Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Bjørnson
Bjørnstjerne Bjørnson - bilde fra "Bibliothek des allgemeinen und praktischen Wissens. Bd. 5" (1905), Abriß der Weltliteratur, side 57. (Wikimedia commons).

Det er nok ikkje allment kjend at Bjørnstjerne Bjørnson var ein homopioner. Noregs store diktar og nasjonsbyggjar var blant dei første kjende personane i Europa som offentleg stod fram og forsvarte homoseksualitet. Alt i 1891 skreiv Bjørnson i Dagbladet at homoseksuelle er uimottakelege for straff. Han angrar på at han ikkje tok opp temaet tidlegare, seinast to år før, i 1889, då kriminallova blei debattert og revidert i Stortinget. Bjørnson hevda at seksuelle handlingar mellom menn kom av ein hang som var ”sterk og rodfestet”, og at bevisa var overveldande for å oppheve straffelova mot ”Mennesker, som er gledne ind paa en kjønslig Afvej (der er jo saa mange)”.

I desember 1901 blei han internasjonalt kjend som homoforsvarar ved at han gav si støtte til den tyske seksualforskaren Magnus Hirschfelds kampanje mot den tyske straffelovas § 175 som kriminaliserte sex mellom menn. I brevet til Bjørnson forklarer Hirschfeld at det dreiar seg om frigjering av ei viss menneskeklasse, dei som forelskar seg i sitt eige kjønn. Vidare skriv han: ”Krafft-Ebing, Moll, dei mest kjende medisinarane som har tatt opp dette spørsmålet, har komme fram til at eit forbod mot utøvinga av denne legningen rommar ein urett, at mennesket ikkje skulle måtte forsake utøvinga av ei av sine medfødde naturdrifter, slik dette gjer etter § 175 i vår straffelov, at i alle land der eit slikt forbod ikkje eksisterer, er ikkje førekomsten av homoseksuell, dvs. likekjønna kjærleik, hyppigare enn i land der den blir trua med harde straffer.”

Bjørnson nølte ikkje med svaret. To dagar etter skreiv han tilbake frå Aulestad, Norwegen, på tysk: ”Høgst æra herre! I meir enn 20 år har eg vore av same meining som Dykk, og var eg tysk, ville eg ha underteikna. Dykkar trufaste Bjørnstjerne Bjørnson.” Året etter blei Bjørnsons svarbrev trykt i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen (Årbok for seksuelle mellomstadium), eit organ for den tyske homorørsla som Hirschfeld hadde stifta i 1897.

Clemens Petersen

Bjørnson var ein sann vennskapens mann med stor sans for den såkalla romantiske vennskapen, eit aseksuelt forhold som grensar opp mot det vi gjerne kallar platonisk kjærleik. Det mest inderlege forholdet hadde Bjørnson til den danske kritikaren Clemens Petersen: ”Tak, du er mit halve Liv!” skreiv Bjørnson i 1865 til Petersen. Dei møtte kvarandre i København sommaren 1856 og utvikla straks eit nært forhold. Breva mellom dei er fulle av svulstige ord, lykkelege kjensleutbrot og heftige forsikringar om ein heilt spesiell vennskap: ”Aldri har jeg seet et saa stort Begrep om hvad Venskab er, som hos dig.” og ”Kjere, gode Ven, saa øm og blød du er, finere end en Kvinde ...”, skreiv Bjørnson. Medan Petersen svarte at ”naar Du rører vid mig, saa gnistrer jeg”.

bjornson_og_pedersen_.png

Den unge Bjørnson (t.v.) saman med sin danske venn, den homoseksuelle kritikararen Clemens Petersen, ca 1857.

I 1869 skjer hendingane som avslører Clemens Petersens avvikande seksualitet, og han flyktar frå Danmark, først til Wien og deretter til USA. Ingen hadde lenger noko positivt å seie om den til då høgt akta kritikaren – med unntak av Bjørnson, som også hjelpte Petersen med pengar til reisa. Like etter skandalen uttalte han: ”Clemens Petersen har fra første Ferd været mig til overordentlig Nytte og Velsignelse ved sin skjønne, rige Omgang”, og året etter: ”som jeg har elsket og elsker med min største Kærlighed”. Bjørnson foreslo òg fleire gonger at Petersen skulle flytte til Aulestad og vere som ein slags sekretær for han.

Clemens Petersen var også sterkt medskuldig i at Bjørnson endra førsteutgåva av Arne (1859) for å gjere hovudpersonen meir maskulin og slutten på romanen meir sannsynleg. Bjørnson måtte gjere det tydeleg at Arne skulle ha erotiske kjensler for Eli, og at han gifta seg med henne. Tidlegare hadde nemleg ikkje Arne brydd seg om jenter, men forgjeves venta på brev frå bestekameraten Kristian som hadde reist til Amerika. Det han ikkje veit er at mora har underslått alle breva frå Kristian og jamvel pengar som skal dekkje Arne sine reiseutgifter. Arne er framleis ein interessant roman å lese, også i den sterkt endra versjonen som er den vi kjenner i dag.

Ivar Bye

Skodespelaren og teatermannen Ivar Bye hadde vore så forelska i ein eldre kamerat at han tok på seg fengselstraff for han. Bjørnson syntest synd på den tidlegare tukthusfangen og tok seg av han. Då Ole Bull hausten 1857 kalla Bjørnson til Bergen som kunstnarleg leiar for Det norske Theater, sendte han pengar til Ivar Bye og bad han komme etter. Bye døydde i 1863, berre 39 år gammal, medan Bjørnson var på besøk i Bergen. Dødsfallet blei kunngjort av Bjørnson saman med ein venn. Ved dødsleiet til Bye gav Bjørnson seg sjølv det løftet at han ein dag skulle fortelje den fulle historia om livet hans. Men på grunn av temaet visste Bjørnson at tida enno ikkje var moden.

Først i 1894 publiserer han forteljinga Ivar Bye, eit sterkt venneportrett av den vakre mannen som med ein smilande munn ”full av erotikk og med glimt i av ypperlige tænner i bred runding. Disse grå øjnene og munnen gjorde god tjeneste sammen, gjorde uavladelige erobringer blant mænn som kvinner, gamle og unge. Men i det tyste. [---] de hæftet sig ved hans smukke gang, idet de følte dens behagelige rytme. Aldrig har nogen nogensteds set ham i forgrunnen: men der de fik øje på ham, drog han de finere naturer til sig.”

Til Ivar Bye skreiv Bjørnson i 1861 eitt av sine aller finaste vennedikt ”Alene og i anger”. Det byrjar slik:

Jeg ejer en ven, han hviskede nu
’Guds fred!’ i mit nattvåkne sinn.
Når lysene dør, når mørket har gru,
da kommer han gjærnest in.

H. C. Andersen

Før Bjørnson skulle møte den danske diktaren Hans Christian Andersen i Roma i 1861, hadde Clemens Petersen fortalt Bjørnson om Andersens eigentlege vesen: ”Vi have truffet hinanden i et Selskab og vi have forstaaet hinanden.” Trass i den store aldersforskjellen mellom dei, Andersen 56 og Bjørnson 28, blei det eit hjarteleg møte: ”Ham blev jeg naturligvis ganske mageløst forelsket i, og jeg tror det var gjensidigt. Der blev en Fortælling og en Tuden uden Ende,” skriv Bjørnson begeistra til Petersen.

Bjørnson kvir seg ikkje for å smigre og ”kjæle” for han, og vedgår at han blir varm inni seg når han tenkjer på han: ”Her i mig selv blomster De trods Vinter, og har jeg Solglands og Varme af Dem trods Afstand.” Og så følgjer sjølve kjærleikserklæringa: ”Jeg elsker Dem, ja næsten som en ung Pige, jeg synes om Deres Fejl, Deres Naragtigheder.” H.C. Andersen er meir varsam med kjensleutbrot, men han erklærer seg gjerne som ”blød”: ”Jeg hører til Blød-dyrene, om jeg saa kan sige., De vil da forstaae mine Fornemmelser.” Litt seinare skriv Andersen – og no er dei blitt dus: ”Du gaaer Din Vei, den Din natur maa [---] jeg forstaaer saa godt Din hele Stemning, Du er blød, som Du er heftig.”

Vennskapens mysterium

Bjørnson levde i ei tid då grensene for kva som var akseptert som maskulint var annleis. Det var ikkje uvanleg for mannlege venner å gje sterke og inderlege uttrykk for kjenslene sine. Slike ord og vendingar kunne heller ikkje misforståast. Bjørnson hadde det med å ”elske” vennene sine. Han elska å gje seg hen i ei vennedyrking som han sjølv kalla forelsking. Han hadde eit umåteleg behov for venner – ”jeg trænger venner, nærværende, varme venner!” Bjørnsonspesialisten Per Amdam hevdar at Bjørnsons uvanlege vennebehov kom av hans ekstroverte karaktertype og ei sterk seksualdrift som forsterka kontaktdrifta i han. Og denne kontaktdrifta var av erotisk karakter. Derfor dyrka Bjørnson den romantiske vennskapen til andre menn, det vere seg Clemens Petersen, Ivar Bye eller H.C. Andersen. Det spesielle her er at alle dei tre nemnde mennene også forelska seg i andre menn, men på ein heilt annan måte enn det Bjørnson gjorde. Kan hende det var grunnen til at Bjørnson også talte homoseksuelles sak?

Dette er glimt frå ei side av Bjørnson ikkje alle kjenner like godt, men Bjørnson var ein svært allsidig person med eit sterkt samfunnsengasjement. Han var både den fordomsfrie og sosialt bevisste diktaren, den forståingsfulle og trufaste vennen, den rause og varme menneskekjennaren, og den forelska og impulsive brevskrivaren – han som skreiv om seg sjølv: “Jeg er, som du ved, en uforbederlig ‘sentimental’, ‘blød’, ‘kvinnelig’ natur.” Bjørnson var alt dette.

Litteratur

Bjørnson, Bjørnstjerne. 1859. Arne. Bergen: H.J. Geelmuydens Enke.

Bjørnsons novelle Ivar Bye (1894) kan til dømes lesast i: Bjørnson, Bjørnsterne. 1932. Bind X av Samlede værker. Oslo: Gyldendal.

Gatland, Jan Olav. 2002. Mitt halve liv. Bjørnstjerne Bjørnsons vennskap med Clemens Petersen – og andre menn. Oslo: Kolofon.

Magnus Hirschfelds brev til Bjørnson i 1901 og Bjørnsons svar var m.a. gjengitt her www[.]thorelangfeldt[.]net/41322609 (nedlagt nettsted; arkivlenke til artikkelen).