Unik brevsamling skulle brennast

Runar Jordåen ved Skeivt arkiv står bak utgjevinga saman med Nasjonalbiblioteket.
Runar Jordåen ved Skeivt arkiv står bak utgjevinga saman med Nasjonalbiblioteket.

For over hundre år sidan skreiv to homoseksuelle menn brev til kvarandre. Innhaldet måtte ikkje koma ut. Dei var samde om å øydeleggja breva.

Heldigvis gjekk det ikkje heilt slik.

— Dette er ei unik brevsamling, seier historikar ved Skeivt arkiv, Runar Jordåen. 

— Breva gir eit svært sjeldan innblikk i korleis to personar ved hundreårsskiftet oppfatta sitt eige likekjønna begjær.

I eit samarbeid mellom Skeivt arkiv og Nasjonalbiblioteket er breva transkriberte og utstyrt med forklarande fotnotar samt ei innleiing. Det er både ei bok og ei digital utgåve, og blir 15. februar lansert på seminaret Kilder til Skeiv historie på Nasjonalbiblioteket. Arrangementet er både fysisk (med påmelding) og digitalt. 

Avslørt

Rettshistorikaren, statsøkonomen og politikaren Ebbe Hertzberg (1847-1912) og den danske juristen Poul Andræ (1843-1928) var samde om å øydeleggja breva.

Mens Hertzberg gjorde som avtalt med breva frå København, enda Andræ opp med å ta vare på nokon av dei han mottok. I testamentet hans stod det likevel at dei skulle destruerast. Trass i dette enda breva opp hos ein antikvarbokhandlar i København. 

Ebbe Hertzberg hadde ei strålande karriere som både statsråd, diplomat og professor, heilt til han blei avslørt som homoseksuell i 1886. (Les meir om Ebbe Hertzberg her.)

img-4044.jpg

Dei to brevskrivarane.
Dei to brevskrivarane.

Nettverk med Berlin

Tretten brev skrivne av Hertzberg kom via antikvarbokhandlaren i København til Universitetsbiblioteket i Oslo, seinare Nasjonalbiblioteket. Her blei det avgjort at breva skulle vera klausulerte fram til 100 år etter Hertzberg sin død, i 1912.

Runar Jordåen hadde tidlegare forska på skandalen i 1886 som gjorde at Hertzberg måtte forlata sitt professorat. Men korleis Hertzberg sjølv forsto og reflekterte om sin eigen seksuelle identitet, fanst det lite og ingen informasjon om i kjeldene.

Overraskinga var difor stor då Jordåen i 2014 tok kontakt med Nasjonalbiblioteket om noko anna materiale etter Hertzberg. I svaret fekk han meldinga om at det og var funne ei mappe med brev som hadde låge med ein klausul om at dei ikkje skulle opnast før i 2012. 

— Funnet er unikt. Vi får eit personleg perspektiv. Vi kan lesa korleis han tenkjer, men også korleis han er ein del av eit nettverk som strekkjer seg ut til fleire europeiske byar, fortel Runar Jordåen.

På denne tida skjedde ei stor utvikling i Tyskland og Berlin. Ein ny disiplin, sexologien, såg homoseksualiteten som noko anna enn berre synd og kriminalitet: som ein medfødd og gjerne sjukleg eigenskap. Eit nytenkjande miljø vaks fram rundt legen og sexologen Magnus Hirschfeld (1868-1935) som tok utgangspunktet i sexologien sitt syn på homoseksualiteten som medfødd, men som avviste at det var ein sjukdom. På basis av denne teorien grunnla han i 1897 verdas første homorørsle.

Breva frå Hertzberg viser at det som skjedde i Berlin strekte seg langt ut i Europa på tvers av landegrensene.

Høyr Skeivt arkivs podcast om den tidlege homobevegelsen i Berlin. 
Du finn «Schwules Berlin» og andre episodar i serien «Skeiv historie fra Skeivt arkiv» der du hentar dine podkastar. 

Lovpriser

Etter at Poul Andræ hadde skrive ein artikkel i Danmark (anonymt) om dei nye tankane omkring homoseksualitet, kan vi lesa Hertzbergs lovprising i eit brev:

De har brudt isen her i Norden og saaledes vist , at farvandet er passabelt også for andre. Og ikke det alene: De har også gjennem deres argumentation fjernet adskillige af de værste, i veien liggende isflag og derved gjort det umuligt, at fordommene kunne fryse sig sammen til en saa ugjennemtrængelig mur som tidligere.

Runar Jordåen har transkribert breva og lagt ned eit stort arbeid i å tyda innhaldet. Hendingar og personar vert sett inn i ein samanheng, kryptiske tilvisingar vert tolka. No er det heile presentert mellom to permar i eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Skeivt arkiv.

Skeivt arkiv samarbeider tett med Nasjonalbiblioteket. I samband med Skeivt kulturår 2022 presenterer NB utstillinga «Stolthet og fordom, skeive forteljingar frå samlinga».

Unik informasjon

Sjølv om langt frå alle breva Hertzberg skreiv til Andræ er bevart, gir dei tretten breva i Nasjonalbibliotekets samling oss likevel mykje informasjon. Jordåen har til dømes ikkje sett ordet “heteroseksuell” brukt på norsk tidlegare enn i desse breva.

Det kjem også fram at dei to språkmektige brevskrivarane fekk tilsendt homotidsskrift og litteratur frå Europa, særleg Berlin. Dette sirkulerte i eit nettverk slik at fleire skulle kunne lese.

— Vi visste ingenting om desse nettverka i Noreg før desse breva dukka opp, fortel Runar Jordåen.

Breva viser også at Hertzberg og Andræ orienterte seg i den sexologiske faglitteraturen, som dei var inspirert av, men samtidig gjorde seg sjølvstendige, kritiske tankar om. I det første bevarte brevet skriv til dømes Hertzberg: "Men en sygdom, en nervesvækkelse, er homosexualiteten i mine øine i og for sig ikke [...]"

Breva viser at både Hertzberg og Andræ hadde kontaktar såvel blant framståande sexologar og i den gryande homorørsla. Ei slik rørsle fann ein først og fremst i Tyskland, i resten av Europa var det stort sett ikkje noko slik organisering før etter andre verdskrig. 

Den danske historikaren Karl Peder Pedersen kom i 2021 med biografien om Poul Andræ - "Poul og kærligheden" - som fekk strålande mottaking i Danmark. Her er også breva frå Hertzberg ein del av kjeldegrunnlaget. 

 

 

skjermbilde_2022-01-30_kl._14.59.19.png

«De har brudt isen her i Norden.»
«De har brudt isen her i Norden.»

Nyansar

Men Runar Jordåen vil ikkje glorifisera dei to brevskrivarane. Som historikar vil han gi eit mest mogleg heilt bilde av den skeive historia.

— Det er ikkje berre slik at gode, undertrykte skeive har kjempa mot det fordomsfulle,  undertrykkjande samfunnet. Det er nyansar og ofte ubehagelege detaljar som gjer denne historia så fascinerande.

Hertzberg meiner til dømes at det bør vera lov å ha seksuelle forhold til gutar ned i fjorten års alderen. Han meiner det er like naturleg som at heterofile menn har forhold til jenter på den alderen.

Dette er informasjon som fortel oss noko om Hertzberg, men også tankar og idear i tida han levde i.

Skandaler og forsking

Breva gir også innsyn i skandaler på den tida. Breva nemner til dømes at Kong Haakon var utsett for eit rykte om homoseksualitet frå si tid som ung prins i Danmark (desse blei undersøkt og avkrefta før han vart konge i 1905). Saka viser at det var aktørar som ikkje stod tilbake for å bruka denne typen informasjon om høgståande personar, mot dei. Hertzberg skriv likevel at Noregs fremste diplomat på denne tida, Fritz Wedel Jarlsberg, ikkje blei utsett for slike svertekampanjar. 

Nyhende frå utlandet om skandalar og avsløringar, blir gjengitt fleire stader i korrepondansen, og viser at Hertzberg og hans miljø var godt orientert om internasjonale hendingar. Like interessant er det at fleire norske skandalar blir nemnd, då særleg knytt til pengeutpressing av homoseksuelle menn. 

På byrjinga av 1900-talet begynte minnet om den skandalen Hertzberg hadde stått i sentrum for i 1886, å bleikna. Han fekk på ny verv og stillingar, noko Andræ må ha sett på som bevis på ei liberal innstilling i Noreg. Hertzberg avviste dette, og svarte at "[...] jeg er kun taalt, saalænge jeg ikke for alvor kommer nogen paa tværs."

Trass i dette enda Hertzberg opp i stillinga som Riksarkivar frå 1906 til han døde seks år seinare. 

Mange av personane og hendingane som er nemnd i breva er forklart i fotnotar. Men det finst også mange lause trådar som berre ventar på å bli nøsta vidare i. Hertzberg nemner for eksempel at dei venta besøk av ein tyrkisk mann som var "gift" med ein nordmann. Dei to var også "forretningskompagnoner", og reiste difor ofte saman.

— Sjølv om opplysningane om dette er svært knappe, er det sannsynlegvis mogleg å finna ut kven dette paret var. Ei oppgåve for dyktige slekstforskarar, foreslår Jordåen. 

— Breva er ikkje veldig omfattande, men dei inneheld eit vell av små opplysningar som kan utvida vår forståing av norsk skeiv historie. 

Høyr også podcasten om Ebbe Hertzberg i Nasjonalbiblioteket sin serie "Gamle greier"