Anna Danielsen og Jensine Olsen

Jensine Ingbertine Olsen i Folketeljinga 1920. Kjelde: Statsarkivet i Tromsø / Digitalarkivet.
Jensine Ingbertine Olsen i Folketeljinga 1920. Kjelde: Statsarkivet i Tromsø / Digitalarkivet.
Dei delte livet saman i Lenvik i Troms, «bundet av et hengivent og trofast vennskap».

I ein avisartikkel frå 1966 mimra den nordnorske forfattaren Alf Martin Jæger om då han som ung, nyutdanna lærar i 1920 var skulehaldar i Laksfjord krets i Lenvik på Senja.[1]  Han var då innlosjert hos to eldre kvinner som han karakteriserte som «ugifte venninner», og som hadde ein stor pen hage.

Dette var i ein periode då det ikkje var heilt uvanleg at ugifte kvinner budde saman. Det var ofte gode praktiske og økonomiske grunnar til dette, men ikkje sjeldan var det også snakk om nære og inderlege venninneforhold, såkalla «romantiske vennskap» (sjå  Hellesund 2003).

Då eg først las merknaden om dei to venninnene blei eg nysgjerrig, men utan at eg gjekk noko vidare med det. Det var først då eg for ikkje lenge sidan søkte etter Alf Martin Jæger i den nyss digitaliserte Folketeljinga 1920 på Digitalarkivet, at eg kom på sporet. 

Eit ukategoriserbart hushald

Av denne går det fram at Alf Martin Jæger i 1920 budde på eigedommen Skogheim i teljingskretsen "Vaagan -Laksfjorddalen - Finnjord." Og ganske riktig: han var leigetakar hos to kvinner. 

Folketeljinga 1920 gir oss namnet på dei to: Jensine Ingbertine Olsen og Anna Andrea Danielsen. I tilllegg får me nokre ytre opplysningar: Jensine var 70 år gammal, og ho livnærte seg ved «skreddersøm» og småbruk. Sidan det siste var oppført som biintekt er det nærliggande at dette ikkje var store gardsbruket. Anna var ti år yngre og dreiv med «kjolesøm».

I folketeljingane på denne tida var det som regel ein mann som sto oppført først av medlemene i hushaldet. Han var då oppført som «hovudperson» i feltet «Stilling i husholdningen». I eit hus der det budde to kvinner var det mindre opplagt kven det skulle vera, med mindre den eine var i teneste hos den andre. I dette tilfellet var det langt frå så enkelt. Jensine var rettnok oppgitt som "hovudperson", men Anna sin posisjon har tydelegvis vore vanskelegare å definera. Først har registratoren skrive "husmor", men så er "mor" stryke over og erstatta med "holderske". Men Jensine og Anna har truleg heller ikkje funne "husholderske" heilt dekkande, for i parentes blir statusen heva eit hakk igjen ved at det står "husbestyrerinde". Det er tydeleg at det har vore vanskeleg å få skjemaet til å passa overeins med realitetane.

Også 20 år tidlegare, i Folketeljinga 1900, ser me at Anna og Jensine sin buform vanskeleg let seg fanga av dei hierarkiske rammene som låg til grunn for Statistisk sentralbyrå sitt skjema: Denne gongen sto Jensine oppført først, med tittelen «Hm.» (Husmor). Men så er det laga ei klamme som omfattar dei begge, der det er skrive sidelengs over to rader: «Har alt fælles».[1]

Trofast i vennskap

Folketeljinga fortel oss altså at eit tilsynelatande likeverdig hushaldsfellesskap mellom to kvinner kom heilt på tvers av styresmaktene sine skjematiske oppsett og forventingar. Men i tillegg gjer opplysningane i telijnga oss i stand til å søka vidare etter potensielt mindre tabellmessige kjelder om Jensine og Anna. 

Dette fører oss til ei kjelde som er uvanleg tydeleg: Ein artikkel i Senjens Blad 19. mai 1937, gir nemleg eit begeistra og følelsesladd innblikk i liva til dei to kvinnene. Artikkelen var skrive som ei hylling av Anna Andrea Danielsen på 77-årsdagen – Jensine hadde på dette tidspunktet vore død i vel fire år. Diverre veit me ikkje kven forfattaren er, men vedkommande må ha kjend Anna og Jensine godt. 

Artikkelen fortel om ein hard start på livet for Anna: då ho var ganske ung døde mora, og i barndommen var ho også utsett for ei ulykke som gjorde at ho mista det eine auget. Det hadde vore eit krevjande, men samtidig inspirerande liv:

Hennes lyse kristentro har vært det bærende gjennem en lang kjede av tåkete grå hverdage. Lagnaden hennes kan ikke kalles lys, men det er noe så sjeldent og rørende vakkert ved hennes liv at det lyser. […]  Hun er trofast i vennskap. Jeg kan derfor vanskelig fortelle om Anna, uten å nevne hennes trofaste veninne Jensine Olsen (Senjens Blad 1937).

Det var helsesituasjonen som hadde fått Anna til i ungdommen å forlata fødebyen Tromsø for meir landlege omgjevnader i Lenvik. Her møtte ho så Jensine, som var fødd og oppvaksen i bygda. Venninneforholdet må raskt ha ført vidare til at dei flytte saman. I artikkelen frå 1937 står det at dei hadde budd saman i ca. 45 år, altså frå tidleg på 1890-talet til Jensine døde i 1933. Først leigde dei eit hus, seinare bygde dei huset på Høgli/Skogheim der Alf Martin Jæger var leigebuar i 1920.

I ca 45 år bodde disse to oplyste, våkne og viljesterke kvinner sammen – bundet av et hengivent og trofast vennskap.

Anna og Jensine sin relasjon var altså meir enn berre praktisk-økonomisk, det var eit «hengivent og trofast vennskap» som passar godt med begrepet romantiske venskap.

Dei to trufaste venninnene livnærte seg i hovudsak med skreddararbeid og søm, men Anna arbeidde også til tider som kokke under sildefisket. Dessutan var dei «pedellar» (vaktmeistrar) ved skulen i bygda. Endeleg dreiv dei altså eit lite småbruk. I følgje Folketeljinga 1900 hadde dei både kreatur og fjørkre. Det første omfatta større dyr som til dømes sauer eller kyr. Og Alf Martin Jæger kunne framleis i 1966 hugsa namnet på kua på bruket vel 45 år tidlegare: Godthåp.

Anna var i tillegg i ei årrekke leiar for ei misjonsforeining. "Barnevenn, dyrevenn og blomstervenn var de begge", skal me tru den som skreiv artikkelen i Senjens Blad i 1937. 

Jensine Ingbertine Olsen var fødd 1850 i Lenvik og døde same stad i 1933 (SATØ, Klokkarbok Lenvik). 

Anna Andrea Danielsen var fødd i Tromsø i 1860 og døde etter 1937 (har ikkje funne eksakt tidspunkt).

Vidare forsking

Denne artikkelen er basert på nokre få skriftlege kjelder. Liva til Anna og Jensine kan utforskast vidare gjennom andre skriftlege kjelder og kanskje også minnemateriale frå bygda. Her kan lokalhistorikarar og andre bidra. Romantiske vennskap har i stor grad vore utforska som eit fenomen blant borgarskapskvinner, og denne saka kan ha interesse som eit døme på at liknande relasjonar også fanst i lågare sosiale lag.  

Fotnoter:

[1] Artikkelen fann eg transkribert på nettsidene til Lenvik museum: Microsoft Word - Alf Martin Jæger.doc (lenvik-museum.no). Avisa er no også digitalisert og tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket.

[2] Takk til Marthe Glad Munch-Møller som gjorde meg merksam på dette.

Senjens Blad 19. mai 1937 om Anna Danielsen og Jensine Olsen.
Senjens Blad 19. mai 1937 om Anna Danielsen og Jensine Olsen.

Litteratur:

Hellesund, Tone 2003. Kapitler fra singellivets historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Jæger, Alf Martin. 1966. "Det var den gang"Troms Folkeblad 15. mars. 1966.

Senjens Blad. 1937. Våre Gamle. Anna Andrea Danielsen. Senjens Blad 19. mai 1935 (krev innloggin). (Sjå artikkelen i faksimile over)

Arkivalia:

Statsarkivet i Tromsø (SATØ):

Lenvik sokneprestembete, Klokkerbok nr 10, 1927-1945, s. 252. 

Folketelling 1900 for Lenvik herred, s. 1102-1104.

Folketelling 1910 for Lenvik herred. 

Folketelling 1920 for Lenvik herred.