Drude Helmers egteskap

Drude Helmers egteskap blei utgitt i 1913. Foto: Skeivt arkiv
Drude Helmers egteskap blei utgitt i 1913. Foto: Skeivt arkiv
Dei blei kalla "tvilsomme" eller "halvmænd". Ein liten roman frå 1913 fortel mykje om homofile liv i Noreg kring førre hundreårsskifte.

I 1924 dukkar ordet "homoseksuell" opp for første gong i norsk skjønnlitteratur, i romanen Odd Lyng av Alf Martin Jæger. Men fenomenet homoseksualitet var òg blitt omtalt tidlegare. Eksempel på det er I skyggen av Karl Johan (1912) av Øvre Richter Frich, og Drude Helmers egteskap (1913) av Ranka Knudsen. Den førstnemnde gjekk som føljetong i avisa Sosial-Demokraten før han blei utgjeven i bokform. Boka blei svært populær, og kom i ei rekkje opplag.

Tema for begge desse romanane er homofile menn som gifter seg med kvinner. Og i begge er synsvinkelen lagt hos kvinna. Handlingsforløpa har store likskapar, men forma og stilen er svært ulik i dei to bøkene. Ranka Knudsen sin roman er meir lågmælt og har høgare litterære ambisjonar. Han gjer eit spanande blikk inn i det norske samfunnet ved byrjinga av 1900-talet. Han løftar fram mange av holdningane, tankane og forståingane for kjønn og seksualitet som gjorde seg gjeldande. Og han fortel mykje både om avgrensingane og moglegheitene for homoseksuelle liv innanfor desse rammene. Dette til trass er han til no har blitt oversett når historia om skeive tema i norsk litteratur skal forteljast.

Du maa være hos mig bestandig

Vi er i ein liten konsertsal i Kristiania. Musikkstudenten Drude Helmer er til stades for å høyre debutkonserten til ein talentfull ung pianist som ein knyter store forventningar til. Mannen som kjem fram på scena er alvorleg, vakker og elegant. Han fengslar dei alle med spelet sitt, og publikum er overveldande begeistra etter konserten. Erik Hench har trådd ut i offentlegheita - og inn i Drude Helmer sitt liv.  

Hovudpersonen i Drude Helmers egteskap er ei ung småbykvinne som bur hos slektningar mens ho studerer i hovudstaden. Berre nokre timar etter konserten blir ho introdusert for Erik Hench heime hos onkelen sin, og det viser seg at dei finn tonen svært godt. Dei er etter kvart mykje ilag, og snakkar ope saman om så mangt, blant anna barndom og familie. Mens Drude vaks opp i ein trygg, harmonisk heim, mista Erik begge foreldra i ung alder. - Eg ser no at det kan vere farleg å miste heimen sin for tidleg, seier han, utan å utdjupe dette noko vidare. På ein tur til Frognersætra frir han til henne: "lille Drude min, du maa være hos mig bestandig - du maa bli min…"

Frieriet kjem brått på Drude og gjer ho heilt fortumla. Ho er svært forelska, og overvelda av at kjenslene ser ut til å vere gjensidige. Erik sitt pianospel er det vakraste ho har høyrt, sjølv om kritikarane meiner det er litt lite kraft i musikken hans. Det er noko veikt over heile han - smilet hans, stemma - men ho liker det. Lykkeleg uvitande går ho inn i eit forhold som skal vise seg å vere noko heilt anna enn det ser ut til. For ved å skaffe seg ein respektabel fasade med kone og born kan Erik relativt trygt vidareføre forholdet til sin mannlege kjærast (utad ein ven og musikarkollega), og i tillegg bruke mykje av tida si i lag med likesinna vener.    

Saa meningsløst det hele

Det er Drude sin naivitet, mangel på kunnskap og urokkelege tru på det romantiske, heterofile ekteskapet som gjer det mogleg for Erik å leve eit slikt dobbeltliv. For med det same forlovinga blir kjend, blir ho møtt med ei rekkje åtvaringar. Kusina Agnes kjem på døra, alvorleg og ubekvem, og fortel at Hench ikkje er noko å gifte seg med; "han er en av dem, som er glad i mænd". Drude får òg eit anonymt brev i posten med teksten: "De er for ung og uerfaren nå til å gjennomskue ham, men engang vil De komme til å angre!" Ja, fleire åtvaringar følger, både munnlege og skriftlege, frå kjende og ukjende.

Drude reagerer med sjokk. Ho er ute av stand til å forstå kva dette dreier seg om; aldri har ho høyrt snakk om noko liknande. Ho græt fortvila, grublar over kva det er for noko forferdeleg ho har fått innblikk i; ho kan ikkje tru at det er sant. Det er ingen i nærleiken ho kan snakke om dette med, ho kjenner seg hjelpelaus og åleine. Det er så uhyggeleg og meiningslaust det heile. Hvis det virkelig fantes mennesker, som var saan, tenker hun, saa maatte de da ikke bli taalt, ikke snakket til...  Men dei sterke åtvaringane og tvilen til trass: Når Erik forsikrar ho om at påstandane er usanne, trur ho på han.   

De reklamerer med kone og barn

Drude og Erik gifter seg, drar på bryllaupsreise, innreiar ein hyggeleg heim og får barn saman. Lenge verkar alt til å vere i den skjønnaste orden. Men berre eit par år etter at barnet er fødd byrjar idyllen å slå sprekkar. Erik verkar lite interessert i sonen, han er stadig meir ute blant venene sine, mens Drude blir sitjande mykje åleine heime. Ho trivst ikkje i Erik sitt miljø; det er nesten berre menn - forfattarar, kunstnarar og skodespelarar, og nokon velståande ungkarar - dei speler kort og drekk, dei har ein særs frivol sjargong, og dei sladrar verre enn damer.

Einsam som ho er, tar Drude opp att kontakten med ei gamal skuleveninne, Hedvig, som no gjer karriere som skodespelar. Hedvig er ikkje på noko vis like naiv og uvitande som Drude. Ein kveld dei er i teatret saman peikar ho ut ein mann blant publikum: han har med seg både kona si og den mannlege elskaren sin. De reklamerer med kone og barn og tror de er trygge da - og så blir de dobbelt frække, fnys ho. Hedvig er oppgitt, ikkje berre over dobbeltspelet til mennene, men òg over dei mange damene som ikkje gjennomskodar dei, men tvert om dyrkar dei og forelskar seg i dei:

Saa går disse avskyelige halvmandfolkene og pynter sig med de erobringene og strammer sig op til litt kurtise til gjengjæld…

Som de spiller sammen

Drude har heilt klart å gløyme åtvaringane frå tidlegare; no kjem mistanka tilbake med full kraft. Som Ibsen si Nora Helmer har ho òg levd som ein lerkefugl, meir oppteken med å skape eit lunt reir av ein heim enn av verda utanfor. Men no kan ho ikkje lenger lukke auga for realitetane; livsløgna hennar raknar.

Den endelege stadfestinga av at det ho har frykta er sant får ho snart. Mens ho sit på ein kafé høyrer ho to damer ved nabobordet sladre om nokre menn som går forbi - det er Erik og venen hans, Henning Gran. Der går Erik Hench med sin kjære, seier den eine. -Jo, det må vere morosamt å vere gift med han. Du er ikkje klok, svarar den andre. Det kan ikkje vere sant at han er gift? Ho held fram: Eg var på konserten deira i Bergen i sommer. Aa, kor væmmelig det var at se paa dem! Men Gud bevare mig vel som de spiller sammen...     

Fortvila legg Drude ein plan for å avsløre mannen sin. Ho kjem uanmeld heim og finn, som ho har frykta, Erik og Henning i ein intim situasjon. I rolla som mann og ektemann har Erik hatt mykje fridom, han har hatt kontroll over sitt eige liv. No mister han brått all autoritet, han blir kasta på dør av kona si. Drude forlet òg leilegheita så fort som råd er, og med sonen i armane flyktar ho heim til småbyen og foreldra sine.  

Framstillinga av homofile

I Drude Helmers egteskap blir homofile menn utan tvil sett i eit dårleg lys. Erik er strategisk, han etablerer seg med kone og barn som skalkeskjul, og utnyttar Drude sin kjærleik og tiltru til han. Han skrur på sjarmen når det er naudsynt, og ser ikkje ut til å ha nokon skruplar med å lyge til kona si gong på gong. Heller ikkje Henning viser teikn til dårleg samvit for at han har eit forhold til ein gift mann, så og seie rett framfor nasen på kona hans.

Gjennom heile forteljinga kjem klare stereotypiar til syne. Erik er vakker og elegant, men han har samstundes noko puslete ved seg. Han mista begge foreldra tidleg, og leid særleg under mangelen på ein far. Han bruker mykje av tida si i eit miljø av menn i kreative yrke. Sin eigen son viser han lite interesse for. Det er interessant å sjå korleis Drude sin frykt for at Erik kan vere "saan" òg gjer ho bekymra for sonen. Ho er redd for at han skal arve faren sine dårlege tilbøyelegheiter, men ho blir rolegare av å sjå at guten har dei fleste av trekka sine frå "hendes egen sunde slegt". Etter kvart er ho nesten glad for at sonen har hatt så lite med faren sin å gjere. Drude sin uro er altså knytt både til arv og til miljø.

På eit relativt stillfarande vis seier denne boka mykje om homoseksualiteten sine kår i samtida. Og trass i den negative framstillinga finst det nyansar. Sladrekjerringar synest det er "væmmelig" å se Erik Hench og Henning Gran saman - like fullt er dei over seg av begeistring for dei som musikarar. Ingen kan nekte for at Erik og Henning skapar noko vakkert saman. Alt tyder òg på at dei er oppriktig glade i kvarandre. Om boka framstiller homofile menn som løgnarar og dobbeltspelarar, så framstiller ho òg heterofile kvinner som uvitande og naive, blinde i trua på det tradisjonelle ekteskapet. Og kva for andre moglegheiter har eigentleg Erik og andre som han, til å oppleve kjærleik, nærleik og fellesskap, om ikkje bak ein vernande fasade av eit anstendig ekteskap, med kone, heim og born?

Taparar i kjærleikskampen?

Det er verdt å merke seg at ein i denne romanen ikkje berre finn ein brodd mot homofile menn - men mot menn generelt. Drudes veninne Hedvig lever i eit miljø kor det ikkje er ekteskap som er norma, men lausare relasjonar. For ho inneber det at ho tidvis får mykje merksemd frå mannen ho er glad i, tidvis ingenting. Dei sterke kjenslene ho har for han hindrar ho frå å bryte ut, sjølv om ho eigentleg veit betre. Når du skal vere ærleg, Drude, seier ho, - så må du innrømme, at kvinnene taper alltid i kjærleikskampen. Og Drude svarar tankefullt at ho har rett. Sjølv har ho ikkje tenkt så mykje over dette tidlegare, men i det siste har ho byrja å sjå på ekteskap og forhold kring seg; "Selv om det kan se anderledes ut, saa er det nesten altid saa, at kvinderne blir tilovers tilslut”. Sånn sett kan ein seie at romanen til ein viss grad òg kastar lys over kvinner sin situasjon generelt, i eit samfunn kor dei på så mange vis framleis er underordna menn.

Mottakinga

Ranka Knudsen (eigentleg Ragnhild Knudsen Samuelsen, 1888 -1966) var kjend som skodespelar før ho debuterte som forfattar. Ho ga etter kvart ut ei rekkje bøker og skodespel, og blei òg programleiar i radio. Drude Helmers egteskap var debutromanen hennar, og den fekk omtale i mange aviser. Meldingane var jamnt over svært positive, og forfattaren fekk ros både for godt språk og uredd valg av tema.  

Meldaren i Tronhjems Adresseavis skildra tematikken som "en ung, uskyldig pikes egteskab med en av disse “halvmænd” som særlig storbyene skal ha saa mange av". Han peikte på at "det uhyggelige ekteskapet" berre blei belyst frå ei side - ein ser alt med hennar auge. Men å fortelje historia frå Erik Hench sin perspektiv meinte han ville vere "en baade pinlig og vanskelig opgave". I Dagbladet blei det òg lagt vekt på at synsvinkelen låg hos kvinna, noko meldaren oppfatta som rett og viktig: "Det ligger jo ogsaa i sakens natur, at den seksuelle abnormitet blandt mænd er belyst slik i denne bok, at man faar se uhyggen bare fra den kant, som den taaler at ses fra gjennom et skjønliterært arbeid."  

I omtalen hos avisa Social-Demokraten kom politiske så vel som litterære synspunkt til syne. Meldaren meinte at boka var skreven "med egte kvindelig kraft, slik som kanskje kun kvinden i et land med almindelig stemmeret kunde skrive". Han tolkar det slik at forfattaren har ein klar agenda med boka; at ho "vil søke at vække den samme avsky hos kvinder mot disse halvmænd som den normale mand har." Denne avskyen, konkluderer han, må vel komme før eller seinare i ekteskapet, "men redningen ligger jo deri, at den vækkes på forhaand, at de lærer at forstaa staklernes tilbøieligheter og gaar klar av dem". Meldaren i Norges Handels og Sjøfartstidende er oppteken av det same. Han meiner det er positivt at unge kvinner får vite litt om denne typen ting før dei giftar seg; "naar de bare faar sin viden paa en skaansom maate, og det faar de i frk. Knudsens bok". Med ei slik vellykka handtering av ei krevjande problemstilling meinte fleire at Knudsen ville komme til å skrive noko enda betre, endå meir lesverdig, den dagen ho valde å ta for seg eit mindre ubehageleg tema.  

I skuggen av Karl Johan

Som nemnt i innleiinga kom det ut ein annan roman på same tid som òg tematiserte ekteskap mellom kvinner og homofile menn, I skyggen av Karl Johan av Rita Freimann - pseudonym for journalisten og forfattaren Gjert Øvre Richter Frich (1871-1945). Frich ga i alt ut over 70 underhaldningsromanar, og var Noregs bestseljande forfattar i si tid. I skyggen av Karl Johan ber preg av at han er skriven først og fremst for underhaldninga si skuld, med hemningslaus bruk av stereotypiar, overdrivingar og maleriske karakteristikkar.

Også i denne boka er hovudpersonen ei ung heterofil kvinne som let seg sjarmere av ein mann med høg sosial status og gifter seg med han. Linken Bratt, som ho heiter, er ikkje fullt så naiv og uvitande som Drude Helmer, men ho òg har levd eit relativt skjerma liv til no, sendt av foreldra til pensjonatskuler i utlandet nettopp for å unngå storbyen sine farar. Som Erik Hench har også mannen hennar, fabrikkeigar Howitz, nokre feminine trekk, men innleiingsvis verkar desse fascinerandre heller enn avskrekkande. Som Drude får Linken åtvaringar i forkant av bryllaupet, frå ein som har sett kven mannen hennar verkeleg er. Men ho tar ikkje åtvaringane på alvor. Det straffar seg, også for henne.

Mens Drude Helmer etter nøye planlegging overrasker Erik og hans Henning i ein intim situasjon, er Linken sin ektemann og venene hans fryktlause nok til å invitere henne i selskap i sin eigen heim. Det er ein høgst uvanleg samankomst ho blir vitne til: 

Da jeg kom inn i entreen slog en overvældende duft av hidsig parfyme mig imøte. Det var en blanding av Ylang Ylang og Tréfle. Min mand hadde nok grundig tat sig av forberedelsene. Jeg kjendte ikke vor salon igjen. Alle lys var dempet av orientalske skjerme - av en egen gulrød farve. Det var smukt, men jeg likte det ikke. Endvidere var der arrangert hyggelige hjørner med smaa skamler og store bløte puter av silke, som var smakfuldt anbragt mellem lave guirlander av gyldengule orkideer. Et stort isbjørnskind, som ellers hadde sin plads ved flygelet, var anbragt midt paa gulvet under den slørede lysekrone. Og paa det hvite skind laa den beskjendte skuespiller i kjole og fiolet vest i en smegtende attitude. (Frich 1912: 52)

Linken innser raskt kva ho er blitt: ei som held fasaden oppe for mannen og venene hans. Ho er blitt lurt; takka vere ho kan ektemannen halde sin sosiale status ved lag og samstundes leve akkurat som han lyster. Men Linken er ikkje like sart som Drude; ho himler med auga og finn det heile tragikomisk.

Men no er begeret fullt. Linken går til presten og krev at ekteskapet blir oppløyst. Interessant nok insisterer både mora og presten på at ho bør bli hos mannen sin. Og interessant nok utleverer ikkje Linken han direkte, trass i alt ho har både sett og høyrt. Ho uttrykker seg indirekte i staden; når presten argumenterer for at ho bør bli med tanke på at ho kanskje snart har eit barn å ta vare på - ei ny meining med livet - svarer Linken at mannen hennar tydelegvis ikkje veit korleis ein skal lage barn. Dette til trass - det er ho, ikkje mannen, som blir råka av den skammen ei skilsmisse fører med seg.

Linken går ut av ekteskapet, med dei konsekvensene det har. Som fråskild kvinne opplever ho eit brutalt fall i sosial status. Frå å tilhøyre dei øvre sosiale laga held ho seg no med dei utstøtte i samfunnet. Menneske som, lik ho sjølv, har mykje i bagasjen; som døyver smertene med alkohol og rangel. 

Ei brytningstid

Romanane I skyggen av Karl Johan og Drude Helmers egteskap gir spennande innblikk i ei brytningstid. Kristiania-bohemen hadde frå 1880-talet av tatt til orde for fri kjærleik, men det var heteroseksuell kjærleik dei snakka om. Omgrep som "kontrærseksualitet" og "homoseksualitet" var komne i bruk bland legestanden og dei intellektuelle, men det tok tid før dei blei allment kjende. I den velmøblerte delen av den norske hovudstaden som romanane utspelar seg i, blir homofile menn omtalte som halvmænd, som saane og tvilsomme. Den sosiale fordømminga av mannleg sammekjønnsseksualitet er enorm. Men nettopp at homoseksualitet er noko så framand, så utenkjeleg, gjer det mulig for ressurssterke homofile menn å leve relativt ope, med berre ein tynn ferniss av fasade.

Men dette var i ferd med å endre seg. At Erik Hench til slutt blir avslørt på audmjukande vis er på mange måter symptomatisk for tida han lever i. I 1906 brakte "den store sedelighetssaken" laus i danske aviser, og i åra som følgde skulle fleire "homoskandalar" fylle avispaltene i heile Skandinavia. Det dreide seg om saker der menn ble skulda for homoseksuell praksis, og nokon av dei blei også arresterte og rettsforfulgde.

Det var særlig menn dei frå øvre sosiale laga som blei ramma av skuldingane. Ei ny offentlegheit respekterte ikkje lengre privatlivets fred, tvert imot blei intimsfæra no av offentleg interesse. Skandalesakene ga gode salstall for avisene, noko som stimulerte til gravande journalistikk og spekulative overskrifter. Eit døme på dette er den store skandalen som råka Bergen i 1909, då avisa Arbeidet i 1909 kunne avsløre at ein av byens fremste borgarar hadde hatt seksuelle forhold til unge menn frå arbeidarklassa. Overskrifter som "Homo! Er det ikke paatide at gribe ind?" prega avisa, som i fleire veker hadde nesten daglege oppdateringar i saka. Den antekne gjerningsmannen, Fridtjof Sundt, var ikkje nokon ringare enn sonen til C. Sundt, kjend som Bergen sin fremste sjølvgjorte rikmann og ihuga velgjerar. Fridtjof Sundt blei avhøyrd og fengsla, men hadde gode kontaktar og blei lauslaten allereie dagen etter.

Homofile menn som gifter seg med kvinner

Som "samfunnsproblem" kan ekteskap mellom homofile menn og (uvitande) kvinner avgrensast i tid og sted. Seksuelle forhold mellom menn som er gift med kvinner har vel eksistert til alle tider, men dobbeltlivet - med eit heterofilt ekteskap på den eine sida og ein sosialt felleskap av menn som liker menn på den andre - var noko nytt. Med omgrepa "kontrærseksualitet" og "homoseksualitet" fulgde òg ei ny forståing av fenomenet. Det ein tidlegare hadde sett på som ei synd - noko kven som helst i teorien kunne henfalle til - byrja ein no rundt hundreårsskiftet gradvis å forstå meir som ein medfødd tilbøyelegheit - ein legning, ein eigen type personlegdom. Det danna grunnlaget for at det kunne vekse fram sosiale fellesskapar av sjølv-identifiserte homofile personar, sameinte av felles lagnad så vel som av felles interesser, smak og stil.

Nettopp det at slike homofile nettverk og miljø vaks fram rundt hundreårsskiftet, i Kristiania som i større byar som København og Berlin, gjorde det mogleg for Erik Hench, fabrikkeier Howitz og deira likemenn å leve som dei gjorde. At sex mellom menn var kriminalisert, med ei strafferamme på eit års fengsel, tvinga fram diskresjon og gode strategiar for å verne seg sjølv. Heterofile ekteskap var utan tvil godt egna i så måte. At den gifte kvinna hadde sin plass i heimen, mens ein gift mann hadde stor fridom til å bevege seg på ulike arenaer, gjorde at menn kunne leve eit slikt dobbeltliv. At skilsmisse forekom svært sjeldan, og brakte langt meir skam over kvinna enn mannen, bidrog kanskje til at nokon tillét seg å leve meir ope enn det som strengt tatt verkar forsvarleg. Lovparagrafens formulering om at "paatale finder alene sted, naar det paakræves av almene Hensyn" ga nok også ein viss tryggleik.      

Men med temaet løfta fram i tabloidpressa, i litteraturen og den offentlege samtalen blei det raskt vanskelegare å gå under radaren. "Feminine” trekk blant menn vekte mistanke på ein heilt annan måte enn før, og det er grunn til å tru at kvinner så naive og uvitande som Drude Helmer raskt blei færre. Homoseksualitet slutta på ingen måte å vere et tema for offentleg debatt, harme og indignasjon. Men problemet med at homofile menn lurte uskyldige, unge kvinner inn i kjenslelause samliv forsvann fra dagsordenen.

I det norske majoritetssamfunnet, vel å merke. For linjene kan jo trekkast fram til i dag. Dei omtalte romanane blei utgitt for hundre år sidan, men det finst framleis mange samfunn kor problemstillinga er høgst dagsaktuell. I land, område eller kulturar kor det er ulovleg og/eller uakseptabelt å leve homofilt kan det å gå inn i eit heterofilt ekteskap vere den beste måten å ivareta eigen tryggleik og sosiale status, og, i nokre tilfelle, gi rom for å leve sitt eige liv ved siden av.

Drude Helmers egteskap og I skyggen av Karl Johan handlar om homofile liv, men utan å bruke omgrepa "homofil" eller "homoseksuell". Den barrieren blei broten av læraren, forfattaren og arbeidarpartipolitikaren Alf Martin Jæger, som i 1924 ga ut romanen Odd Lyng. Ikkje berre blir desse omgrepa tekne i bruk, her er òg synsvinkelen lagt hos den homofile sjølv. Boka er eit kampskrift for å få lov til å vere den ein er, og mot §213 i straffelova som forbaud sex mellom menn. Med dette startar ei ny epoke i den norske skeive litteraturhistoria.

 - 

Artikkelen sto først på trykk i Melk nr. 3/2017 og i Syn og segn nr. 1/2018 (utvida versjon).  

Jan Pål Kerssemakers leverte i mai 2019 masteroppgåve i nordisk litteratur om desse romanene: "Halvmannen" - Ein komparativ analyse av korleis "den homoseksuelle" blir skriven fram i romanane I skuggen av Karl Johan og Drude Helmers egteskap. 

Drude Helmers egteskap og I skyggen av Karl Johan finst i Skeivt arkivs boksamling. Romanane er også digitaliserte og tilgjengelege på Nasjonalbibliotekets nettsider nb.no. 

Litteratur:

Frich, Gjert Øvre Richter. 1912. I skyggen av Karl Johan. (Utgitt under pseudonymet Rita Freimann). Kristiania: J. Aass. 

Jordåen, Runar. 2017. «Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909» i Ragnhild Botnheim et.al. Han e’ søkkende go! Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes. Bergen: ABM-media.

Knudsen, Ranka. 1913. Drude Helmers egteskap. Kristiania: Nordli 

Rosen, Wilhelm von. 1993. Månens kulør. København: Rhodos

"Den høieste ret". Anmeldelse av Thit Jensens roman Høieste ret og Ranka Knudsens Drude Helmers egteskap. Trondheims adresseavis 22.12.1913.