Sigurd Skadberg

Sigurd Skadberg som konfirmant. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadberg som konfirmant. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadberg (1896-1953) var bakar i Egersund og Helleland. Livet hans er grundig utforska av Erling Torkel Endresen i Egersund, i hans unike lokalhistoriske studie av homofile i Dalane sør i Rogaland.

Endresen har intervjua eldre folk i alle kommunane i Dalane. Prosjektet har resultert i ein artikkel i Rogaland Historielag si årbok. Arbeidet viser at slike lokalhistoriske studiar har stort potensial. Dei Endresen intervjua kunne fortelja om personar som levde ikkje-heterofile liv i alle kommunane i regionen på første halvdel av 1900-talet, ei tid då det elles finst svært få kjelder til denne historia. 

Personane er anonymiserte, noko som til ein viss grad har vore føresetnaden for å få informantane i tale. Det einaste unntaket er Sigurd Skadberg som Endresen fekk lov til å omtala med fullt namn av dei som hugsa han.

Her presenterer me ein kortversjon av historia om Sigurd Skadberg. Erling Torkel Endresen sin artikkel i Lokalhistorisk årbok for Rogaland for 2022 er varmt anbefalt for dei som ønskjer heile biletet.

Bakar og kafévert

Sigurd Theodor Antonsen Skadberg blei fødd i 1896 på garden Båshaug på Skadberg på Eigerøya. Foreldra dreiv ein liten gard og faren var i tillegg seglskuteskipper. Miljøet Sigurd vaks opp i var prega av nærleiken til sjøen, mange var fiskarar og sjømenn, men sjølv valde han ein annan veg. Han arbeidde først som bakarlærling hos bakar Weigner i Storgaten 32 i Egersund, der han også budde som leigebuar. Her tok han svenneprøven som bakar i 1915. 

image001.png

Helleland sentrum, taket på Skadbergs hus skimtes bak haugen t.v., brødrene Hetlands butikk foran t.h. Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen: KK-postkortsamlingen, I. Ingebrigtsen.

I 1920 flytta Sigurd Skadberg til Helleland i kommunen med same namn (i dag ein del av Eigersund kommune), der han arbeidde som bakar for brørne Hetland. Etterkvart byrja han kafédrift i eige hus, i det som etterkvart blei kalla Skadbergsvingen på folkemunne (eigedommen Kringsjå ved Eiaveien). 

Respektert medlem av lokalsamfunnet

Han fekk tiltru i bygda og blei blant anna medlem av Trygdekassenemnda i kommunen og i styret for Helleland Sparebank. Etter krigen mista han ein del av tilliten, kommunestyret vedtok å ta frå han løyvinga til å driva kafé grunna «unasjonal holdning» under krigen. Erling Torkel Endresen har ikkje funne noko eintydig svar på kva som gjorde at han fekk denne merkelappen, men det kan ha samanheng med at han villig serverte tyske soldatar. Eller det kan vera at han hadde nære band til ein nabo som var ordførar under krigen.

Endresen peiker på at det ikkje verkar som at Skadberg sin seksuelle orientering fekk tilsvarande konsekvensar, trass i at det var godt kjend at han «likte menn». Informantane seier i alle fall ingenting om dette, tvert om blir han framheva som ein godt likt mann. Dette trass i at det finst historier om at han også gjorde tilnærmingar til enkelte menn, særleg då han var berusa. Dei Endresen har snakka med hevdar at dette ikkje blei tatt så alvorleg – «sånn var han Sigurd» - blei det sagt.

Grandniesa til Sigurd Skadberg, Gunnhild er ein av dei Erling Torkel Endresen har snakka med, og ho kan fortelja at ho var veldig glad i han og har gode minne om ein blid og omgjengeleg slektning. Då mormora blei spurd om korfor ikkje bror hennar var gift, svarte ho at han likte best menn.

image004.png

Sigurd Skadberg med ukjente mannlige venner. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.

Som Endresen viser fortel dette oss at det var ein diskret toleranse i familien for at Skadberg likte menn, utan at ein hadde noko ord for det. I den grad homoseksualitet var eit emne i avisene i regionen, blei det knytt til forhold til yngre personar, ofte overgrepssaker frå andre delar av landet eller utlandet.

Viktig lokalhistorisk arbeid

Erling Torkel Endresen har gjort eit omfattande arbeid med å intervjua eldre personar i distriktet. Det demonstrerer at det når ein først byrjar å grava faktisk finst mange historier om personar som elska nokon av same kjønn eller braut med normene for maskulinitet og femininitet. Endresen sine tolkingar er forsiktige og tar høgde for at dei er basert på korleis folk hugsar nærare 70 år etter Skadberg sin død. Historia om Sigurd viser at det bak tausheita også fanst ei forestilling om at nokon menn likte menn. Diskresjonen rundt tematikken opna for at ein bakar i Helleland kunne leva eit liv som ein godt likt og respektert borgar av lokalsamfunnet. 

Forutan Hans W. Kristiansen si forsking på eit anmonymisert lokalsamfunn på Austlandet, finst det knapt andre studiar av liknande sort. Endresen sin artikkel viser at det skeive har hatt ein plass også i småbyar og på landsbygda, men at kunnskapen om det er i ferd med å forsvinna i takt med at folk som hugsar første halvdel av 1900-talet blir færre og færre.

Helleland sentrum, taket på Skadbergs hus skimtes bak haugen t.v., brødrene Hetlands butikk foran t.h. Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen: KK-postkortsamlingen, I. Ingebrigtsen.
Helleland sentrum, taket på Skadbergs hus skimtes bak haugen t.v., brødrene Hetlands butikk foran t.h. Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen: KK-postkortsamlingen, I. Ingebrigtsen.
Sigurd Skadberg stående bak, i godt lag med venner. Foto: Dalane Folkemuseum.
Sigurd Skadberg stående bak, i godt lag med venner. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadberg med ukjente mannlige venner. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadberg med ukjente mannlige venner. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadbergs hus i vinterdrakt. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.
Sigurd Skadbergs hus i vinterdrakt. Privat samling, utlånt av Erling Torkel Endresen.

Litteratur

Endresen, Erling Torkel. 2022. «Han va løyen, han Sigurd!» Spor av homohistorie i Dalane i 1900-tallets første halvdel, eksemplifisert gjennom en homofil baker på Helleland. Lokalhistorisk årbok for Rogaland 2022, s. 35-57.