Sodomi mellom kvinner

Faksimile av artikkelen "Et besynderligt Givtermaal imellem tvende fruentimmere" i tidsskriftet Samleren: et ugesskrivt, første bind, 1887.
Faksimile av artikkelen "Et besynderligt Givtermaal imellem tvende fruentimmere" i tidsskriftet Samleren: et ugesskrivt, første bind, 1887.

Denne saka blei publisert i 2015. Sidan den gongen har historikaren Tonje Louise Skjoldhammer studert sakene som er omtalt nærmare og gjort nye kjeldestudiar. Les meir om dette på Skeivt arkiv og i Skjoldhammers masteroppgåve

Sodomi eller omgjengelse mot naturen var fram til slutten av 1800-talet ein vid kategori av forbodne (og syndige) seksuelle handlingar: I prinsippet kunne det omfatta dei fleste seksuelle handlingar bortsett frå reproduktiv seksualitet mellom mann og kvinne. Det kunne såleis også inkludera seksuelle handlingar mellom kvinner og menn som avveik frå dette og til dømes seksualitet mellom kvinner.

I Europa var det likevel sjeldan at forhold mellom kvinner var inkludert i forboda mot sodomi, sjølv om det var inkludert i lovteksten til sodomiforbodet i ei av dei mest innverknadsrike lovbøkene, straffelova for det tysk-romerske riket frå 1533, Constitutio Criminalis Carolina.

Christian 5s Norske lovs sjette bok, trettande kapittel paragraf 15 (N.L 6-13-15) frå 1687 straffa «omgjengelse mot naturen» med bål og brann. Definisjonen av brotsverket var uklar, men den vanlege oppfatninga var at det omfatta visse former for seksuell omgang mellom menn og mellom menneske og dyr (crimen bestialitatis eller bestialitet).

Sodomi mellom personar av same kjønn blei etterforska nokre få gonger i løpet av tida N.L 6-13-15 var verksam (til 1842). Spørsmålet om seksualitet mellom kvinner kom derimot ikkje opp før på 1840-talet. Til gjengjeld gjekk i 1847 og 1854 eit par saker som omhandla dette heilt til Høgsterett.

I Noreg var sodomi eller omgjengelse mot naturen definert som ei handling der penetrasjon var ein føresetnad i ei heilt spesiell tyding: Mellom menn blei fullbyrda brotsverk definert som anal penetrasjon («res in re») med uttøyming av sæd («effusio semini»). Ein skulle då tru at seksualitet mellom kvinner ikkje var definert som sodomi. Men så enkelt var det ikkje.

christianv2.jpg

Faksimile av Kong Christian Den Femtis Norske Lov. Bilde: Manuskript- og librarsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen
Faksimile av Kong Christian Den Femtis Norske Lov. Bilde: Manuskript- og librarsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Skammelege viser og avskyelege fenomen

Det finst få kjelder som seier noko om seksualitet mellom kvinner før slutten av 1800-talet. Rettslege kjelder gir oss kjennskap til eit tilfelle frå Kinsarvik i Hardanger i 1664 der det var laga ei «Schammelig vise» – ei nidvise - om to unge kvinner i bygda som i følgje rykta stadig vekk «haffuer sig med huerandre». Saka om den skammelege visa var oppe på bygdetinget, og forholdet mellom dei to kvinnene skulle undersøkast vidare på neste tingsamling. Sidan kjeldene frå den vidare saksgangen er tapt, veit me ikkje kva som skjedde med dei to (Jordåen 2004).

Ei anna sak blei avslørt på 1780-talet og gjaldt det som blei kalla «et besynderligt givtermaal imellem tvende fruentimmere». Anne Kristine Mortensdotter og Jens Andersson hadde gifta seg i Strømsø kirke ved Drammen, men det blei seinare avslørt at sistnemnde anatomisk sett var ei kvinneTilfellet blei omtala som et «naturens afskyeligt phænomen», ein språkbruk som knyter an til spørsmålet om «omgjengelse mot naturen». Om det dermed var på tale å reisa tiltale for brot på sodomiforbodet veit me ikkje. Jens Andersson klarte å flykta frå fangenskapet, og saka kom aldri opp for nokon domstol (Stoa 2010).

1847: “kaade og vellystige Friktioner” eller sodomi?

I 1847 kom den aller første sodomisaka om omgang mellom personar av same kjønn opp for norsk høgsterett. Det er interessant, men neppe tilfeldig, at dette var ei sak om sex mellom kvinner: Grunnen var at det var uavklart om sodomibrotsverket også inkluderte relasjonar mellom kvinner.

På tiltalebenken sat den 68 år gamle Simonette Vold frå Helgeland og to av tenestejentene hennar (Aarset 2000, s. 72ff. og 157-164). Vold vedgjekk å ha hatt seksuell omgang med dei to andre ved å ha lagt seg oppå dei og «dasket Fladkind» som ho formulerte det. Ei av dei andre kvinnene fortalde at Simonette då «gebærede sig aldeles som et Mandfolk under en saadan Forretning» og det heile førte til «en forfærdelig knagen og bragen i Sengen». Retten fann det òg bevist at ho hadde nytta seg av «et kunstig mandligt Lem» som i bygda blei omtalt som ein «Løsfyr».

Ein lege hadde undersøkt om den hovudtiltalte hadde «nogen usædvanlig stor Klitoris, som man i enkelte Tilfælde skal have Exempel paa , kan tjene til gjensidig Tilfrædsstilllelse af Kjønsdriften mellem Fruentimmer», men dette blei avkrefta.

Dei tre hadde i lågare instansar blitt dømde for forsøk på omgjengelse mot naturen (§ 18-21) i den nye Kriminallova av 1842. Denne lovføresegna sette straff for sodomi til straffarbeide, altså ei tydeleg mildning av strafferamma samanlikna med forbodet frå 1687. Sidan handlingane mellom Simonette og dei to andre kvinnene hadde skjedd før denne lova tredde i kraft, meinte Høgsterett likevel at rettsgrunnlaget låg i den gamle N.L. 6-13-15 frå 1687. Spørsmålet var då korleis ein skulle tolka «omgængelse mot naturen» slik det var definert i denne paragrafen.

Ein av høgsterett sine dommarar, Claus Winter Hjelm, tolka strafferegelen som å omfatta eit spekter av ulike unaturlege handlingar, og la mindre vekt på kravet om fullført samleie med penetrasjon. Det vesentlege var at ein ”unaturleg og vederstyggelig Udskeielse” hadde skjedd, og lova ville dermed ”ramme alle de Maader, som den menneskelige Opfindsomhed kan falde paa at anvende til et saadant Øiemed” (Sitert frå Aarset 2000, s. 160.) . Dermed gjekk Hjelm bort frå tanken om at sodomi skulle avgrensast til berre visse seksuelle handlingar som involverte penetrasjon.

Dommaren Ulrik Motzfeldt argumenterte derimot for at det ikkje kunne ha vore intensjonen at denne type handlingar skulle rammast av lovforbodet. Skilnaden på unaturleg omgang mellom menn og mellom kvinner var såpass stor at ein ikkje utan vidare kunne samanfatta det siste under det første, særleg sidan premissen for fullbyrding av brotsverket, «omgængelse», føresette «indtrengen af det ene legemer i det andet». Kvinner kunne berre røra og «gnide hinanden utuktigen», ikkje teknisk sett ha «omgjengelse» med kvarandre, meinte Motzfeldt. Då det i eldre norske og danske lover heller ikkje var nemnd noko om kvinneleg sodomi meinte han det var lite truleg at desse handlingane var meint inkludert:

[…] det har en stor indre usandsynlighed at Christan 5.te skulde have villet saadanne kaade og vellystige Friktioner […] Straffede med Baal og Brand. Der være nok altfor mange kaade unge Fruentimmer, der efter denne Fortolkning af Norske Lovs 6-13-15 skulde være brændte (sitert frå Aarset 2000, s. 163).

Trass i dette meinte Motzfeldt at hendingar som hadde ”vagt skandal vidt og bredt i bøygderne” burde få rettslege følgjer. Sjølv om handlingane ikkje strengt tatt fall under det lovboka forbaud i N.L. 6-13-15, meinte han at kvinnene burde dømmast for «uteerligt Forhold».

Anette Halvorsen Aarset, som har analysert dommen, peiker på at den er vanskeleg å tolka, men meiner Høgsterett konkluderte i tråd med Motzfeldt si grunngjeving for at kvinnene ikkje kunne dømmast direkte ettter N.L. 6-13-15, men med analogi til denne lovføresegna. (Aarset 2000: 76-77). Simonette Vold vart dømd til eit år i tukthus, medan dei andre to vart dømde til 15 dagars fengsel på brød og vann. 

Dommen viser at sjølv om lovverket hadde strenge krav til fullbyrding av brotsverket, fanst det ei oppfatning om at kvinner kunne stå i eit «uterligt Forhold» til kvarandre, noko som både burde fordømmast og oppfattast som straffbart. Hjelm sitt votum viser dessutan ei forskyving i fokus frå dei spesifikke handlingane til eit fokus på driftene: Han ser ut for å ha meint at det han kalla «Udskeielse af Kjønsdriften» var kjernen i saka, og at nøyaktig kva handlingar dette førte til var mindre viktig.

Tonje Louise Skjoldhammer har også skrevet om denne saken i sin masteroppgave Forargeligt og Uteerligt Forhold. Rettsforfølgelse av sex mellom kvinner på midten av 1800-tallet i Norge.

hogsterett1847domavisnb-page-001.jpg

Faksimile fra Den Norske Rigstidende, 01.10.1847 som omtaler den første kjende Høgsterettssaka om seksualitet mellom personar av same kjønn. Bilde: Nasjonalbiblioteket.
Faksimile fra Den Norske Rigstidende, 01.10.1847 som omtaler den første kjende Høgsterettssaka om seksualitet mellom personar av same kjønn. Bilde: Nasjonalbiblioteket.

1854: To kvinner frikjend for sodomi

I 1854 var ein ny sak oppe for høgsterett. Den handla om to kvinner frå Kristiania som hadde «efterlignet Omgjængelse mellem Mand og Qvinde, til hvilken Ende den ene af dem, har sammentullet sin Underbukse til en Tul, som derpaa blev benyttet som mandligt Lem». (Aarset 2000: 165).

I Christiania stiftsoverrett hadde den eine kvinna blitt dømd til fengsel på vatn og brød i 15 dagar. Trass i at stiftosverretten slo fast at § 18-21 i Kriminallova av 1842 ikkje dekte denne typen forhold, blei det vist til Høgsterettsdommen frå 1847 der dei tre kvinnene var blitt dømd.

I Høgsterett voterte derimot fleirtalet av dommarane denne gongen for frikjenning, då dei meinte handlingane ikkje fall under føresegna i Kriminallovas § 18-21 og då dei meinte ein no måtte halda seg til lovteksten. Juristen Anette Halvorsen Aarset, som har analysert dommen, meinte Høgsterett no såg ut for å ha heldt seg nøyare til prinsippet om at ein ikkje kunne døma utan heimel i lov, i motsetnad til i dommen frå 1847 (Aarset 200, s. 80-81).

Høgsterett sa dermed i 1854 at dommen frå 1847 ikkje skulle danna presedens for seinare saker. For det første var det no ikkje den gamle lova frå 1687 som gjald lenger, men Kriminallova av 1842s § 18-21. For det andre slo dommen frå 1854 tydeleg fast at forhold mellom kvinner ikkje var inkludert i lovforbodet. Dommen blei dermed truleg eit predjudikat, det vil seia ei lovtolking bindande for seinare vurderingar. Det var altså heretter utelukka at forhold mellom kvinner kunne dømmast etter § 18-21.

Om det finst fleire saker om sodomi mellom kvinner i Noreg på 1800-talet er dermed usannsynleg, men førebels uutforska.

Seksualitet mellom kvinner utdefinert av strafferetten

Dei to dommane frå 1847 og 1854 viser at spørsmålet om seksualitet mellom kvinner var omdiskutert. Vidare viser dei at ein på midten av 1800-talet likevel kunne førestilla seg og definera slike forhold som usedelege eller «uterlige». Ideen om kjønnslege forhold mellom kvinner var dermed ikkje ein framand tanke i samtida. Ulrik Motzfeldt sin merknad om at «altfor mange kaade unge Fruentimmer» ville vore dømde om ein skulle straffa alle «vellystige Friktioner» mellom dei, underbygger også dette.

I 1889 blei § 18-21 endra til at «lægemlig omgjængelse» «mellem personer af Mandkjøn» samt tilsvarande omgang med dyr skulle straffast med straffarbeid. Seksuelle forhold mellom kvinner var dermed eksplisitt utelukka. Statsråd Walter Scott Dahl meinte dette var naturleg då det var lenge sidan slike saker hadde kome opp.

§ 213 i den nye Straffelova av 1902 blei diskutert i Stortinget hevda stortingsrepresentanten Magnus Kjølstad Graarud at det var inkonsekvent at ikkje kvinner var omfatta av forbodet. Det streid mot hans ”naturhistoriske” forståing, idet han meinte å vita at det var like utbreidd blant kvinner som blant menn. Statsråd Anton Qvam motsette seg dette på det sterkaste: ”Legemlig omgjængelse, kjønslig omgjængelse mellem to kvinder – har man hørt noget saadant? Det hører til de umulige ting” (Forhandlinger i Lagtinget Nr 26 (1901/1902): 204).

Graarud meinte det var ulogisk at kvinner ikkje blei inkludert i forbodet. Dette fordi definisjonen av «utuktig Omgjængelse» i Straffelova av 1902 var utvida til å gjelda kva som helst berøring der kjønnsorgan var involvert mellom to personar. Dermed burde også slik berøring mellom kvinner omfattast av paragrafen. Han fekk likevel ikkje gjennomslag for sitt syn, noko som gjorde at det berre var seksualitet mellom menn som blei verande straffbart i Noreg fram til § 213 i Straffelova av 1902 blei oppheva i 1972.

Uttalinga frå Anton Qvam om at seksualitet mellom kvinner var umogleg bør neppe oppfattast heilt bokstavleg: I samtida var det i aukande grad fokus på kvinna som seksuelt vesen, og norske psykiatrar hadde byrja å beskriva «lesbisk kjærlighed» (Holm 1896: Looft 1896). På slutten av 1800-talet skjeddde det ei dreiing frå å fokusera på dei konkrete handlingane, til å fokusera på dei seksuelle driftene. Til ein viss grad såg me dette også i dommen frå 1847, men først seinare skulle dette spørsmålet komma i fokus både i rettssalane og samfunnet generelt. Fram til midten av 1800-talet var til dømes den medisinske undersøkinga i sodomi-saker ein jakt etter konkrete teikn på handlingane som hadde skjedd. På slutten av 1800-talet kom ein ny type legar på banen, psykiatrane, og dei skulle forklara motiva bak handlingane, den psykiske bakgrunnen til dei involverte. Slik blei «homoseksualitet» og «lesbisk kjærlighed» på slutten av 1800-talet definert som ein medfødd psykologisk disposisjon, der sodomien hadde vore definert berre som ei syndig eller kriminell handling. Trass i at homoseksualitet mellom menn av ulike grunnar blei oppfatta som viktigast å straffeforfølgja, blei også lesbisk seksualitet eit tema som skull bli problematisert utover på 1900-talet.

Vidare forsking

Det kan finnast fleire saker om sodomi mellom kvinner, særleg på 1800-talet. Ei meir omfattande studie av sodomi-saker er naudsynt for å visa omfanget. Dei to sakene som kom til Høgsterett i 1847 og 1854 har vore studert av Anette Halvorsen Aarset. Ei nærmare studium av dei to sakene som inkluderer bruk av fleire kjelder, som dommane frå dei lågare rettsinstansane, vil truleg gi eit rikt materiale for å studera forståinga av seksualitet mellom kvinner på midten av 1800-talet.

Litteratur

Holm, Harald. 1896. Den specielle psychiatri for læger og studerende. Forelæsninger holdt ved Kristiania universitet 1895; med sygehistorier, facsimiler af haandskrifter samt tegninger. Kristiania: Cammermeyer.

Jordåen, Runar. 2004. “‘en Schammelig Vise’: Om ergi, sodomi og homoseksualitet”. Bergensposten 7, (2): 27-42.

Looft, Carl. 1896. Et tilfælde af homosexualitet hos en kvinde. Medicinsk revue, 13: 286-287.

Stoa, Nils Johan. 2010. Kjødets lyst. Fortellinger om synd og straff. Oslo: Cappelen Damm.

Aarset, Anette Halvorsen. 2000. Rettslig regulering av homoseksuell praksis. Oslo: Institutt for offentlig rett.