klar funksjon: At det likekjønna begjæret fanst over alt og til alle tider hos ein minoritet av menneske (2-3 prosent), var for Hirschfeld bevis for teorien om homoseksualitet som biologisk og naturleg.

Kjelder til desse geografiske og etnografiske skildringane var dels litteratur Hirschfeld hadde lese sjølv, dels historier og anekdotar han hadde høyrt frå informantane sine, som ofte var menn han kjende i sitt homoseksuelle nettverk.

«ein bereist uraniar» i Bergen

Hirschfeld tok oss dermed med på ei faglitterær reise verda rundt på sporet av homoseksualiteten, der han òg kom inn på situasjonen i Noreg. Han slo fast at tilsynelatande var ikkje homoseksualiteten særleg utbreidd i landet, men la til: 

Sak- og fagkyndige ser likevel også her meir, og ein av mine informantar, ein bereist uraniar, fortel meg, at etter hans erfaringar og opplevingar er Bergen den mest homoseksuelle byen i verda (Hirschfeld 1914, 534).[2]

Me veit ikkje kven denne informanten var, det kan ha vore ein tyskar frå Hirschfeld sin krets som tilfeldigvis hadde vore innom Bergen, det kan ha vore ein nordmann han kjende til (til dømes bergensaren Justus Lockwood som me veit var i kretsen rundt Hirschfeld i Tyskland).

Hirschfeld hadde svart sin informant at det var interessant at det nettopp var i Bergen det første kjende forbodet mot sex mellom menn blei innført (på 1100-talet, Gulatingslova). Dessutan hadde han tilføyd at det også fanst andre norrøne kjelder som viste at homoseksualiteten var utbreidd blant dei gamle nordbuarane. Dette framgjekk nemleg av ein artikkel i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen som var skriven (anonymt) av «ein lærd nordmann» i 1902.

Som kjelde er beretninga om Bergen, mest å rekna som ein kuriositet; men den antydar i det minste at ein homoseksuell mann hadde opplevd at det fanst moglegheiter i Bergen; kanskje sikta han både til møtestader i det offentlege rom, som me veit eksisterte i byen på første halvdel av 1900-talet (parkar, pissoar), til mannleg prositusjon eller til nettverk av menn som hadde sex med menn.

Dessutan viser passasjen at Hirschfeld hadde ein viss kunnskap om situasjonen i Noreg, i det minste gjennom artikkelen han hadde tatt inn i si Jahrbuch i 1902. Han har truleg visst at den «lærde nordmannen» som skreiv artikkelen var tidlegare professor og etterkvart riksarkivar, Ebbe Hertzberg (1847–1912). Om Hertzberg også hadde hatt direkte kontakt med Hirschfeld veit me ikkje, men han kjende fleire i nettverket kring han (Jordåen 2022, 20).

Naturleg, ikkje dedakent

Den bereiste uraniaren sin påstand om ei særleg stor utbreiing av homoseksualiteten i Bergen gjekk litt på tvers av hovudtesen til Hirschfeld, som jo var at det biologiske fenomenet homoseksualitet ikkje varierte geografisk eller etter etnisk bakgrunn. Særleg var Hirschfeld motstandar av ei førestelling som sto sterkt i samtida: påstanden om at homoseksualiteten var eit resultat av dekadanse, degenerasjon og «oversivilisasjon» typisk for storbyar og moderne samfunn (Marhoefer 2022, 45–46).

Hirschfeld hadde også ein finsk informant, ein jurist, som kunne fortelja om folket som budde på den nordlege delen av den skandinaviske halvøya, samane («Die Lappen»), «som utgjer ein eigen nasjon». Blant desse skulle også homoseksualiteten ha stor utbreiing, og den finske informanten hadde blitt fortald at hang saman med religiøse skikkar.[3]

Ut frå samtidas syn på folkegrupper og grader av sivilisasjon, var samane sannsynlegvis å rekna som det motsette av dekadente, svakelege og «overkultiverte» byfolk. Påstanden om homoseksualitet blant eit «naturfolk», kunne slik underbygga Hirschfeld si hovudtese.

Gitt dei potensielle lesarane sine oppfatningar om at visse folkegrupper sto høgre enn andre, var det sannsynlegvis eit endå meir gangbart argument for Hirschfeld at homoseksualiteten var, som han understrekte, godt kjend blant «dei såvisst ikkje degenererte nordgemanarane og vikingane» (Hirschfeld 1914, 535). Homoseksualiteten var altså likt utbreidd, også i kulturar som på ingen måte kunne oppfattast som prega av dekadanse og forfall.

Forskarar som Heike Bauer og Laurie Marhoefer har vist at om Hirschfeld var motstandar av den vitskaplege og biologiske rasismen samt etterkvart av imperialismen, var verka hans til dels også prega av kolonitidas dominerande førestellingar om høgare- og lågarestaåande kulturar (Bauer 2017, Marhoefer 2022). Som jødisk tyskar var han samstundes sjølv utsett for rasisme og antisemittisme; han blei eit ynda hatobjekt for den ekstreme høgresida.  

Hirschfeld og Noreg

Mens ein annan utforskar av den mennsekelege psyke og seksualitet, Sigmund Freud, fekk ei rekke dedikerte tilhengarar i Noreg, var Hirschfeld sitt direkte nedslagfelt mindre. Samtidig har han vore eit langt meir kjend namn enn ein har trudd, noko Stian Hårstad har dokumentert grundig i ein artikkel basert på omtalen i norske aviser (Hårstad 2020). Han viser mellom anna at plyndringa av Hirschfeld sitt Institutt for seksualvitskap i Berlin og brenninga av mykje materiale derfrå på det vidgjetne nazistiske bokbålet i 1933, blei relativt grundig skildra i norske aviser. Omtalen strekte seg her sterkt kritiske skildringar av bokbålet (t.d. i Bergens Arbeiderblad 13. mai), til sterkt antisemittiske og antihomoseksuelle karakteristikkar i Buskerud Blad (Hårstad 2020, 11).

Les også: Bjørnstjerne Bjørnson støtta Hirschfelds appell om avkriminalisering i Tyskland.

Då instituttet hans blei plyndra var Hirschfeld allereie i eksil, og eit par år seinare døydde han i Nice i Frankrike.

Namnetrekket

At Hirschfeld sin forfattarskap var kjend også blant norske likekjønna orienterte intellektuelle, gir Skeivt arkiv sitt eksemplar av Die Homosexualität eit hint om. Boka ber nemleg namnetrekket til forfattaren Ronald Fangen (sjå faksimile av tittelbladet øvst i saka). Fangen var i nokre år i ungdommen del av eit nettverk av homoseksuelle menn i Kristiania (Roughtvedt 2007). Han skreiv også om temaet i sine første romanar, om enn i eit meir sjukleggjerade språk enn Hirschfelds.

Noter

[1] Havelock Ellis i Studies in the Psychology of Sex (3. opplag, 1915), sitert av Hirschfeld i «Vorwort zur Zweiten Auflage» (Hirschfeld 1920, XIV).

[2] Hirschfeld 1914, 534.  «Sach- und Fachkundige sehen allerdings auch hier mehr, und einer meiner Gewährsmänner, ein vielgereister Uranier, berichtet mir, daß nach seinen Erfahrungen und Erlebnissen Bergen die homosexuellste Stadt der Welt sei».

[3] «In den nördlichen Teilen der skandinavischen Halbinsel und Finnlands leben die Lappen, welche eine eigene Nation bilden. Unter ihnen, soll auch die Homosexualität sehr verbreitet sein, und zwar soll sie, wie man erzählt, mit religiösen Gebräuchen in Zusammenhang stehen (Hirschfeld 1914, 539)».

Litteratur 

Bauer, Heike. 2017.  The Hirschfeld Archives. Violence, Death, and Modern Queer Culture. Philadelphia: Temple University Press.

Hirschfeld, Magnus. 1914. Die Homosexualität des Mannes und des Weibes. Berlin: Louis Marcus Verlagsbuchhandlung.

Hirschfeld, Magnus. 1920. Die Homosexualität des Mannes und des Weibes. Zweite Auflage. Berlin: Louis Marcus Verlagsbuchhandlung.

Hårstad, Stian. 2020. "Homopioneren Magnus Hirschfeld i norske aviser i første halvdel av 1900-talet", Skeivt arkiv, lese 4. oktober 2022.

Jordåen, Runar. 2022. «Innleiing». I «De har brudt isen her i Norden». Brev til Poul Andræ 1892–1912, av Ebbe Hertzberg, 10–36. NB Kilder 13. Utgåve ved Runar Jordåen. Oslo: Nasjonalbiblioteket.

Marhoefer, Laurie. 2022. Racism and the Making of Gay Rights. A Sexologist, hist Student, and the Empire of Queer Love. Toronto: Toronto University Press.

Rougthvedt, Bernt. 2007. Riverton. Sven Elvestad og hans samtid. Oslo: Cappelen.