Sissel Castberg

Sissel Castberg. Foto: Løvetann 1988, fotograf ukjent.
Sissel Castberg. Foto: Løvetann 1988, fotograf ukjent.
Sissel Castberg (1927–1988) var forfattar, journalist og keramikar. Ho var også ein av dei første kvinnene som støtta og engasjerte seg for Forbundet av 1948. Ho hadde ein ukonvensjonell stil og var synleg lesbisk allereie på 1950-talet. I 1979 skreiv ho revyhistorie med ei hyllingsvise til Wenche Lowzow.

I eit intervju med Arbeiderbladet i 1979 såg Sissel Castberg tilbake på ungdomstida:

"Selv vokste jeg opp som homofil i femtiåras Oslo, da klimaet var beinhardt. Jeg har vært åpen homofil i mer enn 25 år" (Arbeiderbladet 1979, 15).

Sissel Castberg må ha kome inn i miljøet kring Det norske forbundet av 1948 tidleg på 1950-talet, då ho var midt i 20-åra. Rolf Løvaas, som var den første formannen i organisasjonen, som fram til 1952 var ein del av ei skandinavisk rørsle med hovudsete i København, skreiv i nekrologen over henne at ho så vidt han visste ikkje hadde hatt tillitsverv i Forbundet:

Men hun forsto hva det gjaldt. I en tid da Forbundet var nytt og sårbart og de fleste homsene syntes at dette med å organisere seg var latterlig (eller farlig). Sissel fulgte alltid ivrig med i utviklingen, og hun var mer enn villig til å hjelpe. Hun ga oppmuntring (Løvaas 1988, 29).

Sissel Castberg vaks opp på vestkanten i Oslo i ein liberal akademikarheim, og denne bakgrunnen kan vera med å forklara innstillinga hennar til homo-organiseringa.

Anker og Castberg

Foreldra til Sissel Castberg var jussprofessor Frede Castberg (1893–1977) og Ella f. Anker (1903–1974).  Året før Sissel blei fødd døde farfaren hennar, Johan Castberg, som var ein radikal venstrepolitikar, mest kjent for dei såkalla "Barnelovene" som gav born fødde utanfor ekteskap større rettigheiter. Arbeidet for å betra borna og dei ugifte mødrene sine vilkår blei til i tett samarbeid med svigerinna Katti Anker Møller.

Frede Castberg hadde vore gift ein gong før då han i 1927 inngjekk ekteskap med si kusine Ella Anker. Dei to delte dermed bakgrunnen frå det utprega venstremiljøet med utspring i Sagatun folkehøgskule der deira felles bestefar, Herman Anker, hadde vore styrar. Ella Anker var nok prega av det radikale synet på forholdet mellom kjønna som tanta Katti og onkelen Johan sto for, men like fullt valde ho å leggja karrieren til sides då ho i 1927 gifta seg med Frede. "Min største glede og interesse har vært å stelle mitt hjem, mann, barn, hus og hage", skreiv ho i eit tilbakeblikk i 1947. Før ho gjekk inn i husmorrolla hadde ho tatt studenteksamen i 1922 og deretter studert song i München eit par års tid. Sjølv la ho vekt på at ho var sterkt interessert i kunst og musikk (Kleppa 1951, 55).

Frede Castberg var naturleg nok prega av oppveksten med sin politiske engasjerte far og tante, men han var aldri politisk aktiv som dei. Han blei i staden ein viktig person i norsk rettvitskap  og var også rektor for Universitetet i Oslo i perioden 1952–1957. Ikkje minst var han i ti år Noregs representant i Den europeiske menneskerettigheitskommisjonen.

Krig og eksil

Sissel var den eldste dottera til Ella og Frede, fødd 21. november 1927. Dei første åra budde familien i ein bygard på Majorstuen, Trudvangveien 31, men rundt 1930 flytta dei til eigen villa i Holmenkollveien 16 på Smestad (Adressebok 1927, 231, Adressebok 1933, 264).

Sissel var 12 år gammal då krigen kom til Noreg. Familien drog over til Sverige allereie kort tid etter okkupasjonen, men då kamphandlingane var over sommaren 1940 vende dei tilbake til Oslo (Castberg 1971b, 48-52). Men Frede Castberg sitt standpunkt til folkerett og menneskerettar sto i konflikt med den nazistiske læra, og då han fekk varsel om at han skulle arresterast 31. januar 1944 drog han og Ella straks over til Sverige igjen (Castberg 1971b, 76-82). Sissel og ei yngre søster blei verande igjen hos slektningar i Noreg, men i byrjinga av mars blei det også ordna med flukt for henne. I memorarane sine skriv Frede Castberg om Sissel si ferd over grensa:

Hun ble fulgt av en organisasjonsmann, som hun selv ikke kjente, til et punkt to timer fra grensen. Derfra gikk hun alene. Jeg ble litt rystet da jeg hørte av henne selv etter fremkomsten at de hadde gitt henne en giftpille som det var meningen at hun skulle ta hvis hun ble grepet. Det var jo unektelig en svær byrde å legge på en 16 års pike, syntes jeg. Men alt gikk godt. Og vi – Ella og jeg – visste jo ikke noe om den farlige ferd hun var ute på. Så da vi vel hadde henne fremme, var vi bare takknemlige mot dem som hadde hjulpet til med dette. Og ikke mindre var gleden stor 2. påskedag da det under et selskap hos Wencke og Arne Hasselgren plutselig kom telefonbeskjed fra et sted i Värmland om at vår yngste datter, Marianne, også var i Sverige (Castberg 1971b, 83).

Resten av krigen blei familien på fire buande i Stockholm, berre med unntak av eit kortare opphald i London for faren vinteren 1945. Eksilmiljøet i Stockholm var prega av motstandsånd, men også av nervøsitet – det var ei rastlaus stemning og ikkje fritt for konfliktar og intriger. Her må Sissel ha treft mange fargerike personar både i den norske diasporaen og blant andre flyktningar. Eit møte med ein polsk jøde gjorde inntrykk:

En polsk jøde fortalte meg at han en gang i tredveåra hadde vært på et friluftsmøte hvor Adolf Hitler hadde talt bl.a. mot jødene. Det var tusener av mennesker tilstede og massen ble etter hvert jagd opp i en ekstase hvor ingen klar tanke lenger hadde eksistensmulighet. Min venn fortalte hvor forskrekket han ble da ekstasen var over: han hadde nemlig selv deltatt i jubelropene! Han som var jøde og antinazist av reneste vann. Han var riktignok den gang blottende ung, men da han fortalte meg det i Sverige i 1944-45 var han fremdeles like rystet over hva han hadde opplevd (Castberg 1963, 2).

Ved heimkomsten i slutten av mai 1945 blei familien møtt av eit tomt og "ribbet" hus på Smestad; nazistane som hadde budd der var kasta ut like før dei kom. (Castberg 1971b, 117).

Kunstnar og skribent

Sissel Castberg var av dei privilegerte i samfunnet – ho kom frå ein trygg og god borgarleg heim med rikeleg av både kulturell og materiell kapital. Men flukta og krigen må òg ha sett sitt preg på henne.

Kva ho gjorde dei første åra etter krigen er uklart, men på byrjinga av 1950-talet drog ho til Danmark der ho utdanna seg til keramikar. Tilbake i Noreg etablerte ho seg med eigen verkstad der ho òg dreiv barnehage (Berthelsen 1987, 74).

Kor lenge ho dreiv med dette er uvisst – frå midten av 50-talet er ho i alle fall oppgitt som journalist i adressebøkene. Sissel Castberg blir etterkvart ein hyppig leverandør av petitar og små humoristiske epistlar i ulike aviser, i hovudsak Dagbladet. Ei breiare kartlegging av skribentverksemda hennar har det ikkje vore rom for her, men forutan dei meir lystige tekstane finn ein også spor etter ein alvorleg og belest forfattar med litterære ambisjonar. Eit dikt som sto på trykk i Dagbladet i 1962 kan få representera denne sida av forfattarskapen hennar, og kanskje også nokre mørkare aspekt ved personlegdommen:

Jeg er.

Jeg elsker sorgen for sorgens egen skyld.

Jeg dyrker den, som drivhusgartneren dyrker sine roser.

Skjønt i mitt vektshus vokser

ikke de røde blomster,

ikke de rosa og ikke de hvite.

I mitt hus vokser ville og fremmede planter.

Som skremmer meg.

De gjør meg angst, men også

stolt.

Jeg vet ikke hva slags frø jeg

har sådd:

kanskje har fortiden sådd dem

            for meg.

Jeg er takknemlig,

redd og vemodig.

(Castberg 1962, 3.)

Russerevy og hatvald

Men det lyriske alvoret var berre ei side av Sissel Castberg. I 1957 sto ho saman med Kurt Valner bak tekstane til russerevyen "Røde engler". Dette skulle bli starten på ei lang verksemd som revyforfattar. Særleg samarbeidet med musikaren Kåre Grøttum, som sette melodi til revyvisene, skulle bli nært og langvarig – i eit intervju i 1970 oppsummerte dei at dei hadde bidratt til om lag 20 revyar saman (Engh 1970, 36).

Arbeidet med russerevyen heldt fram også i åra som følgde og i 1959 skreiv Dagbladet at Castberg "har intelligent vidd, en sans for satiren som også viser kultur […]" (-øine 1959, 7).

Revyane turnerte også rundt om i landet, og i 1957 spelte dei for ti tusen menneske på Vaulen i Stavanger. I eit tilbakeblikk omtalte Castberg kva som her utspelte seg:

Det var selvfølgelig fest etterpå og stor stemning. Min daværende "samboer" og jeg var akseptert av alle de medvirkende. Her ante nok vertskapet hvordan det sto til, og verten og en venn av ham skulle plutselig vise meg haven. Parken. Troskyldig naut som jeg var ble jeg med, og plutselig slo de meg ned. Jeg ble faktisk nesten drept. Russen og Kåre [Grøttum] hadde lett etter meg hele natta. Resten husker jeg ikke noe av. Jeg så ut som om jeg hadde boksa med Porat og hadde hjernerystelse, forteller Sissel Castberg (Arbeiderbladet 1979, 15).

Ho budde på dette tidspunktet i St. Olavsgt. 31, ikkje langt frå slottet og Holbergs plass, og i følgje adressebøkene budde ei Turid S. Jensen i same leiligheit. (Adressebok 1956-57, 282). Dette er då sannsynlegvis den "sambuaren" Castberg refererte til i intervjuet. Dei to budde saman også i 1960, men forholdet må ha tatt slutt, for ein gong på første halvdel av 1960-talet har Castberg flytta til Brinken 19b på Kampen utan henne. (Adressebok 1960, 266, og 3146; Adressebok 1965-66, 257).

Open homofil?

Som sitert over sa Sissel Castberg i 1979 at ho hadde vore open homofil i om lag 25 år. Likevel verkar det som om det var først med visa om Wenche Lowzow i 1979 ho sa det heilt tydeleg overfor media. På 1950-talet fanst det heller ingen opne homofile slik me forstår det i dag i den norske offentlegheita. Men hendinga i Stavanger viser at ho var open og synleg for folk i krinsen rundt seg. I eit minneord framhevar også journalisten og forfattaren Bengt Calmeyer dette:

Hennes åpenhet når det gjaldt seg selv var, i en periode hvor alt måtte være skjult, nesten herostratisk berømt. Atskillig måtte hun tåle. Men hun kom igjennom – ganske visst etterlot det sår, men det var ting hun kunne leve med og levde med. Boka om den vanskelige kampen for å vinne selvrespekt og respekt ble dessverre aldri skrevet (Calmeyer 1988, 22).

Sjølv i eit miljø av kulturpersonar frå journalistikk og revy blei det altså lagt merke til at Castberg var uvanleg open for si tid. I tillegg til å vera med i miljøet kring DNF-48 hadde ho også kontakt med andre skeive kvinner, blant anna turistsjef i Oslo Alfhild Hovdan (Castberg 1986, 12).

Seksualdebatt på 60-talet

castberg_dagbladet_28.2.1964.png

Sissel Castbergs innlegg i homodebatten i Dagbladet 1964

I januar 1964 skreiv psykiateren Jan Greve eit stykke om homofili i Dagbladet som blei imøtegått av Finn Grodal, psevdonym for Øivind Eckhoff, som i 1957 hadde gitt ut boka Vi som føler annerledes – homoseksualiteten og samfunnet. Grodal kritiserte Greve for ikkje å ha lese hans eiga bok – den einaste føreliggande fagboka på feltet i Noreg, og for elles å mangla kjennskap til litteraturen på feltet. (Grodal 1964, 9). Svaret frå Greve var temmeleg arrogant, han meinte det var tilstrekkeleg å bygga på dei få pasientane han hadde som var homofile slik at han ikkje trong å lesa faglitteratur om emnet (Greve 1964, 5). Venstrepolitikaren Eva Kolstad kasta seg på og støtta Grodal sin kritikk (Kolstad 1964, 2). Det same gjorde Sissel Castberg.

Ho skreiv i motsetning til Grodal under fullt namn, noko som må seiast å vera ei modig handling i 1964, trass i at det ikkje går fram av innlegget at ho sjølv var homofil. Med si tilknyting til DNF-48 må Castberg ha kjend Øivind Eckhoff personleg. I innlegget startar ho med å slå fast at: "Finn Grodals kloke og urbane form i sitt svar til Jan Greve må kreve allmenn respekt" (Castberg 1964a, 5). Ho reagerte på Greve sin påstand om at homofile følte dei mangla noko andre menn hadde.

Selvsagt ønsker alle som står utenfor det kompakte samfunn til tider at de var innenfor sirkelen. Dette gjelder alle såkalte "avvikere", folk med svart eller gul hudfarge som lever i et "hvitt" samfunn, kunstnere som ikke blir forstått, synssvake eller tunghørte mennesker, nervøse mennesker og i borgerskapets øyne, lastefulle folk som har adekvate problem som kan sidestilles de 5-7 prosent av jordens befolkning som betegnes som homofile (Castberg 1964a, 5).

Det var altså ikkje homofile det var noko gale med, men måten samfunnet behandla dei på. Sissel Castberg minna om at det ikkje var lenge sidan homofile blei drepne "fordi de var homoseksuelle og ikke passet inn i herrefolkets system". Ho stilte seg også kritisk til at Greve verken hadde lese Grodal si bok eller annan litteratur om emnet: Korleis kunne han "rettlede, enn si "kurere" homofile pasienter, når hans forskermateriale innskrenker seg til kontakt med en så snever krets? Er det ikke så, at alle som skal yte psykisk eller fysisk bistand innen medisinen bør ha så mye innsikt som mulig, for å praktisere?" (Castberg 1964a: 5).

Sissel Castberg og Finn Grodal deltok i denne debatten ut frå to strategiar som kan seiast å utfylla kvarandre: Eckhoff kunne under dekke av namnet Finn Grodal skriva i eg-form frå ein innanfrå-posisjon og slik representera homofile (om strategisk bruk av psevdonym i denne periodens homopolitikk, sjå Kristiansen 2008: 190-193). Castberg skreiv derimot om "de homofile", og fekk dermed ikkje mistanken retta direkte mot seg sjølv. Samtidig var det neppe risikofritt å setja namnet sitt på eit slik innlegg – ho levde jo relativt ope og det var nok mange av lesarane som kunne legga to og to saman.

I juli same år tok Sissel Castberg igjen ordet i Dagbladets spalter. Bakgrunnen var legen Klara Ekre Leivestad som i eit innlegg nokre dagar tidlegare hadde tatt til orde mot prevensjon og abort: "Vår skaper har gitt oss en tid til å sove i, og en tid til å våke i, en tid til å leve i avholdenhet i, en tid til å avle barn i". Castberg svarte:

Har doktor Leivestad i sin praksis aldri støtt på søvnløse mennesker? Mennesker som ikke kan spise? Ektepar som av forskjellige grunner ikke kan få barn? Vet doktor Leivestad ikke at det finnes homofile mennesker og andre såkalte "avvikere" i vårt samfunn? (Castberg 1964b, 5).

Frede Castberg og menneskerettane

Sissel Castberg ser ut for å ha vore open overfor familien og blitt akseptert; dette i eit tid då knapt nokon var "opne homofile" på den måten som seinare blei vanleg. Eit vitnemål om dette har me frå Rolf Løvaas som skreiv at ho var gjestfri og raus. Då ho eit år høyrde at Løvaas skulle sitja aleine på julekvelden inviterte ho han heim til familien sin på Smestad, noko som gjorde inntrykk på Løvaas: "Varme, vennlige mennesker. Et miljø som ga henne trygghet og styrke" (Løvaas 1988, 29).

Kanskje har også Sissel sitt engasjement i homosaka hatt innverknad på faren Frede Castberg si verksemd som jurist? Han hadde som nemnd vore norsk representant i Den europeiske menneskerettskommisjonen, ein instans som behandla klager frå individ med tanke på vidare behandling i Den europeiske menneskerettsdomstolen. I følgje Sissel hadde faren sjølv fortald om korleis han i denne rolla hadde kjempa for "å få frikjent/loven nedsatt for homofile menn, som var dømt i respektive land, med strengere straff for homofili, enn vi hadde her hjemme, før vi ble lovbeskyttet for noen år siden" (Castberg 1984, 18).

I boka Den europeiske konvensjon om menneskerettighetenefrå 1971 nemnde ikkje Frede Castberg sin eigen innsats, men diskuterte spørsmålet meir prinsipielt. Han skreiv at dei eksisterande lovene i medlemslanda var styrande for kommisjonen sine avgjersler: "Derfor har Kommisjonen i hvert fall hittil ikke engang funnet å kunne anse det stridende mot konvensjonen at en straffelov setter straff for mannlig homoseksualitet" (Castberg 1971a, 18). Han viste også til at Kommisjonen i 1955 hadde avvist ei klage frå ein mann dømd for homoseksualitet i Vest Tyskland med tilvising til unntaksføresegner om vern av helse og moral (art. 8,2). Men han la til at rettsoppfatninga på dette feltet no var i endring, lova var endra i Vest Tyskland og andre land.

Etter min mening er det bare et tidsspørsmål når Kommisjonen må trekke konsekvensen av den nye og humanere vurdering. Før eller siden vil formodentlig straff for homoseksuelt samliv bli stemplet som stridende mot den respekt for privatlivet som kreves etter art 8 (Castberg 1971, 133).[1]

Radioteater og barnesongar

I 1966 debuterte Sissel Castberg som dramatikar med stykket Bryllupsdagen som gjekk som høyrespel i radioen. Sigrid Bø Grønstøl skriv i Norsk kvinnelitteraturhistorie: "Det trøytte eller stagnerte ekteskapet er eit seint sekstitalstema. I Bryllupsdagen (1966) viser Sissel Castberg korleis kjenslene kan gå sine eigen vegar under overflatiske ekteskapsidyllar" (Grønstøl 1990, 89). Ole Langseth melde stykket i Aftenposten og meinte at Castberg gav ei truverdig psykologisk analyse  og at replikkane stort sett sat godt (Langseth 1966, 5).

I 1969 skreiv Sissel Castberg eit nytt stykke, Bli forsørja og ha det godt. Også dette handla om seksualitet og ekteskap.

Men det ho skulle bli aller mest kjent for, var som forfattar av vers og viser for born. Allereie i 1956 kunne radiolyttarane høyra eventyra "Svartekatt som ingen ville leke med" og "Den gang Snurrepipp ønsket seg vinger". Samarbeidet med Kåre Grøttum hadde i starten vore knytt til revyar, men utover på 1960-talet byrja dei og å laga musikk for born. Dette byrja med ein musikal for barne-tv i 1967.

Den aller mest kjente visa dei laga saman var "Tannpussevise" – "Det blir ikke hull i en tann som er ren.." – som kom ut som single og selde godt over mange år – i 1976 blei det sølvplate for 25 000 selde eksemplar. I 1970 blei Kåre og Sissel intervjua i VG der dei uttalte at "å skrive for barn er – og skal være – minst like vanskelig som å skrive for voksne". Dei var også opptatt av at born ikkje skulle undervurderast, at ein ikkje måtte moralisera og at dei ønskte å vera ukonvensjonelle (Engh 1970, 36).

Songen om Wenche Lowzow

Når det gjaldt homosaka var Sissel Castberg tidleg og modig ute med sine innlegg i 1964. Det er uvisst i kor stor grad ho følgde dette opp i åra som følgde. Men i 1979 kombinerte ho sitt engasjement for revy og homosak på ein måte som vekte oppsikt. 

I 1979 kom Stortingsrepresentanten Wenche Lowzow, Kim Friele sin sambuar, ut som homofil. Til revyen "L/L Wang & Nilsen" med Sølvi Wang og Rolf Just Nilsen, som hadde premiere på Det Norske Teatret 24. november 1979, skreiv Sissel Castberg visa "Annleis?" Her var konklusjonen:

Så – hatten av for Høgres Wenche Lowzow!

OG hennar kjæreste Kim Friele med. –

eg bed Dykk tenke etter før De dømmer

ei modig kvinnes handling nord og ned!

(sitert frå Løvetann 1980, 9).

Med dette gjorde også Sissel Castberg det heilt klart og tydeleg at ho sjølv var lesbisk. Til Arbeiderbladet sa ho:

Når jeg nå har skrevet en vise tilegnet Wenche Lowzow er det fordi hennes modige handling har fått stor betydning for så mange av oss. Hun har flyttet en stein fra vår brystkasse, om jeg kan si det slik. For meg falt det helt naturlig å hylle denne handlingen i en vise, som dertil blir "revy-historisk". Gjennom 70 år er vi blitt mobba fra revy-scenen, latterliggjort og sjikanert (Arbeiderbladet 1979, 15).  

I eit intervju med Løvetann peikte ho på at sjølv om også Tramteateret tematiserte homofili på ein positiv måte, var målgruppa for desse "de allerede bevisste på venstresiden". Revyen "L/L Wang & Nilsen" ville nå ut til langt fleire, meinte ho (Løvetann 1980).[2]

1980-talet

I kjølvatnet av dette intervjuet  dukkar namnet Sissel Castberg opp fleire gonger i Løvetann i løpet av 1980-talet, mest i form av dikt. I 1981 spurde bladet henne om kva ho meinte om Wenche Lowzow og Høyres nominasjonstaktikk: "Fremdeles hatten av for Høyres Wenche, men ikke rakkern om hun skal få en million homofile til å stemme blått!" (Løvetann 1981, 19).

Bladet la til at ho for tida var meir opptatt av fredspolitikk enn homopolitikk; det går tydeleg fram at ho politisk høyrde heime på venstresida og hadde eit feministisk engasjement. I avisenes spalter dukkar ho mellom anna opp som støttespelar for krisesentra og som underskrivar på eit stort forfattaropprop for vern av Alta-Kautokeino-vassdraget. Men også utover 1980-talet er det tydeleg at ho engasjerer seg homopolitisk. Til 26. juni 1982 – homofile sin internasjonale kampdag – skreiv ho ein lengre prolog som blei trykt i Løvetann. Ei av strofene går slik:

Elsk den du vil – og ha hjertet med

Elsk – så lenge du kan,

vit du fritt kan velge nå

mellom kvinne og mann.

La oss synge en kjærlighetssang

Og syng den til den du vil

For ingen i verden har maktet å unngå

Amors fortærende ild

(Castberg 1982, 23.)

I 1987 skreiv ho også eit lite kamprop til støtte for Henki Hauge Karlsen, basert på eit bilete frå ein stand som blei halde i Fredrikstad.

På 1980-talet var Sissel Castberg knytt til Det Åpne Teater, eit verkstadteater for norske dramatikarar grunnlagd i 1983.

"Livgivende midtpunkt"

 

bilde_lofotposten_7.9.1967.png

Sissel Castberg. Ukjent dato, ukjent fotograf. Henta frå Lofotposten 7. september 1967.
Sissel Castberg. Ukjent dato, ukjent fotograf. Henta frå Lofotposten 7. september 1967.

Rolf Løvaas beskriv Castberg  som eit "livgivende midtpunkt i en vennekrets", full av engasjement og sterke kjensler.

Sissel var et spennende menneske, et sammensatt vesen. Hun kunne slå en myndig neve i bordet, og like etter bryte ut i latter. Eller la seg rive med av ømhet for en god venn […] Også blant sine egne var hun fri og ukonvensjonell. Lesbene hadde en tendens til å isolere seg, men Sissel likte å ha homsegutter omkring seg. Hun bygde mange broer (Løvaas 1988, 29).

Ho bygde også bruer til nye generasjonar: Ein ung mann ho blei kjend med på 1980-talet, Teijo Grönstrand, skreiv i sitt minneord om korleis ho var der for han: "Sissel, du angstrengte deg for å hjelpe meg, med ditt rare, gode humør og dine eventyrlige historier om små ting. Du var en trygg person å være sammen med. Jeg lærte å være meg selv hos deg" (Grönstrand 1988, 37).

Det samansette vesenet blir også trekt fram i journalisten og forfattaren Bengt Calmeyer (f. 1932) sitt minneord: Ho var langt frå noko sart plante. Ho hadde mange vener, men var likevel på mange måtar einsam: "Vital og ivrig, ofte så det gikk over stokk og stein, ganske visst. Og så den andre siden – følsom og sårbar" (Calmeyer 1988, 22). Han viser til at ho ein gong i løpet av dei siste åra brått trakk seg tilbake, ønskte ro og distanse, noko han tilskriv at "det hvileløse livet hennes" hadde kosta. Men så gjekk ho mot slutten over i ein ny kreativ periode: "Sissel Castberg skrev seg så å si ut av dette livet og inn i den nye tilværelse – den hun trodde så vakkert og barnlig på" (Calmeyer 1988, 22).

Teijo Grönstrand skreiv i sitt minneord: "Jeg tror følelsene dine brant for sterkt og for hurtig for andre. Det ble ikke mye tid igjen til deg selv" (Grönstrand 1988, 37). Rolf Løvaas avslutta minneordet sitt slik: "Hun ville ikke bli gammel og avfeldig. Hun satte selv punktum. Sissel Castberg ble 60 år gammel" (Løvaas 1988, 29).

Skeivt arkiv ønsker meir informasjon om Sissel Castberg – send oss gjerne ein mail til skeivtarkiv@uib.no om du har opplysningar som kan supplera denne artikkelen (eller ring Runar Jordåen på telefon 900 68 573).

    

[1] Det må leggast til at Frede Castberg skulle få rett. Det skjedde første gong i saka Dudgeon mot Storbritannia og Nord-Irland i 1981 med tilvisning til art. 8.

 

[2] Intervjuet er ikkje kredittert, men blei utført av Turid Eikvam heime hos Castberg på Frogner Plass (Opplyst av Eikvam til underteikna i mail 13. desember 2018).

 

Kjelder:

Adressebøker for Oslo 1927, 1933, 1956-57, 1960 og 1965-66.

Andenæs, Johs.. 2009, 13. februar. Frede Castberg. I Norsk biografisk leksikon. Henta 25. juni 2018 fra https://nbl.snl.no/Frede_Castberg.

Arbeiderbladet. 1979. L/L Wang & Nilsen slår til på "Norske" – med hyllest til Lowzow. Arbeiderbladet, 24.11.1979: 15.

Berthelsen, Herman. 1987. Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo: Dreyer.

Calmeyer, Bengt. 1988. "Sissel Castberg er død". Arbeiderbladet 14.4.1988: 22.

Castberg, Frede. 1971a. Den europeiske konvensjon om menneskerettighetene. Oslo: Universitetsforlaget.

Castberg, Frede. 1971b. Minner om politikk og vitenskap fra årene 1900–1970. Oslo: Universitetsforlaget.

Castberg, Sissel. 1962. "Jeg er". Dagbladet 16.8.1962: 3.

Castberg, Sissel. 1963. "Massehysteri". I Verdens Gang 1.4.1963: 2.

Castberg, Sissel. 1964a. "Til Jan Greve og Finn Grodal". Dagbladet 26.2.1964: 5.

Castberg, Sissel. 1964b. "Seksualdebatten". Dagbladet 27.7.1964: 5.

Castberg, Sissel. 1982. "Prolog til 26. juni 1982". Løvetann 6, (3): 23.

Castberg, Sissel. 1984. "Du må ikke tåle så inderlig vel". Dagbladet 26.7.1984: 18.

Castberg, Sissel. 1986. "Og så var det jul igjen og så var det…". I Bygdeposten 23.12.2019: 12.

Engh, Terje. 1970. "Sissel Castberg og Kåre Grøttum – radarpar med norske barneviser som spesialitet". Verdens Gang 14.3.1970: 36.

Greve, Jan. 1964. "Mer om homofile". Dagbladet 20.2.1964: 5.

Grodal, Finn. 1964. "Ensidig orientering om homofili". Dagbladet 15.2.1964: 9.

Grönstrand, Teijo. 1988. "Sissel Castberg til minne". Arbeiderbladet 20.4.1988: 37.

Grønstøl, Sigrid Bø. 1990. "Privatlivet på lufta. Høyrespelet som kvinnegenre". I Norsk kvinneliteraturhistorie bind 3, redigert av Irene Engelstad m.fl., 85–91. Oslo: Pax.

Holmsen, Cato. 1929. Slegten Gløersen med sidelinjer. Oslo: Brøgger Boktrykkeri.

Kolstad, Eva. 1964. "Den homofile og psykiateren". Dagbladet 22.2.1964: 2.

Kristiansen, Hans W. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Oslo: Unipub.

Langseth, Ole. 1966. "Radioteatret: Sissel Castberg: ‘Bryllupsdagen’". Aftenposten [morgonutgåva] 10.1.1966: 5.

Kleppa, Per (red.) 1951. Studentene fra 1922. Biografiske opplysninger og statistikk samlet til 25-års jubileet 1947. Oslo: Bokkomitéen.

Løvetann 1980. "Sissel Castberg: I 70 år har vi homofile blitt mobba fra revy-scenen. Kort Møte med forfatteren av revy-historisk vise". Løvetann, 5, 9.

Løvetann 1981. "Sissel Castberg". Løvetann, 7, 19.

Løvaas, Rolf. 1988. "Sissel – til minne". Løvetann, 12 (3), 29.

-øine. 1959. "Intelligent og morsom russerevy". Dagbladet 28.5.1959: 7.

Hjelp oss

Hjelp oss!

Vi ønsker mer informasjon til denne artikkelen. Dersom du vet noe, send oss gjerne en epost på skeivtarkiv@uib.no.