Hendrik Christian Andersen

Hendrik Christian Andersen i Roma, ca. 1905. Henta frå boka Museo Hendrik Christian Andersen.
Hendrik Christian Andersen i Roma, ca. 1905. Henta frå boka Museo Hendrik Christian Andersen.

Hendrik Christian Andersen (15.4.1872–19.12.1940) er truleg den einaste nordmannen som har fått sitt eige museum i Italia. Museo H. C. Andersen ligg sentralt i kunstmetropolen Roma og er mellom anna fylt av gigantiske skulpturar, fleire av dei svært homoerotiske. Bli ikkje forvirra av forkortinga H. C. Andersen, som her altså ikkje tyder den danske eventyrforteljaren Hans Christian Andersen (som elles ville høve heime her i Skeivopedia), men ein norsk-amerikansk bildehoggar med nesten same namn.

Hendrik C. Andersen var fødd i Bergen av vognmann Anders Andersen frå Lærdal og Helene Monsine Monsen frå Bergen og voks opp som den mellomste av tre brør. Same året Hendrik var fødd, emigrerte faren til USA, og året etter, i 1873, følgde resten av familien etter og slo seg ned i delstaten Rhode Island på austkysten.

img_20150916_0003.jpg

Andreas M. Andersen: Måleri frå 1894. Vi ser broren Hendrik liggjande naken og fornøgd etter ei elskovsstund saman med vennen John Briggs Potter, som her sit naken på sengekanten i ferd med å ta på seg sokkane.
Andreas M. Andersen: Måleri frå 1894. Vi ser broren Hendrik liggjande naken og fornøgd etter ei elskovsstund saman med vennen John Briggs Potter, som her sit naken på sengekanten i ferd med å ta på seg sokkane.

Etter kunstskule i Boston reiste Hendrik Christian i 1894 rundt i Europa før han i 1897 slo seg til ro i Roma der han arbeidde med skulpturar i tradisjon frå antikken. Her budde han stort sett saman med mora, yngstebroren Arthur som var pianist og komponist, og Olivia Cushing, den velståande enka etter Hendrik sin eldre bror, målaren Andreas, som døydde 39 år gammal i 1902. I tillegg til sine ruvande klassiske skulpturar etter tydeleg inspirasjon frå Michelangelo, var Verdensbyen Hendrik C. Andersen sitt store livsprosjekt. Draumen hans var å skape ein gigantisk by, ein by som skulle fyllast med kunstverk og slik dyrke fram det beste i mennesket. Dette fredsprosjektet skulle byggjast like sør for Roma.

Brev frå Henry James

andersen_og_henry_james.jpg

Henry James og Hendrik C. Andersen, 1907. Foto: Museo Hendrick Christian Andersen
Henry James og Hendrik C. Andersen, 1907. Foto: Museo Hendrick Christian Andersen

I 2004 kom det to bøker som gjorde verda på nytt merksam på den norskfødde bildehoggaren. Den eine var utgjevinga av den amerikanske forfattaren Henry James (1843–1916) sine mange brev til Hendrik C. Andersen med tittelen Beloved Boy, redigert av Rosella Mamoli Zorzi. Heile 87 brev er bevart frå den verdskjende forfattaren Henry James til sin 29 år yngre venn i perioden 1899 til 1915, mange av desse reine kjærleiksbrev.

Den andre boka som kom ut i 2004, er Colm Tóibín sin fascinerande og velskrivne roman, The Master (norsk utgåve i 2006), som nettopp handlar om Henry James, mellom anna om forholdet hans til Hendrik C. Andersen. Dei to møttest visstnok berre seks gongar, men breva tyder på eit svært nært forhold, truleg erotisk. Her følgjer to utdrag:

I am in town for a few weeks but I return to Rye April 1st, and sooner or later to have you there and do for you, to put my arm round you and make you lean on me as on a brother and a lover, and keep you on and on, slowly comforted or at least relieved of the first bitterness of pain – this I try to imagine as thinkable, attainable, not wholly out of the question. [---] Let all my tenderness, dearest Boy, do that. . . . (9.2.1902)

Dearest, dearest Boy, more tenderly embraced than I can say! – How woefully you must have wondered at my apparently horrid and heartless silence since your last so beautiful, noble, exquisite letter! [---] I only, for goodnight, for five minutes, take you to my heart. And I'm better, better, better, dearest Boy; don't think of my having been ill. Think only of my love and that I am yours always and ever Henry James. (28.2.1902)

Hus i Roma

I 1922 bygde Hendrik Christian Andersen sitt eige hus (eller palazzo) i Roma, ein stor bygning i Via Pasquale Stanislao Mancini, nr 20. Då han døydde i 1940, 68 år gammal, testamenterte han huset og rundt 400 kunstverk til den italienske staten. Men først skulle adoptivsøstera få bu der så lenge ho levde, noko ho gjorde til 1978. Deretter kom ei omfattande restaurering, og først i 1999 kunne Museo Hendrik Christian Andersen opne.

img_20150916_0001.jpg

Skulpturen Il Giocatore di Pallone, eller Ballspelaren, som Andersen gjorde ferdig i 1911. Foto: Museo Hendrick Christian Andersen
Skulpturen Il Giocatore di Pallone, eller Ballspelaren, som Andersen gjorde ferdig i 1911. Foto: Museo Hendrick Christian Andersen

Kjelder

Arntzen, Jon Gunnar. 2007. "Colossal Creator or Naïve Dreamer?" i The Norseman, nov.

Arntzen, Jon Gunnar. 2009. "Hendrik C. Andersen" i Norsk biografisk leksikon. snl.no.

James, Henry. 2004. Beloved Boy. Letters to Hendrik C. Andersen 1899-1915. Red. Rosella Mamoli Zorzi. Charlottesville & London: University of Virginia Press.

Majo, Elena di. 2008. Museo Hendrik Christian Andersen. Milano: Electo.

Tóibín, Colm. 2004: The Master. London: Picador. (Norsk utgåve i 2006.)