Forfølging av skeive under nazismen

Den norske politiske fangen Rudolf Næss' (1914-2003) tegning av de ulike fangemerkene, deriblant den rosa trekanten for "homoseksuelle". Kilde: Nasjonalbiblioteket, Krigstrykk 2 Rudolf Næss: Album fra Natzweiler.
Den norske politiske fangen Rudolf Næss' (1914-2003) tegning av de ulike fangemerkene, deriblant den rosa trekanten for "homoseksuelle". Kilde: Nasjonalbiblioteket, Krigstrykk 2 Rudolf Næss: Album fra Natzweiler.
Det nasjonalsosialistiske diktaturet i Tyskland innførte strenge lover mot mannleg homoseksualitet og slo ned den organiserte rørsla for skeive som hadde blomstra før 1933. Også i Noreg forsøkte okkupasjonsmakta og norske nasjonalsosialistiske styresmakter å skjerpa inn det strafferettslege forbodet, men det kom ikkje til noko omfattande forfølging her i landet.

Allereie før dei kom til makta hadde Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) markert seg som ein motstandar av homorørsla og som ein forkjempar for strengare sanksjonar mot skeive. Direkte etter maktovertakinga blei det gripe inn mot barar og utestader i Berlin. Det nye regimet førde til at organisasjonane og tidsskrifta for transpersonar, lesbiske og homofile blei lagt ned.

Maktovertaking og tilbakeslag

I mai 1933 blei Magnus Hirschfelds Institutt for seksualvitskap i Berlin plyndra. Delar av biblioteket og ei byste av grunnleggaren blei brend på bokbålet på Opernplatz (no Bebelplatz) den 10. mai. Hirschfeld var eit sentralt hatobjekt for nazistane, som jøde, sosialdemokrat og homofil sexolog, og grunna den politiske situasjonen kunne han ikkje returnera til Tyskland etter ei lengre utanlandsreise. Han døydde i eksil i Frankrike i 1935. Også ein del av aktørane i den tyske skeive rørsla drog frå landet i 1933 -  det gjaldt bl.a. forfattaren og pasifisten Bruno Vogel, som var i eksil i Tromsø ein periode på 1930-talet (Wolfert 2012).

Leiaren for nazipartiets paramilitære fløy Sturmabteilung (SA), Ernst Röhm, hadde i 1931 blitt avslørt som homofil av den sosialdemokratiske pressa, utan at Hitler hadde føretatt seg noko mot sin gamle ven. Først i 1934, då Röhm og SA truga Hitler sitt grep om makta, blei det gripe inn. Under den såkalla Lange knivars natt 30. juni til 2. juli dette året, blei Röhm og mange andre SA-leiarar likvidert. Hitler rettferdiggjorde no aksjonen mellom anna med at Röhm og fleire av SA-leiarane var homoseksuelle.

Innskjerping av straffelova og byrjande forfølging

I 1935 skjedde det så ei innskjerping av lovverket mot likekjønna seksualitet mellom menn ved at Straffelovas § 175 blei innskjerpa og ved at ein tilleggsparagraf (§175a) blei innført. Denne sette opp ekstra strenge strafferammer for spesielle tilfelle, for eksempel tilfelle der "offeret" var under 21 år. I løpet av naziregimet blei om lag 50 000 menn dømd etter § 175. Mange av dei hamna i fengsel, men mellom 5000 og 10 000 blei sendt i konsentrasjonsleir, der fleire tusen av dei døde. Nokre av dei tyske homofile hamna i fangeleirar i Noreg (sjå Wolfert 2017).

Lesbiske kvinner blei ikkje råka av § 175, men regimet førde også til eit tilbakeslag for dei. Tidsskrift og organisasjonar blei lagt ned, og det blei vanskelegare å samlast. Nokre lesbiske kvinner blei også rettsforfølgde av andre paragrafar. Transpersonar lei også under tilbakeslaget for rørsla og blei også i nokon grad rettsforfølgde eller på andre måtar sanksjonerte.

Paragrafane frå 1935 blei vidareførd i Vest-Tyskland etter krigen. Dette gjorde at mange menn også blei dømde og fengsla i etterkrigstida. I 1969 blei paragrafen reformert, noko som gjorde at dei fleste forhold mellom menn over 21 år no blei lovlege (men homoseksuell prostitusjon var framleis straffbart). I 1968 blei forbodet heilt avskaffa i Aust-Tyskland. I 1994 blei endeleg § 175 avskaffa i det samla Tyskland slik at homo- og heterofile forhold var lovlege på same premissar (med same seksuelle lågalder).

Forslag om innskjerping også i Noreg

Under andre verdskrig søkte den nazistiske okkupasjonsmakta å innføra tilsvarande innskjerpingar i mange av dei okkuperte områda. Dette gjaldt mellom anna i Nederland der forbodet blei innskjerpa etter tysk modell kort tid etter okkupasjonen. I praksis medførde dette likevel ikkje noko omfattande straffeforfølging.

Det var lenge ukjent om noko tilsvarande hadde skjedd i Noreg. Nils Johan Ringdal nemnde i sin studie av politiet under okkupasjonen nokre få saker der tysk-norske likekjønna relasjonar hadde førd til dom og fengsling (Ringdal 1987). Sosialmedisinar Anders Chr. Gogstad presenterte i si bok om helsevesenet under krigen kjelder som viste at den tyske okkupasjonsmakta gjennom Reichskommissariat hadde foreslått å innskjerpa forbodet mot seksualitet mellom menn i Noreg, utan at det såg ut for at dette hadde gått vidare (Gogstad 1991). Seinare har funn av kjelder som låg arkiverte saman med dokument om ein foreslått endring av den norske homoparagrafen på 1950-talet, vist at også norske NS-ministrar ønskte ei slik lovendring (Jordåen 2011). Politiminister Jonas Lie gjekk inn for ei innskjerping av § 213 i den norske straffelova, ein på dette tidspunktet nærmast sovande paragraf, slik at ein kunne få ei aktiv straffeforfølging også i Noreg. Justisminister Sverre Riisnæs støtta også forslaget, men det blei likevel ikkje effektuert. Saka blei utsett til ei større revisjon av straffelova skulle finna stad, noko som aldri blei noko av i løpet av den tyske okkupasjonen.

Dokumenta vedrørande endringsforslaget i 1942 digitalisert og tilgjengelege på Digitalarkivet som ein del av Arkivverket si markering av Skeivt kulturår 2022.

 

Forfølging i Noreg?

Seinare er det vist at det blei gripe inn i nokre saker, i hovudsak saker der ein nordmann og ein tyskar, eller to tyskarar, var involvert (Jordåen og Wolfert 2015). I desse tilfella blei den tyske § 175 brukt.

To saker kan nemnast, det gjeld Fredrik Mowinckel (1903-1951), ein velståande bergensar som hausten 1940 blei dømd til ti års fengsel av "Gerichtsherr und Admiral der Westküste Norwegens" for eit forhold til ein tysk soldat. Mowinckel sona det meste av straffen sin i fengselet Fuhlsbüttel i Hamburg (Wolfert 2016). Ei anna sak involverte ein bergensar frå langt meir beskjedne kår enn Mowinckel: Charles Petterson (1916-1980) var malar og innleia eit forhold til tyskaren Gustav Schreiber (1904-1945), som var i byen som medarbeidar for Organisation Todt i Bergen. Petterson fekk jobb på kontoret hos Schreiber og flytte i tillegg inn i leiligheita hans. Petterson blei i 1944 dømd til 1 år og tre månaders fengsel, Schreiber til 2 år og 3 månader. Sistnemnde hadde tidlegare vore dømd for liknande forhold i Tyskland, noko som sannsynlegvis er grunnen til den strengare straffa. Petterson sona mesteparten av straffen i Tyskland, og vende tilbake til Noreg like før krigen var slutt. Schreiber blei etter ei stund forflytta til straffeleiren Börgermoor og døde der 10. januar 1945, 40 år gammal (Jordåen og Wolfert 2015, 470-473).

Det er kjent eit tilfelle av mogleg rettsforfølging av eit lesbisk forhold i Noreg under krigen, dette gjald Helene Gottaut (1923-1997) (Schoppmann 2019).

Begge desse sakene blei pådømd i tyske domstolar i Noreg og det tyske lovverket blei brukt. Den norske Straffelovas § 213 blei som nemnd ikkje endra, og det skjedde heller ingen endring i korleis han blei handheva, me kjenner berre til nokre få dommar i der denne blei brukt i perioden 1940-1945. 

Les meir om dei nordmennene og tyskarane som blei straffa i Noreg under krigen i Runar Jordåen og Raimund Wolferts artikkel i Historisk tidsskrift

Nasjonal Samling og homoseksualitet

Initiativet til den foreslåtte innskjerpinga kom frå okkupasjonsmakta, men det blei altså fremja også av dei norske NS-ministrane. Sidan desse var dedikerte tilhengarar av den nazistiske ideologien, og Lie var den øvste norske representanten for SS - ein organisasjon som under Heinrich Himmler sto i spissen for homoforfølginga - reflekterer dette sannsynlegvis også eit ideologisk synspunkt frå deira side.

Haldninga til homoseksualitet blant norske nasjonalsosialistar på 1930- og 1940-talet er ikkje undersøkt systematisk. I 1936 aksjonerte Nasjonal Ungdom mot eit møte i Mentalhygienisk foreining der lege, sosialist og seksualopplysar Karl Evang heldt ei innleiing.  På ein løpesetel som blei spreidd under møtet blei det trekt fram at innleiarane på møtet fremja "allslags unatur og perversitet", og at Karl Evang i ein av sine artiklar hadde beklaga at homofile nesten ikkje hadde sjanse til "å oprette en verdifull og varig kjønnsforbindelse, på grunn av den mistanke og almindelige spionasje som de er utsatt for" (sitert frå Østbye 1943, 258). Fleire stader i NS sin propaganda blei Evang sitt namn samanlikna med Magnus Hirschfeld og ein av hans nære medarbeidarar, legen Max Hodann (som var i eksil i Noreg).Noko grundig studie av NS sitt syn på homoseksualitet, og eventuelt kor omfattande dei propaganderte mot dette, føreligg ikkje. Men Hans W. Kristiansen har undersøkt fleire årgangar av NS-avisa Fritt folk utan å ha funne noko særleg av antihomoseksuell retorikk. Han konkluderer med at "den homoseksuelle" ikkje blei framstilt som noko sentral farleg figur og trugande gruppe, i motsetning til for eksempel "jøden", "bolsjeviken" og "frimuraren" (Kristiansen 2006, 329).

Om NS markerte seg tydeleg mot Evang og seksualopplysninga på 1930-talet, blei det ikkje nødvendigvis oppfatta som ein sentral komponent i deira ideologi. Også personar som mange visste var homoseksuelle blei tiltrekt av dette tankegodset: Dette gjaldt blant anna Åsmund Sveen, NS-medlem og sentral kulturbyråkrat under krigen, og Per Imerslund, pangermanistisk og radikal nasjonalsosialist på den Quisling-kritiske fløyen.

Kvardag og motstand

Vilkåra for skeive, og eventuell straffeforfølging av dei under okkupasjonen, er eit svært lite utforska område innan den norske okkupasjonshistoria. Dei førebelse funna er at det neppe føregjekk ei omfattande forfølging. For menn som hadde sex med menn kan situasjonen ha fortona seg omtrent som før krigen. Enkelte tidsvitne framhevar endåtil at krigen baud på nye moglegheiter for seksuelle kontaktar og venskap. Juristen Dermot Mack, som seinare blei leiar for Det norske forbundet av 1948, peikte på at han kom inn i eit miljø, og at mørklegginga av hovudstaden gjorde at møtestadene i det offentlege rommet i endå større grad enn før gjorde det mogleg å møtast i skjul i parkar og pissoar (Eikvam 1984, sjå også Bjørn André Widveys artikkel på Gaysir der forholda i Tromsø er nemnde). 

Nokre norske skeive var aktive i motstandsrørsla, dette gjaldt mellom anna turistsjef i Oslo, Alfhild Hovdan og stortingsmannen Carl P. Wright (Høgre) frå Porsgrunn. Heller ikkje her er det lett å seia noko om omfanget. I ei tid då seksuell identitet ikkje var noko som blei snakka ope om, har seksualiteten neppe vore særleg avgjerande for kva innstilling ein hadde til okkupasjonen. I boka Homofile - myter og virkelighet (1978) fortalde ein av informantane, "Johan", at han under krigen drog over til England, verva seg og var med på invasjonen i Frankrike (Bergh, Bjerck og Lund 1978, 52).

Vidare forsking

Det minskar på tidsvitne frå andre verdskrig, og hittil har få snakka om eller blitt spurd om situasjonen for skeive under krigen. Likevel er det mogleg at vidare forsking vil gi eit betre bilete enn det me har i dag. Fleire saker der menn som hadde sex med menn er blitt etterforska og dømd kan truleg finnast om ein leitar i norske og tyske arkiv. Norsk digitalt fangearkiv 1940-45 (Fanger.no) er eit initiativ der også denne tematikken vil bli nærmare utforska. Vidare kan ei nærare studie av Nasjonal Samlings publikasjonar og propagandamateriell gi eit betre bilete av om denne tematikken spelte noko rolle, og eventuelt korleis for dei norske nasjonalsosialistane. I 1941 kom det eit initiativ frå Ordenspolitiet og Sikkerhetspolitiet om å utarbeida "landsregistre over homoseksuelle og sedelighetsforbrytere", dette kunne det også vore interessant å utforska nærmare (sjå Jordåen og Wolfert 2015, 463).  

Homoseksualitet spelte ei relativt rolle i diskusjonen om nazismen allereie på 1930-talet, norske venstreorienterte intellektuelle såg nazismen som eit døme på at seksuell undertrykking kunne framkalla homoseksuelle, sadistiske autoritære tendensar hos ein del personar. Dette handla om heilt konkrete skuldingar om homofile nazistar og meir abstrakt teoretisering bygd på ei psykoanaltisk seksualitetsforståing. Heller ikkje denne tematikken er i særleg grad utforska i ein norsk samanheng. Mange norske fangar i konsentrasjonsleirane observerte og beskreiv homofile fangar i konsentrasjonsleirane. Dette temaet er berre såvidt utforska (Jordåen 2015, 2017), ei meir systematisk utforsking kan gi eit interessant innblikk i korleis norske fangar såg på homoseksualitet. 

Endeleg har ikkje kvardagslivet under krigen for personar som braut med kjønns- og seksualitetsnormene vore utforska innan forskinga. Heller ikkje eksilmiljøa i London, Stockholm og andre stader har vore utforska nærmare, men Øistein Parmann skriv om at han i Stockholm kom inn "i et meget interessant, men oppslitende miljø av kunstnere, skuespillere og homoseksuelle" (Parmann 1997, 30).  

Det er med andre ord rom og behov for meir forsking på eit felt og ein periode me i dag veit lite om.

Litteratur

Bergh, Steinar, Birgit Bjerck og Elin Lund. 1978. Homofile – myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge. Oslo: Pax.

Eikvam, Turid. 1984. Intervju med Dermot Mack, lydopptak. Tilgjengeleg hos Skeivt arkiv og digitalt: Dermot Mack i opptak fra 1984 | Skeivt arkiv

Gogstad, Anders. 1991. Helse og hakekors. Helsetjeneste og helse under okkupasjonsstyret i Norge 1940-45. Bergen.

Jordåen, Runar. 2011. Versuch zur Verschärfung der Homosexuellenverfolgung im von der Nazi-Wehrmacht besetzten Norwegen (omsett av R. Wolfert). Mitteilungen der Magnus Hirschfeld-Gesellschaft, (46/47), 42-53.

Jordåen, Runar. 2015. Sachsenhausen konsentrasjonsleir. Skeivopedia, publisert 24.04.2015, henta 28.01.2021. 

Jordåen, Runar. 2017. Einige norwegische Berichte über Homosexuelle in deutschen Zuchthäusern und Konzentrationslagern zwischen 1940 und 1945 (omsett av R. Wolfert). Mitteilungen der Magnus Hirschfeld-Gesellschaft, (58/59), 29-44.

Jordåen, Runar og Raimund Wolfert. 2015. Homoseksualitet i det tyskokkuperte Norge. Sanksjoner mot seksuelle forhold mellom menn i Norge 1940-1945. Historisk tidsskrift, 94 (3), 454-485.

Kristiansen, Hans W. 2006. Norske homoseksuelle og antihomoseksuell retorikk i NS-pressen (1940-1945). I P.O. Johansen (red.), På siden av rettsoppgjøret, Oslo 2006: 303-336.

Parmann, Øistein. 1997. Med Kalle som følgesvenn og veiviser gjennom livet. I På sporet av en virkelighet. Festskrift til Karl Brodersen. Oslo: Antropos: 29-36.

Ringdal, Nils Johan. 1987. Mellom barken og veden. Politiet under okkupasjonen. Oslo: Aschehoug.  

Schoppmann, Claudia. 2019. På sporet av Helene Gottaut, "Wehrmachthelferin" i det okkuperte Norge. Skeivopedia 19.07.2019.

Widvey, Bjørn André. 2019. -Tyskerne var de beste elskerne! Gaysir 19.01.2019, henta 27.01.2021. 

Wolfert, Raimund. 2012. Nirgendwo daheim. Das bewegte Leben des Bruno Vogel. Leipzig: Leipziger Universitätsverlag.

Wolfert, Raimund. 2017. Paul Gerhard Vogel. Skeivopedia 09.11.2017, henta 27.01.2021. 

Østbye, Halldis Neegård. 1943. Nasjonal Samlings historiske kamp 1933-1940. Oslo: NS Rikspropagandaledelse.